Pengestøtte
Omsorgspengar (heime med sjukt barn-dagar)
Sikrar deg inntekt når du må vere borte frå jobb på grunn av sjukdom hos barn eller barnepassar.
Det finst også informasjon om omsorgspengar til arbeidsgjevarar og legar og tannlegar eller andre behandlarar.
Kven kan få?
For å ha rett til omsorgspengar gjeld alle desse punkta:
For å ha rett til å bruke omsorgsdagar må du ha omsorga for barnet. Det tyder som hovudregel at foreldre og fosterforeldre som bur med barnet kan ha rett til å bruke omsorgsdagar. Dersom du ikkje bur saman med den andre forelderen, men de har ein avtale om delt fast bustad, bur barnet fast hos dykk begge.
I nokre tilfelle kan også samværsforeldre og steforeldre bruke omsorgsdagar, dersom dei har fått omsorgsdagar frå ein forelder som er åleine om omsorga.
For å ha rett til omsorgspengar, må du ha fråvær frå jobb slik at du mistar arbeidsinntekt.
Det er fleire forhold som må vere oppfylt:
- Du har ei årsinntekt som er minst 65 080 kroner (halvparten av folketrygda sitt grunnbeløp).
- Arbeidstida eller inntekta di er redusert med minst 20%
- Du er under 70 år
I tillegg må fråværet skuldast at du må vere heime fordi barnet eller barnepassar er sjuk. Her kan du lese meir detaljert om kva situasjonar som gjer at du kan bruke omsorgsdagar.
For å ha rett til omsorgspengar, må du ha jobba minst fire veker før du er heime på grunn av sjukt barn eller barnepassar.
Unntak når du ikkje har jobba fire veker
Periodar med desse ytingane kan likestillast med jobb:
- Sjukepengar
- Dagpengar
- Foreldre- og svangerskapspengar
- Pleie-, opplærings- og omsorgspengar
Vi kan også gjere unntak dersom du har vore i uløna permisjon i inntil 12 månadar direkte etter foreldrepengeperioden, og har avtalt med arbeidsgjevar når du skal tilbake til jobb.
Du må likevel ha tapt arbeidsinntekt, og kan difor tidlegast bruke omsorgsdagar når du skulle ha vore tilbake i jobb.
Viss du ikkje har jobba 4 veker før du må bruke første omsorgsdag, er ikkje arbeidsgjevar forplikta til å utbetale deg løn. Du kan då søkje om utbetaling frå Nav.
Bur du i Noreg er du vanlegvis medlem av folketrygda.
Vanlegvis treng du ikkje søkje om omsorgsdagane, men i nokre tilfelle kan du søkje om å få ekstra dagar.
Kva kan du få?
Når du har eigne barn buande hos deg, har du rett til eit bestemt tal omsorgsdagar som du kan bruke per kalenderår. Kor mange dagar du har rett til, avheng mellom anna av:
- Alderen til barnet
- Om du har åleineomsorg
- Om barnet har langvarig sjukdom som gjev markert høgare risiko for fråvær
Som hovudregel har du rett til:
- 10 dagar viss du har 1-2 barn
- 15 dagar viss du har 3 eller fleire barn
Du får som hovudregel berre omsorgspengar for eigne barn som bur med deg, eller fosterbarn. Du skal ikkje telje med andre sine barn, eller eigne barn som ikkje bur med deg.
Som hovudregel har du berre rett til omsorgspengar for barn ut det kalenderåret dei fyller 12 år. Det betyr at viss du har eldre barn, vil ikkje desse påverke kor mange omsorgsdagar du har rett til.
Unntaket er viss du har vedtak om ekstra omsorgsdagar på grunn av langvarig sjukdom eller funksjonshemming. Du har då rett til omsorgsdagar for dette barnet ut kalenderåret det fyller 18 år, og det kan påverke kor mange omsorgsdagar du har rett til.
Døme:
Dersom du har tre barn på 8, 11 og 14 år, har du som hovudregel to barn som gjev rett til 10 omsorgsdagar.
Dersom du har fått ekstra omsorgsdagar for barnet på 14 år, har du tre barn som gjev rett til 15 omsorgsdagar. Dei 10 ekstra dagane på grunn av langvarig/kronisk sjukdom eller funksjonshemming kjem i tillegg.
Les meir om talet på omsorgsdagar og om du kan dele dei, ut frå din situasjon:
Når foreldra bur saman, har de rett til likt tal omsorgsdagar.
Kvar av dykk har rett til:
- 10 omsorgsdagar viss de har 1-2 barn
- 15 omsorgsdagar viss de har tre eller fleire barn
De treng ikkje søkje Nav om å få desse dagane.
Om å dele omsorgsdagar
Foreldre som bur saman, kan ikkje overføre omsorgsdagar til kvarandre.
Unntaket er dersom den eine forelderen ikkje kan passe barnet, slik at du blir rekna som åleine om omsorga. Les meir om når dette er aktuelt under Når kan du søkje om ekstra dagar.
Når du har fått nytt barn med ny partnar, og i tillegg bur med eigne barn frå tidlegare forhold, har du rett til omsorgsdagar ut frå kor mange av dine barn som bur med deg. Dette gjeld både viss barna frå tidlegare forhold bur fast hos deg, eller har avtale om delt fast bustad.
Du har då rett til:
- 10 omsorgsdagar viss du har 1-2 barn
- 15 omsorgsdagar viss du har tre eller fleire barn.
I denne situasjonen har ikkje nødvendigvis den nye partnaren din like mange omsorgsdagar. De reknar ut kor mange omsorgsdagar kvar av dykk har rett til, ut frå kor mange eigne barn de bur med.
Døme:
Viss du har to barn frå tidlegare forhold som bur hos deg, og får eit barn med ny partnar, har du rett til 15 omsorgsdagar for 3 barn. Viss den nye partnaren ikkje har barn frå tidlegare forhold, har han eller ho eitt barn som gjev rett til 10 omsorgsdagar.
Om ekstra omsorgsdagar
Åleineomsorg
Viss du har barn frå tidlegare forhold som bur med deg, og som ikkje har avtale om delt fast bustad, kan du framleis bli rekna som åleine om omsorga for desse barna. Du kan då søkje om dobbelt tal dagar ut frå kor mange barn som gir rett til omsorgspengar, og som du har åleineomsorg for.
Døme:
Viss du har to barn frå tidlegare forhold som bur hos deg, og får eit barn med ny partnar, har du rett til 15 omsorgsdagar for 3 barn. Du kan i tillegg søkje om ekstra omsorgsdagar for dei to barna frå tidlegare forhold, som gjev deg ti ekstra omsorgsdagar.
Barn med langvarig/kronisk sjukdom eller funksjonshemming
Viss du har vedtak om ekstra omsorgsdagar for eit barn i alderen 12-18 år, på grunn av langvarig sjukdom eller funksjonshemming, skal dette barnet også reknast med for å finne riktig tal omsorgsdagar. Viss dette gjeld eit barn frå tidlegare forhold, kan desse dagane doblast dersom du har fått ekstra omsorgsdagar fordi du er åleine om omsorga for dette barnet.
Døme:
Viss du har tre barn på 8, 11 og 14 år, har du som hovudregel to barn som gjev rett til 10 omsorgsdagar.
Viss du har fått ekstra omsorgsdagar for barnet på 14 år, har du tre barn som gjev rett til 15 omsorgsdagar. Fordi dette barnet er frå tidlegare forhold, og du er åleine om omsorga, får du 20 ekstra dagar.
Hugs at du må søkje om å få ekstra omsorgsdagar ved åleineomsorg eller sjukdom. Viss du har fleire barn som du har åleineomsorg for, eller fleire barn med langvarig sjukdom, må du sende ein søknad per barn.
Om å dele omsorgsdagar
Foreldre som bur saman, kan vanlegvis ikkje dele omsorgsdagane som dei får automatisk for eigne barn.
Viss du har fått ekstra omsorgsdagar fordi du er åleine om omsorga for barn frå tidlegare forhold, kan du dele av desse omsorgsdagane både med forelderen som ikkje bur med barnet og med din nye samboar/ektefelle.
Du kan dele opptil ti omsorgsdagar med ny samboar/ektefelle. Desse dagane vil komme i tillegg til dei dagane han eller hun eventuelt har automatisk rett til for eigne barn.
Viss du skal dele med den andre forelderen som ikkje bur med barnet, avgjer du sjølv kor mange av dei ekstra omsorgsdagane du vil dele. Du har rett til å behalde alle dagane, eller trekkje dei tilbake, viss de ikkje kjem til semje om fordeling av omsorgsdagar.
Det er også mogleg å søkje om å overta alle omsorgsdagane til den andre forelderen, viss denne forelderen ikkje kan passe barnet. Du finner meir informasjon om når dette er aktuelt under "Når kan du søkje om ekstra dagar".
Når foreldra ikkje bur saman, men har avtale om delt fast bustad, er barnet busett hos begge. Foreldra har då rett til likt antal omsorgsdagar, slik som foreldre som bor saman.
Kvar av de har rett til:
- 10 omsorgsdagar viss de har 1-2 barn
- 15 omsorgsdagar viss de har tre eller fleire barn
De treng ikkje å søkje Nav om å få rett til desse dagane.
Om å dele omsorgsdagar
Foreldre som har avtale om delt fast bustad for barnet, kan ikkje overføre omsorgsdagar til kvarandre.
Unntaket er viss den eine forelderen ikkje kan passe barnet, slik at du reknast som åleine om omsorga. Les meir om når dette er aktuelt under Når kan du søkje om ekstra dagar.
Når barnet bur fast saman med berre ein av foreldra, vil forelderen som barnet bur med vere åleine om omsorga for barnet.
Bustadsforelderen har då rett til alle omsorgsdagane, og har difor dobbelt antal omsorgsdagar:
- 20 omsorgsdagar for 1-2 barn
- 30 omsorgsdagar for tre eller fleire barn
Du må søkje om ekstra omsorgsdagar når du er åleine om omsorga.
Om deling av dagar
Viss du har fått ekstra omsorgsdagar fordi du er åleine om omsorga for barn, har du høve til å dele dagane dine med den andre forelderen og med din noverande samboar/ektefelle.
Sjølv om du får vedtak om ekstra omsorgsdagar frå Nav på grunn av åleineomsorg, skal du ikkje melde frå til oss når du deler av dei omsorgsdagane. De må sjølv gje beskjed til eigne arbeidsgjevarar, som då får oversikt over kor mange omsorgsdagar kvar av de kan bruke.
Dele med den andre forelderen
Du kan dele omsorgsdagar med den andre forelderen når du har åleineomsorg for barn, og du og den andre forelderen ikkje har avtale om delt bustad.
Forelderen som bur med barnet avgjer kor mange omsorgsdagar han eller ho vil dele, uavhengig av samværsavtala. Den som er åleine om omsorga har rett til å behalde alle dagane, viss de ikkje kjem til semje.
Dele med noverande ektefelle eller samboar
Du kan dele opptil 10 omsorgsdagar med ein sambuar du har budd med i minst 12 månadar, eller med noverande ektefelle. Dette gjeld når de ikkje har felles barn, eller når samboar/ektefelle ikkje allereie har omsorgsdagar for eigne barn.
Les meir om reglane for når du kan søkje om ekstra omsorgsdagar:
Når du er åleine med omsorga for barn kan du ha rett til dobbelt antal omsorgsdagar. Desse ekstra omsorgsdagane må du søkje om.
Når det gjeld omsorgsdagar er du åleine om omsorga når barnet bur fast hos deg, og du ikkje bur med den andre forelderen. Det kan til dømes vere på grunn av samlivsbrot, at du er blitt enke/enkemann, eller at du er åleine med eit donorbarn.
At barnet bur fast hos deg vil sei at
- barnet bur hos deg, og
- du og den andre forelderen har ikkje avtale om delt fast bustad.
Viss du får nytt barn med ny samboar/ektefelle, beheld du retten til ekstra omsorgsdagar for særkullsbarnet som ein framleis er åleine om omsorga for.
Vil du dele dagar med ein annan omsorgsperson?
Viss du har ekstra omsorgsdagar fordi du er åleine om omsorg, kan du:
- dele dagar med den andre forelderen. Du vel sjølv kor mange dagar du vil dele, uavhengig av samværsavtala.
- dele dagar med den nye sambuaren din. Du kan dele inntil 10 omsorgsdagar med sambuaren eller ny ektefelle.
Du treng ikkje å informere Nav om at du delar omsorgsdagane, men arbeidsgjevar må få informasjon.
Om søknaden
Du må sende søknad for å få ekstra omsorgsdagar når du er åleine om omsorga. Viss du er aleine med fleire barn, må du sende ein søknad for kvar av barna.
Viss du er arbeidstakar, må du informere arbeidsgjevaren din viss du får vedtak om ekstra omsorgsdagar.
Du må gje beskjed til oss viss
- de seinare inngår avtale om delt fast bustad
- du flyttar saman med den andre forelderen
- barnet flytter frå deg
Viss du har eit barn med kronisk/langvarig sjukdom eller funksjonshemning, kan dette gjere at du har markert høgare risiko for å måtte vere borte frå jobb. I denne situasjonen kan du søkje om å få 10 ekstra omsorgsdagar, eller 20 ekstra omsorgsdagar viss du er åleine om omsorga.
Har du fleire barn med kronisk/langvarig sjukdom eller funksjonshemming, kan du få 10 ekstra dagar for kvar av barna. Du må sende éin søknad for kvar av barna.
Når du har fått ekstra dagar i denne situasjonen beheld du både dei ordinære og dei ekstra omsorgsdagane ut det kalenderåret barnet fyller 18 år.
Om søknaden
Du kan søkje digitalt om ekstra omsorgsdagar viss du har barn med langvarig/kronisk sjukdom eller funksjonshemming som gjer at du har markert høgare risiko for fråvær.
Det er viktig at du sender inn legeerklæring som skildrar barnet sin sjukdom eller funksjonshemming, og korleis denne gjev markert høgare risiko for fråvær. Viss sjukdomen er langvarig, må legen også sei noko om forventa varigheit på sjukdomen.
Nyttig å vite:
- Viss begge foreldre bur med barnet, anten saman eller ved delt fast bustad, må de sende ein søknad kvar for å få ekstra omsorgsdagar.
- Du treng ikkje å søkje om disse dagane fleire gongar for same barn. Viss du har fått innvilga ekstra omsorgsdagar på grunn av kronisk/langvarig sjukdom eller funksjonshemming, varar vedtaket fram til barnet fyller 18 år.
Du kan søkje om ekstra omsorgsdagar viss den andre forelderen ikkje kan ha tilsyn med barn i ein periode på minst 6 månadar.
I tillegg til at situasjonen må vare i minst 6 månadar, må det vere utanfor forelderen sin kontroll at han eller ho ikkje kan ha tilsyn med barnet. Det kan til dømes vere fordi forelderen:
- er fysisk eller psykisk sjuk
- er innlagd i helseinstitusjon
- har ei funksjonshemming
- er i fengsel
- utøver verneplikt
I desse tilfella kan du søkje om å bli rekna som åleine om omsorga, sjølv om de bur saman eller har avtale om delt fast bustad.
Viss situasjonen er innafor dykkar kontroll, vil du ikkje bli regnet som åleine om omsorga. Det kan vere når forelderen:
- arbeidar ein anna stad
- studerer eller går på skule ein anna stad
- er militærpersonell utstasjonert i utlandet
Omsorgspengane skal dekkje inntekta du vanlegvis har opptil 6 gongar grunnbeløpet, som tilsvarar ei årsløn på 780 960 kroner.
Omsorgspengane blir rekna ut etter same reglar som sjukepengar.
Les meir om kven som skal utbetale omsorgspengane ut frå din situasjon:
Viss du har jobba minst fire veke hos arbeidsgjevaren din, skal arbeidsgjevaren utbetale løn så lenge du har rett til omsorgspengar.
Arbeidsgjevar må sjølv dekkje dei første ti dagane. Viss du har rett til meir enn ti omsorgsdagar, søkjer arbeidsgjevar om refusjon frå Nav frå 11. dag. Difor er det viktig at du informerer arbeidsgjevar om kor mange dagar du har rett til.
I nokre tilfelle kan Nav utbetale omsorgspengar frå fyrste dag. Det er aktuelt når:
- du ikkje har jobba fire veke hos arbeidsgjevar, men har rett etter unntaksreglane. Dette kan vere fordi du har skifta arbeidsgjevar, eller at du kjem tilbake etter sjukmelding eller foreldrepermisjon.
- du ikkje har barn som du automatisk har rett til omsorgsdagar for ut frå alder, men har fått ekstra omsorgsdagar for eit eldre barn på grunn av langvarig sjukdom eller funksjonshemming.
Du kan då søkje om utbetaling frå Nav, eller arbeidsgjevar kan søkje refusjon frå fyrste dag viss dei har utbetalt løn.
Er du og arbeidsgjevar ueinige eller uviss?
Nokre gongar kan det oppstå usemje eller uvisse om du har rett til omsorgspengar, slik at arbeidsgjevar ikkje vil utbetale løn som vanleg. Då kan du søkje om utbetaling av omsorgspengar frå Nav, slik at vi kan vurdere om du har rett til omsorgspengar. Det er viktig at du då legg ved ei skriftleg forklaring frå arbeidsgjevar på kvifor dei ikkje utbetalar omsorgspengane, og at arbeidsgjevar sender ei inntektsmelding til Nav.
Når du er frilansar eller sjølvstendig næringsdrivande, skal du som hovudregel sjølv dekkje dei fyrste ti omsorgsdagane.
Viss du har rett til meir enn ti omsorgsdagar, kan du søkje om utbetaling frå Nav. Det kan vere fordi du har meir enn to barn som gjev rett til omsorgspengar, eller fordi du har fått ekstra omsorgsdagar. Du kan då søkje om refusjon frå 11. fråværsdag.
Viss du ikkje har barn som du automatisk har rett til omsorgsdagar for ut frå alder, men har fått ekstra omsorgsdagar for eldre barn på grunn av kronisk/langvarig sjukdom eller funksjonshemming, kan du søkje om utbetaling frå 1. fråværsdag.
Vanlegvis har du rett til å bruke omsorgsdagar ut kalenderåret barnet fyller 12 år.
Du kan bruke omsorgsdagar ut kalenderåret barnet fyller 18 år, viss du har fått ekstra omsorgsdagar fordi barnet er kronisk/langvarig sjukt eller har ei funksjonshemming. Du trenger ikkje å søkje om dette fleire gongar, vedtaket gjeld fram til barnet fyller 18 år.
Når du kombinerer arbeid med pengestøtte frå Nav, har du høve til å bruke omsorgsdagar.
Du kan likevel berre få omsorgspengar for den tida det var avtalt at du skulle jobbe. Viss du til dømes er delvis sjukmeldt, og har avtalt at du skal jobbe to dagar, er det berre desse dagane du kan bruke omsorgsdagar.
Viss du har fråvær frå avtalt aktivitet som ikkje er jobb, til dømes arbeidsretta tiltak, må du sjekke korleis dette påverkar stønaden du får. Slikt fråvær blir ikkje dekkja av omsorgspengar viss det ikkje er løna arbeid.
Viktig å vite om opptening av rett til omsorgspengar
Nokre pengestøtter gjev lik rett til omsorgspengar, sjølv om du ikkje har jobba delvis dei fire vekene før du er heime med sjukt barn. Dette gjeld deg som har hatt sjukepengar, foreldrepengar, pleiepengar eller dagpengar. I desse tilfella kan du bruke omsorgsdagar viss det var avtalt at du skulle vore på jobb.
Viss du mottar arbeidsavklaringspengar, tiltakspengar eller uføretrygd, må du ha vore i arbeid, anten heiltid eller deltid, i minst fire veke for å ha rett til omsorgspengar. Disse pengestøttene åleine gjev ikkje opptening til omsorgspengar.
Eit sjukt barn vil ha det same behovet for å vere heime med ein omsorgsperson, sjølv om ein ikkje har rett til omsorgspengar eller omsorgsdagane ikkje strekk til.
Då er det greitt å vite at arbeidstakarar har rett til permisjon etter Arbeidsmiljøloven §12-9 når dei pleier eit sjukt barn, uavhengig av om dei fyller vilkåra for omsorgspengar. Det tyder at du har rett til permisjon frå jobben, men den kan vere uløna viss du ikkje har opptent deg rett til omsorgspengar.
Du finn informasjon om retten til permisjon på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Når du ikkje har rett til omsorgspengar kan du også høyre med arbeidsgjevaren din om du kan få løna velferdspermisjon sjølv om den ikkje er lovfesta, eller avtale at du tar ut feriedagar/avspaserer om du har høve til det.
Du har ikkje rett til omsorgsdagar når du avviklar ferie.
Feriepengar til arbeidstakarar
Viss Nav har utbetalt omsorgsdagar til arbeidsgjevaren din, vil arbeidsgjevaren få utbetalt eventuelle opptente feriepengar.
Feriepengar til arbeidstakarar utgjer 10,2 prosent av omsorgspengane for opptil 48 omsorgsdagar, og blir utbetalt året etter at dei er opptent.
Viss Nav har utbetalt omsorgspengar direkte til deg som arbeidstakar, får du også feriepengane utbetalt frå Nav.
Perioden som blir nytta på utbetaling av feriepengar, og som blir vist på utbetalingsmeldinga er 1. til 31. mai i det året dei blir utbetalt.
Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar får ikkje feriepengar av omsorgspengar.
Omsorgsopptening
Du kan få omsorgsopptening viss du tar deg av små barn. Omsorgsopptening er ei ordning som bidrar til at du kan få høgare pensjon når du blir pensjonist.
Andre tilbod
Meir informasjon til deg som
- Venter eller har nylig fått barnDette kan du ha rett til
- Er helt eller delvis alene med barnDette kan du ha rett til
- Er alene med barn fordi den andre forelderen er dødDette kan du ha rett til
- Har ansvar for andres barnDette kan du ha rett til
- Tar vare på noen som er syk, skadet eller har en funksjonsnedsettelseDette kan du ha rett til
Når du skal bruke omsorgsdagar
Du kan bruke omsorgsdagar i desse situasjonane:
Viss barnet treng naudsynt tilsyn og pleie på grunn av sjukdom, kan du bruke omsorgsdagar viss du må vere heime frå jobb.
Det kan til dømes vere viss barnet har omgangssjuke eller influensa, og difor må vere heime frå skule eller barnehage.
Viss barnet ditt treng oppfølging på grunn av sjukdom, kan du bruke omsorgsdag sjølv om barnet ikkje er sjukt og pleietrengande den aktuelle dagen.
Dette kan til dømes vere at barnet skal til legen, eller at de har oppfølgingsmøter med lege, fysioterapeut, BUP, PPT eller ansvarsgruppe.
Viss den som vanlegvis har den daglege omsorga for barnet er sjuk, kan du bruke omsorgsdag for å ta vare på barnet.
Dette kan til dømes vere viss ein forelder i foreldrepermisjon blir sjuk, viss dagmamma er sjuk og viss barnehagen må stenge på grunn av sjukdom hos dei tilsette.
Du kan bruke omsorgsdag viss den som vanlegvis har den daglege omsorga må følgje eit anna barn til utgreiing eller innlegging.
Dette kan til dømes vere at ein forelder har omsorga for eit barn i foreldrepermisjon, men må følgje eit anna barn til utgreiing. Då kan du bruke omsorgsdag for å passe det barnet som vanlegvis er heime.
Du kan ikkje bruke omsorgsdagar til:
- møte med skulen som ikkje skuldast sjukdom
- planlagt fråvær, slik som skuleferie og planleggingsdagar
- ordinær rutinekontroll som ikkje skuldast sjukdom, til dømes på helsestasjon og hos tannlege
- når barnehage/skule er stengt på grunn av andre årsaker enn sjukdom, til dømes ved streik
- å skjerma barn frå sjukdom, til dømes ved karantene
Pleiepengar for sjukt barn
Viss barnet ditt er innlagd på sjukehus, skal operere eller har behov for kontinuerleg tilsyn og pleie utover det som er vanleg, kan det vere aktuelt å søkje om pleiepengar for sjukt barn.
Du har rett til å bruke omsorgsdagane dine berre dei dagane du skulle ha vore på jobb. Viss du har ein fridag, vil du ikkje miste løn, og difor er det ikkje naudsynt å bruke ein omsorgsdag.
Det er arbeidstida di som avgjer kor mykje av ein omsorgsdag du har brukt. Viss arbeidstida di varierer, vil antalet timar som tel som ein omsorgsdag også variere. Viss du jobbar ei vakt som strekk seg over to dagar, vil det likevel telja som berre éin omsorgsdag.
Viss du har meir enn eitt arbeidsforhold, vil du framleis ha det same totale antalet omsorgsdagar. Disse dagane kan brukast i dei ulike jobbane dine. Til dømes, viss du har 15 omsorgsdagar totalt, og du har brukt to dagar i hovudjobben din og ein dag i den andre jobben, vil du ha 12 omsorgsdagar igjen.
Er du borte delar av arbeidsdagen?
Viss du berre er borte delar av ein arbeidsdag, kan arbeidsgjevar godkjenne at du berre brukar delar av ein omsorgsdag. Til dømes viss du er borte to halve arbeidsdagar, kan arbeidsgjevar godta at du samla har brukt ein heil omsorgsdag. Viss arbeidsgjevar ikkje godtar dette, skal det telje som at du har brukt to heile omsorgsdagar.
Arbeidsgjevar har plikt til å drøfte om dei skal godkjenne bruk av delvise omsorgsdagar med dei tillitsvalde.
Også sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar kan bruke delvise omsorgsdagar.
Arbeidstakarar som brukar omsorgsdag, skal bruke eigenmelding overfor arbeidsgjevar dei fyrste tre dagane.
Frå den fjerde dagen kan arbeidsgjevar krevja legeerklæring for å dokumentera at barn eller barnepassar er sjuk.
Viss du skal søkje om utbetaling frå Nav, må du dokumentera fråværet med ei legeerklæring frå fjerde dag.
Med "fjerde dag" meiner vi den fjerde dagen du er borte frå jobb, sjølv om den fjerde dagen ikkje naudsynleg er ein arbeidsdag. Til dømes, viss du tar omsorgsdag på ein fredag, har fri heile helga, og må vere heime med eit sjukt barn på ein måndag, blir måndag rekna som den fjerde dagen. Då kan det vere naudsynt med ei legeerklæring. Dei fire dagane gjeld berre viss du er borte frå jobb samanhengande.
Du kan fint bruke omsorgspengar når du opphelde deg i andre EØS-land, så lenge vilkåra er oppfylt. Det som då er av betyding er kor mange omsorgsdagar du kan bruke etter ordinære reglar, og at du har omsorg for barnet dei aktuelle dagane.
Viss du skal reise utanfor EØS-området er det tidsavgrensing for kor lenge du kan motta omsorgsdagar. Reglane seier at du kan få omsorgspengar opptil 8 veke i løpet av ein periode på 12 månader, men dei fleste vil då fyrst bli avgrensa av kor mange dagar dei har rett til ut frå ordinære regler.
Du må likevel melde frå til Nav viss du har søkt om utbetaling frå Nav og skal utanfor EØS i perioden.
Vi treng å vite:
- Om du er saman med barnet i tida du reiser
- Kva land de skal reise til
- I kva periode de skal vere i utlandet
- Om du skal avvikle ferie
Du melder frå ved å skrive ei beskjed til oss, eller ved å ringe 55 55 33 33.
Søkje, ettersende eller klage
Her finn du søknadane for deg som skal søkje om ekstra omsorgsdagar frå Nav.
Viss du skal søkje ekstra omsorgsdagar på grunn av åleineomsorg eller kronisk/langvarig sjukdom eller funksjonshemming, gjeld søknaden per barn. Har du fleire barn som du kan få ekstra dagar for, må du sende ein søknad per barn.
Søknad om ekstra omsorgsdagar ved åleineomsorg
Søknaden er digital, og du blir beden om å logge inn.
Dersom du ikkje kan sende søknaden digitalt, ber vi deg om å kontakte oss på telefon 55 55 33 33.
Søknad om ekstra omsorgsdagar for eit barn med funksjonshemming eller kronisk/langvarig sjukdom
Søknad om ekstra omsorgsdagar når den andre forelderen ikkje kan ha tilsyn med barnet
Her finn du søknad om utbetaling av omsorgspengar.
Merk at viss du er arbeidstakar, skal du som hovudregel ikkje søkje om utbetaling frå Nav fordi arbeidsgjevar utbetalar omsorgsdagane.
Legeerklæring
Når du har brukt meir enn 3 omsorgsdagar samanhengande, skal Nav ha ei legeerklæring som gjeld frå den 4. dagen. Du treng altså ikkje legeerklæring for dei 3 fyrste dagane.
Viss du har vore heime med sjukt barn kun to dagar, treng du ikkje å leggje ved legeerklæring. Du treng heller ikkje legeerklæring viss du er tilbake i arbeid, men må bruke ein ny omsorgsdag ei veke seinare.
Viss du derimot har brukt ein omsorgsdag på fredag, hadde avtalt fri i helga, og framleis må vere heime frå jobb på måndag, må du leggje ved ei legeerklæring som gjeld frå måndag.
Søknad om utbetaling av omsorgspengar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar
Søknad om utbetaling av omsorgspengar når arbeidsgivar ikkje utbetaler
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du går fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist. Dersom du har spørsmål om vedtaket, kan du kontakte oss.
Anke vedtak
Dersom du er ueinig i svaret på klaga di frå Nav klageinstans, kan du med nokre unntak anke vedtaket. Fristen for å anke står i vedtaket.
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Klage til Nav-eining | 10 veker |
Klage til Nav klageinstans | 3 månader |
Anke til Nav klageinstans | 3 månader |
Oppdatert 15.05.2025
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med chatbot Frida
Chatbot Frida har døgnope.
Skriv til oss
Still oss eit spørsmål og få skriftleg svar.
Svartida er 3 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.
Ring oss på 55 55 33 33
Ope kvardagar kl. 9–15. Dersom ventetida er over 5 minutt, kan vi ringe deg tilbake.
Stengt no, opnar kl 9