Pengestøtte — For legar og tannlegar eller andre behandlarar
Pleiepengar for sjukt barn
Når ein må vere borte frå jobb for å pleie og ta vare på eit barn som er, eller har vore, innlagd eller til behandling på sjukehus.
Det finst også informasjon om pleiepengar for sjukt barn til privatpersonar og arbeidsgjevarar.
Kven er det aktuelt for?
For å få pleiepengar for sjukt barn gjeld desse punkta:
For å ha rett til pleiepengar må barnet ditt ha behov for kontinuerleg tilsyn og pleie på grunn av sjukdom.
Det kan vere somatiske og psykiske sjukdomar, personskadar eller medfødde tilstandar. Rett til pleiepengar er ikkje knytt til visse diagnosar, og det er ikkje krav om at barnet har fått ei diagnose.
For å få pleiepengar må det vere ein samanheng mellom sjukdom og barnet sitt pleiebehov. Det vil si at behovet for pleie må vere ut over det som er normalt, slik at barnet på grunn av sjukdom ikkje kan overlatast til seg sjølv. Pleiebehovet må også vere kontinuerleg gjennom heile dagen, og ikkje berre knytt til visse situasjonar når barnet treng ekstra støtte.
Du kan også ha rett til pleiepengar frå den dagen barnet døydde, viss vilkåra for pleiepengar var oppfylt i tida før dødsfallet.
Vi vurderer barnet sitt pleiebehov når du søkjer om pleiepengar. Difor er det viktig at legen skildrar barnet sitt pleiebehov i legeerklæringa. Det er berre legar i spesialisthelsetenesta som kan skrive ei slik legeerklæring.
Pleiepengar når barnet er innlagd
Viss barnet er innlagd på sjukehus, har du som hovudregel rett til pleiepengar når du må vere borte frå jobb for å vere saman med barnet. Dette gjeld også for barn som ikkje formelt er utskriven frå sjukehuset, men som har heimesjukehus eller oppfølging frå nyføddavdelinga si ambulerande sjukepleieteneste (NAST) i heimen.
Kven kan verte rekna som omsorgsperson?
For å ha rett til pleiepengar må du vere ein del av den daglege omsorga for barnet. Dette vil ofte vere foreldra til barnet. Fosterforeldre og steforeldre kan også ha den daglege omsorga for barnet, slik at dei kan ha rett til pleiepengar. Viss andre omsorgspersonar har regelmessig dagleg omsorg for barnet, kan dei også ha rett til pleiepengar.
For å ha rett til pleiepengar, må du ha jobba minst fire veker før du starta perioden med pleiepengar.
Unntak når du ikkje har jobba fire veker
Periodar med desse pengestøttene kan likestillast med jobb:
- Sjukepengar
- Dagpengar
- Foreldre- og svangerskapspengar
- Pleie-, opplærings- og omsorgspengar
Det tyder at du kan ha rett til pleiepengar viss du har fått minst éin av desse pengestøttene i løpet av dei siste fire vekene før du søkjer om pleiepengar.
Vi kan også gjere unntak viss du har vore i ulønt permisjon i inntil 12 månadar etter foreldrepengeperioden. Eller viss du har hatt andre lovfesta permisjonar etter Arbeidsmiljølova §§12-1 til 12-5. Du må også ha avtalt med arbeidsgjevar når du skal tilbake i jobb etter permisjonen. Du kan lese meir om permisjonar på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Viss du er i permisjon i perioden du søkjer om pleiepengar, kan pleiepengane bli utbetalt med 65% av utrekna inntekt.
Får du arbeidsavklaringspengar?
Arbeidsavklaringspengar gjev ikkje rett til pleiepengar. Men, viss du kombinerer arbeidsavklaringspengane med jobb, kan du søkje om pleiepengar viss du må vere borte frå jobb for å gje pleie.
For å ha rett til pleiepengar, må du ha fråvær frå jobb på grunn av pleie slik at du mistar arbeidsinntekt.
Det er fleire punkt som må vere oppfylt:
- Du har ei årsinntekt som er minst 65 080 kroner (halvparten av folketrygda sitt grunnbeløp).
- Arbeidstida eller inntekta di er redusert med minst 20%
- Du er under 70 år
Bur du i Noreg er du vanlegvis medlem av folketrygda.
Når eit nyfødd barn er innlagd på sjukehus, har begge foreldra som hovudregel rett til pleiepengar i heile perioden barnet er innlagd. Dette gjeld uavhengig av sjukdomen sin alvorsgrad. Det er eit krav at begge foreldra er til stade på sjukehuset.
Barnet blir også rekna som innlagd viss det får behandling og oppfølging i heimesjukehus, eller får heimebesøk av nyføddavdelinga si ambulerande sjukepleieteneste (NAST).
Det blir ikkje gjeve pleiepengar for å ta vare på andre, friske barn.
Foreldre til nyfødde kan få pleiepengar og foreldrepengar samstundes. Viss til dømes mor får foreldrepengar etter at barnet er skriven ut frå sjukehuset, kan far søkje om å få pleiepengar for same periode. Det er eit vilkår at barnet må ha behov for kontinuerleg tilsyn og pleie på grunn av sjukdom.
Viss barnet ein person mottar pleiepengar for døyr, får vi beskjed om det frå folkeregisteret. Omsorgspersonen treng altså ikkje kontakte oss i samband med dette. Sosionomar eller legar kan kontakte oss for å melde frå om dødsfall utan fullmakt.
Personen som mottar pleiepengar treng ikkje søkje om å behalde pleiepengar etter barnet sitt dødsfall.
Som hovudregel kan ein få pleiepengar i opptil 30 dagar (6 veker) viss barnet døyr medan ein mottar pleiepengar.
Når ein person har mottatt 100 prosent pleiepengar i minst tre år, kan ein få pleiepengar i opptil tre månadar etter barnet sin død (12 veker). Det er ein føresetnad at personen har hatt 100 prosent pleiepengar samanhengande i dei tre åra. Samanhengande tyder at det ikkje har vore opphald mellom ulike periodar. Det blir ikkje sett på som opphald om ein har hatt sjukepengar, foreldrepengar, svangerskapspengar, opplæringspengar, omsorgspengar eller lovbestemd ferie mellom periodar ein har hatt pleiepengar.
Viss personen har hatt ein eller fleire periodar med graderte pleiepengar i løpet av dei tre åra, kan ein få pleiepengar i opptil 30 dagar (6 veker). Har personen til dømes hatt 50 prosent pleiepengar i minst tre år eller meir, får ein pleiepengar i 30 dagar etter dødsfallet.
Dersom personen har arbeidsinntekt i perioden ein har pleiepengar, blir pleiepengane gradert mot arbeidsinntekta.
Legen si rolle
Kven kan skrive legeerklæringa?
Legeerklæringa skal vere skriven av ein sjukehuslege, eller ein lege i spesialisthelsetenesta.
Dette tyder til dømes at ein fastlege eller ein psykolog ikkje kan underteikne erklæringa. Det same gjeld legar ved den kommunale legevakta.
Varigheit på legeerklæringa
Legen set ein dato så langt fram i tid som du forventar at barnet har behov for kontinuerleg tilsyn og pleie. Viss du er usikker på varigheita, set du ein dato så langt fram i tid som du er sikker på no.
Legen sin vurdering av barnet sin tilstand
Legen må gje sin vurdering av barnet sin noverande tilstand og funksjonsnivå. I tillegg må du gje ei vurdering av forventa tilstand i perioden barnet har behov for tilsyn og pleie.
Gje ei konkret skildring av barnet sitt tilsyns- og pleiebehov. Dette kan til dømes vere ei skildring av kva barnet treng hjelp til, og omsorgspersonen sin rolle i pleia. Det bør skildrast om barnet har større tilsyns- og pleiebehov enn andre barn på same alder, og om behovet skuldast sjukdom eller skade.
Du må også gje ei vurdering av om barnet har behov for tilsyn og pleie heile tida, eller om behovet kun gjeld enkelte situasjonar eller delar av dagen. Viss det er behov for at to omsorgspersonar pleia eller har tilsyn med barnet i same tidsrom, må dette behovet skildrast.
Viss barnet er under oppfølging av BUP, kan i tillegg Children’s Global Assessment Scale (CGAS) nyttast for å skildre barnet sitt funksjonsnivå.
Diagnosekode
Bruk kodane frå ICD-10 viss det er set ei diagnose. Viss barnet er under utgreiing og det ikkje er fastsett nokon diagnose, treng du ikkje skrive noko når dette blir etterspurd i legeerklæringa.
Det er omsorgspersonen som pleier barnet som har dialogen med lege om behov for legeerklæring, den blir ikkje innhenta direkte frå Nav. Legeerklæringa kan kun innehalde opplysningar om eit barn på grunn av personvern. Blir det søkt pleiepengar for fleire barn må det skrivast ei legeerklæring per barn. Legeerklæring for pleiepengar gjev ikkje L-takst.
Kor finn eg legeerklæringa?
Legeerklæringa ligg tilgjengeleg i journalsystemet.
Du kan også hente erklæringa her:
Når du har skrive legeerklæringa gjev du den til omsorgspersonen som skal søkje om pleiepengar. Søkjer tar eit bilete av legeerklæringa og lastar den opp digitalt når han eller ho søkjer om pleiepengar via nav.no. Viss søkjer ikkje kan søkje digitalt, legg ein legeerklæringa saman med papirsøknaden som blir sendt i posten.
Legeerklæringa har også fått ein QR-kode som søkjer kan skanne med mobilen for å komme direkte til den digitale søknaden.
Viss du skal sende legeerklæringa på vegner av den som pleier barnet, kan du sende den med ei fyrsteside for innsending til Nav Skanning. Du får fyrstesida når du hentar skjemaet frå nav.no. Du må då bruke fødselsnummeret til den som skal søkje om pleiepengar, slik at den kjem til riktig sak hos Nav.
Viss du ringer til Nav for å hjelpe ein person som har søkt pleiepengar må det liggje føre ei fullmakt.
Ei fullmakt må vere underteikna av personen du ringer for, og skildre
- kven som skal få opplysningar (fullt namn, fødselsdato evt. bedriftsnummer)
- kva opplysningar som skal bli utlevert
- kva for ein periode opplysningane er relatert til, og kva opplysningane skal bli brukt til
Viss det er fleire behandlarar som følgjer opp personen og skal ha innsyn, må alle desse ha samtykke. Det held ikkje med ei samtykkeerklæring kor det til dømes står avdelingsnamn på institusjonen.
Skriftleg fullmakt via nav.no
Personen kan gje deg fullmakt ved å logge inn på nav.no.
Munnleg fullmakt
Dersom du ringer saman med personen, kan han eller ho gje munnleg fullmakt per telefon. Fullmakta vil berre gjelde for den aktuelle samtala.
Treng ikkje fullmakt for å melde frå om dødsfall
Viss ein person mottar pleiepengar, og barnet ein mottar pleiepengar for døyr, kan sosionomar og legar melde frå om dødsfallet til oss utan fullmakt.
Oppdatert 21.08.2025
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope