Pengestøtte
Pleiepengar for ein utviklingshemma person over 18 år
Sikrar deg inntekt under fråvær frå jobb når du må ta vare på ein utviklingshemma person over 18 år som er svært alvorleg sjuk.
Det finst også informasjon om pleiepengar for ein utviklingshemma person over 18 år til arbeidsgjevarar og legar og tannlegar eller andre behandlarar.
Kven kan få?
For å få pleiepengar, gjeld alle desse punkta:
Når den pleietrengande er over 18 år, kan du berre få pleiepengar viss den pleietrengande har:
- ei utviklingshemming
- ein livstruande eller svært alvorleg sjukdom
- har eit behov for pleie som fører til at han eller ho ikkje kan overlatast for seg sjølv
- har hatt behandling i sjukehus eller anna spesialisthelseteneste
Alle desse punkta må gjelde for å få pleiepengar for ein person over 18 år.
Særleg om utviklingshemming
Utviklingshemming må skiljast frå utviklingsforstyrringar, og andre former for funksjonsnedsetjingar som ikkje påverkar kognitive og mentale evner i like stor grad. Desse tilstandane er difor ikkje omfatta av omgrepet utviklingshemming, sjølv om dei kan påverke både sosiale og praktiske ferdigheiter. Det er viktig å vite at desse diagnosane ikkje utelukkar kvarandre. Ein person kan vere utviklingshemma og samstundes ha ei utviklingsforstyrring, men ei utviklingsforstyrring er ikkje det same som utviklingshemma. Det er ikkje naudsynt å ha fått ein endeleg diagnose, men det må vere svært sannsynleg at vilkåra for å kunne setje ein diagnose på utviklingshemmingsspekteret er til stades.
Viss den pleietrengande ikkje har ei utviklingshemming, men er i livets sluttfase, kan du søkje om pleiepengar i livets sluttfase.
For å ha rett til pleiepengar, må du ha jobba minst fire veker før du startar perioden med pleiepengar.
Unntak når du ikkje har jobba fire veker
Periodar med desse pengestøttene kan likestillast med jobb:
- Sjukepengar
- Dagpengar
- Foreldre- og svangerskapspengar
- Pleie-, opplærings- og omsorgspengar
Det tyder at du kan ha rett til pleiepengar viss du har fått minst éin av desse pengestøttene i løpet av dei siste fire vekene før du søkjer om pleiepengar.
Vi kan også gjere unntak viss du har vore i ulønt permisjon i inntil 12 månadar etter foreldrepengeperioden. Eller viss du har hatt andre lovfesta permisjonar etter Arbeidsmiljølova §§12-1 til 12-5. Du må også ha avtalt med arbeidsgjevar når du skal tilbake i jobb etter permisjonen. Du kan lese meir om permisjonar på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Viss du er i permisjon i perioden du søkjer om pleiepengar, kan pleiepengane bli utbetalt med 65% av utrekna inntekt.
Får du arbeidsavklaringspengar?
Arbeidsavklaringspengar gjev ikkje rett til pleiepengar. Men, viss du kombinerer arbeidsavklaringspengane med jobb, kan du søkje om pleiepengar viss du må vere borte frå jobb for å gje pleie.
For å ha rett til pleiepengar, må du ha fråvær frå jobb på grunn av pleie slik at du mistar arbeidsinntekt.
Det er fleire punkt som må vere oppfylt:
- Du har ei årsinntekt som er minst 65 080 kroner (halvparten av folketrygda sitt grunnbeløp).
- Arbeidstida eller inntekta di er redusert med minst 20%
- Du er under 70 år
Bur du i Noreg er du vanlegvis medlem av folketrygda.
Kven kan søkje pleiepengar?
Den som utøver pleia for den pleietrengande, kan søkje om pleiepengar.
Ofte er dette foreldra, men det kan også vere andre omsorgspersonar som vennar, voksne søsken, besteforeldre, tante eller onkel.
Viss de er fleire som deler på å pleie, kan de dele pleiepengane mellom dykk.
Kva kan du få?
Pleiepengane skal dekkje inntekta du vanlegvis har opptil 6 gongar grunnbeløpet, som svarar til ei årsløn på 780 960 kroner.
Her kan du lese om korleis pleiepengar blir fastsett i din situasjon:
Pleiepengar blir vanlegvis rekna ut frå gjennomsnittet av inntekta du har hatt i dei 3 siste kalendermånadane før pleiepengeperioden din startar. Dette gjeld både viss du er fast tilsett og viss du har varierande arbeidsperiodar eller inntekter.
- Viss det er meir enn 25 prosent skilnad mellom årsinntekta di og inntekta di dei 3 siste månadane rekna om til årsinntekt, vurderer vi kva inntekt som er mest representativ i din situasjon.
- Viss arbeidsforholdet ditt har vart under 3 månadar, skal pleiepengane reknast ut frå inntekta du har hatt i den perioden du har vore i jobb. Inntekta di blir rekna om til ei månadsinntekt.
- Viss du har hatt korte fråvær som ferie eller ulønt permisjon i perioden du har hatt inntekt, blir inntekta di fastset til det du vanlegvis ville hatt viss du hadde vore i jobb.
Vanlegvis blir pleiepengar rekna til gjennomsnittet av inntekta di dei 3 siste åra som er ferdig utlikna. Viss arbeidssituasjonen din er varig endra eller du er ny i arbeidslivet, fastset vi inntekta di til det som er mest representativ i din situasjon.
Vanlegvis blir pleiepengar rekna ut frå gjennomsnittet av inntekta du har hatt i dei 3 siste kalendermånadane før pleiepengeperioden din startar.
Viss det er meir enn 25 prosent skilnad mellom årsinntekta di og inntekta di dei 3 siste månadane rekna om til årsinntekt, vurderer vi kva inntekt som er mest representativ i din situasjon.
Viss du har jobba så kort tid at det ikkje er rapportert frilansinntekt for 3 heile månadar til a-ordninga, skal inntekta for dette kortare tidsrommet bli brukt i utrekninga.
Pleiepengar blir vanlegvis rekna ut frå gjennomsnittet av inntekta du har hatt i dei 3 siste kalendermånadane før pleiepengeperioden din startar.
Dette gjeld også viss du får ei av desse utbetalingane frå Nav:
- Sjukepengar
- Foreldrepengar
- Svangerskapspengar
- Pleiepengar
- Opplæringspengar
- Dagpengar
Som fiskar er det ulike måtar ein kan motta løn. Du kan motta løn som hyre eller lott, eller du kan motta begge deler. Det er viktig at vi mottar riktig informasjon om arbeidssituasjonen din slik at vi får gjeve deg riktig utrekning av pleiepengane.
Hyre
Viss du mottar hyre får du løn som arbeidstakar. Det er ikkje alle fiskarar som er registrert med eit arbeidsforhold i arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret slik at det er synleg i søknaden. Grunnen til at du ikkje ser arbeidsforholdet ditt er at arbeidsgjevaren din ikkje er pliktig til å melde deg inn som arbeidstakar når du er fiskar.
Viss du er fiskar med hyre, må arbeidsgjevaren din sende inn inntektsmelding med informasjon om inntekta di.
Lott
Viss du er fiskar med lott, blir du rekna som sjølvstendig næringsdrivande. I søknadsdialogen må du svare ja på spørsmålet om du er sjølvstendig næringsdrivande, du må velje at du er fiskar når du fyller ut informasjon om næringa di.
Spørsmåla du får i søknaden er tilpassa din situasjon og du får rettleiing og informasjon undervegs. Når du gjev oss informasjon om at du er fiskar får vi registrert riktig informasjon om deg, og vi får sendt riktig informasjon om deg til skatteetaten.
På skatteetaten sine heimesider kan du lese meir om lott og hyre.
Fiskar med eigen båt
Viss du er fiskar med eigen båt, er du sjølvstendig næringsdrivande. I søknadsdialogen må du svare ja på spørsmålet om du er sjølvstendig næringsdrivande, du må velje at du er fiskar når du fyller ut informasjon om næringa di. Spørsmåla du får i søknaden er tilpassa din situasjon og du får rettleiing og informasjon undervegs.
Viss du har både lott og hyre
Viss du mottar både lott og hyre så mottar du inntekt både som arbeidstakar og som sjølvstendig næringsdrivande.
For den delen av inntekta di som er hyre er du å rekne som arbeidstakar, og du mottar løn som arbeidstakar. Det er ikkje alle fiskarar som er registrert med eit arbeidsforhold i arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret slik at det er synleg i søknaden. Viss du er fiskar med hyre, må arbeidsgjevaren din sende inn inntektsmelding med informasjon om inntekta di.
For den delen av inntekta di som er lott, er du å rekne som sjølvstendig næringsdrivande. I søknadsdialogen må du svare ja på spørsmålet om du er sjølvstendig næringsdrivande, du må velje at du er fiskar når du fyller ut informasjon om næringa di.
Spørsmåla du får i søknaden er tilpassa din situasjon og du får rettleiing og informasjon undervegs. Når du gjev oss informasjon om at du er fiskar får vi registrert riktig informasjon om deg, og vi får sendt riktig informasjon om deg til skatteetaten.
I nokre tilfelle kan du ha rett til pleiepengar sjølv om du ikkje har jobba fire veker før du søkjer om pleiepengar.
Viss du skulle vore på jobb når du søkjer pleiepengar, men kjem inn under unntaksreglane fordi du ikkje rakk å jobbe minst fire veker, skal pleiepengane bli rekna etter vanlege reglar ut frå kva jobbsituasjon du har.
Viss du ikkje hadde avtalt arbeid når du søkjer pleiepengar, men likevel har rett på grunn av unntaksreglane, kan pleiepengane dekkje 65% av inntekta du ville hatt viss du jobba.
Arbeidstakar og frilansar
Når du er både arbeidstakar og frilansar skal inntektene bli rekna ut kvar for seg og bli lagt saman til eit beløp. Viss du har ei samla inntekt over seks gongar grunnbeløpet, blir inntekta di som arbeidstakar lagt til grunn i utrekninga.
Sjølvstendig næringsdrivande og frilansar
Når du er både sjølvstendig næringsdrivande og frilansar blir pleiepengane rekna ut frå begge inntektene dine. Inntekta di som frilansar blir lagt til grunn fyrst i utrekninga.
Viss gjennomsnittet av inntekta di dei 3 siste åra som er ferdig utlikna er høgare enn frilansinntekta di, og frilansinntekta ikkje er over seks gongar grunnbeløpet, blir differansen utbetalt som næringsinntekt.
Arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande
Når du er både arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande, blir pleiepengane rekna ut frå begge inntektene dine.
Fyrst fastset vi inntekta som arbeidstakar, basert på dei siste tre kalendermånadane, og rekna om dette til ei årsinntekt.
For å finne inntekta di som sjølvstendig næringsdrivande, brukar vi gjennomsnittet av inntekta di dei siste tre åra som er ferdig utlikna. Denne utrekninga inkludera difor all inntekta du har hatt, inkludert inntekta som arbeidstakar, frilansar og pengestøtte frå Nav. Difor må vi finne differansen mellom inntekta du har som arbeidstakar og alle inntektene du hadde dei tre likningsåra. Det er denne differansen som vanlegvis blir rekna som næringsinntekt.
Døme: Vi har fastsett inntekta som arbeidstakar til 200 000 kroner i året, og gjennomsnittleg inntekt dei siste tre kalenderåra er 500 000 kroner i året. Inntekta som sjølvstendig næringsdrivande blir då satt til 300 000 kroner i året.
I nokre tilfelle kan inntekt som arbeidstakar vere høgare, slik at det ikkje er differanse mellom denne inntekta og gjennomsnittet av dei siste tre åra. Då kan det skje at inntekta som sjølvstendig næringsdrivande blir satt til null. Pleiepengane blir då utbetalt på grunnlag av inntekta du no har som arbeidstakar.
Viss det har vore varige endringar i arbeidssituasjonen din, kan det skje at det er meir enn 25 prosent avvik mellom inntekta du har no og gjennomsnittet av inntekta for dei siste tre åra som er ferdig utlikna. Då vurderer vi kva inntekt som er mest representativ for situasjonen din når du startar med pleiepengar.
Du kan få mellom 20 prosent og 100 prosent pleiepengar. Dette kjem an på:
- Kor mange timar den du pleier er i omsorgsbustad, eller andre organiserte omsorgstilbod
- Kor mykje du jobbar
- Om du skal dele pleiepengane med ein annan omsorgsperson
Du kan få opptil 100 prosent pleiepengar viss éin eller fleire av desse punkta gjeld for deg:
- Personen du pleier er innlagd på sjukehus, og det er naudsynt at du er til stades.
- Du er heime frå jobb fordi personen treng pleia og omsorga di heile tida.
- Den du pleier er i eit omsorgstilbod i mindre enn 3 timar og 45 minuttar per veke.
- Omsorgstilbodet er sporadisk eller kortvarig.
- Legen dokumenterer at personen sitt behov ikkje er godt nok ivaretatt i omsorgstilbodet. Dette kan til dømes vere viss det berre er du som kan ivareta personen sitt medisinske behov medan hen er i omsorgstilbodet.
- Du må vere i beredskap eller vere tilgjengeleg også når personen er i eit omsorgstilbod.
- Du må vere vaken om natta for å pleie personen og difor må vere borte frå jobb dagen etter.
Viss det blir endringar i personen sitt omsorgstilbod, eller i talet timar du jobbar, må du melde frå om endringane.
I nokon tilfelle vil den du pleier vere i andre organiserte omsorgstilbod, slik at du har høve til å jobbe deltid.
Døme:
- Personen bur 50 prosent i omsorgsbustad, medan du jobbar 50 prosent. Då får du 50 prosent pleiepengar.
- Personen bur 50 prosent i omsorgsbustad, medan du jobbar 70 prosent. Då får du 30 prosent pleiepengar, fordi du jobbar 70 prosent, og pleiepengar skal erstatte tapt inntekt.
- Personen bur 50 prosent i omsorgsbustad, men du får berre jobba 30 prosent. Då får du 50 prosent pleiepengar, som er tilsvarande omsorgstilbodet.
Pleiepengar blir gradert mot arbeid og omsorgstilbod per veke. Du har ikkje rett til pleiepengar viss den du pleier har eit omsorgstilbod i meir enn 30 timar per veke. Vi kan vurdere å unnlate gradering mot omsorgstilbod viss du må vere i beredskap eller vere vaken om natta for å pleie personen.
Viss du må vere i beredskap
I nokon tilfelle kan sjukdomen gjere at du må vere i beredskap eller vere tilgjengeleg, sjølv om den du pleier er i eit omsorgstilbod. Det kan til dømes vere at du må reise frå jobb på kort varsel for å vere tilgjengeleg for den du pleier. I desse tilfella vil du som hovudregel få pleiepengar.
Du opplyser i søknaden om kva som gjer at du må vere i beredskap eller tilgjengeleg. Viss behovet oppstår etter at du har søkt, kan du ringe oss på 55 55 33 33, tastevalg 3. Eller du kan skrive ei beskjed til oss.
Viss du må vere vaken om natta
Viss sjukdomen til den du pleier gjer at du
- må vere vaken om natta for å pleie personen og
- difor må vere borte frå jobb dagen etter
blir dette tatt hensyn til når vi fastset pleiepengane. Du opplyser i søknaden om kva som gjer at du må vere vaken. Viss behovet oppstår etter at du har søkt, kan du ringe oss på 55 55 33 33. Eller du kan skrive ei beskjed til oss.
Du har ikkje rett til pleiepengar for dei dagane du avviklar ferie. Utbetaling av pleiepengar opphøyrer i ferieperioden og byrjar igjen etter at ferien er avvikla. Feriepengar skal erstatte inntektstapet i perioden du har ferie. Viss du avviklar ferie når du mottar pleiepengar, må du gje beskjed til Nav. Du kan kontakte oss, viss du har spørsmål.
Du skal ikkje gje beskjed til Nav viss du har avtalt med arbeidsgjevar at du får utsett ferie etter ferielova sine føresegner. Spørsmål om ferielova må du rette til Arbeidstilsynet.
Du må som hovudregel opphalde deg i Noreg for å ha rett til pleiepengar. Viss du reiser til utlandet utan at du avviklar ferie, gjeld det eigne reglar for opphald innanfor EU/EØS-området og utanfor EU/EØS-området.
Feriepengar
Du får berre feriepengar for dei fyrste 12 vekene i oppteningsåret. Feriepengane utgjer 10,2 prosent av dei pleiepengane som gjev rett til feriepengar.
Viss du har hatt både pleiepengar og opplæringspengar i same kalenderår, kan du få feriepengar av totalt 12 veker til samen. Det tyder at du får feriepengar berre for dei fyrste 12 vekene, sjølv om du har hatt pleiepengar og opplæringspengar i ei periode som er lenger enn 12 veker.
Viss stønadsperioden går frå eit kalenderår og over i neste kalenderår, vil du i år berre få utbetalt feriepengar av dei dagane du har hatt med pleiepengar førre kalenderår.
Feriepengar for inneverande kalenderår blir utbetalt ved neste års feriepengeutbetaling.
Perioden som blir nytta på utbetaling av feriepengar og som blir vist på utbetalingsmeldinga er 1. til 31. mai i det året dei blir utbetalt.
Det er ingen tidsavgrensing for kor lenge du kan få pleiepengar når alle vilkåra er oppfylt.
Du kan få omsorgsopptening viss du tar deg av sjuke, funksjonshemma eller eldre personar. Omsorgsopptening er ei ordning som bidrar til at du kan få høgare pensjon når du blir pensjonist. Sjå kva som kan gje rett til omsorgsopptening.
Andre tilbod
Meir informasjon til deg som
- Tar vare på noen som er syk, skadet eller har en funksjonsnedsettelseDette kan du ha rett til
Søkje, ettersende eller klage
Normalt sender du søknaden med ein gong. Du må søkje innan tre månadar etter at pleiepengeperioden startar. Skal du til dømes ha pleiepengar frå 15. juni, må Nav ha søknaden seinast i løpet av september.
Du brukar same søknad uansett om du skal søkje for fyrste gong, om du skal søkje forlenging, eller på nytt etter eit opphald på 4 veker eller meir.
Når du kjem til søknaden, får du rettleiing undervegs om kva du skal gjere.
Legeerklæring
Legeerklæringa skal vere skriven av sjukehuslege eller lege i spesialisthelsetenesta.
Viss du ikkje har legeerklæring når du søkjer, kan den bli ettersendt til oss.
Inntektsopplysningar
Er du arbeidstakar må arbeidsgjevar sende inntektsmelding når du
- søkjer for fyrste gong
- søkjer på nytt etter eit opphald i pleiepengane på 4 veker eller meir
- søkjer på nytt etter eit opphald på mindre enn 4 veker, og det er endring i inntekta
Er du sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar, treng du ikkje leggje ved dokumentasjon på inntekt.
Får du pengestøtte frå Nav, treng du ikkje leggje ved dokumentasjon på dette.
Søknad om pleiepengar for sjukt barn
Du bruker same søknad både for pleiepengar for sjukt barn og pleiepengar for ein utviklingshemma person over 18.
Viss du sender søknaden din digitalt, får du eit kvitteringsbilete som stadfestar at vi har fått søknaden din. Søknaden vil også vere synleg på Dine pleiepengar etter cirka 15 minutt.
Viss du søkjer på papir, kan det ta nokre dagar før du ser søknaden din.
På Dine Pleiepengar finn du også stadfesting til arbeidsgjevar på at du har søkt om pleiepengar.
Dette skjer vidare i saken din:
- Vi sjekkar om vi har fått legeerklæring frå deg. Viss du ikkje sendte den saman med søknaden din, må du ettersende den til oss så snart du kan.
- Viss du er arbeidstakar, ser vi om arbeidsgjevar har sendt oss inntektsmelding. Den treng vi viss du søkjer for fyrste gong, eller det er meir enn fire veker opphald i perioden med pleiepengar.
- Når vi har fått legeerklæring og inntektsmelding kan vi behandle søknaden din. Vi kontaktar deg viss vi treng fleire opplysningar frå deg.
- Når vi har behandla søknaden din, får du svar i dokumentoversikta på Min side.
- Viss du skal få pleiepengane direkte frå Nav, utbetalar vi innan den 25. i månaden. Viss du skal ha etterbetalt pleiepengar for månadar bakover i tid, er dei vanlegvis på konto innan 5 yrkedagar frå du fekk svar på søknaden.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak. Hugs at vi treng all nødvendig dokumentasjon for å behandle søknaden din.
| Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
|---|---|
| Søknad | 6 veker |
| Internasjonal søknad | 6 månader |
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du går fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist. Dersom du har spørsmål om vedtaket, kan du kontakte oss.
Anke vedtak
Dersom du er ueinig i svaret på klaga di frå Nav klageinstans, kan du med nokre unntak anke vedtaket. Fristen for å anke står i vedtaket.
Når du har pleiepengar
Pengane blir utbetalte innan den 25. i månaden.
I utbetalingsoversikta di kan du sjå utbetalinga på kvelden den dagen pengane er utbetalte.
Arbeidsgjevaren din kan utbetale pleiepengane til deg, og krevje refusjon frå Nav etterpå. Viss arbeidsgjevar ikkje ønskjer å gjere dette, får du utbetalinga direkte frå Nav.
Utbetaling for søknadar som nyleg er behandla
Blir søknaden din innvilga før den 15. i månaden, vert pengane utbetalt innan den 25. same månad.
Dersom søknaden vert innvilga etter den 15. i månaden eller du får innvilga for månadar bakover i tid, vil etterbetalinga vanlegvis vere på konto innan 5 dagar frå du fekk svar på søknaden.
Dersom søknaden vert innvilga før 6. desember, blir pengane utbetalt den 12. desember. Søknadar som vert innvilga etter 6. desember, blir utbetalt innan 5 dagar.
Skatt
Det blir trekt skatt av pengane.
Før jul er det ikkje skattetrekk på utbetalingar for veke 47/48 eller 48/49, så lenge pengane blir utbetalte same år. Etterbetalingar har vanleg skattetrekk.
Dersom du betaler Svalbardskatt, er det vanleg skattetrekk før jul.
Feriepengar
Feriepengane blir utbetalte i mai året etter at feriepengane er opptente.
Når du får ny inntekt medan du mottar pleiepengar, kan dette påverke kor mykje du får utbetalt frå Nav. Ny inntekt kan til dømes kome frå eit nytt arbeidsforhold, at du startar opp som sjølvstendig næringsdrivande eller tar oppdrag som frilansar.
Omsorgsstønad frå kommunen blir rekna som frilansinntekt. Det tyder at også omsorgsstønad kan påverke kor mykje pleiepengar du kan få utbetalt.
Pleiepengane skal dekkje den inntekta du hadde då du starta med pleiepengane. Når du får ny inntekt, får du eit lågare inntektstap, og Nav skal difor vurdere å redusere utbetalinga av pleiepengar.
Fordi pleiepengane skal dekkje inntekta du hadde når du starta med pleiepengar, må vi sjå på kor mykje av inntektstapet som er dekt av den nye inntekta. Vi reduserer det du får utbetalt i pleiepengar, slik at inntekta og pleiepengane til saman dekkjer inntektstapet ditt.
Døme:
Kari hadde ei inntekt på 500 000,- då ho søkte om pleiepengar fyrste gongen. Medan ho får pleiepengar får ho ei ny inntekt som på årsbasis utgjer 100 000,-. Den nye inntekta til Kari svarar til 20% av inntektstapet som pleiepengane skal dekkje (100 000/(500 000/100)=20). Nav utbetaler difor 80% av den opphavlege dagsatsen på pleiepengar.
Viss du har inntekt over 6G blir pleiepengane redusert på same måte. Det vil si at vi ser kor mange prosent den nye inntekta dekkjer av den opphavlege årsinntekta du hadde når du starta med pleiepengar. Dagsatsen blir redusert med same prosent, sjølv om den ikkje dekte inntekta du hadde over 6G.
Delvis jobb hos opphavleg arbeidsgjevar
Nokon får graderte pleiepengar for arbeidsforhold dei har fått utrekna pleiepengar for, og samstundes får dei ei ny inntekt. Då vil pleiepengane bli gradert mot inntekt viss dette gjev lågare gradering enn det ein får mot arbeid.
Døme:
Du har fått ei ny inntekt ved sidan av pleiepengane som dekkjer 40% av den inntekta du hadde når du starta med pleiepengar. Viss du jobbar 50% i den opphavlege jobben din, vil du ha lågaste uttaksgrad på 40% på grunn av ny inntekt. Du får då 40% pleiepengar. Viss du derimot jobbar 70%, så vil graderinga mot arbeidstid bli 30% som er lågare enn det den nye inntekta medføra. Du får då 30% pleiepengar.
Når fleire omsorgspersonar skal ha pleiepengar
Viss pleiepengane dine blir gradert mot ny inntekt, er det denne graderinga som styrer kor mykje som er tilgjengeleg for ein annan omsorgsperson. Det er difor som hovudregel den prosenten du får oppgjeve i vedtaket som avgjer kor mykje som er tilgjengeleg for andre søkjarar.
Gradering mot inntekt kan i enkelte tilfelle medføre ei pleiepengegrad som er lågare enn 20%. Reglane for samstundes bruk av pleiepengar tilseier at ein må ha minst 20% pleiepengar. Viss pleiepengegraden di er lågare enn 20% på grunn av ny inntekt, vil du difor likevel bli rekna som å bruke 20% av tilgjengeleg uttak. Det er då inntil 80% pleiepengar tilgjengeleg for andre omsorgspersonar.
Ny inntekt er høgare enn den inntekta pleiepengane skal dekkje
Viss den nye inntekt di er høgare enn det du har rett til i pleiepengar, vil du ikkje ha rett til å få utbetalt pleiepengar.
Denne reduksjonen blir gjort uavhengig av om du får pleiepengar utbetalt direkte frå Nav, eller om du får pleiepengane utbetalt som løn frå arbeidsgjevar. Viss arbeidsgjevaren din forskotterer løn, må du difor informere om at refusjonen frå Nav kan bli redusert.
Pleiepengane skal dekkje det inntektstapet du hadde då du starta med pleiepengar. Det tyder at du ikkje kan få rekna med den nye inntekta, slik som lønsauke eller ny inntekt frå ny jobb, i ein samanhengande periode med pleiepengar.
Viss du har opphald frå pleiepengar på minst fire veker, skal Nav gjere ei ny fastsetting av pleiepengane. Vi kan også vurdere ny fastsetting ved kortare opphald i pleiepengane, viss du har vore tilbake på jobb og fått ei varig endring i inntekta di.
For nokon kan det løne seg å stanse pleiepengane, gå tilbake i jobb og søkje om ny periode. Men ver merksam på at det også er ein risiko når du stansar perioden med pleiepengar:
- Viss du ikkje har arbeidsforholdet som pleiepengane er fastsett etter lengre, vil du ikkje få rekna med inntekta du hadde i den nye perioden med pleiepengar. Då vurderer vi retten til pleiepengar ut frå den nye arbeids- og inntektssituasjonen din.
- Ved å stanse ei løpande periode med pleiepengar og sende ny søknad, gjer Nav ei heilskapsvurdering for om du har rett til pleiepengar. Det tyder at vi også må vurdere om barnet framleis har behov for kontinuerleg tilsyn og pleie.
Du må sjølv vurdere om du ønskjer å ha eit opphald i pleiepengane for å få vurdert ei ny fastsetting.
Du må sende ei melding til oss viss du får ny inntekt, der du informerar om kor du får ny inntekt frå og kor mykje du forventar å tene framover.
Viss du skal reise til eit land utanfor EØS må du gje beskjed til Nav.
Du må gje beskjed fordi vi må vite:
- Om du er saman med den du pleier i tida du reiser
- Kva land de skal reise til
- I kva periode de skal vere i utlandet
- Om du skal avvikle ferie
Når du reiser utanfor EØS og retten din til pleiepengar er oppfylt i perioden, kan du motta pleiepengar i opptil 8 veker i løpet av ein periode på 12 månadar.
Du melder frå ved å skrive ei beskjed til oss, eller ved å ringe 55 55 33 33.
Her finner du ei oversikt over endringar du må melde frå om når du har pleiepengar.
Omsorgstilbod
Viss den du pleier er fast og regelmessig i eit omsorgstilbod, og denne tida endrar seg til ei ny fast og regelmessig tid, sender du ei beskjed om endringa via Skriv til oss. Omsorgstilbod kan vere omsorgsbustad, BPA (brukarstyrt personleg assistent) eller andre organiserte tilbod.
Du treng ikkje sende noko beskjed viss den du pleier berre er sporadisk i omsorgstilbodet.
Andre endringar
Du må også melde frå når
- den du pleier ikkje lenger har behov for kontinuerleg omsorg og pleie på grunn av sjukdom.
- du har behov for kortare periode med pleiepengar.
- du vil endre kor mange prosent pleiepengar du skal ha.
- du får ei ny inntekt, til dømes omsorgsstønad.
- behovet for nattevake og/eller beredskap endrar seg.
- du skal reise til eit land utanfor EØS.
- omsorga for den du pleier er overført til andre, heilt eller delvis.
Oppdatert 12.11.2025
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope
Skriv til oss
Still oss eit spørsmål og få skriftleg svar.
Svartida er 2 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.