Pengestøtte til ansatt og RefusjonFor arbeidsgjevarar

Opplæringspengar

Når ein tilsett må vere borte frå jobb for å få opplæring for å kunne ta vare på eit barn som har ei funksjonshemming eller langvarig sjukdom.

Kven er det aktuelt for?

For å få opplæringspengar, gjeld alle desse punkta:

Viss det er naudsynt med opplæring for å ta deg av barn med funksjonshemming eller langvarig sjukdom, kan du ha rett til opplæringspengar. Det kan også bli gjeve opplæringspengar etter at barnet har fylt 18 år.

Langvarig sjukdom vil seie at barnet er forventa å vere sjuk i minst eit år frå sjukdomen blir stadfesta. Du kan også få opplæringspengar viss barnet ditt har utviklings- eller åtferdsforstyrring, slik som autisme, asperger og ADHD. 

Opplæringa må vere naudsynt for at du skal kunne ha omsorg for barnet, og dette må bli dokumentert frå lege. 

Kven kan få opplæringspengar?

Fleire omsorgspersonar kan få opplæringspengar samstundes når dette er naudsynt for å kunne ta seg av barnet. I tillegg til foreldre og steforeldre kan også andre personar ha ei klar rolle i omsorga for å ta seg av barnet, og dermed ha rett til opplæringspengar.

Støttekontaktar, avlastingsheim eller profesjonelle har ikkje rett til opplæringspengar. Det tyder at det ikkje blir gjeve opplæringspengar til å lære opp tilsette rundt barnet.

For å få opplæringspengar, må du få opplæringa på ein godkjend helseinstitusjon eller ved eit spesialpedagogisk kompetansesenter.

Opplæring ved offentlege helseinstitusjonar i kommune- eller spesialisthelseteneste kan gje rett til opplæringspengar. Det vil seie at til dømes sjukehus og BUP kan bli rekna som godkjend institusjon. Det same gjeld private helseinstitusjonar som har avtale med helseføretaka, helsesportsenter og kompetansesenter for sjeldne diagnosar.

Du kan også få opplæringspengar for foreldrekurs ved eit offentleg spesialpedagogisk kompetansesenter. Det kan til dømes vere kurs for høyrsels- og synshemma barn, kurs hos PPT og liknande. I nokre tilfelle kan også private kompetansesenter bli godkjende, viss kvaliteten er likestilt med det offentlege tilbodet.

Kva er ikkje godkjend som helseinstitusjon?

Det blir ikkje gjeve opplæringspengar viss du deltar i opplæring som blir arrangert av humanitære organisasjonar, brukarorganisasjonar eller liknande. Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) og hjelpemiddelsentralen er andre dømer på helseinstitusjonar som ikkje er godkjende.

For å ha rett til opplæringspengar, må du ha fråvær frå jobb på grunn av opplæring slik at du mistar arbeidsinntekt. 

Det er fleire punkt som må vere oppfylt:

  • Du har ei årsinntekt som er minst 68 275 kroner (halvparten av folketrygda sitt grunnbeløp).
  • Arbeidstida eller inntekta di er redusert med minst 20%
  • Du er under 70 år

For å ha rett til opplæringspengar, må du ha jobba minst fire veker før du startar opplæringa. 

Unntak når du ikkje har jobba fire veker

Periodar med desse pengestøttene kan vere likestilt med jobb:

  • Sjukepengar
  • Dagpengar
  • Foreldre- og svangerskapspengar
  • Pleie-, opplærings- og omsorgspengar

Det tyder at du kan ha rett til opplæringspengar viss du har fått minst éin av desse pengestøttene i løpet av dei siste fire vekene før du skal ha opplæring. 

Vi kan også gjere unntak viss du har vore i ulønt permisjon i inntil 12 månadar etter foreldrepengeperioden, eller hatt andre lovfesta permisjonar etter Arbeidsmiljølova §§12-1 til 12-5. Du må ha avtalt med arbeidsgjevar når du skal tilbake i jobb etter permisjonen. Du kan lese meir om lovfesta permisjonar på Arbeidstilsynet sine nettsider.

Viss du framleis er i permisjon når du skal på opplæring, kan opplæringspengane bli utbetalt med 65% av utrekna inntekt.

Får du arbeidsavklaringspengar?

Arbeidsavklaringspengar gjev ikkje rett til opplæringspengar. Viss du kombinerer arbeidsavklaringspengane med arbeid, kan du søkje om opplæringspengar viss du må vere borte frå jobb på grunn av naudsynt opplæring. 

Bur du i Noreg er du vanlegvis medlem av folketrygda.

Kva kan den tilsette få?

Opplæringspengar blir rekna ut på same måte som sjukepengar og utgjer 100 prosent av sjukepengegrunnlaget.

Når Nav refunderer opplæringspengar utbetalar vi 100 prosent av grunnlaget, som maksimalt kan vere 6 gongar grunnbeløpet (6G). Dette svarer til 819 294 kroner. Grunnlaget blir rekna om til ein dagsats ved å dele utrekna årsinntekt på 260 dagar. Dette gjeld uavhengig av kor mange arbeidsdagar arbeidstakaren har i løpet av eit år.

Døme på utrekning:
Slik blir dagsatsen til ein arbeidstaker med gjennomsnittleg månadsinntekt på brutto 17 000 kroner dei tre siste månadane rekna ut:

  • Dette svarar til ei årsinntekt på 204 000 kroner
  • Utrekna årsinntekt blir delt på 260
  • Nav vil utbetale med ein dagsats på 785 kroner

Det er ingen tidsavgrensing på kor lenge ein kan få opplæringspengar når alle vilkåra er oppfylt.

Arbeidsgjevar si rolle

Inntektsmelding er skjema som arbeidsgjevar må sende til Nav når ein tilsett søkjer om opplæringspengar. Meldinga gjev Nav informasjon som vi treng for å behandle søknaden om opplæringspengar, blant anna opplysningar om inntekt og fråvær.

Inntektsmelding skal ein sende så snart som mogleg etter at den tilsette har sendt inn søknaden sin, men ikkje tidlegare enn 4 veker før fyrste dag med opplæringspengar.

Når den tilsette har sendt søknad om opplæringspengar, vil du få ei oppgåve om å sende inntektsmelding på Mi side - arbeidsgjevar. Dette er ei løysing for inntektsmelding som blei lansert 23. oktober 2025.

Sjølv om Nav varslar om at vi har fått ein søknad, må du som arbeidsgjevar ha dialog med den tilsette om kor lenge den tilsette skal ha permisjon. Det same gjeld dialog viss den tilsette vil kombinere opplæringspengar med jobb.

Les meir om korleis du brukar den nye inntektsmelding:

Når vi får søknad frå den tilsette, vil du få varsel om å sende inntektsmelding frå Min side - arbeidsgjevar. Varselet blir sendt på e-post/SMS til dei som er registrert som varslingsmottakar i Altinn. Her kan du lese meir om kven som får tilgang til inntektsmeldinga

Viss den tilsette har søkt for ei periode fram i tid, får du tidlegast varsel om å sende inntektsmeldinga fire veker før fyrste fråværsdag. 

Nokre gongar kan du få varsel om å sende inntektsmelding, men seinare står oppgåva som "utgått" på Min side - arbeidsgjevar. Dette skjer som regel på grunn av endringar i saka, som gjer at vi ikkje treng inntektsmeldinga lenger. Du kan avklare med den tilsette kva som er status for søknaden.

Inntektsmeldinga foreslår ei utrekna månadsløn ut frå registrert inntekt i A-ordninga. Det er du som arbeidsgjevar som må vurdere om dette er riktig inntekt, eller om du bør korrigere den. 

Du må vanlegvis endre den foreslåtte inntekta viss: 

  • den tilsette har hatt lovleg fråvær utan løn som har gjeve trekk i lønsutbetaling
  • den tilsette har endra stillingsprosent
  • den tilsette har hatt varig lønsendring

Viss du endrar den foreslåtte månadsløna, må du oppgje ei årsak til kvifor du endrar. Nokon av endringsårsakene krev også at du oppgjev periode for endringa, til dømes viss den tilsette har hatt ferie eller har vore permittert. 

Viss de utbetalar løn som vanleg, og krev refusjon, så informerer du om dette i inntektsmeldinga. Nav vil då utbetale stønaden direkte til dykk, basert på kontonummer dykk har registrert for utbetalingar frå Nav.

Det er viktig at de har kontakt med den tilsette om status på søknaden, og har løpande dialog om eventuelle endringar som påverkar refusjonen. Viss den tilsette melder om endringar i periode eller uttak, eller får avslag på søknaden, vil slike vedtak berre bli sendt til den tilsette.

I inntektsmeldinga kan de leggje inn periodar med ulike beløp for refusjonen. Det er aktuelt viss de betalar ulik løn i perioden, og viss de skal ha periodar med og utan refusjon. For periodar utan refusjon, skriv de inn 0,- som refusjonsbeløp. 

Du kan finne den innsendte inntektsmeldinga i saksoversikta på Min side - arbeidsgjevar. 

Når du finn inntektsmeldinga, kan du trykkje deg inn på oppgåva og velje "endre", for å korrigere opplysningane du la inn sist. Viss du har sendt inn inntektsmelding via Altinn eller løns- og personalsystem, vil du ikkje sjå opplysningane du sendte inn. Men, du kan hente opp den førehandsutfylte versjonen frå Nav, og tilpasse opplysningane i den for å sende endring. 

Endre inntekt

Viss den tilsette har ei endring i inntekta si, skal du berre endre inntekta viss den nye inntekta var aktuell ved fyrste fråværsdag. Endringar i inntekt etter denne dagen påverkar ikkje utrekninga hos Nav. Du må likevel vurdere om du vil endre i refusjonen, viss det har vore varig lønsendring. 

Endre refusjon

Merk at viss du skal gjere endringar i refusjon, må du behalde refusjonsperiodar tilbake frå fyrste fråværsdag. Viss du skal starte eller stanse refusjon, må du difor leggje dette inn som ei periode med 0,- i refusjon, framfor å velje at det ikkje er refusjon. 

Her finn du nyttig informasjon om inntektsmelding, og korleis du går fram for å sende den.

Viss den tilsette jobbar skift eller har timeløn, skal inntekta fastsetjast etter dei same reglane som arbeidstakarar med fastløn. Det tyder at du som hovudregel skal bruke eit gjennomsnitt av inntekta frå dei siste tre kalendermånadane.

Vi må alltid ha inntektsmelding når den tilsette

  • søkjer for fyrste gong
  • søkjer på nytt etter eit opphald i pleiepengane på 4 veker eller meir
  • søkjer på nytt etter eit opphald på mindre enn 4 veker, og det er ei varig endring i inntekta

Viss den tilsette har søkt om opplæringspengar for meir enn 14 dagar, skal du også registrere fråværet som lovfesta permisjon i A-meldinga. 

Gjeld inntektsmeldinga også for sjølvstendig næringsdrivande/frilansarar?

Nei, denne inntektsmeldinga gjeld berre for arbeidstakarar. 

Nav har informasjon om inntekta for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar frå offentlege register. Vi innhentar meir informasjon viss det er naudsynt for å behandle søknaden.

Kvar kan eg sjekke inntektsmeldingar eg har sendt tidlegare?

Du kan sjekke tidlegare innsendte inntektsmeldingar der du sendte den. 

Det tyder at inntektsmeldingar som blir sendt frå Mi side - Arbeidsgjevar er synlege i saksoversikta. Har du sendt via Altinn, kan du finne innsendte inntekstmeldingar i innsynstenesta til Altinn. 

Viss du ønskjer refusjon for utbetalt løn, opplyser du om dette i inntektsmeldinga. Inntektsmeldinga fungerer som refusjonskrav, og du treng ikkje fylle ut andre skjema for å få refusjon.

Merk at arbeidsforholdet må vere registrert i Aa-registeret når du søkjer om refusjon, og at du må oppdatere Aa-registeret viss arbeidsforholdet blir avslutta.

I tillegg må den tilsette sjølv sende søknad for alle periodar den har fråvær.

Må eg utbetale løn og få refusjon frå Nav?

Som arbeidsgjevar har du ikkje ei lovfesta plikt til å utbetale løn ved fråvær når den tilsette søkjer om opplæringspengar. 

Om du skal betale løn til den tilsette avheng av kva slags avtale som ligg føre mellom de, til dømes ut frå ei tariffavtale. Dersom dette ikkje er regulert av ei avtale, kan du som arbeidsgjevar velje om du vil forskottere løn eller ikkje.

Du oppgjev det du har valt i inntektsmeldinga du sender til Nav. Det er viktig at du gjev beskjed til den tilsette viss du stansar utbetaling av løn.

Må arbeidsgjevar dekkje løn dei fyrste fråværsdagane?

Nei, opplæringspengar kan bli innvilga frå fyrste fråværsdag. Det er altså ikkje ein arbeidsgjevarperiode som arbeidsgjevar må dekkje fyrst. 

Refusjon for ein nytilsett som er i ein periode med opplæringspengar

Om de har ein nytilsett som er i ein periode med opplæringspengar, treng vi vanlegvis ikkje inntektsmelding. Om de skal utbetale løn til den nytilsette, må de likevel sende ei inntektsmelding frå Mi side - arbeidsgjevar på nav.no. Desse kan sendast via "Opprett manuell inntektsmelding" og ein får ikkje oppgåve på desse.

  • Sjekk at den tilsette er registrert i Aa-registeret før de sender inntektsmelding
  • Oppgje fyrste fråværsdag de søkjer refusjon frå
  • Kryss av for at de utbetalar løn og krev refusjon

Merk at opplæringspengar vil behalde utrekninga frå tidlegare arbeidsforholda, dette kan påverke kor mykje Nav kan utbetale i refusjon. 

Meld frå om endringar i refusjon

Du må endre inntektsmeldinga viss

  • du vil at Nav skal endre mottakar av opplæringspengar
  • du vil at Nav skal endre refusjonsbeløpet til dykk
  • de forskotterer løn og tilsett sluttar i arbeidsforholdet. De må då leggje siste dato for refusjon lik dato de melder som siste arbeidsdag via A-meldinga.

Frist for å krevje refusjon

Nav kan som hovudregel gje refusjon av opplæringspengar opptil 3 månadar før den kalendermånaden refusjonskravet blir sendt til Nav. Den tilsette har som hovudregel same frist for å sende søknad om opplæringspengar til Nav

Inntektsmeldinga skal ein sende inn på Mi side – arbeidsgjevar. 

I nokre få tilfelle treng Nav meir dokumentasjon frå deg enn inntektsmeldinga. Du får brev frå vår saksbehandlar med informasjon om kva vi treng, viss dette er naudsynt. 

Nokre arbeidsgjevarar ønskjer også å sende anna dokumentasjon direkte til saksbehandlar. 

Dokumentasjonen kan ein sende til oss på to måtar: 

  • Gi dokumentasjonen til den tilsette, som sjølv ettersender den digitalt ved å logge inn på nav.no. 
  • Gå til sida for ettersending, og vel ettersend i post. Husk å notere den tilsette sitt fødsels- og personnummer når du hentar ut fyrsteside for innsending.

Viss du sender dokumentasjon på vegne av arbeidsgjevar, til dømes frå ei løningsavdeling, må du også notere organisasjonsnummer for kontakt. Det er fordi vi sender brev digitalt, og må knytte dei til organisasjonsnummer for å sende svar i Altinn. 

Oppdatert 30.06.2026

Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss

Chat med oss

Du møter først vår chatbot. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be chatboten om å få chatte med ein rettleiar.

Chatbot:

Alltid ope

Venter…