Utbetalingsdatoar

Her finn du utbetalingsdatoar gjennom året for alle pengestøtter frå Nav.

Du finn oversikt over utbetalingane dine på Mi side. Meir om utbetalingar, skattetrekk og feriepengar på pengestøtter frå Nav.

Utbetalingsdatoen er den dagen Nav garanterer at pengane skal vere på kontoen din.

Nav fører over pengane til bankane nokre dagar før. Det kan difor hende at du får utbetalinga på konto tidlegare enn datoen som er oppgitt. Du kan sjekke kva du har fått utbetalt i utbetalingsoversikta di.

Utbetaling i utlandet

Dersom du får ei utbetaling frå Nav til konto i utlandet, kan du vente å få pengane på konto 1 til 2 dagar etter utbetalingsdatoen til ein norsk konto.

Har du ikkje fått utbetalinga di?

Viss du ikkje har fått pengane til venta tid, kan du kontakte oss.

Sjekk gjerne at du har lagt inn rett kontonummer. Slik unngår du forseinka utbetaling dersom kontonummeret er feil.

Dersom ein teknisk feil fører til at mange vil få forseinka utbetaling, informerer vi om det på nav.no.

Vel område eller søk

Vel område

Viser 48 av 48