Pengestøtte
Pleiepengar for sjukt barn
Sikrar deg inntekt når du ikkje kan gå på jobb fordi du pleier eit sjukt barn
Det finst også informasjon om pleiepengar for sjukt barn til arbeidsgjevarar og legar og tannlegar eller andre behandlarar.
Kven kan få?
For å få pleiepengar, gjeld alle desse punkta:
For å ha rett til pleiepengar må barnet ditt ha behov for kontinuerleg tilsyn og pleie på grunn av sjukdom.
Det kan vere somatiske og psykiske sjukdomar, personskadar eller medfødde tilstandar. Rett til pleiepengar er ikkje knytt til visse diagnosar, og det er ikkje krav om at barnet har fått ei diagnose.
For å få pleiepengar må det vere ein samanheng mellom sjukdom og barnet sitt pleiebehov. Det vil si at behovet for pleie må vere ut over det som er normalt, slik at barnet på grunn av sjukdom ikkje kan overlatast til seg sjølv. Pleiebehovet må også vere kontinuerleg gjennom heile dagen, og ikkje berre knytt til visse situasjonar når barnet treng ekstra støtte.
Du kan også ha rett til pleiepengar frå den dagen barnet døydde, viss vilkåra for pleiepengar var oppfylt i tida før dødsfallet.
Vi vurderer barnet sitt pleiebehov når du søkjer om pleiepengar. Difor er det viktig at legen skildrar barnet sitt pleiebehov i legeerklæringa. Det er berre legar i spesialisthelsetenesta som kan skrive ei slik legeerklæring.
Pleiepengar når barnet er innlagd
Viss barnet er innlagd på sjukehus, har du som hovudregel rett til pleiepengar når du må vere borte frå jobb for å vere saman med barnet. Dette gjeld også for barn som ikkje formelt er utskriven frå sjukehuset, men som har heimesjukehus eller oppfølging frå nyføddavdelinga si ambulerande sjukepleieteneste (NAST) i heimen.
Kven kan verte rekna som omsorgsperson?
For å ha rett til pleiepengar må du vere ein del av den daglege omsorga for barnet. Dette vil ofte vere foreldra til barnet. Fosterforeldre og steforeldre kan også ha den daglege omsorga for barnet, slik at dei kan ha rett til pleiepengar. Viss andre omsorgspersonar har regelmessig dagleg omsorg for barnet, kan dei også ha rett til pleiepengar.
For å ha rett til pleiepengar, må du ha jobba minst fire veker før du starta perioden med pleiepengar.
Unntak når du ikkje har jobba fire veker
Periodar med desse pengestøttene kan likestillast med jobb:
- Sjukepengar
- Dagpengar
- Foreldre- og svangerskapspengar
- Pleie-, opplærings- og omsorgspengar
Det tyder at du kan ha rett til pleiepengar viss du har fått minst éin av desse pengestøttene i løpet av dei siste fire vekene før du søkjer om pleiepengar.
Vi kan også gjere unntak viss du har vore i ulønt permisjon i inntil 12 månadar etter foreldrepengeperioden. Eller viss du har hatt andre lovfesta permisjonar etter Arbeidsmiljølova §§12-1 til 12-5. Du må også ha avtalt med arbeidsgjevar når du skal tilbake i jobb etter permisjonen. Du kan lese meir om permisjonar på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Viss du er i permisjon i perioden du søkjer om pleiepengar, kan pleiepengane bli utbetalt med 65% av utrekna inntekt.
Får du arbeidsavklaringspengar?
Arbeidsavklaringspengar gjev ikkje rett til pleiepengar. Men, viss du kombinerer arbeidsavklaringspengane med jobb, kan du søkje om pleiepengar viss du må vere borte frå jobb for å gje pleie.
For å ha rett til pleiepengar, må du ha fråvær frå jobb på grunn av pleie slik at du mistar arbeidsinntekt.
Det er fleire punkt som må vere oppfylt:
- Du har ei årsinntekt som er minst 65 080 kroner (halvparten av folketrygda sitt grunnbeløp).
- Arbeidstida eller inntekta di er redusert med minst 20%
- Du er under 70 år
Bur du i Noreg er du vanlegvis medlem av folketrygda.
Sjukdom som blir følgd opp av fastlege, utan at de er viste til spesialisthelsetenesta, vil normalt ikkje gje rett til pleiepengar. Dette inkluderer sjukdom som luftvegsinfeksjonar, omgangssykje og liknande. Då kan omsorgspengar for bruk av omsorgsdagar ("heime med sjukt barn dagar") vere aktuelt.
Sosiale utfordringar gjev i seg sjølv ikkje rett til pleiepengar. Viss barnet til dømes ikkje vil gå i barnehage eller skule på grunn av sosiale problem, vil du ikkje ha rett til pleiepengar.
Nokon barn har oppfølging i spesialisthelsetenesta, utan at det har behov for kontinuerleg tilsyn og pleie ut over det som er normalt for friske barn. Då vil du ikkje ha rett til pleiepengar, men du kan bruke omsorgsdagar for å følgje barnet.
Pengestøttene du får frå Nav kan nokre gongar gå om kvarandre. Nokre opplever dette i samband med fødsel viss barnet blir innlagd på sjukehus. Då har ein ofte søkt foreldrepengar, men skal bytte til pleiepengar i perioden barnet er innlagd.
Når barnet er innlagd på sjukehus kan du få pleiepengar fram til barnet er skriven ut av sjukehuset og foreldrepengane startar. Du kan også få pleiepengar viss barnet får behandling og oppfølging i heimesjukehus, eller får heimebesøk av nyføddavdelinga si ambulerande sjukepleieteneste (NAST).
Når du søkjer om pleiepengar, treng vi ei eiga inntektsmelding til søknaden om pleiepengar. Vi kan ikkje bruke ei inntektsmelding som er sendt til ein søknad om foreldrepengar.
Kva du må setje i verk, og korleis du går fram i dei ulike tilfella kjem litt an på kva situasjon du er i:
Eg har søkt eller mottar pleiepengar fordi barnet er innlagd, og no skal eg søkje foreldrepengar
I denne situasjonen skal foreldrepengane utsettast i same periode som barnet har vore innlagd. Når du søkjer om foreldrepengar legg du inn i søknaden kva periode barnet er innlagd, og som dermed skal utsettast. Når søknaden er ferdig behandla, får du et svar der det står kva perioden din med foreldrepengar blir.
Du treng ikkje sei frå til oss at du skal søkje om foreldrepengar når du har pleiepengar. Men, du må hugse å be arbeidsgjevar om å sende inntektsmelding for foreldrepengar, sjølv om den tidlegare er sendt inn i samband med pleiepengane dine.
I denne situasjonen søkjer du pleiepengar på vanleg måte. Foreldrepengane dine blir automatisk utsett i same periode som du mottar pleiepengar.
Du treng altså ikkje gjere noko med foreldrepengane dine i denne situasjonen. Men, du må hugse å be arbeidsgjevar om å sende inntektsmelding for pleiepengar, sjølv om den tidlegare er sendt inn i samband med foreldrepengane dine
Viss du har rett til pleiepengar utan at barnet ditt er innlagd, må du velje om du vil ha anten foreldrepengar eller pleiepengar.
Viss du vel pleiepengar treng du ikkje å søkje utsetting på foreldrepengane dine. Dei startar automatisk når pleiepengeperioden er slutt.
Du får, som hovudregel, utbetalt det same uansett kva du vel. Men, det finst nokon unntak:
- Viss du har dagpengar som grunnlag, vil ofte foreldrepengar gje deg mest utbetaling.
- Har du valt 80 prosent dekningsgrad på foreldrepengane dine, vil ofte pleiepengar gje deg mest utbetaling. Dette er fordi du då vil få 100 prosent pleiepengar i staden for 80 prosent foreldrepengar.
- Arbeidsavklaringspengar gjev ikkje rett til pleiepengar, difor vil det som hovudregel løne seg å velje foreldrepengar.
I tillegg kan det vere godt å vite at du kan få meir i feriepengar om du vel pleiepengar. Dette er fordi du kan få feriepengar for dei fyrste 12 vekene på foreldrepengar og for dei fyrste 12 vekene på pleiepengar. Det tyder at viss du vel foreldrepengar kan du berre få feriepengar for 12 veker. Viss du vel pleiepengar kan du få feriepengar for opptil 12 veker med pleiepengar pluss 12 veker med foreldrepengar.
For meir hjelp og rettleiing, kan du ringe oss på 55 55 33 33. Eller, du kan gå til denne sida for å rekne ut kor mykje du kan få.
I denne situasjonen søkjer du pleiepengar viss barnet blir innlagd på sjukehus etter fødselen. Når barnet er fødd før 33. svangerskapsveke vil du, som hovudregel, få pleiepengar så lenge barnet er innlagd.
I tillegg må du søkje om foreldrepengar viss du ikkje allereie har gjort det.
Perioden din med foreldrepengar blir utvida med same tal dagar som barnet er født før termindato. Lengda på den utvida perioden er uavhengig av om de får eit eller fleire barn, og om de har valt 80 prosent eller 100 prosent foreldrepengar.
Får du pleiepengar i perioden frå fødsel og fram til opphavleg termindato, trekkast desse dagane frå den utvida perioden. Har du får pleiepengar etter opphavleg termindato, trekkast ikkje desse dagane frå. Så lenge barnet er innlagd blir foreldrepengane utsett, og startar fyrst når barnet er skriven ut frå sjukehuset.
Kva kan du få?
Pleiepengane skal dekkje inntekta du vanlegvis har opptil 6 gongar grunnbeløpet, som tilsvara ei årsløn på 780 960 kroner.
Slik reknar vi ut pleiepengane ut frå din situasjon:
Pleiepengar blir vanlegvis rekna ut frå gjennomsnittet av inntekta du har hatt i dei 3 siste kalendermånadane før pleiepengeperioden din startar. Dette gjeld både viss du er fast tilsett og viss du har varierande arbeidsperiodar eller inntekter.
- Viss det er meir enn 25 prosent skilnad mellom årsinntekta di og inntekta di dei 3 siste månadane rekna om til årsinntekt, vurderer vi kva inntekt som er mest representativ i din situasjon.
- Viss arbeidsforholdet ditt har vart under 3 månadar, skal pleiepengane reknast ut frå inntekta du har hatt i den perioden du har vore i jobb. Inntekta di blir rekna om til ei månadsinntekt.
- Viss du har hatt korte fråvær som ferie eller ulønt permisjon i perioden du har hatt inntekt, blir inntekta di fastset til det du vanlegvis ville hatt viss du hadde vore i jobb.
Vanlegvis blir pleiepengar rekna til gjennomsnittet av inntekta di dei 3 siste åra som er ferdig utlikna. Viss arbeidssituasjonen din er varig endra eller du er ny i arbeidslivet, fastset vi inntekta di til det som er mest representativ i din situasjon.
Vanlegvis blir pleiepengar rekna ut frå gjennomsnittet av inntekta du har hatt i dei 3 siste kalendermånadane før pleiepengeperioden din startar.
Viss det er meir enn 25 prosent skilnad mellom årsinntekta di og inntekta di dei 3 siste månadane rekna om til årsinntekt, vurderer vi kva inntekt som er mest representativ i din situasjon.
Viss du har jobba så kort tid at det ikkje er rapportert frilansinntekt for 3 heile månadar til a-ordninga, skal inntekta for dette kortare tidsrommet bli brukt i utrekninga.
Pleiepengar blir vanlegvis rekna ut frå gjennomsnittet av inntekta du har hatt i dei 3 siste kalendermånadane før pleiepengeperioden din startar.
Dette gjeld også viss du får ei av desse utbetalingane frå Nav:
- Sjukepengar
- Foreldrepengar
- Svangerskapspengar
- Pleiepengar
- Opplæringspengar
- Dagpengar
Som fiskar er det ulike måtar ein kan motta løn. Du kan motta løn som hyre eller lott, eller du kan motta begge deler. Det er viktig at vi mottar riktig informasjon om arbeidssituasjonen din slik at vi får gjeve deg riktig utrekning av pleiepengane.
Hyre
Viss du mottar hyre får du løn som arbeidstakar. Det er ikkje alle fiskarar som er registrert med eit arbeidsforhold i arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret slik at det er synleg i søknaden. Grunnen til at du ikkje ser arbeidsforholdet ditt er at arbeidsgjevaren din ikkje er pliktig til å melde deg inn som arbeidstakar når du er fiskar.
Viss du er fiskar med hyre, må arbeidsgjevaren din sende inn inntektsmelding med informasjon om inntekta di.
Lott
Viss du er fiskar med lott, blir du rekna som sjølvstendig næringsdrivande. I søknadsdialogen må du svare ja på spørsmålet om du er sjølvstendig næringsdrivande, du må velje at du er fiskar når du fyller ut informasjon om næringa di.
Spørsmåla du får i søknaden er tilpassa din situasjon og du får rettleiing og informasjon undervegs. Når du gjev oss informasjon om at du er fiskar får vi registrert riktig informasjon om deg, og vi får sendt riktig informasjon om deg til skatteetaten.
På skatteetaten sine heimesider kan du lese meir om lott og hyre.
Fiskar med eigen båt
Viss du er fiskar med eigen båt, er du sjølvstendig næringsdrivande. I søknadsdialogen må du svare ja på spørsmålet om du er sjølvstendig næringsdrivande, du må velje at du er fiskar når du fyller ut informasjon om næringa di. Spørsmåla du får i søknaden er tilpassa din situasjon og du får rettleiing og informasjon undervegs.
Viss du har både lott og hyre
Viss du mottar både lott og hyre så mottar du inntekt både som arbeidstakar og som sjølvstendig næringsdrivande.
For den delen av inntekta di som er hyre er du å rekne som arbeidstakar, og du mottar løn som arbeidstakar. Det er ikkje alle fiskarar som er registrert med eit arbeidsforhold i arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret slik at det er synleg i søknaden. Viss du er fiskar med hyre, må arbeidsgjevaren din sende inn inntektsmelding med informasjon om inntekta di.
For den delen av inntekta di som er lott, er du å rekne som sjølvstendig næringsdrivande. I søknadsdialogen må du svare ja på spørsmålet om du er sjølvstendig næringsdrivande, du må velje at du er fiskar når du fyller ut informasjon om næringa di.
Spørsmåla du får i søknaden er tilpassa din situasjon og du får rettleiing og informasjon undervegs. Når du gjev oss informasjon om at du er fiskar får vi registrert riktig informasjon om deg, og vi får sendt riktig informasjon om deg til skatteetaten.
I nokre tilfelle kan du ha rett til pleiepengar sjølv om du ikkje har jobba fire veker før du søkjer om pleiepengar.
Viss du skulle vore på jobb når du søkjer pleiepengar, men kjem inn under unntaksreglane fordi du ikkje rakk å jobbe minst fire veker, skal pleiepengane bli rekna etter vanlege reglar ut frå kva jobbsituasjon du har.
Viss du ikkje hadde avtalt arbeid når du søkjer pleiepengar, men likevel har rett på grunn av unntaksreglane, kan pleiepengane dekkje 65% av inntekta du ville hatt viss du jobba.
Arbeidstakar og frilansar
Når du er både arbeidstakar og frilansar skal inntektene bli rekna ut kvar for seg og bli lagt saman til eit beløp. Viss du har ei samla inntekt over seks gongar grunnbeløpet, blir inntekta di som arbeidstakar lagt til grunn i utrekninga.
Sjølvstendig næringsdrivande og frilansar
Når du er både sjølvstendig næringsdrivande og frilansar blir pleiepengane rekna ut frå begge inntektene dine. Inntekta di som frilansar blir lagt til grunn fyrst i utrekninga.
Viss gjennomsnittet av inntekta di dei 3 siste åra som er ferdig utlikna er høgare enn frilansinntekta di, og frilansinntekta ikkje er over seks gongar grunnbeløpet, blir differansen utbetalt som næringsinntekt.
Arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande
Når du er både arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande, blir pleiepengane rekna ut frå begge inntektene dine.
Fyrst fastset vi inntekta som arbeidstakar, basert på dei siste tre kalendermånadane, og rekna om dette til ei årsinntekt.
For å finne inntekta di som sjølvstendig næringsdrivande, brukar vi gjennomsnittet av inntekta di dei siste tre åra som er ferdig utlikna. Denne utrekninga inkludera difor all inntekta du har hatt, inkludert inntekta som arbeidstakar, frilansar og pengestøtte frå Nav. Difor må vi finne differansen mellom inntekta du har som arbeidstakar og alle inntektene du hadde dei tre likningsåra. Det er denne differansen som vanlegvis blir rekna som næringsinntekt.
Døme: Vi har fastsett inntekta som arbeidstakar til 200 000 kroner i året, og gjennomsnittleg inntekt dei siste tre kalenderåra er 500 000 kroner i året. Inntekta som sjølvstendig næringsdrivande blir då satt til 300 000 kroner i året.
I nokre tilfelle kan inntekt som arbeidstakar vere høgare, slik at det ikkje er differanse mellom denne inntekta og gjennomsnittet av dei siste tre åra. Då kan det skje at inntekta som sjølvstendig næringsdrivande blir satt til null. Pleiepengane blir då utbetalt på grunnlag av inntekta du no har som arbeidstakar.
Viss det har vore varige endringar i arbeidssituasjonen din, kan det skje at det er meir enn 25 prosent avvik mellom inntekta du har no og gjennomsnittet av inntekta for dei siste tre åra som er ferdig utlikna. Då vurderer vi kva inntekt som er mest representativ for situasjonen din når du startar med pleiepengar.
Du kan kombinere pleiepengar med delvis arbeid, pleiepengane vil då bli redusert (gradert). Merk at du må ha nedsett arbeidsevne med minst 20 % av di normale arbeidstid for å ha rett til pleiepengar.
Pleiepengane blir gradert mot tre ulike situasjonar, dette er når
- barnet er fast og regelmessig i eit omsorgstilbod
- du skal jobbe i perioden du har pleiepengar
- fleire omsorgspersonar skal dele på å pleie barnet
Viss fleire av situasjonane er aktuelle, vil graderinga av pleiepengane bli styrt av kva situasjon som gjev lavast grad av pleiepengar.
Viss barnet sin sjukdom medfører at du har nattevake eller er i beredskap, blir ikkje pleiepengane gradert mot tida barnet er i fast og regelmessig omsorgstilbod.
I nokre tilfelle kan barnet gå heilt eller delvis i barnehage, skule eller andre omsorgstilbod. Når tida barnet oppheld seg i eit omsorgstilbod som er fast og regelmessig, skal pleiepengane bli gradert tilsvarande den tida barnet er i omsorgstilbodet.
Pleiepengane skal ikkje bli gradert mot omsorgstilbod når:
- det er uregelmessig og sporadisk opphald i omsorgstilbodet.
- barnet må ha tilsyn og pleie om natta,
- du må vere i beredskap medan barnet er i omsorgstilbod.
Korleis blir pleiepengane gradert når barnet er fast og regelmessig i eit omsorgstilbod?
Pleiepengane blir redusert for tida barnet er i omsorgstilbodet, målt mot ei arbeidsveke på 37,5 timar. Viss barnet er i eit omsorgstilbod meir enn 80 prosent i løpet av ei veke, vil du ikkje få utbetalt pleiepengar.
Døme:
Anna klarer vanlegvis å vere i barnehagen 10 timar kvar veke. 10 timar er 26,7 prosent av ei normalarbeidsveke på 37,5 timar. Det tyder at Anna har tilsyn av andre 26,7 prosent. Omsorgspersonen som har søkt om pleiepengar for Anna kan få inntil 73,3 prosent pleiepengar. Dette rundar vi av til 73 prosent.
Du må gje beskjed viss den faste og regelmessige tida i omsorgstilbodet endrar seg, anten ved å skrive ei beskjed til oss, eller ved å ringe oss på 55 55 33 33.
Når du jobbar samstundes som du mottar pleiepengar, skal pleiepengane reduserast ut frå kor mykje arbeidstida di er redusert i forhold til det du vanlegvis jobbar. Pleiepengane blir då gradert per veke i perioden du søkjer om pleiepengar. Du må vere borte frå jobb minst 20 prosent per veke for å få pleiepengar.
Viss du til dømes til vanleg jobbar 40 timar i veka, og skal jobbe 20 timar, får du utbetalt 50 prosent pleiepengar. Viss du skal jobbe varierande mengde timar og søkjer pleiepengar for fleire veker, vil pleiepengane bli gradert ut frå kor mykje du jobbar per veke.
Viss du har fått eit nytt arbeidsforhold etter at du starta med pleiepengar, blir pleiepengane redusert ut frå kor mykje du tener i den nye jobben. Her kan du lese meir om tydninga av ny inntekt.
Nokon foreldre som får pleiepengar for sjuke barn, har også rett til å få omsorgsstønad frå kommunen.
Omsorgsstønaden blir gjeve til dei som utfører omsorgsarbeid på vegne av kommunen, utan å vere fast tilset. Omsorgsstønaden blir utbetalt og skattlagt som frilansinntekt, og kan difor påverke retten til pleiepengar.
Når Nav vurderer retten til pleiepengar, må vi vurdere om du har tapt arbeidstid og inntekt sett opp mot alle arbeidsforholda dine.
Viss du har omsorgsstønad når du startar med pleiepengar, vil denne frilansinntekta bli rekna med både som ein del av arbeidstida di og som ein del av inntekta som kan bli kompensert. Fordi dei fleste fortset å motta omsorgsstønad, får dette sjeldan tyding for pleiepengane. Men i nokre tilfelle kan det få tyding:
- når vi vurderer om du har redusert arbeidsevne med minst 20%, vurderer vi ut frå alle arbeidsforholda dine. Det tyder at timane du får omsorgsstønad for, blir rekna som ein del av di vanlege arbeidstid.
- viss du jobbar som frilansar i tillegg til å få omsorgsstønad, vil vi vurdere kor mykje arbeidstida som frilansar samla sett er redusert.
Du må difor oppgje kor mange timar du har fått innvilga omsorgsstønad for i søknaden. Dette står vanlegvis i vedtaksbrevet du har fått frå kommunen. Vi finn beløpet på omsorgsstønaden i offentlege register, men du må gje oss beskjed viss det nyleg har vore ei endring i beløpet.
Viss du får innvilga omsorgsstønad medan du mottar pleiepengar, blir dette rekna som ei ny inntektskjelde. Pleiepengane kan då bli redusert, fordi du ikkje har like stort inntektstap sett opp mot inntekta du hadde når du starta med pleiepengar.
Du skal dele pleiepengane med ein annan:
Som hovudregel kan ein få opptil 100% pleiepengar for eit pleietrengande barn, og desse kan ein dele mellom fleire omsorgspersonar.
Kor stor prosentdel som ein kan dele kjem an på om barnet er i eit omsorgstilbod eller ikkje. Viss barnet ikkje er i eit omsorgstilbod, ser vi berre på kor mange timar den enkelte omsorgspersonen har i fråvær frå arbeidet.
Døme: Viss mor får 60% pleiepengar på grunn av fråvær frå jobb medan ho pleier, kan far søkje om 40% pleiepengar for å pleie barnet.
Viss barnet får eit fast og regelmessig omsorgstilbod, som utgjer 40% av ein normalarbeidsveke på 37,5 timar, kan foreldra dele inntil 60% pleiepengar.
Viss foreldra ikkje bur samen, men deler på å pleie barnet, kan de søkje om pleiepengar dei periodane de har omsorga for barnet. Viss de til dømes skal pleie barnet anna kvar veke, så søkjer de om pleiepengar berre for dei aktuelle vekene.
Situasjonar der de kan få 200% pleiepengar
I nokon tilfelle har barnet eit større behov for tilsyn og pleie, som ikkje kan bli ivaretatt av berre ein person. Fleire omsorgspersonar kan då dele 200 prosent pleiepengar, viss vilkåra er oppfylt. Legen som skriv legeerklæringa må skildre kvifor det er behov for to omsorgspersonar, og om det gjeld for heile eller deler av periodar av søknadsperioden.
Viss barnet er innlagd på sjukehus, kan de også dele 200% pleiepengar.
Barnet er fast og regelmessig i eit omsorgstilbod, og du skal jobbe:
Når barnet skal vere fast og regelmessig i eit omsorgstilbod og du skal jobbe, blir pleiepengane anten gradert ut frå
- kor mange timar barnet er i omsorgstilbodet, eller
- kor mykje du skal jobbe og dermed har i tapt inntekt
Viss du skal jobbe meir enn den tida barnet er i omsorgstilbodet, blir pleiepengane gradert tilsvarande det du har i tapt inntekt. Du må vere borte frå jobb minst 20 prosent for å få pleiepengar.
Viss du skal jobbe mindre enn den tida barnet er i omsorgstilbodet, blir pleiepengane gradert tilsvarande omsorgstilbodet.
Døme 1: Anna er fast og regelmessig 10 timar per veke i eit omsorgstilbod i barnehagen. 10 timar er 26,7 prosent av ein normalarbeidsveke på 37,5 timar. Ut frå kor mykje Anna er i omsorgstilbodet, har mor rett til 73 prosent pleiepengar. Mor klarar likevel å jobbe meir enn tida Anna er i barnehagen, og jobbar halvparten av normal arbeidstid. Det tyder at mor har rett til 50 prosent pleiepengar, som svarar til det hun har tapt i inntekt.
Døme 2: Peder er fast og regelmessig 15 timar per veke i eit omsorgstilbod i barnehagen. 15 timar er 40 prosent av ei normalarbeidsveke på 37,5 timar. Ut frå kor mykje Peder er i omsorgstilbodet, har mor rett til 60 prosent pleiepengar. Mor jobbar samstundes 30% av si fulle stilling. Det tyder at mor har rett til 60 prosent pleiepengar, som svarar til den tida Peder er i omsorgstilbodet sjølv om ho har tapt arbeidsinntekt på 70%.
Du skal dele pleiepengar med ein annan, og du skal jobbe:
Når du skal dele pleiepengar med ein annan omsorgsperson og du skal jobbe, blir pleiepengane gradert anten ut frå
- kor mange prosent pleiepengar som er tilgjengeleg, eller
- kor mykje du skal jobbe og dermed har i tapt inntekt
Viss du skal jobbe meir enn den tilgjengelege pleiepengegraden, blir pleiepengane gradert tilsvarande det du har i tapt inntekt. Du må ha eit inntektstap på minst 20 prosent for å ha rett til å få utbetalt pleiepengar.
Viss du skal jobbe mindre enn den tilgjengelege pleiepengegraden, blir pleiepengane gradert tilsvarande tilgjengeleg prosent.
Døme: Anna er for sjuk til å gå i barnehagen, men trenger ikkje tilsyn av meir enn éin omsorgsperson. Ettersom Anna ikkje har eit fast og regelmessig omsorgstilbod, kan det bli innvilga til saman opptil 100 prosent pleiepengar. I dette dømet ønskjer mor og far å dele på å pleie Anna. Far har fått innvilga 40 prosent pleiepengar, som tyder at tilgjengeleg pleiepengegrad er 60 prosent. Mor har redusert arbeidstida si med 60 prosent og kan få utbetalt heile den tilgjengelege pleiepengegraden.
Viss mor berre har redusert arbeidstida si med 40 prosent, kan ho bli innvilga berre 40 prosent pleiepengar ettersom det er dette ho har i tapt inntekt.
Barnet er fast og regelmessig i eit omsorgstilbod, og du skal dele pleiepengar med ein annan:
Når barnet skal vere fast og regelmessig i eit omsorgstilbod og du skal dele pleiepengar med ein annan omsorgsperson, blir pleiepengane gradert både ut frå
- kor mange timar barnet er i omsorgstilbodet, og
- kor mange prosent pleiepengar som er tilgjengeleg
Vi reknar fyrst ut pleiepengegrad ut frå kor mykje barnet er fast og regelmessig i eit omsorgstilbod. Deretter trekkjer vi frå pleiepengegraden som den andre omsorgspersonen mottar. Det må vere minst 20 prosent tilgjengeleg pleiepengegrad for at du skal få utbetalt pleiepengar.
Døme: Mona er fast og regelmessig 15 timer per veke i eit omsorgstilbod i barnehagen. 15 timar er 40 prosent av ei normalarbeidsveke på 37,5 timar. Ei gradering ut frå omsorgstilbodet tyder at det kan bli innvilga til saman 60 prosent pleiepengar. Far har fått innvilga 40 prosent pleiepengar. Mor kan dermed få 20 prosent pleiepengar.
Barnet er fast og regelmessig i eit omsorgstilbod, du skal dele pleiepengar med ein annan, og du skal jobbe:
Når barnet skal vere fast og regelmessig i eit omsorgstilbod, du skal dele pleiepengar med ein annan og du skal jobbe, kjem vi fram til graderinga slik:
Vi reknar fyrst ut pleiepengegrad ut frå kor mykje barnet er fast og regelmessig i eit omsorgstilbod. Deretter trekkjer vi frå pleiepengegrada som den andre omsorgsperson mottar. Då har vi rekna ut det som blir tilgjengeleg pleiepengegrad for deg.
Viss du skal jobbe meir enn det som tilsvara tilgjengeleg pleiepengegrad, blir pleiepengane gradert tilsvarande det du har i tapt inntekt. Du må vere borte frå jobb minst 20 prosent for å få pleiepengar.
Døme 1: Far søkjer pleiepengar for å pleie Anna og opplyser at han skal redusere arbeidstida med 40 prosent. Anna er fast og regelmessig i eit omsorgstilbod 10 timar i veka. 10 timar er 26,7 prosent av ei normalarbeidsveke på 37,5 timar og ut frå omsorgstilbodet kan det totalt bli innvilga 73 prosent pleiepengar. Mor mottar 40 prosent pleiepengar. Tilgjengeleg pleiepengegrad for far er dermed 33 prosent, slik at far kan få 33 prosent pleiepengar. Han får ikkje dekka heile inntektstapet sitt på 40 prosent ettersom det ikkje var meir pleiepengegrad tilgjengeleg.
Døme 2: Far søkjer pleiepengar for å pleie Anna og opplyser at han skal redusere arbeidstida med 20 prosent. Anna er fast og regelmessig i eit omsorgstilbod 10 timar i veka. 10 timar er 26,7 prosent av ei normalarbeidsveke på 37,5 timar og ut frå omsorgstilbodet kan det totalt bli innvilga 73 prosent pleiepengar. Mor mottar allereie 40 prosent pleiepengar. Tilgjengeleg pleiepengegrad er dermed 33 prosent. Far kan likevel berre få 20 prosent pleiepengar fordi det er 20 prosent han har i inntektstap.
Om beredskap
I nokon tilfelle kan barnet sin sjukdom gjere at du må vere i beredskap eller vere tilgjengeleg, sjølv om barnet er i eit omsorgstilbod. Det kan til dømes vere viss barnet treng at du er til stade i omsorgstilbodet, eller at du må vere tilgjengeleg til å dra dit på kort varsel, slik at du ikkje kan jobbe. I disse tilfella vil pleiepengane som hovudregel ikkje bli gradert mot omsorgstilbod.
Du opplyser i søknaden om kva som gjer at du må vere i beredskap eller tilgjengeleg. Viss behovet oppstår etter at du har søkt, kan du skrive ei beskjed til oss.
Peder har angst og alvorleg skulevegring. I ei lengre periode har han ikkje vore på skulen i det heile tatt. Han er under behandling hos barne- og ungdomspsykiatrien, og saman med skulen er det laget ein plan for korleis Peder skal komme tilbake til skulen. Til å starte med klarer Peder berre å vere på skulen viss mor eller far samstundes er på eit rom i nærleiken.
I dette tilfellet er mor eller far i beredskap, og pleiepengane skal ikkje bli gradert ned mot timane Peder er på skulen.
Om nattevake
I nokon tilfelle kan barnet sin sjukdom gjere at du må vere vaken om natta for å pleie eller ha tilsyn med barnet. Viss pleie- eller tilsynsbehovet på natta er betydeleg større enn det som er vanleg for friske barn, kan det gå ut over moglegheita til å jobbe fordi du må sove på dagtid. Det må vere ein samanheng mellom pleie og tilsynet du gjev på natta og barnet sin sjukdom. I desse tilfella skal pleiepengane som hovudregel ikkje bli gradert mot omsorgstilbod.
Du opplyser i søknaden om kva som gjer at du må vere vaken. Viss behovet oppstår etter at du har søkt, kan du skrive ei beskjed til oss.
Leo har ein sjukdom som gjer at han treng pustestøtte på natta. Han er i barnehagen på dagtid. Mor må ha tilsyn med Leo fleire gongar om natta, for å sjå til at alt er i orden med pusten hans. Omfanget av tilsynet gjer at mor sjølv ikkje kan gå på jobb dagen etter, fordi ho treng å sove og kvile ut dei timane Leo er i barnehagen.
I dette tilfellet gjer nattevake at mor ikkje kan gå på jobb, og pleiepengane skal difor ikkje bli gradert mot timane Leo er i omsorgstilbod.
Det er i utgangspunktet ingen tidsavgrensing for kor lenge du kan få pleiepengar, så lenge vilkåra for å få pleiepengar er oppfylt og barnet er under 18 år.
Når du søkjer om pleiepengar, skal legen gje informasjon i ei legeerklæring om kor lenge det er forventa at barnet treng kontinuerleg tilsyn og pleie. Det er ingen maksgrense for kor lenge legen kan bekrefte pleiebehovet, utover legen sin medisinske vurdering av forventa varigheit.
I nokon tilfelle kan du også få pleiepenger for barn over 18 år.
Kor lenge kan du få pleiepengar etter å ha mista eit barn?
Som hovudregel kan du få pleiepengar i opptil 30 dagar (6 veker) viss barnet døyr medan du mottar pleiepengar, eventuelt frå den dagen barnet døydde.
Viss du har mottatt 100 prosent pleiepengar i minst tre år, kan du få pleiepengar i opptil tre månadar etter barnet sin død (12 veker). Det er ei føresetnad at du har hatt 100 prosent pleiepengar samanhengande i dei tre åra. Samanhengande tyder at det ikkje har vore opphald mellom periodane. Det er ikkje å sjå på som opphald viss du har hatt 100% sjukepengar, foreldrepengar, svangerskapspengar, opplæringspengar, omsorgspengar eller lovbestemd ferie mellom periodane med pleiepengar.
Viss du har hatt éin eller fleire periodar med graderte pleiepengar i løpet av dei tre åra, kan du få pleiepengar i opptil 30 dagar (6 veker). Har du til dømes hatt 50 prosent pleiepengar i minst tre år eller meir, får du pleiepengar i 30 dagar etter dødsfallet.
Skal du opphalde deg i utlandet?
Det er eigne reglar for kor lenge du kan få pleiepengar viss du oppheld deg i land utanfor EØS.
Du har ikkje rett til pleiepengar for dei dagane du avviklar ferie. Utbetaling av pleiepengar opphøyrer i ferieperioden og byrjar igjen etter at ferien er avvikla. Feriepengar skal erstatte inntektstapet i perioden du har ferie. Viss du avviklar ferie når du mottar pleiepengar, må du gje beskjed til Nav. Du kan kontakte oss, viss du har spørsmål.
Du skal ikkje gje beskjed til Nav viss du har avtalt med arbeidsgjevar at du får utsett ferie etter ferielova sine føresegner. Spørsmål om ferielova må du rette til Arbeidstilsynet.
Du må som hovudregel opphalde deg i Noreg for å ha rett til pleiepengar. Viss du reiser til utlandet utan at du avviklar ferie, gjeld det eigne reglar for opphald innanfor EU/EØS-området og utanfor EU/EØS-området.
Feriepengar
Du får berre feriepengar for dei fyrste 12 vekene i oppteningsåret. Feriepengane utgjer 10,2 prosent av dei pleiepengane som gjev rett til feriepengar.
Viss du har hatt både pleiepengar og opplæringspengar i same kalenderår, kan du få feriepengar av totalt 12 veker til samen. Det tyder at du får feriepengar berre for dei fyrste 12 vekene, sjølv om du har hatt pleiepengar og opplæringspengar i ei periode som er lenger enn 12 veker.
Viss stønadsperioden går frå eit kalenderår og over i neste kalenderår, vil du i år berre få utbetalt feriepengar av dei dagane du har hatt med pleiepengar førre kalenderår.
Feriepengar for inneverande kalenderår blir utbetalt ved neste års feriepengeutbetaling.
Perioden som blir nytta på utbetaling av feriepengar og som blir vist på utbetalingsmeldinga er 1. til 31. mai i det året dei blir utbetalt.
Omsorgsopptening
Du kan få omsorgsopptening viss du tar deg av små barn. Omsorgsopptening er ei ordning som bidrar til at du kan få høgare pensjon når du blir pensjonist. Det same gjeld viss du tar deg av ein person som er sjuk, eldre eller har ein funksjonsnedsetting.
Andre tilbod
Meir informasjon til deg som
- Tar vare på noen som er syk, skadet eller har en funksjonsnedsettelseDette kan du ha rett til
- Venter eller har nylig fått barnDette kan du ha rett til
- Har ansvar for andres barnDette kan du ha rett til
Søkje, ettersende eller klage
Normalt sender du søknaden med ein gong. Du må søkje innan tre månadar etter at pleiepengeperioden startar. Skal du til dømes ha pleiepengar frå 15. juni, må Nav ha søknaden seinast i løpet av september.
Du brukar same søknad uansett om du skal søkje for fyrste gong, om du skal søkje forlenging, eller på nytt etter eit opphald på 4 veker eller meir.
Når du kjem til søknaden, får du rettleiing undervegs om kva du skal gjere.
Søknad om pleiepengar for sjukt barn
Du bruker same søknad både for pleiepengar for sjukt barn og pleiepengar for ein utviklingshemma person over 18.
Legeerklæring
Legeerklæringa skal vere skriven av sjukehuslege eller lege i spesialisthelsetenesta.
Viss du ikkje har legeerklæring når du søkjer, kan den bli ettersendt til oss.
Inntektsopplysningar
Er du arbeidstakar må arbeidsgjevar sende inntektsmelding når du
- søkjer for fyrste gong
- søkjer på nytt etter eit opphald i pleiepengane på 4 veker eller meir
- søkjer på nytt etter eit opphald på mindre enn 4 veker, og det er endring i inntekta
Er du sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar, treng du ikkje leggje ved dokumentasjon på inntekt.
Får du pengestøtte frå Nav, treng du ikkje leggje ved dokumentasjon på dette.
Kva gjer du når situasjonen er uavklart?
Vi har forst��ing for at situasjonen med eit sjukt barn kan vere uavklart. I utgangspunktet skildrar du kva som er situasjonen no, og så melder du frå om endringar etter kvart som dei kjem.
Det same gjeld viss du ventar på legeerklæring frå spesialisthelsetenesta. Du sender søknaden din, og ettersender legeerklæringa så fort som mogleg.
Viss du sender søknaden din digitalt, får du eit kvitteringsbilete som stadfestar at vi har fått søknaden din. Søknaden vil også vere synleg på Dine pleiepengar etter cirka 15 minutt.
Viss du søkjer på papir, kan det ta nokre dagar før du ser søknaden din.
På Dine Pleiepengar finn du også stadfesting til arbeidsgjevar på at du har søkt om pleiepengar.
Dette skjer vidare i saken din:
- Vi sjekkar om vi har fått legeerklæring frå deg. Viss du ikkje sendte den saman med søknaden din, må du ettersende den til oss så snart du kan.
- Viss du er arbeidstakar, ser vi om arbeidsgjevar har sendt oss inntektsmelding. Den treng vi viss du søkjer for fyrste gong, eller det er meir enn fire veker opphald i perioden med pleiepengar.
- Når vi har fått legeerklæring og inntektsmelding kan vi behandle søknaden din. Vi kontaktar deg viss vi treng fleire opplysningar frå deg.
- Når vi har behandla søknaden din, får du svar i dokumentoversikta på Min side.
- Viss du skal få pleiepengane direkte frå Nav, utbetalar vi innan den 25. i månaden. Viss du skal ha etterbetalt pleiepengar for månadar bakover i tid, er dei vanlegvis på konto innan 5 yrkedagar frå du fekk svar på søknaden.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak. Hugs at vi treng all nødvendig dokumentasjon for å behandle søknaden din.
| Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
|---|---|
| Søknad | 6 veker |
| Internasjonal søknad | 6 månader |
Kan eg påverke saksbehandlingstida?
Saksbehandlingstida er den same for alle søknadar om pleiepengar. Men søknadar som ventar på dokumentasjon tar ofte noko lengre tid. Sjekk difor at vi har fått naudsynt dokumentasjon, slik som legeerklæring frå spesialisthelseteneste. Viss du er arbeidstakar og søkjer for fyrste gong, må vi ha inntektsmelding frå arbeidsgjevaren din.
I tillegg kan saksbehandlingstida bli lengre viss du søkjer for ei periode fram i tid, fordi vi treng oppdaterte opplysningar om inntekt. Dette gjelder særleg fyrste gong du søkjer om pleiepengar eller viss du søkjer etter eit lengre opphald, då inntektsmeldinga tidlegast kan sendes fire veker før du startar perioden med pleiepengar.
Saksbehandlingstida er for tida 6 veker frå vi fekk søknaden din.
Vil du endre på noko?
Sjå avsnittet om endringar du må melde frå om. Der får du ei oversikt over kva du skal melde frå om, dette gjeld også medan du ventar på svar på søknaden.
Arbeidsgjevar må sende inntektsmelding til Nav, den treng vi for å kunne behandle søknaden om pleiepengar. Det er difor viktig at du ber arbeidsgjevar sende inn denne så snart du har søkt om pleiepengar.
Viss du skal søkje pleiepengar på nytt etter eit opphald, treng vi berre inntektsmelding viss det er 4 veker eller meir sidan du hadde pleiepengar sist.
Viss du søkjer om pleiepengar for meir enn 14 dagar, skal arbeidsgjevar også registrere fråværet som lovfesta permisjon i A-ordninga. Du kan sjekke kva som er registrert på deg ved å logge inn på Skatteetaten sine nettsider.
Viss du er borte frå jobben fordi du pleier eit sjukt barn, kan arbeidsgjevaren få ei stadfesting på at du har søkt om pleiepengar. Du får ei stadfesting du kan gje til arbeidsgjevar etter at du har sendt inn søknaden. Denne stadfestar at søknaden er mottatt, kva periode det er søkt for, samt informasjon om at arbeidsgjevar må sende inntektsmelding.
Du får eit vedtak frå Nav når søknaden din er ferdig behandla. Arbeidsgjevar kan ikkje krevje å få sjå vedtaket fordi det inneheld sensitive personopplysningar om barnet. Viss arbeidsgjevar har behov for opplysningar om saken og kva du har fått innvilga, må du og arbeidsgjevar ha ein dialog om dette.
Om du får utbetalt løn frå arbeidsgjevar eller Nav avheng av kva slags avtale som ligg føre mellom deg som tilsett og arbeidsgjevaren din. Dette kan til dømes vere ei tariffavtale, eller anna avtale som er inngått mellom dykk.
Dersom dette ikkje er regulert av ei avtale, kan arbeidsgjevar velje om dei vil forskottere løn eller ikkje. Viss arbeidsgjevar vel å ikkje forskottere løn til deg, får du utbetalt frå Nav. Kontakt arbeidsgjevaren din for å forhøyre deg om kva dei vel å gjere.
Når du søkjer om pleiepengar for sjukt barn, har du ein lovfesta rett til permisjon etter Arbeidsmiljølovens §12-9.
Du finn meir informasjon om retten til permisjon på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du går fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist. Dersom du har spørsmål om vedtaket, kan du kontakte oss.
Anke vedtak
Dersom du er ueinig i svaret på klaga di frå Nav klageinstans, kan du med nokre unntak anke vedtaket. Fristen for å anke står i vedtaket.
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
| Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
|---|---|
| Klage til Nav-eining | 10 veker |
| Klage til Nav klageinstans | 3 månader |
| Anke til Nav klageinstans | 3 månader |
Når du har pleiepengar
Pengane blir utbetalte innan den 25. i månaden.
I utbetalingsoversikta di kan du sjå utbetalinga på kvelden den dagen pengane er utbetalte.
Feriepengane blir utbetalte i mai året etter at feriepengane er opptente.
Arbeidsgjevaren din kan utbetale pleiepengane til deg, og krevje refusjon frå Nav etterpå. Viss arbeidsgjevar ikkje ønskjer å gjere dette, får du utbetalinga direkte frå Nav.
Utbetaling for søknadar som nyleg er behandla
Blir søknaden din innvilga før den 15. i månaden, vert pengane utbetalt innan den 25. same månad.
Dersom søknaden vert innvilga etter den 15. i månaden eller du får innvilga for månadar bakover i tid, vil etterbetalinga vanlegvis vere på konto innan 5 dagar frå du fekk svar på søknaden.
Dersom søknaden vert innvilga før 6. desember, blir pengane utbetalt den 12. desember. Søknadar som vert innvilga etter 6. desember, blir utbetalt innan 5 dagar.
Skatt
Det blir trekt skatt av pengane.
Før jul er det ikkje skattetrekk på utbetalingar for veke 47/48 eller 48/49, så lenge pengane blir utbetalte same år. Etterbetalingar har vanleg skattetrekk.
Dersom du betaler Svalbardskatt, er det vanleg skattetrekk før jul.
Når du pleier fleire barn samstundes, treng du vanlegvis ikkje å søkje pleiepengar for alle barna. Dette er fordi du maks kan få opptil 100 prosent pleiepengar. Viss du får fulle pleiepengar for eitt av barna, har du allereie maksimalt av det du kan få i pleiepengar.
Av same grunn er det heller ikkje naudsynt å søkje pleiepengar for begge tvillingane i høve fødsel.
Men, i nokon situasjonar kan det vere naudsynt å søkje for fleire barn:
Viss ein annan omsorgsperson skal overta pleia heilt eller delvis for eit barn fordi du skal pleie eit anna barn, må du søkje pleiepengar for barnet du no skal pleie. Den andre omsorgspersonen må søkje pleiepengar for barnet den skal overta pleia av. Viss de skal dele på å pleie fleire barn, kan de søkje om pleiepengar for same periode.
Gje oss beskjed om kor mykje pleiepengar de skal ha for kvart barn i perioden de pleier fleire.
Døme: Du har ei god stund mottatt pleiepengar for dottera di. No skal den andre forelderen overta pleia for ho, fordi du skal vere saman med sonen din gjennom eit sjukehusopphald. Viss du skal pleie sonen din 100% i perioden, sender du ein søknad for han. Den andre forelderen søkjer om pleiepengar for dottera. Du kan seinare søkje om vidare pleiepengar for dottera di.
Viss du har fleire sjuke barn som er i omsorgstilbod på ulike tidspunkt, må du søkje pleiepengar for alle barna. Dette er viktig for at du ikkje skal få mindre i pleiepengar.
Døme: Du pleier både dottera og sonen din. Du har søkt pleiepengar berre for dottera di, som er på skulen 4 timar kvar dag. I dette tilfellet vil pleiepengane dine bli redusert (gradert) for dei 4 timane ho er på skulen. Viss du skiftar på kva for eit av barna du pleier medan det andre barnet er i eit omsorgstilbod, kan du søkje pleiepengar for begge barna.
Viss du har pleiepengar no, blir beløpet rekna ut basert på løna du hadde ved fyrste dag med pleiepengar. Viss du har hatt lønsauke som arbeidstakar sidan då, kan pleiepengane for eit nytt barn bli rekna ut basert på den nye løna.
Døme: Du har fått pleiepengar i 3 år for dottera di som er langvarig sjuk. No treng også sonen din kontinuerleg tilsyn og pleie. Fordi du har hatt lønsauke sidan du fekk pleiepengar for det fyrste barnet, kan du få eit høgare grunnlag for pleiepengane til det andre barnet.
Vi vil vurdere retten til pleiepengar for kvart barn du søkjer for.
Slik søkjer du pleiepengar for fleire barn:
- Send éin søknad per barn: Du må sende ein separat søknad for kvart barn du pleier.
- Legg ved legeerklæring: For kvart barn du søkjer pleiepengar for, må du leggje ved ei legeerklæring som gjeld det barnet. Viss du søkjer pleiepengar for fleire barn, må legen skrive ei legeerklæring per barn. Dette er for å ta vare på personvernet til kvart barn.
- Oppgje total arbeidstid: Når du fyller ut søknaden, skal du oppgje det totale talet på timar du jobbar. Du skal ikkje fordele arbeidstida mellom søknadane.
- Inntektsmeldingar frå arbeidsgjevar: Arbeidsgjevar kan bli bedt om å sende inntektsmeldingar tilsvarande tal på søknader du har sendt. Til dømes, viss du har sendt to søknadar, kan arbeidsgjevar bli bedt om å sende to inntektsmeldingar.
Når du får ny inntekt medan du mottar pleiepengar, kan dette påverke kor mykje du får utbetalt frå Nav. Ny inntekt kan til dømes komme frå eit nytt arbeidsforhold, at du startar opp som sjølvstendig næringsdrivande eller tar oppdrag som frilansar.
Omsorgsstønad og fosterheimsgodtgjersle blir utbetalt og skattlagt som frilansinntekt. Det tyder at både omsorgsstønad og fosterheimsgodtgjersle påverkar kor mykje pleiepengar du kan få utbetalt.
Pleiepengane skal dekkje den inntekta du hadde då du starta med pleiepengane. Når du får ny inntekt, får du eit lågare inntektstap, og Nav skal difor vurdere å redusere utbetalinga av pleiepengar.
Fordi pleiepengane skal dekkje inntekta du hadde når du starta med pleiepengar, må vi sjå på kor mykje av inntektstapet som er dekt av den nye inntekta. Vi reduserer det du får utbetalt i pleiepengar, slik at inntekta og pleiepengane til saman dekkjer inntektstapet ditt.
Døme:
Kari hadde ei inntekt på 500 000,- då ho søkte om pleiepengar fyrste gongen. Medan ho får pleiepengar får ho ei ny inntekt som på årsbasis utgjer 100 000,-. Den nye inntekta til Kari svarar til 20% av inntektstapet som pleiepengane skal dekkje (100 000/(500 000/100)=20). Nav utbetaler difor 80% av den opphavlege dagsatsen på pleiepengar.
Viss du har inntekt over 6G blir pleiepengane redusert på same måte. Det vil si at vi ser kor mange prosent den nye inntekta dekkjer av den opphavlege årsinntekta du hadde når du starta med pleiepengar. Dagsatsen blir redusert med same prosent, sjølv om den ikkje dekte inntekta du hadde over 6G.
Delvis jobb hos opphavleg arbeidsgjevar
Nokon får graderte pleiepengar for arbeidsforhold dei har fått utrekna pleiepengar for, og samstundes får dei ei ny inntekt. Då vil pleiepengane bli gradert mot inntekt viss dette gjev lågare gradering enn det ein får mot arbeid.
Døme:
Du har fått ei ny inntekt ved sidan av pleiepengane som dekkjer 40% av den inntekta du hadde når du starta med pleiepengar. Viss du jobbar 50% i den opphavlege jobben din, vil du ha lågaste uttaksgrad på 40% på grunn av ny inntekt. Du får då 40% pleiepengar. Viss du derimot jobbar 70%, så vil graderinga mot arbeidstid bli 30% som er lågare enn det den nye inntekta medføra. Du får då 30% pleiepengar.
Når fleire omsorgspersonar skal ha pleiepengar
Viss pleiepengane dine blir gradert mot ny inntekt, er det denne graderinga som styrer kor mykje som er tilgjengeleg for ein annan omsorgsperson. Det er difor som hovudregel den prosenten du får oppgjeve i vedtaket som avgjer kor mykje som er tilgjengeleg for andre søkjarar.
Gradering mot inntekt kan i enkelte tilfelle medføre ei pleiepengegrad som er lågare enn 20%. Reglane for samstundes bruk av pleiepengar tilseier at ein må ha minst 20% pleiepengar. Viss pleiepengegraden di er lågare enn 20% på grunn av ny inntekt, vil du difor likevel bli rekna som å bruke 20% av tilgjengeleg uttak. Det er då inntil 80% pleiepengar tilgjengeleg for andre omsorgspersonar.
Ny inntekt er høgare enn den inntekta pleiepengane skal dekkje
Viss den nye inntekt di er høgare enn det du har rett til i pleiepengar, vil du ikkje ha rett til å få utbetalt pleiepengar.
Denne reduksjonen blir gjort uavhengig av om du får pleiepengar utbetalt direkte frå Nav, eller om du får pleiepengane utbetalt som løn frå arbeidsgjevar. Viss arbeidsgjevaren din forskoterer løn, må du difor informere om at refusjonen frå Nav kan bli redusert.
Pleiepengane skal dekkje det inntektstapet du hadde då du starta med pleiepengar. Det tyder at du ikkje kan få rekna med den nye inntekta, slik som lønsauke eller ny inntekt frå ny jobb, i ein samanhengande periode med pleiepengar.
Viss du har opphald frå pleiepengar på minst fire veker, skal Nav gjere ei ny fastsetting av pleiepengane. Vi kan også vurdere ny fastsetting ved kortare opphald i pleiepengane, viss du har vore tilbake på jobb og fått ei varig endring i inntekta di.
For nokon kan det løne seg å stanse pleiepengane, gå tilbake i jobb og søkje om ny periode. Men ver merksam på at det også er ein risiko når du stansar perioden med pleiepengar:
- Viss du ikkje har arbeidsforholdet som pleiepengane er fastsett etter lengre, vil du ikkje få rekna med inntekta du hadde i den nye perioden med pleiepengar. Då vurderer vi retten til pleiepengar ut frå den nye arbeids- og inntektssituasjonen din.
- Ved å stanse ei løpande periode med pleiepengar og sende ny søknad, gjer Nav ei heilskapsvurdering for om du har rett til pleiepengar. Det tyder at vi også må vurdere om barnet framleis har behov for kontinuerleg tilsyn og pleie.
Du må sjølv vurdere om du ønskjer å ha eit opphald i pleiepengane for å få vurdert ei ny fastsetting.
Du må sende ei melding til oss viss du får ny inntekt, der du informerer om kor du får ny inntekt frå og kor mykje du forventar å tene framover.
Du kan fint studere medan du mottar pleiepengar, men studiar og utbetalingar frå Lånekassen gjev ikkje rett til pleiepengar.
Viss du har ein jobb i tillegg til studiane, kan du søkje pleiepengar basert på fråværet i denne jobben.
Viss studiane gjer at du ikkje pleier barnet i periodar du har søkt om pleiepengar må du gje beskjed til Nav.
Viss barnet du mottar pleiepengar for døyr, får vi beskjed om det frå folkeregisteret. Du treng ikkje gje beskjed til oss. Du treng heller ikkje søkje om å behalde pleiepengar etter barnet sitt dødsfall, men du må gje beskjed viss du ikkje ønskjer dette eller viss du vil jobbe litt i perioden etter dødsfallet.
Du kan også ha rett til pleiepengar frå den dagen barnet døydde, viss vilkåra for pleiepengar var oppfylt i tida før dødsfallet.
Viss du skal reise til eit land utanfor EØS må du gje beskjed til Nav.
Du må gje beskjed fordi vi må vite:
- Om du er saman med barnet i tida du reiser
- Kva land de skal reise til
- I kva periode de skal vere i utlandet
- Om du skal avvikle ferie
Når du reiser utanfor EØS og retten din til pleiepengar er oppfylt i perioden, kan du motta pleiepengar i opptil 8 veker i løpet av ein periode på 12 månadar.
Du melder frå ved å skrive ei beskjed til oss, eller ved å ringe 55 55 33 33.
Her finn du ei oversikt over endringar du må melde frå om når du har pleiepengar.
Bruk endringsmeldinga for å melde frå om du skal
- jobbe meir eller mindre i perioden du har pleiepengar.
- ha ferie, eller endre den.
Du kan gjere endringar i opptil 3 månadar tilbake i tid, og opptil 12 månadar fram i tid.
Viss endringa gjeld utanfor denne tidsramma må du melde frå. Det same gjeld viss du er sjølvstendig næringsdrivande eller har pleiepengar for fleire barn.
Når du har endringar i arbeidsforholda dine, må Nav få beskjed.
Viss du har avslutta eit arbeidsforhold som arbeidstakar, må arbeidsgjevar registrere arbeidsforholdet som avslutta i Aa-registeret.
Andre endringar, til dømes i stillingsprosent, melder du til oss her:
Viss du har fått ny inntekt i tillegg til pleiepengane, melder du frå om forventa ny inntekt. Det kan til dømes vere at du skal prøve å jobbe for ein ny arbeidsgjevar, har starta eiga næring eller har fått innvilga omsorgsstønad frå kommunen.
Viss tida barnet oppheld seg i omsorgstilbodet endrar seg fast og regelmessig, sender du ei beskjed om endringa. Du treng ikkje sende noko beskjed viss barnet er sporadisk i omsorgstilbodet.
Andre endringar
Du må også melde frå når
- barnet ikkje lenger har behov for kontinuerleg omsorg og pleie på grunn av sjukdom.
- du har behov for kortare periode med pleiepengar.
- du vil endre kor mange prosent pleiepengar du skal ha.
- behovet for nattevake og/eller beredskap endrar seg.
- du skal reise til eit land utanfor EØS.
- omsorga for barnet er overført til andre, heilt eller delvis.
Viss du treng meir rettleiing, kan du ringe oss på 55 55 33 33.
Oppdatert 12.11.2025
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope
Skriv til oss
Still oss eit spørsmål og få skriftleg svar.
Svartida er 2 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.