Pengestøtte — For legar og tannlegar eller andre behandlarar
Pleiepengar for ein utviklingshemma person over 18 år
Når ein må vere borte frå jobb for å ta vare på ein person over 18 år, som er utviklingshemma og svært alvorleg sjuk.
Det finst også informasjon om pleiepengar for ein utviklingshemma person over 18 år til privatpersonar og arbeidsgjevarar.
Kven er det aktuelt for?
For å få pleiepengar når barnet er over 18 år, gjeld alle desse punkta:
Når den pleietrengande er over 18 år, kan du berre få pleiepengar viss den pleietrengande har:
- ei utviklingshemming
- ein livstruande eller svært alvorleg sjukdom
- har eit behov for pleie som fører til at han eller ho ikkje kan overlatast for seg sjølv
- har hatt behandling i sjukehus eller anna spesialisthelseteneste
Alle desse punkta må gjelde for å få pleiepengar for ein person over 18 år.
Særleg om utviklingshemming
Utviklingshemming må skiljast frå utviklingsforstyrringar, og andre former for funksjonsnedsetjingar som ikkje påverkar kognitive og mentale evner i like stor grad. Desse tilstandane er difor ikkje omfatta av omgrepet utviklingshemming, sjølv om dei kan påverke både sosiale og praktiske ferdigheiter. Det er viktig å vite at desse diagnosane ikkje utelukkar kvarandre. Ein person kan vere utviklingshemma og samstundes ha ei utviklingsforstyrring, men ei utviklingsforstyrring er ikkje det same som utviklingshemma. Det er ikkje naudsynt å ha fått ein endeleg diagnose, men det må vere svært sannsynleg at vilkåra for å kunne setje ein diagnose på utviklingshemmingsspekteret er til stades.
Viss den pleietrengande ikkje har ei utviklingshemming, men er i livets sluttfase, kan du søkje om pleiepengar i livets sluttfase.
For å ha rett til pleiepengar, må du ha jobba minst fire veker før du startar perioden med pleiepengar.
Unntak når du ikkje har jobba fire veker
Periodar med desse pengestøttene kan likestillast med jobb:
- Sjukepengar
- Dagpengar
- Foreldre- og svangerskapspengar
- Pleie-, opplærings- og omsorgspengar
Det tyder at du kan ha rett til pleiepengar viss du har fått minst éin av desse pengestøttene i løpet av dei siste fire vekene før du søkjer om pleiepengar.
Vi kan også gjere unntak viss du har vore i ulønt permisjon i inntil 12 månadar etter foreldrepengeperioden. Eller viss du har hatt andre lovfesta permisjonar etter Arbeidsmiljølova §§12-1 til 12-5. Du må også ha avtalt med arbeidsgjevar når du skal tilbake i jobb etter permisjonen. Du kan lese meir om permisjonar på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Viss du er i permisjon i perioden du søkjer om pleiepengar, kan pleiepengane bli utbetalt med 65% av utrekna inntekt.
Får du arbeidsavklaringspengar?
Arbeidsavklaringspengar gjev ikkje rett til pleiepengar. Men, viss du kombinerer arbeidsavklaringspengane med jobb, kan du søkje om pleiepengar viss du må vere borte frå jobb for å gje pleie.
For å ha rett til pleiepengar, må du ha fråvær frå jobb på grunn av pleie slik at du mistar arbeidsinntekt.
Det er fleire punkt som må vere oppfylt:
- Du har ei årsinntekt som er minst 65 080 kroner (halvparten av folketrygda sitt grunnbeløp).
- Arbeidstida eller inntekta di er redusert med minst 20%
- Du er under 70 år
Bur du i Noreg er du vanlegvis medlem av folketrygda.
Andre tilbod
Meir informasjon når ein har sjukdom i familien
- Sykdom i familien - informasjon til helsepersonellFor samarbeidspartnere
Legen si rolle
Den som skal søkje om pleiepengar må sjølv sende ein søknad til Nav.
Legeerklæringa legg ein ved søknaden.
Viss brukar er arbeidstakar, treng vi også ei inntektsmelding frå arbeidsgjevar.
Fristen for å søkje om pleiepengar er seinast 3 månadar etter fyrste dag i søknadsperioden.
Kven kan skrive legeerklæringa?
Legeerklæringa skal vere skriven av ein sjukehuslege, eller ein lege i spesialisthelsetenesta.
Dette tyder til dømes at ein fastlege eller ein psykolog ikkje kan underteikne erklæringa. Det same gjeld legar ved den kommunale legevakta.
Varigheit på legeerklæringa
Legen set ein dato så langt fram i tid som du forventar at personen har behov for kontinuerleg tilsyn og pleie. Viss du er usikker på varigheita, set du ein dato så langt fram i tid som du er sikker på no.
Diagnosekode
Bruk kodane frå ICD-10.
Det er omsorgspersonen som pleier barnet som har dialogen med lege om behov for legeerklæring, den blir ikkje innhenta direkte frå Nav. Legeerklæring for pleiepengar gjev ikkje L-takst.
Legeerklæring for pleiepengar
Legeerklæring for pleiepengar skal skrivast av ein sjukehuslege eller lege i spesialisthelsetenesta. Legeerklæringa ligg i sjukehuset sitt eige system.
Når du har skrive legeerklæringa gjev du den til omsorgspersonen som skal søkje om pleiepengar. Søkjar tar eit bilete av legeerklæringa og lastar den opp digitalt når han eller ho søkjer om pleiepengar via nav.no. Viss søkjer ikkje kan søkje digitalt, legg ein legeerklæringa saman med papirsøknaden som ein sender i posten.
Legeerklæringa har også fått ein QR-kode som søkjer kan skanne med mobilen for å kome direkte til den digitale søknaden.
Viss du skal sende legeerklæringa på vegner av den som pleier barnet, kan du sende den med ei fyrsteside for innsending til Nav Skanning. Du får fyrstesida når du hentar skjemaet frå nav.no. Du må då bruke fødselsnummeret til den som skal søkje om pleiepengar, slik at den kjem til riktig sak hos Nav.
Viss du ringer til Nav for å hjelpe ein person som har søkt pleiepengar må det liggje føre ei fullmakt.
Ei fullmakt må vere underteikna av personen du ringer for, og skildre
- kven som skal få opplysningar (fullt namn, fødselsdato evt. bedriftsnummer)
- kva opplysningar som skal bli utlevert
- kva periode opplysningane er relatert til og hva opplysningane skal bli brukt til
Viss det er fleire behandlarar som følgjer opp personen og skal ha innsyn, må alle desse ha samtykke. Det held ikkje med ei samtykkeerklæring kor det står avdelingsnamn på institusjonen.
Skriftleg fullmakt via nav.no
Personen kan gje deg fullmakt ved å logge inn på nav.no.
Munnleg fullmakt
Dersom du ringer saman med personen, kan han eller ho gje munnleg fullmakt per telefon. Fullmakta vil berre gjelde for den aktuelle samtala.
Treng ikkje fullmakt for å melde frå om dødsfall
Viss ein person mottar pleiepengar, og barnet ein mottar pleiepengar for døyr, kan sosionomar og legar melde frå om dødsfallet til oss utan fullmakt.
Oppdatert 21.08.2025
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope