Pengestøtte til ansatt og Refusjon — For arbeidsgjevarar
Omsorgspengar (heime med sjukt barn-dagar)
Sikrar inntekt når ein tilsett må vere borte frå jobb på grunn av barn eller barnepasser sin sjukdom.
Det finst også informasjon om omsorgspengar til privatpersonar og legar og tannlegar eller andre behandlarar.
Kven er det aktuelt for?
For å kunne nytte seg av omsorgsdagar må den tilsette
- ha omsorga for barnet. Det tyder at barnet bur fast hos den tilsette, og at dei har same folkeregistrerte adresse.
- Viss den tilsette ikkje bur saman med den andre forelderen, men dei har ei avtale om delt bustad, bur barnet fast hos dei begge.
- En tilsette kan også få omsorgsdagar frå ein forelder som er åleine om omsorga.
- ha vore i jobb i minst fire veker
- Viss den tilsette ikkje har vore i jobb i minst fire veker, men har hatt sjukepengar, dagpengar, foreldrepengar, svangerskapspengar, omsorgspengar, pleiepengar eller opplæringspengar, er det likestilt med jobb.
- vere medlem av folketrygda.
Tilsette har i alle tilfelle rett til permisjon etter Arbeidsmiljølova §12-9, når dei pleier eit sjukt barn, uavhengig av om dei fyller vilkåra for omsorgspengar. Du finn informasjon om retten til permisjon på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Kva kan den tilsette få?
Tilsette som har eigne barn buande hos seg, har automatisk rett til eit bestemt tal omsorgsdagar som ein kan bruke per kalenderår.
Som hovudregel har ein rett til:
- 10 dagar for 1-2 barn
- 15 dagar for 3 eller fleire barn
Omsorgsdagane gjeld for heile kalenderåret, og er felles for alle arbeidsforhold.
Ein får som hovudregel kun omsorgspengar for eigne barn i eigen bustad og for fosterbarn. Andre sine barn, eller eigne barn som ikkje bur med den tilsette, gjev ikkje automatisk rett til omsorgsdagar.
Som hovudregel har du kun rett til omsorgspengar for barn ut det kalenderåret dei fyller 12 år. Det tyder at viss den tilsette har eldre barn, vil ikkje desse påverke kor mange omsorgsdagar han eller hun har rett til.
Unntaket er viss ein har vedtak om ekstra omsorgsdagar på grunn av langvarig sjukdom eller funksjonshemming. Retten til omsorgsdagar for dette barnet gjeld ut kalenderåret det fyller 18 år, og det kan påverke kor mange omsorgsdagar den tilsette har rett til.
Døme:
Tilsett har tre barn på 8, 11 og 14 år, det vil seie to barn som gjev rett til 10 omsorgsdagar.
Viss den tilsette har fått ekstra omsorgsdagar for barnet på 14 år, er det tre barn som gjev rett til 15 omsorgsdagar. Dei 10 ekstra dagane på grunn av langvarig/kronisk sjukdom eller funksjonshemming kjem i tillegg.
Kalkulator for omsorgsdagar
Med kalkulatoren for omsorgsdagar kan du få hjelp til å rekne ut kor mange omsorgsdagar du sjølv eller den tilsette kan ha rett på.
For å rekne ut den tilsette sine omsorgsdagar må du vite kor mange barn den tilsette har, og samlivssituasjonen. Du kan eventuelt vise den tilsette til å bruke kalkulatoren sjølv.Den tilsette kan søkje om ekstra omsorgsdagar i desse tilfella:
Viss den tilsette er åleine om omsorga for barn, kan han eller ho søkje om dobbelt så mange omsorgsdagar. Det vil seie at den tilsette har barnet buande hos seg, utan å bu saman med den andre forelderen.
Har foreldra avtalt delt bustad for barnet, er ingen rekna som åleine om omsorga. Då har begge rett på ordinært tal omsorgsdagar.
Viss den tilsette får nytt barn med ny sambuar/ektefelle, beheld ein retten til ekstra omsorgsdagar for særkullsbarnet som ein framleis er åleine om omsorga for. Dette gjeld så lenge vilkåra for omsorgsdagar for særkullsbarnet er oppfylt.
Tilsette som har ekstra omsorgsdagar fordi dei er åleine om omsorga kan dele omsorgsdagar med den andre forelderen og/eller ny sambuar/ektefelle. Ein skal ikkje sende melding til Nav når ein deler omsorgsdagar, dette avtalar dei sjølv og informerer arbeidsgjevar om tal dagar som er delt. Nav vil leggje til grunn at arbeidsgjevar har oversikt over riktig tal dagar for sine tilsette.
Når ein tilsett har eit barn som er
- langvarig sjukt
- kronisk sjukt
- funksjonshemma
kan dette gjere at han eller ho har høgare risiko for å måtte vere borte frå jobb. Den tilsette kan då søkje om å få 10 ekstra omsorgsdagar for kvart kalenderår, eller 20 ekstra omsorgsdagar viss ein er åleine om omsorga.
Har ein fleire barn i denne situasjonen, kan ein få 10 ekstra dagar for kvart barn.
Når ein har fått ekstra dagar i denne situasjonen beheld den tilsette både dei ordinære og dei ekstra omsorgsdagane ut det kalenderåret barnet fyller 18 år. Ein treng altså ikkje å søkje årleg om desse ekstra dagane.
Ein tilsett kan søkje om ekstra omsorgsdagar viss den andre forelderen ikkje kan ha tilsyn med barn i ei periode på minst 6 månadar. Dette er i tilfelle kor ein bur saman med den andre forelderen, og den andre forelderen til dømes
- er fysisk eller psykisk sjuk
- er innlagd i helseinstitusjon
- har ei funksjonshemming
- er i fengsel
- utøver verneplikt
Den tilsette kan då bli rekna som åleine om omsorg, og få dobbelt tal omsorgsdagar.
Her finn du informasjon om korleis du som arbeidsgjevar søkjer om refusjon av utbetalte omsorgsdagar.
Foreldre som har ekstra omsorgsdagar fordi dei er åleine om omsorga kan dele omsorgsdaga med den andre forelderen og/eller ny sambuar/ektefelle.
Viss din tilsette har eigne barn som dei har samvær med, kan dei difor få omsorgsdagar frå den andre forelderen. Viss din tilsette er sambuar eller gift med ein forelder som har ekstra omsorgsdagar på grunn av åleineomsorg, kan han eller ho få inntil 10 omsorgsdagar.
Dei skal ikkje sende melding til Nav når dei deler omsorgsdagar, dette avtaler dei sjølv og informerer arbeidsgjevar om tal dagar som er delt. Nav vil leggje til grunn at arbeidsgjevar har oversikt over riktig tal dagar for sine tilsette.
Arbeidsgjevar står for løna dei fyrste 10 omsorgsdagane også når den tilsette har fått dagar etter desse reglane. De kan også søkje refusjon frå Nav på same vilkår som tilsette med heimebuande barn.
Foreldre har rett til like mange omsorgsdagar uavhengig av om ein har fulltidsstilling, deltidsstilling eller er tilkallingsvikar. Tal omsorgsdagar er felles for alle arbeidsforhold innanfor eit kalenderår.
Viss den tilsette har fleire arbeidsforhold, må den tilsette sjølv ha kontroll på kor mange dagar som er brukt hos dei ulike arbeidsgjevarane.
Viss den tilsette byter jobb midt i kalenderåret, kan ny arbeidsgjevar krevje ei stadfesting frå førre arbeidsgjevar på kor mange omsorgsdagar som er brukt. Dette vil påverke kor mange omsorgsdagar den tilsette kan bruke ut året, og dermed kor mykje ein kan få i refusjon.
Vanlegvis har ein rett til omsorgspengar ut kalenderåret barnet fyller 12 år.
Ein kan ha rett til ekstra omsorgsdagar ut kalenderåret barnet fyller 18 år, viss barnet er kronisk/langvarig sjukt eller har ei funksjonshemming.
Desse situasjonane gjev rett til å bruke omsorgsdagar:
Viss barnet treng naudsynt tilsyn og pleie på grunn av sjukdom, kan du bruke omsorgsdagar viss du må vere heime frå jobb.
Det kan til dømes vere viss barnet har omgangssjuke eller influensa, og difor må vere heime frå skule eller barnehage.
Viss barnet ditt treng oppfølging på grunn av sjukdom, kan du bruke omsorgsdag sjølv om barnet ikkje er sjukt og pleietrengande den aktuelle dagen.
Dette kan til dømes vere at barnet skal til legen, eller at de har oppfølgingsmøter med lege, fysioterapeut, BUP, PPT eller ansvarsgruppe.
Viss den som vanlegvis har den daglege omsorga for barnet er sjuk, kan du bruke omsorgsdag for å ta vare på barnet.
Dette kan til dømes vere viss ein forelder i foreldrepermisjon blir sjuk, viss dagmamma er sjuk og viss barnehagen må stenge på grunn av sjukdom hos dei tilsette.
Du kan bruke omsorgsdag viss den som vanlegvis har den daglege omsorga må følgje eit anna barn til utgreiing eller innlegging.
Dette kan til dømes vere at ein forelder har omsorga for eit barn i foreldrepermisjon, men må følgje eit anna barn til utgreiing. Då kan du bruke omsorgsdag for å passe det barnet som vanlegvis er heime.
Den tilsette kan ikkje bruke omsorgsdagar i desse tilfella:
- møte med skulen, som ikkje skuldast sjukdom
- planlagt fråvær, til dømes ved skuleferie og planleggingsdagar
- rutinekontrollar på helsestasjonen
- rutinekontroll hos tannlege, som ikkje skuldast sjukdom
- når barnehage/skule er stengt på grunn av streik
Kan arbeidstakarar som er permittert bruke omsorgsdagar?
Tilsette som er 100 prosent permitterte har ikkje rett til å bruke omsorgsdagar. Omsorgsdagar kan nyttast til og med siste arbeidsdag før permitteringa. Tilsette som er delvis permitterte kan ha rett til å bruke omsorgsdagar for dei dagane han eller ho skulle ha vore på jobb.
Vi nyttar opplysninger frå Aa-registeret i saksbehandlinga. Det er difor viktig at opplysningar er rapportert korrekt. Du kan lese meir om korleis permisjonar og permitteringar skal blir rapportert til a-meldinga.
Kan arbeidstakaren vere borte delar av ein arbeidsdag?
Arbeidsgjevar kan gje rett til omsorgspengar for kortare periodar enn heile dagar. Arbeidsgjevar har plikt til å drøfte med dei tillitsvalde om det skal bli gjeve rett til å ta ut omsorgspengar for del av dag.
Nav godtar refusjonskrav for delvis forbrukte dagar. Vi reknar ut 7,5 timar som ein heil arbeidsdag og utbetalinga bli avrunda til nærmaste halve time. Det tyder at arbeidsgjevar sjølv må rekne ut kor mange timar dei skal krevje refusjon for.
Omsorgspengar blir rekna ut på same måte som sjukepengar og utgjer 100 prosent av sjukepengegrunnlaget.
Når Nav refunderer omsorgspengar utbetalar vi 100 prosent av grunnlaget som maksimalt kan vere 6 gongar grunnbeløpet (6G). Dette svarar til 780 960 kroner. Grunnlaget blir rekna om til ein dagsats ved å dele utrekna årsinntekt på 260 dagar. Dette gjeld uavhengig av kor mange arbeidsdagar arbeidstakaren har i løpet av eit år.
Døme på utrekning:
Slik reknar vi ut dagsatsen til ein arbeidstakar med gjennomsnittleg månadsinntekt på brutto 17 000 kroner dei tre siste månadane:
- Dette svarar til ei årsinntekt på 204 000 kroner
- Utrekna årsinntekt blir delt på 260
- Nav vil utbetale med ein dagsats på 785 kroner
Dette kan føre til at du får mindre refundert frå Nav enn du har utbetalt i løn for dagane arbeidstakaren har hatt fråvær, til dømes viss arbeidstakaren jobbar deltid. Det same gjeld viss du har utbetalt full løn til arbeidstakaren, og full løn overstig 6G.
Andre tilbod
Meir informasjon når
- Ansatt har sykdom i familienHva arbeidsgivere må vite
Arbeidsgjevar si rolle
Når arbeidstakaren har jobba hos deg i 4 veker eller meir, plikter du å utbetale løn for alle omsorgsdagane som arbeidstakaren har rett til å bruke. Som hovudregel har ein arbeidstakar rett til å bruke 10 omsorgsdagar per år ut kalenderåret barnet fyller 12 år, og det er desse 10 dagane du må dekkje. Ein arbeidstakar kan ha rett til å bruke fleire enn 10 omsorgsdagar per år, og du er pliktig til å utbetale for alle dagane, men kan få refusjon frå den 11. dagen.
Du får refusjon frå fyrste dag viss den tilsette berre har barn som fyller 13 år i år eller er eldre, og minst eit av barna har fått ekstra omsorgsdagar på grunn av langvarig sjukdom eller funksjonshemming. Du er likevel pliktig til å utbetale løn frå fyrste dag.
Viss det er eit opphald i arbeidsforholdet på 14 dagar eller meir blir arbeidsforholdet sett på som opphøyrt, og den tilsette må på nytt jobbe i 4 veker for at du skal vere pliktig til å utbetale løn for omsorgsdagar.
Når du ikkje er pliktig til å utbetale løn for omsorgsdagar, kan det vere at den tilsette har rett på omsorgspengar utbetalt frå Nav. I dette tilfellet er det opp til deg som arbeidsgjevar om du vil forskottere løn til den tilsette for så å krevje refusjon frå Nav. Viss du forskotterer løn må du sende refusjonskrav for omsorgspengar via Min side - arbeidsgjevar. Viss de ikkje har utbetalt løn under fråværet, kan den tilsette sjølv søkje om utbetaling av omsorgspengar. Då må du inntil vidare sende inntektsmelding til Nav anten frå arbeidsgjevar sitt eige løns- og personalsystem eller frå Altinn.
Eit sjukt barn vil ha det same behovet for å vere heime med ein omsorgsperson, sjølv om ein ikkje har rett til omsorgspengar eller omsorgsdagane ikkje strekk til.
Då er det greit å vite at arbeidstakarar har rett til permisjon etter Arbeidsmiljølova §12-9 når dei pleier eit sjukt barn, uavhengig av om dei fyller vilkåra for omsorgspengar. Det tyder at dei har rett til permisjon frå jobben, men den kan vere ulønt viss ein ikkje har opptent rett til omsorgspengar.
Du finner informasjon om retten til permisjon på grunn av sjukt barn på Arbeidstilsynet sine nettsider. Merk også at arbeidstakarar som har fått ekstra omsorgsdagar på grunn av langvarig eller kronisk sjukdom eller funksjonshemming, beheld retten til permisjon for å ta vare på barnet etter at det har fylt 18 år. Dette går fram av Arbeidsmiljølova §12-10, du finn informasjon om dette hos Arbeidstilsynet. Den tilsette har likevel ikkje rett til å få omsorgspengar for slik permisjon.
Når den tilsette ikkje har rett til omsorgspengar kan de som arbeidsgjevar vurdere å innvilge lønt velferdspermisjon sjølv om den ikkje er lovfesta, eller avtale at den tilsette tar ut feriedagar/avspaserer.
Arbeidstakarar som brukar omsorgsdag, skal bruke eigenmelding overfor arbeidsgjevar dei fyrste tre dagane.
Frå den fjerde dagen kan arbeidsgjevar krevje legeerklæring for å dokumentere at barn eller barnepasser er sjuk.
Med "fjerde dag" meiner vi den fjerde dagen ein er borte frå jobben, sjølv om den fjerde dagen ikkje treng vere ein arbeidsdag. Til dømes, viss den tilsette brukar omsorgsdag på ein fredag, har fri heile helga, og må vere heime med eit sjukt barn på ein mandag, blir mandag rekna som den fjerde dagen. Då kan det vere naudsynt med ei legeerklæring. Dei fire dagane gjeld berre viss du er borte frå jobben samanhengande, utan å vere tilbake på jobb mellom dagane.
Du søkjer om refusjon for utbetalt løn ved å sende digitalt refusjonskrav til Nav via Min side - arbeidsgjevar.
Viss du skal søkje om refusjon for omsorgsdagar samla for i fjor og i år, må du sende to refusjonskrav. Det tyder at du må sende eit refusjonskrav som gjeld for 2024 og eit som gjeld for 2025.
Les meir om korleis du søkjer om refusjon i ulike situasjonar:
Døme 1:
Du skal sende refusjonskrav for ein arbeidstakar som til vanleg jobbar 7,5 timar per dag, og som har vore borte ein halv dag.
- Då utgjer fråværet 3,75 timar. Dette må ein runde av til nærmaste halve time, slik at det blir oppgjeve 4 timar i refusjonskravet. Ved fleire halve dagar kan det bli oppgjeve som 3,5 og 4 timar annankvar dag.
Når du skal sende refusjonskrav for delar av ein dag, og arbeidstakaren ikkje jobbar ordinære arbeidstid på 7,5 time, må fråværet blir rekna om.
Døme 2:
Du skal sende refusjonskrav for ein arbeidstakar som til vanleg jobbar 9 timar per dag, og er borte 4 av desse. Då deler du tal timar fråvær på tal timar arbeidstakaren skulle ha jobba. Talet du får gongar du med 7,5:
- 4 delt på 9 er 0,44. 0,44 gongar 7,5 er 3,33. Då skal dette fråværet bli meldt som 3,5 timar i refusjonskravet.
Døme 3:
Du skal sende refusjonskrav for ein arbeidstakar som vanlegvis jobbar 5 timar per dag, og er borte 3 timar av desse. Då deler du talet timar fråvær på tal timar arbeidstakaren skulle ha jobba. Talet du får gongar du med 7,5.
- 3 delt på 5 er 0,60 gongar 7,5 er 4,5. Då skal dette fråværet bli meldt som 4,5 i refusjonskravet.
Som arbeidsgjevar plikter du å utbetale løn til arbeidstakaren for dei dagane han eller ho skulle vore på jobb. Dette inkluderer lørdag og søndag. I refusjonskravet kan du oppgje lørdag og søndag som enkeltståande dagar eller som ein del av ein samanhengande periode.
Døme:
Du har lagt inn ein samanhengande periode som er seks dagar eller kortare og som inneheld lørdag eller søndag
- Då utbetaler vi for alle dagane i perioden du oppgjev.
Arbeidstakaren er borte frå jobb fredag og påfølgande mandag på grunn av sjukt barn og har ikkje avtalt jobb i helga.
- Då har arbeidstakaren vore borte frå jobb to dagar.
- I refusjonskravet må du som arbeidsgjevar oppgje fredag og mandag som enkeltståande dagar for ikkje å få utbetalt fire dagar.
Du har sendt inn refusjonskrav med ein periode som er seks dagar eller kortare og perioden inneheld lørdag og søndag som du ikkje skal ha refusjon for.
- Då må du sende eit nytt refusjonskrav for å korrigere det førre kravet. Les meir om dette nedanfor, under «Skal du endre eit refusjonskrav?».
Arbeidstakaren har vore borte frå jobb meir enn seks dagar samanhengande.
- Då refunderer vi ut frå ein femdagersveke sjølv om perioden som er oppgjeve i refusjonskravet er lengrer enn dette. Dette blir kompensert for ved ein høgare dagsats ved at månadsinntekta blir fordelt på fem dagar per veke i staden for sju. Dagsatsen blir rekna ut frå 260 dagar sjølv om arbeidstakaren jobbar fleire dagar enn dette i løpet av eit år.
Vanlegvis skal du bruke gjennomsnittet av inntekt dei tre siste månedane og rekne det om til årsløn og dagsats. For timeløna skift- og turnusarbeidarar og tilkallingsvikarar blir det rekna annleis.
Slik gjer du det:
- Du fordeler inntekta på det faktiske talet arbeidsdagar som arbeidstakaren har hatt i berekningsperioden. Då får du dagsatsen. Nedanfor ser du to dømer.
- Når du oppgjev månadsinntekta i refusjonskravet, oppgjev du eit gjennomsnitt av inntekta arbeidstakaren har hatt i berekningsperioden.
Døme 1:
Ein arbeidstakar på timeløn
- jobba varierande tal dagar i månadane før sjukefråværet
- blei sjuk 9. mai
- hadde jobba 9 dagar i april, 13 dagar i mars og 12 dagar i februar. Det vil seie 9 + 13 + 12 = 34 dagar
- tente til saman 40 000 kr i berekningssperioden
- tente 1 176 kr per dag i arbeid (40 000 kr / 34 dagar) = dagsatsen
I refusjonskravet oppgjev du månadsinntekta: 40 000 kroner / 3 månadar = 13 333 kroner.
Døme 2:
Ein arbeidstakar i turnus
- jobbar 14 dagar og har 14 dagar fri
- har arbeidsdagar på 12 timar
- har timeløn på 220 kr
- jobba 14 dagar x 3 månader = 42 dagar
- tente til saman i perioden 110 880 kr (42 dagar x 12 timar x 220 kr)
- tente 2 640 kr per dag i arbeid (110 880 kr / 42 dagar) = dagsatsen
I refusjonskravet oppgjev du månadsinntekta: 110 880 kroner / 3 månadar = 36 960 kroner.
Når kan eg tidlegast søkje refusjon?
Du søkjer refusjon for utbetalt løn etterskotsvis. Du kan ikkje søkje om refusjon fram i tid.
Frist for å krevje refusjon er tre månadar tilbake i tid.
Klage på avslag om refusjon av omsorgspengar
Har du fått avslag på refusjon som du meiner er feil? Då kan du sende inn ei klage.
Du legg inn fødselsnummer eller D-nummeret til den arbeidstakaren som vedtaket gjeld for.
I skjemaet skal du leggje inn opplysningar om namnet og fødselsnummeret til arbeidstakaren. Du treng ikkje å oppgi saksnummer.
På omsorgspengar er det refusjonskrav for omsorgspengar som er arbeidsgjevar sitt krav om refusjon frå Nav, og det er som hovudregel ikkje naudsynt med ein søknad frå den tilsette.
Viss du ikkje har utbetalt omsorgspengar, og den tilsette søkjer om utbetaling direkte frå Nav, vil du få eit varsel om å sende inntektsmelding på Min side – arbeidsgjevar. Dette er ei ny løysing for inntektsmelding som blei lansert 28.august 2025, og gjeld for søknadar om omsorgspengar som blir sendt til Nav frå denne dagen.
Årsaka til at du ikkje har utbetalt omsorgspengane styrer om du må sende inn meir dokumentasjon enn inntektsmeldinga. Til dømes viss årsak er usemje om fråværet, så må du i tillegg til inntektsmeldinga sende ei forklaring som skildrar kvifor du ikkje skal utbetale heile eller delar av perioden.
Når du har sendt inn eit refusjonskrav som inneheld feil opplysningar, må du sende eit nytt refusjonskrav med opplysningar om det som skal endrast.
Når vi får inn eit nytt refusjonskrav, revurderer vi saken. Viss arbeidsgjevaren har fått for mykje utbetalt, blir dette trekt i neste utbetaling.
Må alle opplysningane leggjast inn manuelt på nytt ved innsending av nytt refusjonskrav?
Du må leggje inn opplysningane på nytt, men det er mogleg å både søkje om nye dagar og trekkje dagar på same skjema viss du har brukt refusjonskravet via Min side - arbeidsgjevar. I refusjonskravet kan du sjå periodene du har sendt inn tidlegare.
Døme på situasjonar du vil endre, og kva du gjer:
1. Du har sendt inn eit refusjonskrav som inneheld dagar du ikkje skal ha refusjon for:
Du må sende inn eit nytt refusjonskrav
Skal du trekkje dagar, så leggjer du dagane på feltet «Dagar de ønskjer å trekkje»
Skal du endre frå heil dag med refusjon til refusjon for nokre timar, må du leggje inn dato og timar på feltet «Delvise dagar de søkjer refusjon for»
Det nye refusjonskravet vil korrigere dagane som tidlegare er sendt inn
2.Du har sendt inn refusjonskrav for feil person:
Du må sende eit nytt refusjonskrav for den same personen via Min side - arbeidsgjevar
I det nye refusjonskravet oppgjev du dei dagane du skal trekkje
Det nye refusjonskravet vil korrigere tidlegare innsendt refusjonskrav for same periode for same person
Send nytt refusjonskrav for den personen du i utgangspunktet skulle ha sendt for
Når du har sendt inn ei inntektsmelding som inneheld feil opplysningar, må du sende ei ny eller endra inntektsmelding med opplysningar om det ein skal endre.
Når vi får inn ei ny eller endra inntektsmelding, revurderer vi saken. Viss arbeidsgjevar har fått for mykje utbetalt, blir dette trekt i neste utbetaling.
Må alle opplysningane leggjast inn manuelt på nytt ved innsending av endra inntektsmelding?
Viss du brukar Altinn-portalen, kan den sist innsendte inntektsmeldinga hentast frå arkivet.
Du kan lage ein kopi av den førre inntektsmeldinga med funksjonen «Lag ny kopi», og bruke denne til å leggje inn nye opplysningar og/eller endre på opplysningane. Ved å bruke kopien som utgangspunkt, slepp du å fylle inn på nytt dei opplysningane som ikkje skal endrast.
Døme på situasjonar du vil endre, og kva du gjere:
1. Du har sendt inn ei inntektsmelding som inneheld dagar du ikkje skal ha refusjon for:
Du må sende inn ei ny eller endra inntektsmelding på den same personen via Altinn eller eige løns- og personalsystem
Legg kun inn dei dagane du ikkje skal ha refusjon for likevel
Registrer dagane som «delvis fråvær» med 0 timar per dag
All anna informasjon må vere lik inntektsmeldingen som korrigeres (verksemdsnummer, arbeidsforholds ID, månadsinntekt, refusjonsbeløp)
Den nye eller endra inntektsmeldinga vil korrigere dagane som tidlegare er sendt inn
2. Du har sendt inn inntektsmelding med krav om refusjon for feil person:
Du må sende ei ny eller endra inntektsmelding for den same personen via Altinn eller eit løns- og personalsystem
I den nye inntektsmelding oppgjev du dei same dagane som på førre inntektsmelding
Registrer dagane som «delvis fråvær» med 0 timar per dag
Den enda inntektsmeldinga vil korrigere tidlegare innsendt inntektsmelding for same periode for same person
Send inntektsmelding for den personen du i utgangspunktet skulle ha sendt for
3. Du har sendt inn inntektsmeldingar der du har veksla mellom arbeidsforholdsid og verksemdsnummer for samanhengande eller overlappande periodar:
Du må sende ny inntektsmelding der du vel arbeidsforholdsid eller verksemdsnummer. Skriv inn alle timar, dagar og periodar samla.
Viss du har sendt inntektsmeldinga via Min side - Arbeidsgjevar, kan du endre tidlegare innsendte inntektsmeldingar som du finn i saksoversikta.
Når vi får inn ei endra inntektsmelding, revurderer vi saken.
Kor kan eg sjekke refusjonskrava eg har sendt tidlegare?
Du kan sjekke innsendte refusjonskrav via saksoversikta på Min side - arbeidsgjevar. Er inntektsmeldinga sendt via løns- og personalsystem eller Altinn kan du finne dei ved å nytte innsynstenesta på Altinn.
Refusjonskrav eller inntektsmelding skal ein sende inn på Mi side-arbeidsgjevar.
I nokre få tilfelle treng Nav meir dokumentasjon frå deg enn inntektsmelding. Du får brev frå vår saksbehandlar med informasjon om kva vi treng, viss dette er naudsynt.
Nokre arbeidsgjevarar ønskjer også å sende anna dokumentasjon direkte til saksbehandlar.
Dokumentasjonen kan ein sende til oss på to måtar:
- Gje dokumentasjonen til den tilsette, som sjølv ettersender den digitalt ved å logge inn på nav.no.
- Gå til sida for ettersending, og vel ettersend i post. Husk å notere den tilsette sitt fødsels- og personnummer når du hentar ut fyrsteside for innsending.
Viss du sender dokumentasjon på vegner av arbeidsgjevar, til dømes frå ei løningsavdeling, må du også notere organisasjonsnummer for kontakt. Det er fordi vi sender brev digitalt, og må knytte dei til organisasjonsnummer for å sende svar i Altinn.
Oppdatert 03.11.2025
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope