Pengestøtte til ansatt og Refusjon — For arbeidsgjevarar
Pleiepengar for sjukt barn
Sikrar inntekt for ein tilsett som må vere borte frå jobb for å pleie eit pleietrengande barn.
Det finst også informasjon om pleiepengar for sjukt barn til privatpersonar og legar og tannlegar eller andre behandlarar.
Kven er det aktuelt for?
For å få pleiepengar gjeld alle desse punkta:
For å ha rett til pleiepengar må barnet ditt ha behov for kontinuerleg tilsyn og pleie på grunn av sjukdom.
Det kan vere somatiske og psykiske sjukdomar, personskadar eller medfødde tilstandar. Rett til pleiepengar er ikkje knytt til visse diagnosar, og det er ikkje krav om at barnet har fått ei diagnose.
For å få pleiepengar må det vere ein samanheng mellom sjukdom og barnet sitt pleiebehov. Det vil si at behovet for pleie må vere ut over det som er normalt, slik at barnet på grunn av sjukdom ikkje kan overlatast til seg sjølv. Pleiebehovet må også vere kontinuerleg gjennom heile dagen, og ikkje berre knytt til visse situasjonar når barnet treng ekstra støtte.
Du kan også ha rett til pleiepengar frå den dagen barnet døydde, viss vilkåra for pleiepengar var oppfylt i tida før dødsfallet.
Vi vurderer barnet sitt pleiebehov når du søkjer om pleiepengar. Difor er det viktig at legen skildrar barnet sitt pleiebehov i legeerklæringa. Det er berre legar i spesialisthelsetenesta som kan skrive ei slik legeerklæring.
Pleiepengar når barnet er innlagd
Viss barnet er innlagd på sjukehus, har du som hovudregel rett til pleiepengar når du må vere borte frå jobb for å vere saman med barnet. Dette gjeld også for barn som ikkje formelt er utskriven frå sjukehuset, men som har heimesjukehus eller oppfølging frå nyføddavdelinga si ambulerande sjukepleieteneste (NAST) i heimen.
Kven kan verte rekna som omsorgsperson?
For å ha rett til pleiepengar må du vere ein del av den daglege omsorga for barnet. Dette vil ofte vere foreldra til barnet. Fosterforeldre og steforeldre kan også ha den daglege omsorga for barnet, slik at dei kan ha rett til pleiepengar. Viss andre omsorgspersonar har regelmessig dagleg omsorg for barnet, kan dei også ha rett til pleiepengar.
For å ha rett til pleiepengar, må du ha jobba minst fire veker før du starta perioden med pleiepengar.
Unntak når du ikkje har jobba fire veker
Periodar med desse pengestøttene kan likestillast med jobb:
- Sjukepengar
- Dagpengar
- Foreldre- og svangerskapspengar
- Pleie-, opplærings- og omsorgspengar
Det tyder at du kan ha rett til pleiepengar viss du har fått minst éin av desse pengestøttene i løpet av dei siste fire vekene før du søkjer om pleiepengar.
Vi kan også gjere unntak viss du har vore i ulønt permisjon i inntil 12 månadar etter foreldrepengeperioden. Eller viss du har hatt andre lovfesta permisjonar etter Arbeidsmiljølova §§12-1 til 12-5. Du må også ha avtalt med arbeidsgjevar når du skal tilbake i jobb etter permisjonen. Du kan lese meir om permisjonar på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Viss du er i permisjon i perioden du søkjer om pleiepengar, kan pleiepengane bli utbetalt med 65% av utrekna inntekt.
Får du arbeidsavklaringspengar?
Arbeidsavklaringspengar gjev ikkje rett til pleiepengar. Men, viss du kombinerer arbeidsavklaringspengane med jobb, kan du søkje om pleiepengar viss du må vere borte frå jobb for å gje pleie.
For å ha rett til pleiepengar, må du ha fråvær frå jobb på grunn av pleie slik at du mistar arbeidsinntekt.
Det er fleire punkt som må vere oppfylt:
- Du har ei årsinntekt som er minst 65 080 kroner (halvparten av folketrygda sitt grunnbeløp).
- Arbeidstida eller inntekta di er redusert med minst 20%
- Du er under 70 år
Bur du i Noreg er du vanlegvis medlem av folketrygda.
Kva kan ein få?
Pleiepengar blir rekna ut på same måte som sjukepengar og utgjer 100 prosent av sjukepengegrunnlaget.
Når Nav refunderer pleiepengar utbetaler vi 100 prosent av grunnlaget, som maksimalt kan vere 6 gongar grunnbeløpet (6G). Dette svarar til 780 960 kroner. Grunnlaget blir rekna om til ein dagsats ved å dele utrekna årsinntekt på 260 dagar. Dette gjeld uavhengig av kor mange arbeidsdagar arbeidstakaren har i løpet av eit år.
Døme på utrekning:
Slik reknar vi ut dagsatsen til ein arbeidstakar med gjennomsnittleg månadsinntekt på brutto 17 000 kroner dei tre siste månadane:
- Dette svarar til ei årsinntekt på 204 000 kroner
- Utrekna årsinntekt blir delt på 260
- Nav vil utbetale med ein dagsats på 785 kroner
Graderte pleiepengar
Pleiepengane kan bli gradert i 3 ulike situasjonar, dette er når
- barnet er fast og regelmessig i eit omsorgstilbod
- arbeidstakar skal jobbe i perioden med pleiepengar
- to omsorgspersonar skal dele på å pleie barnet
Av og til kan det vere ein kombinasjon av desse 3 situasjonane.
Når den tilsette avviklar ferie, har han eller ho ikkje rett til pleiepengar. Den tilsette skal sjølv informere Nav om ferien, og utbetalinga av pleiepengar vil stanse i perioden den tilsette avviklar ferie.
Viss de har avtalt at den tilsette skal få utsetje ferien, kan Nav likevel utbetale pleiepengar. Du finn informasjon om reglane for ferie på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Viss barnet vart sjukt eller skada i den tilsette sin ferie, kan den tilsette søkje om pleiepengar.
Feriepengar
Nav utbetalar feriepengar for dei fyrste 12 vekene med pleie- og opplæringspengar i kalenderåret per barn. Feriepengar utgjer 10,2% av utbetalte pleiepengar.
Feriepengane blir utbetalet i slutten av mai året etter. Viss du har forskottert løn til den tilsette og fått refusjon av pleiepengar, vil du som arbeidsgjevar også få utbetalt feriepengane som refusjon.
Andre tilbod
Meir informasjon når
- Ansatt har sykdom i familienHva arbeidsgivere må vite
Arbeidsgjevar si rolle
Du som arbeidsgjevar må sende inntektsmelding til Nav, den treng vi for å behandle søknaden om pleiepengar.
Inntektsmelding skal ein sende så snart som mogleg etter at den tilsette har sendt inn søknaden sin, men ikkje tidlegare enn 4 veker før fyrste dag med pleiepengar.
Vi må alltid ha inntektsmelding når den tilsette
- søkjer for fyrste gong
- søkjer på nytt etter eit opphald i pleiepengane på 4 veker eller meir
- søkjer på nytt etter eit opphald på mindre enn 4 veker, og det er ei varig endring i inntekta
Viss den tilsette har søkt om pleiepengar for meir enn 14 dagar, skal du også registrere fråværet som lovfesta permisjon i A-meldinga.
Kan eg be om stadfesting på at den tilsette får pleiepengar frå Nav?
Viss du treng ei stadfesting på at den tilsette har søkt pleiepengar, kan du be om det frå den tilsette. Den tilsette finn eigen stadfesting til arbeidsgjevar ved å logge inn på nav.no.
Staffestinga informerer om kva periode den tilsette har søkt om pleiepengar. Den seier ikkje noko om kor mange prosent pleiepengar den tilsette søkjer, fordi pleiepengar kan også bli gradert mot omsorgstilbod, ny inntekt og anna omsorgsperson. Vi vurderer difor dette når vi behandler søknaden.
Du kan ikkje krevje å sjå legeerklæringa som den tilsette sender inn til Nav. Dette er fordi legeerklæringa inneheld sensitive opplysningar om barnet.
Når søknaden er ferdig behandla får den tilsette eit vedtak frå Nav. Du kan ikkje krevje å få sjå vedtaket fordi det kan innehalde sensitive personopplysningar. Viss du har behov for opplysningar om saken, til dømes om kor mykje pleiepengar som er innvilga, må du ha dialog med arbeidstakaren din.
Du har ikkje plikt til å følgje opp tilsette som har fråvær på grunn av pleie og omsorg for sjuke barn, slik som du har ved tilsette med redusert arbeidsevne på grunn av eigen sjukdom eller skade. Det tyder at du ikkje skal utarbeide ein oppfølgingsplan eller ha dialogmøter med Nav.
Inntektsmelding er skjema som arbeidsgjevar må sende til Nav når ein tilsett søkjer om pleiepengar. Meldinga gjev Nav informasjon som vi treng for å behandle søknaden om pleiepengar, blant anna opplysningar om inntekt og fråvær.
Inntektsmelding skal ein sende så snart som mogleg etter at den tilsette har sendt inn søknaden sin, men ikkje tidlegare enn 4 veker før fyrste dag med pleiepengar.
Når den tilsette har sendt søknad om pleiepengar, vil du få ei oppgåve om å sende inntektsmelding på Min side - arbeidsgjevar. Dette er ei ny løysing for inntektsmelding som blei lansert 30. januar 2025.
Viss den tilsette søkjer om pleiepengar for fleire barn, treng vi ei inntektsmelding per sak. Du kan difor få varsel om å sende inn fleire inntektsmeldingar.
Sjølv om Nav varslar om at vi har fått ein søknad, må du som arbeidsgjevar ha dialog med den tilsette om kor lenge den tilsette skal ha permisjon. Det same gjeld dialog viss den tilsette vil kombinere pleiepengane med jobb.
Les meir om korleis du brukar den nye inntektsmelding:
Når vi får søknad frå den tilsette, vil du få varsel om å sende inntektsmelding frå Min side - arbeidsgjevar. Varselet blir sendt på e-post/SMS til dei som er registrert som varslingsmottakar i Altinn. Her kan du lese meir om kven som får tilgang til inntektsmeldinga.
Viss den tilsette har søkt for ei periode fram i tid, får du tidlegast varsel om å sende inntektsmeldinga fire veker før fyrste fråværsdag.
Nokre gongar kan du få varsel om å sende inntektsmelding, men seinare står oppgåva som "utgått" på Min side - arbeidsgjevar. Dette skjer som regel på grunn av endringar i saka, som gjer at vi ikkje treng inntektsmeldinga lenger. Du kan avklare med den tilsette kva som er status for søknaden.
Inntektsmeldinga foreslår ei utrekna månadsløn ut frå registrert inntekt i A-ordninga. Det er du som arbeidsgjevar som må vurdere om dette er riktig inntekt, eller om du bør korrigere den.
Du må vanlegvis endre den foreslåtte inntekta viss:
- den tilsette har hatt lovleg fråvær utan løn som har gjeve trekk i lønsutbetaling
- den tilsette har endra stillingsprosent
- den tilsette har hatt varig lønsendring
Viss du endrar den foreslåtte månadsløna, må du oppgje ei årsak til kvifor du endrar. Nokon av endringsårsakene krev også at du oppgjev periode for endringa, til dømes viss den tilsette har hatt ferie eller har vore permittert.
Viss de utbetalar løn som vanleg, og krev refusjon, så informerer du om dette i inntektsmeldinga. Nav vil då utbetale stønaden direkte til dykk, basert på kontonummer dykk har registrert i Altinn.
Det er viktig at de har kontakt med den tilsette om status på søknaden, og har løpande dialog om eventuelle endringar som påverkar refusjonen. Viss den tilsette melder om endringar i periode eller uttak, eller får avslag på søknaden, vil slike vedtak berre bli sendt til den tilsette.
I inntektsmeldinga kan de leggje inn periodar med ulike beløp for refusjonen. Det er aktuelt viss de betaler ulik løn i perioden, og viss de skal ha periodar med og utan refusjon. For periodar utan refusjon, skriv de inn 0,- som refusjonsbeløp.
Du kan finne den innsendte inntektsmeldinga i saksoversikta på Min side - arbeidsgjevar.
Når du finn inntektsmeldinga, kan du trykkje deg inn på oppgåva og velje "endre", for å korrigere opplysningane du la inn sist. Viss du har sendt inn inntektsmelding via Altinn eller løns- og personalsystem, vil du ikkje sjå opplysningane du sendte inn. Men, du kan hente opp den førehandsutfylte versjonen frå Nav, og tilpasse opplysningane i den for å sende endring.
Endre inntekt
Viss den tilsette har ei endring i inntekta si, skal du berre endre inntekta viss den nye inntekta var aktuell ved fyrste fråværsdag. Endringar i inntekt etter denne dagen påverkar ikkje utrekninga hos Nav. Du må likevel vurdere om du vil endre i refusjonen, viss det har vore varig lønsendring.
Endre refusjon
Merk at viss du skal gjere endringar i refusjon, må du behalde refusjonsperiodar tilbake frå fyrste fråværsdag. Viss du skal starte eller stanse refusjon, må du difor leggje dette inn som ei periode med 0,- i refusjon, framfor å velje at det ikkje er refusjon.
I nokre tilfelle må du framleis bruke den gamle inntektsmeldinga i Altinn.
Det gjeld når:
- du har sendt ei inntektsmelding frå Altinn/LPS med arbeidsforholdsID, og skal endre denne.
- den tilsette har fleire arbeidsforhold hos same arbeidsgjevar
- de får ein nytilsett som allereie har vedtak, og de skal ha refusjon.
- de er unntatt registrering i Aa-reg., dvs. ambassadepersonell, fiskarar og utanlandske arbeidstakarar.
Her finn du nyttig informasjon om korleis du fyller ut og eventuelt endrar inntektsmeldinga.
Viss den tilsette jobbar skift eller har timeløn, skal inntekta fastsetjast etter dei same reglane som arbeidstakarar med fastløn. Det tyder at du som hovudregel skal bruke eit gjennomsnitt av inntekta frå dei siste tre kalendermånadane.
Gjeld inntektsmeldinga også for ssjølvstendig næringsdrivande/frilansarar?
Nei, denne inntektsmeldinga gjeld berre for arbeidstakarar.
Nav har informasjon om inntekta for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar frå offentlege register. Vi innhentar meir informasjon viss det er naudsynt for å behandle søknaden.
Kor kan eg sjekke inntektsmeldingar eg har sendt tidlegare?
Du kan sjekke tidlegare innsendte inntektsmeldingar der du sendte den.
Det tyder at inntektsmeldingar som blir sendt frå Min side - Arbeidsgjevar er synlege i saksoversikta. Har du sendt via Altinn, kan du finne innsendte inntekstmeldingar i innsynstenesta til Altinn.
Viss du ønskjer refusjon for utbetalt løn, opplyser du om dette i inntektsmeldinga. Inntektsmeldinga fungerer som refusjonskrav, og du treng ikkje fylle ut andre skjema for å få refusjon.
Må eg utbetale løn og få refusjon frå Nav?
Som arbeidsgjevar har du ikkje ei lovfesta plikt til å utbetale løn ved fråvær når den tilsette søkjer om pleiepengar.
Om du skal betale løn til den tilsette avheng av kva slags avtale som ligg føre mellom de, til dømes ut frå ei tariffavtale. Dersom dette ikkje er regulert av ei avtale, kan du som arbeidsgjevar velje om du vil forskottere løn eller ikkje.
Du oppgjev det du har valt i inntektsmeldinga du sender til Nav. Det er viktig at du gjev beskjed til den tilsette viss du stansar utbetaling av løn.
Må arbeidsgjevar dekkje løn dei fyrste fråværsdagane?
Nei, pleiepengar kan bli innvilga frå fyrste fråværsdag. Det er altså ikkje ein arbeidsgjevarperiode som arbeidsgjevar må dekkje fyrst.
Kva kan eg få i refusjon?
Pleiepengane blir utrekna etter same reglar som sjukepengar. I inntektsmeldinga oppgjev du kor mykje den tilsette tenar hos de, og kor mykje de ønskjer refundert. Les meir om utrekning av pleiepengar her.
Når vi har rekna ut pleiepengane til den tilsette, ser vi på kor mykje de krev refundert på grunn av utbetalt løn. Refusjonskravet blir vanlegvis dekt, så lenge det ikkje er høgare enn det den tilsette har rett til i pleiepengar.
I nokre tilfelle kan pleiepengane bli redusert slik at dei ikkje dekkjer inntektstapet fullt ut. Det kan vere fordi barnet oppheld seg i eit fast og regelmessig omsorgstilbod, fordi det ikkje er nok pleiepengar tilgjengeleg fordi ein annan omsorgsperson får pleiepengar for same barn eller fordi den tilsette har fått ei anna inntektskilde samtidig som dei får pleiepengar. Det kan også skje viss arbeidstakar har samla inntekt over 6G, og har fleire arbeidsgjevarar som krev refusjon for utbetalt løn.
Dette kan føre til at du får mindre refundert frå Nav enn du har utbetalt i løn for dagane arbeidstakaren har hatt fråvær. Du må snakke med arbeidstakar om korleis de eventuelt kan løyse dette.
Refusjon for ein nytilsett som er i ein periode med pleiepengar
Om de har ein nytilsett som er i ein periode med pleiepengar, treng vi vanlegvis ikkje inntektsmelding. Om de skal utbetale løn til den nytilsette, må de likevel sende ei inntektsmelding frå Mi side - arbeidsgjevar på nav.no, Altinn eller frå Løns - og personalsystem. Desse kan sendast via "Opprett manuell inntektsmelding" og ein får ikkje oppgåve på desse.
- Sjekk at den tilsette er registrert i Aa-registeret før de sender inntektsmelding
- Oppgje fyrste fråværsdag de søkjer refusjon frå
- Kryss av for at de utbetalar løn og krev refusjon
Merk at pleiepengar vil behalde utrekninga frå tidlegare arbeidsforhald, dette kan påverke kor mykje Nav kan utbetale i refusjon.
Meld frå om endringar i refusjon
Du må endre inntektsmeldinga viss
- du vil at Nav skal endre mottakar av pleiepengane
- du vil at Nav skal endre refusjonsbeløpet til dykk
- de forskotterer løn og tilsett sluttar i arbeidsforholdet. De må då leggje siste dato for refusjon lik dato de melder som siste arbeidsdag via A-meldinga.
Frist for å krevje refusjon
Nav kan som hovudregel gje refusjon av pleiepengar opptil 3 månadar før den kalendermånaden refusjonskravet blir sendt til Nav. Den tilsette har som hovudregel same frist for å sende søknad om pleiepengar til Nav.
Pleiepengar gjev rett til lovleg fråvær frå arbeidet, og arbeidstakar skal ha permisjon etter arbeidsmiljølova §12-9.
Du kan lese meir om retten til permisjon på Arbeidstilsynet sine sider.
Her finn du regelverket for permisjon.
Korleis registrerer eg pleiepengar i A-meldinga?
Pleiepengar skal ein registrere som andre lovfesta permisjonar i A-meldinga dersom fråværet varar lenger enn 14 dagar.
Her kan du lese meir om registrering av permisjonar i A-meldinga.
Inntektsmeldinga skal ein sende inn på Mi side – arbeidsgjevar. Viss du ikkje har fått beskjed om å sende inn inntektsmeldinga på Mi side – arbeidsgjevar, kan du framleis sende via altinn.no eller eige løns- og personalsystem.
I nokre få tilfelle treng Nav meir dokumentasjon frå deg enn inntektsmeldinga. Du får brev frå vår saksbehandlar med informasjon om kva vi treng, viss dette er naudsynt.
Nokre arbeidsgjevarar ønskjer også å sende anna dokumentasjon direkte til saksbehandlar.
Dokumentasjonen kan ein sende til oss på to måtar:
- Gi dokumentasjonen til den tilsette, som sjølv ettersender den digitalt ved å logge inn på nav.no.
- Gå til sida for ettersending, og vel ettersend i post. Husk å notere den tilsette sitt fødsels- og personnummer når du hentar ut fyrsteside for innsending.
Viss du sender dokumentasjon på vegne av arbeidsgjevar, til dømes frå ei løningsavdeling, må du også notere organisasjonsnummer for kontakt. Det er fordi vi sender brev digitalt, og må knytte dei til organisasjonsnummer for å sende svar i Altinn.
Oppdatert 04.12.2025
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope