Pengestøtte
Pleiepengar i livets sluttfase
Sikrar deg inntekt under fråvær frå jobb når du må ta vare på ein person som er i livets sluttfase.
Det finst også informasjon om pleiepengar i livets sluttfase til arbeidsgjevarar og legar og tannlegar eller andre behandlarar.
Kven kan få?
For å få pleiepengar, gjeld alle desse punkta:
- Den du skal pleie må vere i livet sluttfase. Med dette meiner ein at sannsynleg attverande levetid er avgrensa, gjerne definert som månadar eller veker.
- Den som er sjuk blir pleia i ein privat heim.
- Du må vere under 70 år
- Du har vore i jobb i minst 4 veker direkte før pleiepengeperioden startar.
- Dei dagane du skal ha pleiepengar, må du ha minst 20 prosent fråvær frå jobben din.
- Du har ei årsinntekt som er minst 65 080 kroner (halvparten av folketrygda sitt grunnbeløp).
- Du er medlem av folketrygda. Bur du i Noreg er du vanlegvis medlem av folketrygda.
Periodar med desse pengestøttene kan likestillast med jobb:
- Sjukepengar
- Dagpengar
- Foreldre- og svangerskapspengar
- Pleie-, opplærings- og omsorgspengar
Det tyder at du kan ha rett til pleiepengar viss du har fått minst éin av desse pengestøttene i løpet av dei siste fire vekene før du søkjer om pleiepengar.
Vi kan også gjere unntak viss du har vore i ulønt permisjon i inntil 12 månadar etter foreldrepengeperioden. Eller viss du har hatt andre lovfesta permisjonar etter Arbeidsmiljølova §§12-1 til 12-5. Du må også ha avtalt med arbeidsgjevar når du skal tilbake i jobb etter permisjonen. Du kan lese meir om permisjonar på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Viss du er i permisjon i perioden du søkjer om pleiepengar, kan pleiepengane bli utbetalt med 65% av utrekna inntekt.
Får du arbeidsavklaringspengar?
Arbeidsavklaringspengar gjev ikkje rett til pleiepengar. Men, viss du kombinerer arbeidsavklaringspengane med jobb, kan du søkje om pleiepengar viss du må vere borte frå jobb for å gje pleie.
Når fleire pleier samstundes
Viss de er fleire som pleier, kan de dele pleiepengane frå Nav. Det tyder at de kan dele inntil 60 dagar pleiepengar.
Viss de er fleire enn to som pleier, kan pleiepengane bli delt ut frå når kvar av de pleier. Det kan til dømes vere at de byter på å pleie gjennom dagen, eller pleier ulike dagar.
Det er også mogleg at to personar pleier samstundes, og difor kan få fulle pleiepengar for same periode. Då vil kvota på 60 dagar bli brukt opp raskare, avhengig av kor mykje pleiepengar ein søkjer om.
Kva kan du få?
Pleiepengane skal dekkje inntekta du vanlegvis har opptil 6 gongar grunnbeløpet, som svarar til ei årsløn på 780 960 kroner.
Her kan du lese om korleis pleiepengar blir fastsett i din situasjon:
Pleiepengar blir vanlegvis rekna ut frå gjennomsnittet av inntekta du har hatt i dei 3 siste kalendermånadane før pleiepengeperioden din startar. Dette gjeld både viss du er fast tilsett og viss du har varierande arbeidsperiodar eller inntekter.
- Viss det er meir enn 25 prosent skilnad mellom årsinntekta di og inntekta di dei 3 siste månadane rekna om til årsinntekt, vurderer vi kva inntekt som er mest representativ i din situasjon.
- Viss arbeidsforholdet ditt har vart under 3 månadar, skal pleiepengane reknast ut frå inntekta du har hatt i den perioden du har vore i jobb. Inntekta di blir rekna om til ei månadsinntekt.
- Viss du har hatt korte fråvær som ferie eller ulønt permisjon i perioden du har hatt inntekt, blir inntekta di fastset til det du vanlegvis ville hatt viss du hadde vore i jobb.
Vanlegvis blir pleiepengar rekna til gjennomsnittet av inntekta di dei 3 siste åra som er ferdig utlikna. Viss arbeidssituasjonen din er varig endra eller du er ny i arbeidslivet, fastset vi inntekta di til det som er mest representativ i din situasjon.
Vanlegvis blir pleiepengar rekna ut frå gjennomsnittet av inntekta du har hatt i dei 3 siste kalendermånadane før pleiepengeperioden din startar.
Viss det er meir enn 25 prosent skilnad mellom årsinntekta di og inntekta di dei 3 siste månadane rekna om til årsinntekt, vurderer vi kva inntekt som er mest representativ i din situasjon.
Viss du har jobba så kort tid at det ikkje er rapportert frilansinntekt for 3 heile månadar til a-ordninga, skal inntekta for dette kortare tidsrommet bli brukt i utrekninga.
Pleiepengar blir vanlegvis rekna ut frå gjennomsnittet av inntekta du har hatt i dei 3 siste kalendermånadane før pleiepengeperioden din startar.
Dette gjeld også viss du får ei av desse utbetalingane frå Nav:
- Sjukepengar
- Foreldrepengar
- Svangerskapspengar
- Pleiepengar
- Opplæringspengar
- Dagpengar
Som fiskar er det ulike måtar ein kan motta løn. Du kan motta løn som hyre eller lott, eller du kan motta begge deler. Det er viktig at vi mottar riktig informasjon om arbeidssituasjonen din slik at vi får gjeve deg riktig utrekning av pleiepengane.
Hyre
Viss du mottar hyre får du løn som arbeidstakar. Det er ikkje alle fiskarar som er registrert med eit arbeidsforhold i arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret slik at det er synleg i søknaden. Grunnen til at du ikkje ser arbeidsforholdet ditt er at arbeidsgjevaren din ikkje er pliktig til å melde deg inn som arbeidstakar når du er fiskar.
Viss du er fiskar med hyre, må arbeidsgjevaren din sende inn inntektsmelding med informasjon om inntekta di.
Lott
Viss du er fiskar med lott, blir du rekna som sjølvstendig næringsdrivande. I søknadsdialogen må du svare ja på spørsmålet om du er sjølvstendig næringsdrivande, du må velje at du er fiskar når du fyller ut informasjon om næringa di.
Spørsmåla du får i søknaden er tilpassa din situasjon og du får rettleiing og informasjon undervegs. Når du gjev oss informasjon om at du er fiskar får vi registrert riktig informasjon om deg, og vi får sendt riktig informasjon om deg til skatteetaten.
På skatteetaten sine heimesider kan du lese meir om lott og hyre.
Fiskar med eigen båt
Viss du er fiskar med eigen båt, er du sjølvstendig næringsdrivande. I søknadsdialogen må du svare ja på spørsmålet om du er sjølvstendig næringsdrivande, du må velje at du er fiskar når du fyller ut informasjon om næringa di. Spørsmåla du får i søknaden er tilpassa din situasjon og du får rettleiing og informasjon undervegs.
Viss du har både lott og hyre
Viss du mottar både lott og hyre så mottar du inntekt både som arbeidstakar og som sjølvstendig næringsdrivande.
For den delen av inntekta di som er hyre er du å rekne som arbeidstakar, og du mottar løn som arbeidstakar. Det er ikkje alle fiskarar som er registrert med eit arbeidsforhold i arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret slik at det er synleg i søknaden. Viss du er fiskar med hyre, må arbeidsgjevaren din sende inn inntektsmelding med informasjon om inntekta di.
For den delen av inntekta di som er lott, er du å rekne som sjølvstendig næringsdrivande. I søknadsdialogen må du svare ja på spørsmålet om du er sjølvstendig næringsdrivande, du må velje at du er fiskar når du fyller ut informasjon om næringa di.
Spørsmåla du får i søknaden er tilpassa din situasjon og du får rettleiing og informasjon undervegs. Når du gjev oss informasjon om at du er fiskar får vi registrert riktig informasjon om deg, og vi får sendt riktig informasjon om deg til skatteetaten.
I nokre tilfelle kan du ha rett til pleiepengar sjølv om du ikkje har jobba fire veker før du søkjer om pleiepengar.
Viss du skulle vore på jobb når du søkjer pleiepengar, men kjem inn under unntaksreglane fordi du ikkje rakk å jobbe minst fire veker, skal pleiepengane bli rekna etter vanlege reglar ut frå kva jobbsituasjon du har.
Viss du ikkje hadde avtalt arbeid når du søkjer pleiepengar, men likevel har rett på grunn av unntaksreglane, kan pleiepengane dekkje 65% av inntekta du ville hatt viss du jobba.
Arbeidstakar og frilansar
Når du er både arbeidstakar og frilansar skal inntektene bli rekna ut kvar for seg og bli lagt saman til eit beløp. Viss du har ei samla inntekt over seks gongar grunnbeløpet, blir inntekta di som arbeidstakar lagt til grunn i utrekninga.
Sjølvstendig næringsdrivande og frilansar
Når du er både sjølvstendig næringsdrivande og frilansar blir pleiepengane rekna ut frå begge inntektene dine. Inntekta di som frilansar blir lagt til grunn fyrst i utrekninga.
Viss gjennomsnittet av inntekta di dei 3 siste åra som er ferdig utlikna er høgare enn frilansinntekta di, og frilansinntekta ikkje er over seks gongar grunnbeløpet, blir differansen utbetalt som næringsinntekt.
Arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande
Når du er både arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande, blir pleiepengane rekna ut frå begge inntektene dine.
Fyrst fastset vi inntekta som arbeidstakar, basert på dei siste tre kalendermånadane, og rekna om dette til ei årsinntekt.
For å finne inntekta di som sjølvstendig næringsdrivande, brukar vi gjennomsnittet av inntekta di dei siste tre åra som er ferdig utlikna. Denne utrekninga inkludera difor all inntekta du har hatt, inkludert inntekta som arbeidstakar, frilansar og pengestøtte frå Nav. Difor må vi finne differansen mellom inntekta du har som arbeidstakar og alle inntektene du hadde dei tre likningsåra. Det er denne differansen som vanlegvis blir rekna som næringsinntekt.
Døme: Vi har fastsett inntekta som arbeidstakar til 200 000 kroner i året, og gjennomsnittleg inntekt dei siste tre kalenderåra er 500 000 kroner i året. Inntekta som sjølvstendig næringsdrivande blir då satt til 300 000 kroner i året.
I nokre tilfelle kan inntekt som arbeidstakar vere høgare, slik at det ikkje er differanse mellom denne inntekta og gjennomsnittet av dei siste tre åra. Då kan det skje at inntekta som sjølvstendig næringsdrivande blir satt til null. Pleiepengane blir då utbetalt på grunnlag av inntekta du no har som arbeidstakar.
Viss det har vore varige endringar i arbeidssituasjonen din, kan det skje at det er meir enn 25 prosent avvik mellom inntekta du har no og gjennomsnittet av inntekta for dei siste tre åra som er ferdig utlikna. Då vurderer vi kva inntekt som er mest representativ for situasjonen din når du startar med pleiepengar.
Dagar du pleier, og ikkje jobbar, utbetaler vi fulle pleiepengar.
Du kan kombinere pleiepengar i livets sluttfase med å jobbe, viss dette passar inn i din situasjon. I desse tilfella blir pleiepengane gradert. Det tyder at pleiepengane blir redusert i forhold til kor mykje du jobbar. Det blir ikkje utbetalt pleiepengar for dagar du har mindre enn 20 prosent fråvær frå jobb.
Ferie og feriepengar
Du har ikkje rett til pleiepengar for dei dagane du avviklar ferie. Utbetaling av pleiepengar opphøyrer i ferieperioden og byrjar igjen etter at ferien er avvikla. Feriepengar skal erstatte inntektstapet i perioden du har ferie. Viss du avviklar ferie når du mottar pleiepengar, må du gje beskjed til Nav. Du kan kontakte oss, viss du har spørsmål.
Du skal ikkje gje beskjed til Nav viss du har avtalt med arbeidsgjevar at du får utsett ferie etter ferielova sine føresegner. Spørsmål om ferielova må du rette til Arbeidstilsynet.
Du må som hovudregel opphalde deg i Noreg for å ha rett til pleiepengar. Viss du reiser til utlandet utan at du avviklar ferie, gjeld det eigne reglar for opphald innanfor EU/EØS-området og utanfor EU/EØS-området.
Feriepengar
Du får berre feriepengar for dei fyrste 12 vekene i oppteningsåret. Feriepengane utgjer 10,2 prosent av dei pleiepengane som gjev rett til feriepengar.
Viss du har hatt både pleiepengar og opplæringspengar i same kalenderår, kan du få feriepengar av totalt 12 veker til samen. Det tyder at du får feriepengar berre for dei fyrste 12 vekene, sjølv om du har hatt pleiepengar og opplæringspengar i ei periode som er lenger enn 12 veker.
Viss stønadsperioden går frå eit kalenderår og over i neste kalenderår, vil du i år berre få utbetalt feriepengar av dei dagane du har hatt med pleiepengar førre kalenderår.
Feriepengar for inneverande kalenderår blir utbetalt ved neste års feriepengeutbetaling.
Perioden som blir nytta på utbetaling av feriepengar og som blir vist på utbetalingsmeldinga er 1. til 31. mai i det året dei blir utbetalt.
Du kan få pleiepengar i opptil 60 dagar for ein pleietrengande i livets sluttfase. Viss det er fleire som delar på å pleie, har de altså 60 dagar å dele på til saman.
Sjå eigne reglar viss du oppheld deg utanfor EØS
Pleiepengane treng ikkje å bli tatt ut samanhengande, og du kan kombinere pleiepengar med jobb slik at dei 60 dagane med pleiepengar blir fordelt over ei lengre periode.
Du kan få omsorgsopptening viss du tar deg av sjuke, funksjonshemma eller eldre personar. Omsorgsopptening er ei ordning som bidrar til at du kan få høgare pensjon når du blir pensjonist. Sjå kva som kan gje rett til omsorgsopptening.
Andre tilbod
Meir informasjon til deg som
- Tar vare på noen som er syk, skadet eller har en funksjonsnedsettelseDette kan du ha rett til
Søkje, ettersende eller klage
Nav kan som hovudregel utbetale pleiepengar inntil tre månadar tilbake i tid frå vi får søknaden din. Skal du til dømes ha pleiepengar frå 15. juni til 21. juni, må Nav ha søknaden seinast i løpet av september.
For å søkje om pleiepengar, brukar du den same søknaden både fyrste gong og for eventuelle seinare periodar.
Det er viktig å merke seg at du berre kan søkje om pleiepengar for dei neste 14 dagane. Men, du kan søkje om fleire uttak seinare utan å måtte sende inn ei ny legeerklæring.
Legeerklæring
Ein lege må stadfeste at den du skal pleie er i livets sluttfase. Med dette meiner ein at sannsynleg attverande levetid er avgrensa, gjerne definert som månadar eller veker.
Vi treng berre ei legeerklæring. Det vil si at viss du eller ein annan søkjar allereie har sendt ei slik legeerklæring, kan du berre gå vidare i søknaden utan å laste opp noko.
Inntektsopplysningar
Er du arbeidstakar må arbeidsgjevar sende inntektsmelding når du
- søkjer for fyrste gong
- søkjer på nytt etter eit opphald i pleiepengane på 4 veker eller meir
- søkjer på nytt etter eit opphald på mindre enn 4 veker, og det er endring i inntekta
Vi kan ikkje behandle søknaden din viss vi ikkje får inntektsmelding frå arbeidsgjevar.
Er du sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar, treng du ikkje leggje ved dokumentasjon på inntekt.
Får du pengestøtte frå Nav, treng du ikkje leggje ved dokumentasjon på dette.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak. Hugs at vi treng all nødvendig dokumentasjon for å behandle søknaden din.
| Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
|---|---|
| Søknad | 5 veker |
| Internasjonal søknad | 6 månader |
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du går fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist. Dersom du har spørsmål om vedtaket, kan du kontakte oss.
Anke vedtak
Dersom du er ueinig i svaret på klaga di frå Nav klageinstans, kan du med nokre unntak anke vedtaket. Fristen for å anke står i vedtaket.
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
| Sak gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
|---|---|
| Klage til Nav-eining | 10 veker |
| Klage til Nav klageinstans | 3 månader |
| Anke til Nav klageinstans | 3 månader |
Når du har pleiepengar
Pengane blir utbetalte innan den 25. i månaden.
I utbetalingsoversikta di kan du sjå utbetalinga på kvelden den dagen pengane er utbetalte.
Arbeidsgjevaren din kan utbetale pleiepengane og krevje refusjon frå Nav etterpå. Viss arbeidsgjevaren ikkje ønskjer å gjere dette, får du utbetalinga direkte frå Nav.
Blir søknaden din innvilga før den 15. i månaden, vert pengane utbetalt innan den 25. same månad.
Dersom søknaden vert innvilga etter den 15. i månaden eller du får innvilga for månadar bakover i tid, vil etterbetalinga vanlegvis vere på konto innan 5 dagar frå du fekk svar på søknaden.
Dersom søknaden vert innvilga før 6. desember, blir pengane utbetalt den 12. desember. Søknadar som vert innvilga etter 6. desember, blir utbetalt innan 5 dagar.
Feriepengane blir utbetalte i mai året etter at feriepengane er opptente.
Skatt
Det blir trekt skatt av pengane.
Før jul er det ikkje skattetrekk på utbetalingar for veke 47/48 eller 48/49, så lenge pengane blir utbetalte same år. Etterbetalingar har vanleg skattetrekk.
Dersom du betaler Svalbardskatt, er det vanleg skattetrekk før jul.
Du kan søkje om pleiepengar for å pleie ein i livets sluttfase som ikkje bur i Noreg.
Viss du skal reise til eit land utanfor EØS må du gje beskjed til Nav.
Du må gje beskjed fordi vi må vite:
- Om du er saman med den du pleier i tida du reiser
- Kva land du/de skal reise til
- I kva periode du/de skal vere i utlandet
Når du reiser utanfor EØS, kan du få pleiepengar i opptil 8 veker i løpet av ein periode på 12 månadar.
Du melder frå ved å skrive ei beskjed til til oss.
Skriv til oss
Viss du skal søkje om ei lengre eller ny periode med pleiepengar, må du sende ein ny søknad. Du treng ikkje å leggje ved legeerklæring, viss du tidlegare har fått pleiepengar for den pleietrengande.
Du må melde frå viss:
- den du pleier blir innlagd
- du vil stanse pleiepengane
- du jobbar meir eller mindre enn det du informerte om i søknaden
- du har endringar i arbeids- eller inntektssituasjon. Det kan til dømes vere at du endrar stillingsprosent, får omsorgsstønad eller får ny jobb.
- du skal til eit land utanfor EØS.
Du melder frå om endringar ved å skrive ei beskjed til oss.
Du melder frå ved å skrive ei beskjed til til oss.
Skriv til oss
Oppdatert 12.11.2025
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope
Skriv til oss
Still oss eit spørsmål og få skriftleg svar.
Svartida er 2 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.