Pengestøtte
Opplæringspengar
Sikrar deg inntekt under fråvær frå jobb når du er i opplæring for å kunne ta vare på eit barn.
Det finst også informasjon om opplæringspengar til arbeidsgjevarar og legar og tannlegar eller andre behandlarar.
Kven kan få?
For å få opplæringspengar, gjeld alle desse punkta:
Viss det er naudsynt med opplæring for å ta deg av barn med funksjonshemming eller langvarig sjukdom, kan du ha rett til opplæringspengar. Det kan også bli gjeve opplæringspengar etter at barnet har fylt 18 år.
Langvarig sjukdom vil seie at barnet er forventa å vere sjuk i minst eit år frå sjukdomen blir stadfesta. Du kan også få opplæringspengar viss barnet ditt har utviklings- eller åtferdsforstyrring, slik som autisme, asperger og ADHD.
Opplæringa må vere naudsynt for at du skal kunne ha omsorg for barnet, og dette må bli dokumentert frå lege.
Kven kan få opplæringspengar?
Fleire omsorgspersonar kan få opplæringspengar samstundes når dette er naudsynt for å kunne ta seg av barnet. I tillegg til foreldre og steforeldre kan også andre personar ha ei klar rolle i omsorga for å ta seg av barnet, og dermed ha rett til opplæringspengar.
Støttekontaktar, avlastingsheim eller profesjonelle har ikkje rett til opplæringspengar. Det tyder at det ikkje blir gjeve opplæringspengar til å lære opp tilsette rundt barnet.
For å få opplæringspengar, må du få opplæringa på ein godkjend helseinstitusjon eller ved eit spesialpedagogisk kompetansesenter.
Opplæring ved offentlege helseinstitusjonar i kommune- eller spesialisthelseteneste kan gje rett til opplæringspengar. Det vil seie at til dømes sjukehus og BUP kan bli rekna som godkjend institusjon. Det same gjeld private helseinstitusjonar som har avtale med helseføretaka, helsesportsenter og kompetansesenter for sjeldne diagnosar.
Du kan også få opplæringspengar for foreldrekurs ved eit offentleg spesialpedagogisk kompetansesenter. Det kan til dømes vere kurs for høyrsels- og synshemma barn, kurs hos PPT og liknande. I nokre tilfelle kan også private kompetansesenter bli godkjende, viss kvaliteten er likestilt med det offentlege tilbodet.
Kva er ikkje godkjend som helseinstitusjon?
Det blir ikkje gjeve opplæringspengar viss du deltar i opplæring som blir arrangert av humanitære organisasjonar, brukarorganisasjonar eller liknande. Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) og hjelpemiddelsentralen er andre dømer på helseinstitusjonar som ikkje er godkjende.
For å ha rett til opplæringspengar, må du ha fråvær frå jobb på grunn av opplæring slik at du mistar arbeidsinntekt.
Det er fleire punkt som må vere oppfylt:
- Du har ei årsinntekt som er minst 65 080 kroner (halvparten av folketrygda sitt grunnbeløp).
- Arbeidstida eller inntekta di er redusert med minst 20%
- Du er under 70 år
For å ha rett til opplæringspengar, må du ha jobba minst fire veker før du startar opplæringa.
Unntak når du ikkje har jobba fire veker
Periodar med desse pengestøttene kan vere likestilt med jobb:
- Sjukepengar
- Dagpengar
- Foreldre- og svangerskapspengar
- Pleie-, opplærings- og omsorgspengar
Det tyder at du kan ha rett til opplæringspengar viss du har fått minst éin av desse pengestøttene i løpet av dei siste fire vekene før du skal ha opplæring.
Vi kan også gjere unntak viss du har vore i ulønt permisjon i inntil 12 månadar etter foreldrepengeperioden, eller hatt andre lovfesta permisjonar etter Arbeidsmiljølova §§12-1 til 12-5. Du må ha avtalt med arbeidsgjevar når du skal tilbake i jobb etter permisjonen. Du kan lese meir om lovfesta permisjonar på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Viss du framleis er i permisjon når du skal på opplæring, kan opplæringspengane bli utbetalt med 65% av utrekna inntekt.
Får du arbeidsavklaringspengar?
Arbeidsavklaringspengar gjev ikkje rett til opplæringspengar. Viss du kombinerer arbeidsavklaringspengane med arbeid, kan du søkje om opplæringspengar viss du må vere borte frå jobb på grunn av naudsynt opplæring.
Bur du i Noreg er du vanlegvis medlem av folketrygda.
Kva kan du få?
Opplæringspengane skal dekkje inntekta du vanlegvis har opptil 6 gongar grunnbeløpet, som svarar til ei årsløn på 780 960 kroner.
Det er ingen tidsavgrensing på kor lenge du kan få opplæringspengar når du er i ein situasjon kor alle vilkåra er oppfylt.
For opplæringspengar vil ein periode kunne bestå av ein enkeltdag/timar, og vurderinga av om arbeidstida er redusert med minst 20% blir rekna ut frå normalarbeidstida di denne dagen. Opplæringspengane blir berre gjeve for den tida du faktisk får opplæring, og den tida du treng for å komme deg til og frå kursstaden. Du får ikkje opplæringspengar for heimelekser, praktiske øvingar utanom kursa eller liknande
Omsorgsopptening
Du kan få omsorgsopptening viss du tar deg av små barn. Omsorgsopptening er ei ordning som bidrar til at du kan få høgare pensjon når du blir pensjonist. Det same gjeld viss du tar deg av ein person som er sjuk, eldre eller har ein funksjonsnedsetting.
Andre tilbod
Meir informasjon til deg som
- Tar vare på noen som er syk, skadet eller har en funksjonsnedsettelseDette kan du ha rett til
Søkje, ettersende eller klage
Normalt søkjer du med ein gong. Nav kan gje opplæringspengar for opptil 3 månadar før den månaden du søkte. Søkjer du til dømes om opplæringspengar for juni, må Nav ha søknaden seinast i september.
Du må sjølv sende ein søknad om opplæringspengar til Nav. Du må leggje ved erklæring frå lege om barnet sin sjukdom og at opplæringa er naudsynt. Viss det ikkje står i legeerklæringa, må du også sende informasjon om tidspunkt og innhald for opplæringa. Viss du ikkje har dette med ein gong, kan du ettersende dokumentasjon.
Når du har sendt søknad, må du informere arbeidsgjevaren din og be dei sende inntektsmelding til Nav.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak. Hugs at vi treng all nødvendig dokumentasjon for å behandle søknaden din.
| Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
|---|---|
| Søknad | 5 veker |
| Internasjonal søknad | 6 månader |
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du går fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist. Dersom du har spørsmål om vedtaket, kan du kontakte oss.
Anke vedtak
Dersom du er ueinig i svaret på klaga di frå Nav klageinstans, kan du med nokre unntak anke vedtaket. Fristen for å anke står i vedtaket.
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
| Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
|---|---|
| Klage til Nav-eining | 10 veker |
| Klage til Nav klageinstans | 3 månader |
| Anke til Nav klageinstans | 3 månader |
Når du har opplæringspengar
Pengane blir utbetalte innan den 25. i månaden.
I utbetalingsoversikta di kan du sjå utbetalinga på kvelden den dagen pengane er utbetalte.
Arbeidsgjevaren din kan utbetale opplæringspengane til deg, og krevje refusjon frå Nav etterpå. Viss arbeidsgjevaren ikkje ønskjer å gjere dette, får du utbetalinga direkte frå Nav.
Nye søknada som ikkje er ferdigbehandla innan den 20. i ein månad eller innan den 6. i desember, vert etterbetalt fortløpande når søknaden er ferdig behandla.
Feriepengane blir utbetalte i mai året etter at feriepengane er opptente.
Skatt
Dersom du er arbeidstakar, frilansar eller får pengestøtte frå Nav, blir det trekt skatt av utbetalingane frå Nav.
Før jul er det ikkje skattetrekk på utbetalingar for veke 47/48 eller 48/49, så lenge pengane blir utbetalte same år. Etterbetalingar har vanleg skattetrekk.
Dersom du betaler Svalbardskatt, er det vanleg skattetrekk før jul.
Du har ikkje rett til opplæringspengar for dei dagane du avviklar ferie. Feriepengar skal erstatte inntektstapet i perioden du har ferie. Du må difor informere om ferie i søknaden.
Du skal ikkje gje beskjed til Nav viss du har avtalt med arbeidsgjevar at du får utsett ferie. Spørsmål om ferielova må rettast til Arbeidstilsynet.
Feriepengar
Du får feriepengar for dei fyrste 12 vekene i oppteningsåret. Feriepengane utgjer 10,2 prosent av dei opplæringspengane som gjev rett til feriepengar.
Viss du har hatt både opplæringspengar og pleiepengar i same kalenderår, kan du få feriepengar av totalt 12 veker til saman. Det tyder at du får feriepengar berre for dei fyrste 12 vekene, sjølv om du har hatt opplæringspengar og pleiepengar i ei periode som er lengre enn 12 veker.
Viss stønadsperioden går frå eit kalenderår og over i neste kalenderår, vil du i år berre få utbetalt feriepengar av dei dagane du har hatt med opplæringspengar førre kalenderår. Feriepengar for inneverande kalenderår blir utbetalt ved neste års feriepengeutbetaling.
Viss du ikkje avviklar ferie, men skal reise til eit land utanfor EØS må du gje beskjed til Nav.
Viss du reiser utanfor EU-/EØS-området, og vilkåra for rett til opplæringspengar er oppfylt i perioden, kan du motta opplæringspengar i opptil 8 veker i løpet av ein 12 månadar lang periode.
Viss du skal reise innanfor EU-/EØS-området er det inga avgrensing for kor lenge du kan motta opplæringspengar, så lenge vilkåra for rett til opplæringspengar er oppfylt i perioden.
Du melder frå ved å skrive ei beskjed til oss.
Skriv til oss
Du må melde frå til oss når det blir endringar i nokre av desse situasjonane i perioden du har opplæringspengar:
- du startar å jobbe igjen, eller aukar arbeidstimane du jobbar.
- du avbryt opplæringa
- du får ei endring i inntekta di.
- du får ei ny inntekt som du ikkje hadde på tidspunktet du søkte om opplæringspengar.
- omsorga for barnet er overført til andre, heilt eller delvis.
- du skal ha ferie.
- du skal til eit land utanfor EØS.
Du melder frå om endringar ved å skrive ei beskjed til oss.
Oppdatert 12.11.2025
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope
Skriv til oss
Still oss eit spørsmål og få skriftleg svar.
Svartida er 2 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.