Pengestøtte — For legar og tannlegar eller andre behandlarar
Omsorgspengar (heime med sjukt barn-dagar)
Når ein må vere borte frå jobb på grunn av barn eller barnepassar sin sjukdom.
Det finst også informasjon om omsorgspengar til privatpersonar og arbeidsgjevarar.
Kven er det aktuelt for?
For å ha rett til omsorgspengar gjeld alle desse punkta:
For å ha rett til å bruke omsorgsdagar må du ha omsorga for barnet. Det tyder som hovudregel at foreldre og fosterforeldre som bur med barnet kan ha rett til å bruke omsorgsdagar. Dersom du ikkje bur saman med den andre forelderen, men de har ein avtale om delt fast bustad, bur barnet fast hos dykk begge.
I nokre tilfelle kan også samværsforeldre og steforeldre bruke omsorgsdagar, dersom dei har fått omsorgsdagar frå ein forelder som er åleine om omsorga.
For å ha rett til omsorgspengar, må du ha fråvær frå jobb slik at du mistar arbeidsinntekt.
Det er fleire forhold som må vere oppfylt:
- Du har ei årsinntekt som er minst 65 080 kroner (halvparten av folketrygda sitt grunnbeløp).
- Arbeidstida eller inntekta di er redusert med minst 20%
- Du er under 70 år
I tillegg må fråværet skuldast at du må vere heime fordi barnet eller barnepassar er sjuk. Her kan du lese meir detaljert om kva situasjonar som gjer at du kan bruke omsorgsdagar.
For å ha rett til omsorgspengar, må du ha jobba minst fire veker før du er heime på grunn av sjukt barn eller barnepassar.
Unntak når du ikkje har jobba fire veker
Periodar med desse ytingane kan likestillast med jobb:
- Sjukepengar
- Dagpengar
- Foreldre- og svangerskapspengar
- Pleie-, opplærings- og omsorgspengar
Vi kan også gjere unntak dersom du har vore i ulønt permisjon i inntil 12 månadar direkte etter foreldrepengeperioden, og har avtalt med arbeidsgjevar når du skal tilbake til jobb.
Du må likevel ha tapt arbeidsinntekt, og kan difor tidlegast bruke omsorgsdagar når du skulle ha vore tilbake i jobb.
Viss du ikkje har jobba 4 veker før du må bruke fyrste omsorgsdag, er ikkje arbeidsgjevar forplikta til å utbetale deg løn. Du kan då søkje om utbetaling frå Nav.
Bur du i Noreg er du vanlegvis medlem av folketrygda.
Ein kan bruke omsorgsdagar i desse situasjonane:
Viss barnet treng naudsynt tilsyn og pleie på grunn av sjukdom, kan du bruke omsorgsdagar viss du må vere heime frå jobb.
Det kan til dømes vere viss barnet har omgangssjuke eller influensa, og difor må vere heime frå skule eller barnehage.
Viss barnet ditt treng oppfølging på grunn av sjukdom, kan du bruke omsorgsdag sjølv om barnet ikkje er sjukt og pleietrengande den aktuelle dagen.
Dette kan til dømes vere at barnet skal til legen, eller at de har oppfølgingsmøter med lege, fysioterapeut, BUP, PPT eller ansvarsgruppe.
Viss den som vanlegvis har den daglege omsorga for barnet er sjuk, kan du bruke omsorgsdag for å ta vare på barnet.
Dette kan til dømes vere viss ein forelder i foreldrepermisjon blir sjuk, viss dagmamma er sjuk og viss barnehagen må stenge på grunn av sjukdom hos dei tilsette.
Du kan bruke omsorgsdag viss den som vanlegvis har den daglege omsorga må følgje eit anna barn til utgreiing eller innlegging.
Dette kan til dømes vere at ein forelder har omsorga for eit barn i foreldrepermisjon, men må følgje eit anna barn til utgreiing. Då kan du bruke omsorgsdag for å passe det barnet som vanlegvis er heime.
Ein kan ikkje bruke omsorgsdagar i desse tilfella:
- møte med skulen, som ikkje skuldast sjukdom
- planlagt fråvær, til dømes ved skuleferie og planleggingsdagar
- rutinekontrollar på helsestasjonen
- rutinekontroll hos tannlege, som ikkje skuldast sjukdom
- når barnehage/skule er stengt på grunn av streik
Kva kan ein få?
Omsorgspengane skal dekkje inntekta du vanlegvis har opptil 6 gongar grunnbeløpet, som svarar til ei årsløn på 780 960 kroner.
Omsorgspengane blir rekna ut etter same reglar som sjukepengar.
Det er arbeidsgjevar som utbetalar omsorgspengar. Viss ein er frilansar eller sjølvstendig næringsdrivande, må ein sjølv dekkje dei fyrste ti dagane. Det er difor kun unntaksvis at ein søkjer om utbetaling av omsorgsdagar frå Nav.
Når du har eigne barn buande hos deg, har du rett til eit bestemt tal omsorgsdagar som du kan bruke per kalenderår. Kor mange dagar du har rett til, avheng mellom anna av:
- Alderen til barnet
- Om du har åleineomsorg
- Om barnet har langvarig sjukdom som gjev markert høgare risiko for fråvær.
Som hovudregel har ein rett til:
- 10 dagar for 1-2 barn
- 15 dagar for 3 eller fleire barn
Du får som hovudregel berre omsorgspengar for eigne barn som bur med deg, eller fosterbarn. Du skal ikkje telje med andre sine barn, eller eigne barn som ikkje bur med deg.
Som hovudregel har du berre rett til omsorgspengar for barn ut det kalenderåret dei fyller 12 år. Det betyr at viss du har eldre barn, vil ikkje desse påverke kor mange omsorgsdagar du har rett til.
Unntaket er viss du har vedtak om ekstra omsorgsdagar på grunn av langvarig sjukdom eller funksjonshemming. Du har då rett til omsorgsdagar for dette barnet ut kalenderåret det fyller 18 år, og det kan påverke kor mange omsorgsdagar du har rett til.
Døme:
Dersom du har tre barn på 8, 11 og 14 år, har du som hovudregel to barn som gjev rett til 10 omsorgsdagar.
Dersom du har fått ekstra omsorgsdagar for barnet på 14 år, har du tre barn som gjev rett til 15 omsorgsdagar. Dei 10 ekstra dagane på grunn av langvarig/kronisk sjukdom eller funksjonshemming kjem i tillegg.
Les meir om tal og deling av omsorgsdagar ut frå foreldra sin situasjon:
Når foreldra bur saman, har de rett til likt tal omsorgsdagar.
Kvar av dykk har rett til:
- 10 omsorgsdagar viss de har 1-2 barn
- 15 omsorgsdagar viss de har tre eller fleire barn
De treng ikkje søkje Nav om å få desse dagane.
Om å dele omsorgsdagar
Foreldre som bur saman, kan ikkje overføre omsorgsdagar til kvarandre.
Unntaket er dersom den eine forelderen ikkje kan passe barnet, slik at du blir rekna som åleine om omsorga. Les meir om når dette er aktuelt under Når kan du søkje om ekstra dagar.
Når du har fått nytt barn med ny partnar, og i tillegg bur med eigne barn frå tidlegare forhold, har du rett til omsorgsdagar ut frå kor mange av dine barn som bur med deg. Dette gjeld både viss barna frå tidlegare forhold bur fast hos deg, eller har avtale om delt fast bustad.
Du har då rett til:
- 10 omsorgsdagar viss du har 1-2 barn
- 15 omsorgsdagar viss du har tre eller fleire barn.
I denne situasjonen har ikkje nødvendigvis den nye partnaren din like mange omsorgsdagar. De reknar ut kor mange omsorgsdagar kvar av dykk har rett til, ut frå kor mange eigne barn de bur med.
Døme:
Viss du har to barn frå tidlegare forhold som bur hos deg, og får eit barn med ny partnar, har du rett til 15 omsorgsdagar for 3 barn. Viss den nye partnaren ikkje har barn frå tidlegare forhold, har han eller ho eitt barn som gjev rett til 10 omsorgsdagar.
Om ekstra omsorgsdagar
Åleineomsorg
Viss du har barn frå tidlegare forhold som bur med deg, og som ikkje har avtale om delt fast bustad, kan du framleis bli rekna som åleine om omsorga for desse barna. Du kan då søkje om dobbelt tal dagar ut frå kor mange barn som gir rett til omsorgspengar, og som du har åleineomsorg for.
Døme:
Viss du har to barn frå tidlegare forhold som bur hos deg, og får eit barn med ny partnar, har du rett til 15 omsorgsdagar for 3 barn. Du kan i tillegg søkje om ekstra omsorgsdagar for dei to barna frå tidlegare forhold, som gjev deg ti ekstra omsorgsdagar.
Barn med langvarig/kronisk sjukdom eller funksjonshemming
Viss du har vedtak om ekstra omsorgsdagar for eit barn i alderen 12-18 år, på grunn av langvarig sjukdom eller funksjonshemming, skal dette barnet også reknast med for å finne riktig tal omsorgsdagar. Viss dette gjeld eit barn frå tidlegare forhold, kan desse dagane doblast dersom du har fått ekstra omsorgsdagar fordi du er åleine om omsorga for dette barnet.
Døme:
Viss du har tre barn på 8, 11 og 14 år, har du som hovudregel to barn som gjev rett til 10 omsorgsdagar.
Viss du har fått ekstra omsorgsdagar for barnet på 14 år, har du tre barn som gjev rett til 15 omsorgsdagar. Fordi dette barnet er frå tidlegare forhold, og du er åleine om omsorga, får du 20 ekstra dagar.
Hugs at du må søkje om å få ekstra omsorgsdagar ved åleineomsorg eller sjukdom. Viss du har fleire barn som du har åleineomsorg for, eller fleire barn med langvarig sjukdom, må du sende ein søknad per barn.
Om å dele omsorgsdagar
Foreldre som bur saman, kan vanlegvis ikkje dele omsorgsdagane som dei får automatisk for eigne barn.
Viss du har fått ekstra omsorgsdagar fordi du er åleine om omsorga for barn frå tidlegare forhold, kan du dele av desse omsorgsdagane både med forelderen som ikkje bur med barnet og med din nye samboar/ektefelle.
Du kan dele opptil ti omsorgsdagar med ny samboar/ektefelle. Desse dagane vil komme i tillegg til dei dagane han eller hun eventuelt har automatisk rett til for eigne barn.
Viss du skal dele med den andre forelderen som ikkje bur med barnet, avgjer du sjølv kor mange av dei ekstra omsorgsdagane du vil dele. Du har rett til å behalde alle dagane, eller trekkje dei tilbake, viss de ikkje kjem til semje om fordeling av omsorgsdagar.
Det er også mogleg å søkje om å overta alle omsorgsdagane til den andre forelderen, viss denne forelderen ikkje kan passe barnet. Du finner meir informasjon om når dette er aktuelt under "Når kan du søkje om ekstra dagar".
Når foreldra ikkje bur saman, men har avtale om delt fast bustad, er barnet busett hos begge. Foreldra har då rett til like mange omsorgsdagar, slik som foreldre som bor saman.
Kvar av de har rett til:
- 10 omsorgsdagar viss de har 1-2 barn
- 15 omsorgsdagar viss de har tre eller fleire barn
De treng ikkje å søkje Nav om å få rett til desse dagane.
Om å dele omsorgsdagar
Foreldre som har avtale om delt fast bustad for barnet, kan ikkje overføre omsorgsdagar til kvarandre.
Unntaket er viss den eine forelderen ikkje kan passe barnet, slik at du reknast som åleine om omsorga. Les meir om når dette er aktuelt under Når kan du søkje om ekstra dagar.
Når barnet bur fast saman med berre ein av foreldra, vil forelderen som barnet bur med vere åleine om omsorga for barnet.
Bustadsforelderen har då rett til alle omsorgsdagane, og har difor dobbelt tal med omsorgsdagar:
- 20 omsorgsdagar for 1-2 barn
- 30 omsorgsdagar for tre eller fleire barn
Du må søkje om ekstra omsorgsdagar når du er åleine om omsorga.
Om deling av dagar
Viss du har fått ekstra omsorgsdagar fordi du er åleine om omsorga for barn, har du høve til å dele dagane dine med den andre forelderen og med din noverande samboar/ektefelle.
Sjølv om du får vedtak om ekstra omsorgsdagar frå Nav på grunn av åleineomsorg, skal du ikkje melde frå til oss når du deler av dei omsorgsdagane. De må sjølv gje beskjed til eigne arbeidsgjevarar, som då får oversikt over kor mange omsorgsdagar kvar av de kan bruke.
Dele med den andre forelderen
Du kan dele omsorgsdagar med den andre forelderen når du har åleineomsorg for barn, og du og den andre forelderen ikkje har avtale om delt bustad.
Forelderen som bur med barnet avgjer kor mange omsorgsdagar han eller ho vil dele, uavhengig av samværsavtala. Den som er åleine om omsorga har rett til å behalde alle dagane, viss de ikkje kjem til semje.
Dele med noverande ektefelle eller samboar
Du kan dele opptil 10 omsorgsdagar med ein sambuar du har budd med i minst 12 månadar, eller med noverande ektefelle. Dette gjeld når de ikkje har felles barn, eller når samboar/ektefelle ikkje allereie har omsorgsdagar for eigne barn.
Les meir om reglane for når ein kan søkje om ekstra omsorgsdagar:
Når du er åleine med omsorga for barn kan du ha rett til doble omsorgsdagar. Desse ekstra omsorgsdagane må du søkje om.
Når det gjeld omsorgsdagar er du åleine om omsorga når barnet bur fast hos deg, og du ikkje bur med den andre forelderen. Det kan til dømes vere på grunn av samlivsbrot, at du er blitt enke/enkemann, eller at du er åleine med eit donorbarn.
At barnet bur fast hos deg vil sei at
- barnet bur hos deg, og
- du og den andre forelderen har ikkje avtale om delt fast bustad.
Viss du får nytt barn med ny samboar/ektefelle, beheld du retten til ekstra omsorgsdagar for særkullsbarnet som ein framleis er åleine om omsorga for.
Vil du dele dagar med ein annan omsorgsperson?
Viss du har ekstra omsorgsdagar fordi du er åleine om omsorg, kan du:
- dele dagar med den andre forelderen. Du vel sjølv kor mange dagar du vil dele, uavhengig av samværsavtala.
- dele dagar med den nye sambuaren din. Du kan dele inntil 10 omsorgsdagar med sambuaren eller ny ektefelle.
Du treng ikkje å informere Nav om at du delar omsorgsdagane, men arbeidsgjevar må få informasjon.
Om søknaden
Du må sende søknad for å få ekstra omsorgsdagar når du er åleine om omsorga. Viss du er aleine med fleire barn, må du sende ein søknad for kvar av barna.
Viss du er arbeidstakar, må du informere arbeidsgjevaren din viss du får vedtak om ekstra omsorgsdagar.
Du må gje beskjed til oss viss
- de seinare inngår avtale om delt fast bustad
- du flyttar saman med den andre forelderen
- barnet flytter frå deg
Viss du har eit barn med kronisk/langvarig sjukdom eller funksjonshemning, kan dette gjere at du har markert høgare risiko for å måtte vere borte frå jobb. I denne situasjonen kan du søkje om å få 10 ekstra omsorgsdagar, eller 20 ekstra omsorgsdagar viss du er åleine om omsorga.
Har du fleire barn med kronisk/langvarig sjukdom eller funksjonshemming, kan du få 10 ekstra dagar for kvar av barna. Du må sende éin søknad for kvar av barna.
Når du har fått ekstra dagar i denne situasjonen beheld du både dei ordinære og dei ekstra omsorgsdagane ut det kalenderåret barnet fyller 18 år.
Om søknaden
Du kan søkje digitalt om ekstra omsorgsdagar viss du har barn med langvarig/kronisk sjukdom eller funksjonshemming som gjer at du har markert høgare risiko for fråvær.
Det er viktig at du sender inn legeerklæring som skildrar barnet sin sjukdom eller funksjonshemming, og korleis denne gjev markert høgare risiko for fråvær. Viss sjukdomen er langvarig, må legen også sei noko om forventa varigheit på sjukdomen.
Nyttig å vite:
- Viss begge foreldre bur med barnet, anten saman eller ved delt fast bustad, må de sende ein søknad kvar for å få ekstra omsorgsdagar.
- Du treng ikkje å søkje om disse dagane fleire gongar for same barn. Viss du har fått innvilga ekstra omsorgsdagar på grunn av kronisk/langvarig sjukdom eller funksjonshemming, varar vedtaket fram til barnet fyller 18 år.
Du kan søkje om ekstra omsorgsdagar viss den andre forelderen ikkje kan ha tilsyn med barn i ein periode på minst 6 månadar.
I tillegg til at situasjonen må vare i minst 6 månadar, må det vere utanfor forelderen sin kontroll at han eller ho ikkje kan ha tilsyn med barnet. Det kan til dømes vere fordi forelderen:
- er fysisk eller psykisk sjuk
- er innlagd i helseinstitusjon
- har ei funksjonshemming
- er i fengsel
- utøver verneplikt
I desse tilfella kan du søkje om å bli rekna som åleine om omsorga, sjølv om de bur saman eller har avtale om delt fast bustad.
Viss situasjonen er innafor dykkar kontroll, vil du ikkje bli regnet som åleine om omsorga. Det kan vere når forelderen:
- arbeidar ein anna stad
- studerer eller går på skule ein anna stad
- er militærpersonell utstasjonert i utlandet
Vanlegvis har ein rett til å bruke omsorgsdagar ut kalenderåret barnet fyller 12 år.
Viss ein har søkt om og fått ekstra omsorgsdagar for barn som er kronisk/langvarig sjukt eller funksjonshemma, har ein rett ut kalenderåret barnet fyller 18 år.
Det er eigne reglar viss du skal bruke omsorgspengar samtidig som du oppheld deg utanfor EØS-området.
Andre tilbod
Meir informasjon når ein har sjukdom i familien.
- Sykdom i familien - informasjon til helsepersonellFor samarbeidspartnere
Legen si rolle
Foreldre med barn under 19 år som er kronisk/langvarig sjukt eller funksjonshemma, kan søkje om å få ekstra omsorgsdagar. Legen må dokumentere at sjukdomen eller funksjonshemminga gjev ein markant høgare risiko for fråvær frå arbeid.
Tidlegare måtte legen skrive erklæring på ein del av søknadsskjemaet til foreldra. Legeerklæringa er no skilt ut i eit eige skjema. Erklæringen blir honorert etter takst L8.
Vedtak om ekstra omsorgsdagar gjeld fram til barnet fyller 18 år. Det er ikkje naudsynt å søkje kvart kalenderår.
Sjølvstendig næringsdrivande, frilansarar eller arbeidstakarar som ikkje får utbetalt omsorgspengar frå arbeidsgjevar, må søkje om utbetaling av omsorgspengar frå Nav. I desse tilfella krev Nav ei legeerklæring som gjeld seinast frå den 4. samanhengande omsorgsdagen som søkjar brukar.
Arbeidsgjevar kan også be arbeidstakar om å framvise legeerklæring frå fjerde fråværsdag for å dokumentere fråværet.
Denne legeerklæringa er ikkje eit skjema hos Nav, men kan bli skriven i fritekst av legen.
Oppdatert 21.08.2025
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope