Pengestøtte — For legar og tannlegar eller andre behandlarar
Pleiepengar i livets sluttfase
Når ein må vere borte frå jobb for å ta vare på ein person som er i livets sluttfase.
Det finst også informasjon om pleiepengar i livets sluttfase til privatpersonar og arbeidsgjevarar.
Kven er det aktuelt for?
For å få pleiepengar, gjeld alle desse punkta:
- Den du skal pleie må vere i livet sluttfase. Med dette meiner ein at sannsynleg attverande levetid er avgrensa, gjerne definert som månadar eller veker.
- Den som er sjuk blir pleia i ein privat heim.
- Du må vere under 70 år
- Du har vore i jobb i minst 4 veker direkte før pleiepengeperioden startar.
- Dei dagane du skal ha pleiepengar, må du ha minst 20 prosent fråvær frå jobben din.
- Du har ei årsinntekt som er minst 65 080 kroner (halvparten av folketrygda sitt grunnbeløp).
- Du er medlem av folketrygda. Bur du i Noreg er du vanlegvis medlem av folketrygda.
Det kan likestillast med jobb viss ein ikkje har vore i jobb i minst 4 veker, men har hatt
- sjukepengar
- dagpengar
- foreldrepengar
- svangerskapspengar
- omsorgspengar
- pleiepengar, eller
- opplæringspengar
Viss ein har vore mellombels ute av jobb i mindre enn fire veker vurderer vi retten til pleiepengar. Her er meir informasjon om det å vere mellombels ute av jobb.
Fleire personar kan pleie den som er sjuk, men berre to kan motta fulle pleiepengar samstundes. Det blir ikkje rekna som samstundes pleie viss to eller fleire personar deler på pleia til dømes ved å pleie ulike dagar eller ulike delar av dagen.
Sjølv om det er fleire som pleier, kan det berre bli gjeve inntil 60 dagar til saman. Kvota vil difor bli brukt opp raskare i periodar der to pleier samstundes.
Døme:
Når to personar pleier samstundes i heile perioden, har kvar av dei rett til 100 prosent pleiepengar. Men, det kan maksimalt bli utbetalt pleiepengar i 30 dagar til kvar.
Kva kan ein få?
Pleiepengane skal dekkje inntekta ein vanlegvis har opptil 6 gongar grunnbeløpet, som svarar til ei årsløn på 780 960 kroner.
Pleiepengane bllir utrekna etter same reglar som sjukepengar.
Ein kan få pleiepengar i opptil 60 dagar totalt. Viss det er fleire som deler på pleia, har dei altså 60 dagar å dele på til saman.
Dagane treng ikkje å bli teken ut samanhengande.
Det er eigne reglar for kor lenge du kan få pleiepengar viss du pleier nokon utanfor EØS-området.
Andre tilbod
Meir informasjon når ein har sjukdom i familien
- Sykdom i familien - informasjon til helsepersonellFor samarbeidspartnere
Legen si rolle
Den som pleier kan søkje digitalt om pleiepengar i livets sluttfase.
I tillegg til søknaden, treng vi legeerklæring og inntektsmelding viss den som pleier er arbeidstakar.
Søknadsfristen er seinast innan tre månadar etter fyrste dag ein søkjer om pleiepengar.
Ein lege må stadfeste om pasienten er i livets sluttfase. Med sluttfasen av livet meiner ein det at ein forventar at pasienten skal døy dei neste vekene eller månadane.
Legeerklæringa er eit eige dokument som søkjaren skal leggje ved søknaden sin.
Vi treng kun ei legeerklæring. Det vil sei at viss fleire skal søkje om pleiepengar for den same pleietrengande, held det at ein av dei sender inn legeerklæringa.
Når du har skrive legeerklæringa gjev du den til den som skal søkje om pleiepengar. Legeerklæringa har ein QR-kode som søkjer kan skanne med mobilen for å komme direkte til den digitale søknaden. Søkjar tar eit bilete av legeerklæringa, og lastar den opp digitalt.
Viss søkjar ikkje kan søkje digitalt, legg ein legeerklæringa saman med papirsøknaden som blir sendt i posten.
Viss du ringer til Nav for å hjelpe ein person som har søkt pleiepengar må det liggje føre ei fullmakt.
Ei fullmakt må vere underteikna av personen du ringer for, og skildre
- kven som skal få opplysningar (fullt namn, fødselsdato evt. bedriftsnummer)
- kva opplysningar som skal bli utlevert
- kva periode opplysningane er relatert til og kva opplysningane skal bli brukt til
Viss det er fleire behandlarar som følgjer opp personen og skal ha innsyn, må alle desse ha samtykke. Det held ikkje med ei samtykkeerklæring kor det står avdelingsnamn på institusjonen.
Skriftleg fullmakt via nav.no
Personen kan gje deg fullmakt ved å logge inn på nav.no.
Munnleg fullmakt
Dersom du ringer saman med personen, kan han eller ho gje munnleg fullmakt per telefon. Fullmakta vil berre gjelde for den aktuelle samtalen.
Treng ikkje fullmakt for å melde frå om dødsfall
Viss personen ein mottar pleiepengar for døyr, kan sosionomar og legar melde frå om dødsfallet til oss utan fullmakt.
Oppdatert 21.08.2025
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope