Refusjon og Pengestøtte til ansatt — For arbeidsgjevarar
Pleiepengar for ein utviklingshemma person over 18 år
Når ein må vere borte frå jobb for å pleie ein utviklingshemma og svært alvorleg sjuk person over 18 år.
Det finst også informasjon om pleiepengar for ein utviklingshemma person over 18 år til privatpersonar og legar og tannlegar eller andre behandlarar.
Kven er det aktuelt for?
For å få pleiepengar, gjeld alle desse punkta:
Når den pleietrengande er over 18 år, kan du berre få pleiepengar viss den pleietrengande har:
- ei utviklingshemming
- ein livstruande eller svært alvorleg sjukdom
- har eit behov for pleie som fører til at han eller ho ikkje kan overlatast for seg sjølv
- har hatt behandling i sjukehus eller anna spesialisthelseteneste
Alle desse punkta må gjelde for å få pleiepengar for ein person over 18 år.
Særleg om utviklingshemming
Utviklingshemming må skiljast frå utviklingsforstyrringar, og andre former for funksjonsnedsetjingar som ikkje påverkar kognitive og mentale evner i like stor grad. Desse tilstandane er difor ikkje omfatta av omgrepet utviklingshemming, sjølv om dei kan påverke både sosiale og praktiske ferdigheiter. Det er viktig å vite at desse diagnosane ikkje utelukkar kvarandre. Ein person kan vere utviklingshemma og samstundes ha ei utviklingsforstyrring, men ei utviklingsforstyrring er ikkje det same som utviklingshemma. Det er ikkje naudsynt å ha fått ein endeleg diagnose, men det må vere svært sannsynleg at vilkåra for å kunne setje ein diagnose på utviklingshemmingsspekteret er til stades.
Viss den pleietrengande ikkje har ei utviklingshemming, men er i livets sluttfase, kan du søkje om pleiepengar i livets sluttfase.
For å ha rett til pleiepengar, må du ha jobba minst fire veker før du startar perioden med pleiepengar.
Unntak når du ikkje har jobba fire veker
Periodar med desse pengestøttene kan likestillast med jobb:
- Sjukepengar
- Dagpengar
- Foreldre- og svangerskapspengar
- Pleie-, opplærings- og omsorgspengar
Det tyder at du kan ha rett til pleiepengar viss du har fått minst éin av desse pengestøttene i løpet av dei siste fire vekene før du søkjer om pleiepengar.
Vi kan også gjere unntak viss du har vore i ulønt permisjon i inntil 12 månadar etter foreldrepengeperioden. Eller viss du har hatt andre lovfesta permisjonar etter Arbeidsmiljølova §§12-1 til 12-5. Du må også ha avtalt med arbeidsgjevar når du skal tilbake i jobb etter permisjonen. Du kan lese meir om permisjonar på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Viss du er i permisjon i perioden du søkjer om pleiepengar, kan pleiepengane bli utbetalt med 65% av utrekna inntekt.
Får du arbeidsavklaringspengar?
Arbeidsavklaringspengar gjev ikkje rett til pleiepengar. Men, viss du kombinerer arbeidsavklaringspengane med jobb, kan du søkje om pleiepengar viss du må vere borte frå jobb for å gje pleie.
For å ha rett til pleiepengar, må du ha fråvær frå jobb på grunn av pleie slik at du mistar arbeidsinntekt.
Det er fleire punkt som må vere oppfylt:
- Du har ei årsinntekt som er minst 65 080 kroner (halvparten av folketrygda sitt grunnbeløp).
- Arbeidstida eller inntekta di er redusert med minst 20%
- Du er under 70 år
Bur du i Noreg er du vanlegvis medlem av folketrygda.
Kva kan ein få?
Pleiepengar blir rekna ut på same måte som sjukepengar og utgjer 100 prosent av sjukepengegrunnlaget.
Når Nav refunderer pleiepengar utbetaler vi 100 prosent av grunnlaget, som maksimalt kan vere 6 gongar grunnbeløpet (6G). Dette svarar til 780 960 kroner. Grunnlaget blir rekna om til ein dagsats ved å dele utrekna årsinntekt på 260 dagar. Dette gjeld uavhengig av kor mange arbeidsdagar arbeidstakaren har i løpet av eit år.
Døme på utrekning:
Slik reknar vi ut dagsatsen til ein arbeidstakar med gjennomsnittleg månadsinntekt på brutto 17 000 kroner dei tre siste månadane:
- Dette svarar til ei årsinntekt på 204 000 kroner
- Utrekna årsinntekt blir delt på 260
- Nav vil utbetale med ein dagsats på 785 kroner
Det er ingen tidsavgrensing for kor lenge ein person kan få pleiepengar når alle vilkåra er oppfylt.
Andre tilbod
Meir informasjon når
- Ansatt har sykdom i familienHva arbeidsgivere må vite
Arbeidsgjevar si rolle
Inntektsmelding er skjemaet som arbeidsgjevar må sende til Nav når ein tilsett søkjer om pleiepengar. Meldinga gjev Nav informasjon som vi treng for å behandle søknaden om pleiepengar, blant anna opplysningar om inntekt og fråvær.
Inntektsmelding skal ein sende så snart som mogleg etter at den tilsette har sendt inn søknaden sin, men ikkje tidlegare enn 4 veker før fyrste dag med pleiepengar.
Når den tilsette har sendt søknad om pleiepengar, vil du få ei oppgåve om å sende inntektsmelding på Min side - arbeidsgjevar. Dette er ei ny løysing for inntektsmelding som blei lansert 30. januar 2025.
Sjølv om Nav varslar om at vi har fått ein søknad, må du som arbeidsgjevar ha dialog med den tilsette om kor lenge den tilsette skal ha permisjon. Det same gjeld dialog viss den tilsette vil kombinere pleiepengane med jobb.
Les meir om korleis du brukar den nye inntektsmeldinga:
Når vi får søknad frå den tilsette, vil du få varsel om å sende inntektsmelding frå Min side - arbeidsgjevar. Varselet blir sendt på e-post/SMS til dei som er registrert som varslingsmottakar i Altinn. Her kan du lese meir om kven som får tilgang til inntektsmeldinga.
Viss den tilsette har søkt for ei periode fram i tid, får du tidlegast varsel om å sende inntektsmeldinga fire veker før fyrste fråværsdag.
Nokre gongar kan du få varsel om å sende inntektsmelding, men seinare står oppgåva som "utgått" på Min side - arbeidsgjevar. Dette skjer som regel på grunn av endringar i saka, som gjer at vi ikkje treng inntektsmeldinga lenger. Du kan avklare med den tilsette kva som er status for søknaden.
Inntektsmeldinga foreslår ei utrekna månadsløn ut frå registrert inntekt i A-ordninga. Det er du som arbeidsgjevar som må vurdere om dette er riktig inntekt, eller om du bør korrigere den.
Du må vanlegvis endre den foreslåtte inntekta viss:
- den tilsette har hatt lovleg fråvær utan løn som har gjeve trekk i lønsutbetaling
- den tilsette har endra stillingsprosent
- den tilsette har hatt varig lønsendring
Viss du endrar den foreslåtte månadsløna, må du oppgje ei årsak til kvifor du endrar. Nokon av endringsårsakene krev også at du oppgjev periode for endringa, til dømes viss den tilsette har hatt ferie eller har vore permittert.
Viss de utbetalar løn som vanleg, og krev refusjon, så informerer du om dette i inntektsmeldinga. Nav vil då utbetale stønaden direkte til dykk, basert på kontonummer dykk har registrert i Altinn.
Det er viktig at de har kontakt med den tilsette om status på søknaden, og har løpande dialog om eventuelle endringar som påverkar refusjonen. Viss den tilsette melder om endringar i periode eller uttak, eller får avslag på søknaden, vil slike vedtak berre bli sendt til den tilsette.
I inntektsmeldinga kan de leggje inn periodar med ulike beløp for refusjonen. Det er aktuelt viss de betaler ulik løn i perioden, og viss de skal ha periodar med og utan refusjon. For periodar utan refusjon, skriv de inn 0,- som refusjonsbeløp.
Du kan finne den innsendte inntektsmeldinga i saksoversikta på Min side - arbeidsgjevar.
Når du finn inntektsmeldinga, kan du trykkje deg inn på oppgåva og velje "endre", for å korrigere opplysningane du la inn sist. Viss du har sendt inn inntektsmelding via Altinn eller løns- og personalsystem, vil du ikkje sjå opplysningane du sendte inn. Men, du kan hente opp den førehandsutfylte versjonen frå Nav, og tilpasse opplysningane i den for å sende endring.
Endre inntekt
Viss den tilsette har ei endring i inntekta si, skal du berre endre inntekta viss den nye inntekta var aktuell ved fyrste fråværsdag. Endringar i inntekt etter denne dagen påverkar ikkje utrekninga hos Nav. Du må likevel vurdere om du vil endre i refusjonen, viss det har vore varig lønsendring.
Endre refusjon
Merk at viss du skal gjere endringar i refusjon, må du behalde refusjonsperiodar tilbake frå fyrste fråværsdag. Viss du skal starte eller stanse refusjon, må du difor leggje dette inn som ei periode med 0,- i refusjon, framfor å velje at det ikkje er refusjon.
I nokre tilfelle må du framleis bruke den gamle inntektsmeldinga i Altinn.
Det gjeld når:
- du har sendt ei inntektsmelding frå Altinn/LPS med arbeidsforholdsID, og skal endre denne.
- den tilsette har fleire arbeidsforhold hos same arbeidsgjevar
- de får ein nytilsett som allereie har vedtak, og de skal ha refusjon.
- de er unntatt registrering i Aa-reg., dvs. ambassadepersonell, fiskarar og utanlandske arbeidstakarar.
Her finn du nyttig informasjon om korleis du fyller ut og eventuelt endrar inntektsmeldinga.
Viss den tilsette jobbar skift eller har timeløn, skal inntekta fastsetjast etter dei same reglane som arbeidstakarar med fastløn. Det tyder at du som hovudregel skal bruke eit gjennomsnitt av inntekta frå dei siste tre kalendermånadane.
Vi må alltid ha inntektsmelding når den tilsette
- søkjer for fyrste gong
- søkjer på nytt etter eit opphald i pleiepengane på 4 veker eller meir
- søkjer på nytt etter eit opphald på mindre enn 4 veker, og det er ei varig endring i inntekta
Kor kan eg sjekke inntektsmeldingar eg har sendt tidlegare?
Du kan sjekke tidlegare innsendte inntektsmeldingar der du sendte den.
Det tyder at inntektsmeldingar som blir sendt frå Min side - Arbeidsgjevar er synlege i saksoversikta. Har du sendt via Altinn, kan du finne innsendte inntekstmeldingar i innsynstenesta til Altinn.
Gjeld inntektsmeldinga også for sjølvstendig næringsdrivande/frilansarar?
Nei, denne inntektsmeldinga gjeld berre for arbeidstakarar.
Nav har informasjon om inntekta for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar frå offentlege register. Vi innhentar meir informasjon viss det er naudsynt for å behandle søknaden.
Viss du ønskjer refusjon for utbetalt løn, opplyser du om dette i inntektsmeldinga. Inntektsmeldinga fungerer som refusjonskrav, og du treng ikkje fylle ut andre skjema for å få refusjon.
Merk at arbeidsforholdet må vere registrert i Aa-registeret når du søkjer om refusjon.
Må eg utbetale løn og få refusjon frå Nav?
Som arbeidsgjevar har du ikkje ein lovfesta plikt til å utbetale løn ved fråvær når den tilsette søkjer om pleiepengar.
Om du skal betale løn til den tilsette avheng av kva slags avtale som ligg føre mellom de, til dømes ut frå ei tariffavtale. Dersom dette ikkje er regulert av ei avtale, kan du som arbeidsgjevar velje om du vil forskottere løn eller ikkje.
Du oppgjev det du har valt i inntektsmeldinga du sender til Nav. Det er viktig at du gjev beskjed til den tilsette viss du stansar utbetaling av løn.
Må arbeidsgjevar dekkje løn dei fyrste fråværsdagane?
Nei, pleiepengar kan bli innvilga frå fyrste fråværsdag. Det er altså ikkje ein arbeidsgjevarperiode som arbeidsgjevar må dekkje fyrst.
Refusjon for ein nytilsett som er i ein periode med pleiepengar
Om de har ein nytilsett som er i ein periode med pleiepengar, treng vi vanlegvis ikkje inntektsmelding. Om de skal utbetale løn til den nytilsette, må de likevel sende ei inntektsmelding frå Mi side - arbeidsgjevar på nav.no, Altinn eller frå Løns - og personalsystem. Desse kan sendast via "Opprett manuell inntektsmelding" og ein får ikkje oppgåve på desse.
- Sjekk at den tilsette er registrert i Aa-registeret før de sender inntektsmelding
- Oppgje fyrste fråværsdag de søkjer refusjon frå
- Kryss av for at de utbetalar løn og krev refusjon
Merk at pleiepengar vil behalde utrekninga frå tidlegare arbeidsforhald, dette kan påverke kor mykje Nav kan utbetale i refusjon.
Frist for å krevje refusjon
Nav kan som hovudregel gje refusjon av pleiepengar opptil 3 månadar før den kalendermånaden refusjonskravet blir sendt til Nav. Den tilsette har som hovudregel same frist for å sende søknad om pleiepengar til Nav.
Pleiepengar gjev rett til lovleg fråvær frå arbeidet, og arbeidstakar skal ha permisjon etter arbeidsmiljølova §12-9.
Du kan lese meir om retten til permisjon på Arbeidstilsynet sine sider.
Her finn du regelverket for permisjon.
Korleis registrerer eg pleiepengar i A-meldinga?
Pleiepengar skal registrerast som lovfesta permisjon i A-meldinga dersom fråværet varer lenger enn 14 dagar.
Her kan du lese meir om registrering av permisjonar i A-meldinga.
Inntektsmeldinga skal ein sende inn på Mi side – arbeidsgjevar. Viss du ikkje har fått beskjed om å sende inn inntektsmeldinga på Mi side – arbeidsgjevar, kan du framleis sende via altinn.no eller eige løns- og personalsystem.
I nokre få tilfelle treng Nav meir dokumentasjon frå deg enn inntektsmeldinga. Du får brev frå vår saksbehandlar med informasjon om kva vi treng, viss dette er naudsynt.
Nokre arbeidsgjevarar ønskjer også å sende anna dokumentasjon direkte til saksbehandlar.
Dokumentasjonen kan ein sende til oss på to måtar:
- Gi dokumentasjonen til den tilsette, som sjølv ettersender den digitalt ved å logge inn på nav.no.
- Gå til sida for ettersending, og vel ettersend i post. Husk å notere den tilsette sitt fødsels- og personnummer når du hentar ut fyrsteside for innsending.
Viss du sender dokumentasjon på vegne av arbeidsgjevar, til dømes frå ei løningsavdeling, må du også notere organisasjonsnummer for kontakt. Det er fordi vi sender brev digitalt, og må knytte dei til organisasjonsnummer for å sende svar i Altinn.
Oppdatert 04.12.2025
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope