Pengestøtte — For legar og tannlegar eller andre behandlarar
Opplæringspengar
Når ein må vere borte frå jobb for å få opplæring for eit barn som har ei funksjonshemming eller langvarig sjukdom.
Det finst også informasjon om opplæringspengar til privatpersonar og arbeidsgjevarar.
Kven er det aktuelt for?
For å få opplæringspengar, gjeld alle desse punkta:
Viss det er naudsynt med opplæring for å ta deg av barn med funksjonshemming eller langvarig sjukdom, kan du ha rett til opplæringspengar. Det kan også bli gjeve opplæringspengar etter at barnet har fylt 18 år.
Langvarig sjukdom vil seie at barnet er forventa å vere sjuk i minst eit år frå sjukdomen blir stadfesta. Du kan også få opplæringspengar viss barnet ditt har utviklings- eller åtferdsforstyrring, slik som autisme, asperger og ADHD.
Opplæringa må vere naudsynt for at du skal kunne ha omsorg for barnet, og dette må bli dokumentert frå lege.
Kven kan få opplæringspengar?
Fleire omsorgspersonar kan få opplæringspengar samstundes når dette er naudsynt for å kunne ta seg av barnet. I tillegg til foreldre og steforeldre kan også andre personar ha ei klar rolle i omsorga for å ta seg av barnet, og dermed ha rett til opplæringspengar.
Støttekontaktar, avlastingsheim eller profesjonelle har ikkje rett til opplæringspengar. Det tyder at det ikkje blir gjeve opplæringspengar til å lære opp tilsette rundt barnet.
For å få opplæringspengar, må du få opplæringa på ein godkjend helseinstitusjon eller ved eit spesialpedagogisk kompetansesenter.
Opplæring ved offentlege helseinstitusjonar i kommune- eller spesialisthelseteneste kan gje rett til opplæringspengar. Det vil seie at til dømes sjukehus og BUP kan bli rekna som godkjend institusjon. Det same gjeld private helseinstitusjonar som har avtale med helseføretaka, helsesportsenter og kompetansesenter for sjeldne diagnosar.
Du kan også få opplæringspengar for foreldrekurs ved eit offentleg spesialpedagogisk kompetansesenter. Det kan til dømes vere kurs for høyrsels- og synshemma barn, kurs hos PPT og liknande. I nokre tilfelle kan også private kompetansesenter bli godkjende, viss kvaliteten er likestilt med det offentlege tilbodet.
Kva er ikkje godkjend som helseinstitusjon?
Det blir ikkje gjeve opplæringspengar viss du deltar i opplæring som blir arrangert av humanitære organisasjonar, brukarorganisasjonar eller liknande. Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) og hjelpemiddelsentralen er andre dømer på helseinstitusjonar som ikkje er godkjende.
For å ha rett til opplæringspengar, må du ha fråvær frå jobb på grunn av opplæring slik at du mistar arbeidsinntekt.
Det er fleire punkt som må vere oppfylt:
- Du har ei årsinntekt som er minst 65 080 kroner (halvparten av folketrygda sitt grunnbeløp).
- Arbeidstida eller inntekta di er redusert med minst 20%
- Du er under 70 år
For å ha rett til opplæringspengar, må du ha jobba minst fire veker før du startar opplæringa.
Unntak når du ikkje har jobba fire veker
Periodar med desse pengestøttene kan vere likestilt med jobb:
- Sjukepengar
- Dagpengar
- Foreldre- og svangerskapspengar
- Pleie-, opplærings- og omsorgspengar
Det tyder at du kan ha rett til opplæringspengar viss du har fått minst éin av desse pengestøttene i løpet av dei siste fire vekene før du skal ha opplæring.
Vi kan også gjere unntak viss du har vore i ulønt permisjon i inntil 12 månadar etter foreldrepengeperioden, eller hatt andre lovfesta permisjonar etter Arbeidsmiljølova §§12-1 til 12-5. Du må ha avtalt med arbeidsgjevar når du skal tilbake i jobb etter permisjonen. Du kan lese meir om lovfesta permisjonar på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Viss du framleis er i permisjon når du skal på opplæring, kan opplæringspengane bli utbetalt med 65% av utrekna inntekt.
Får du arbeidsavklaringspengar?
Arbeidsavklaringspengar gjev ikkje rett til opplæringspengar. Viss du kombinerer arbeidsavklaringspengane med arbeid, kan du søkje om opplæringspengar viss du må vere borte frå jobb på grunn av naudsynt opplæring.
Bur du i Noreg er du vanlegvis medlem av folketrygda.
Fleire omsorgspersonar kan få opplæringspengar samstundes når dette er naudsynt for å kunne ta seg av barnet. I tillegg til foreldre og steforeldre kan også andre personar ha ei klar rolle i omsorga for å ta seg av barnet, og dermed ha rett til opplæringspengar.
Støttekontaktar, avlastingsheim eller profesjonelle har ikkje rett til opplæringspengar. Det tyder at det ikkje blir gjeve opplæringspengar til å lære opp tilsette rundt barnet.
Kva kan ein få?
Opplæringspengane skal dekkje inntekta du vanlegvis har opptil 6 gongar grunnbeløpet, som svarar til ei årsløn på 780 960 kroner.
Opplæringspengane blir rekna ut etter same reglar som sjukepengar.
Det er som hovudregel ingen tidsavgrensing på kor lenge ein kan få opplæringspengar, så lenge alle vilkåra er oppfylte.
Det er eigne reglar viss ein skal ha opplæringspengar når ein er utanfor EØS-området.
Andre tilbod
Meir informasjon når ein har sjukdom i familien
- Sykdom i familien - informasjon til helsepersonellFor samarbeidspartnere
Legen si rolle
Omsorgspersonen som får opplæring må sjølv sende ein søknad til Nav om opplæringspengar. For å få opplæringspengar, må vi ha ei legeerklæring som stadfestar at opplæringa er naudsynt for å ta seg av barnet.
Legeerklæringa skal bli fylt ut av lege ved helseinstitusjonen/kompetansesenteret som er ansvarleg for opplæringa, eller lege som kjenner barnet sine medisinske behov og viser til naudsynt opplæring.
Nav må ha opplysningar om
- at opplæringa er naudsynt for at omsorgspersonen skal kunne ta seg av og/eller behandle barnet
- kor mange timar som blir brukt på opplæringa kvar dag
- barnet sin sjukdom eller funksjonshemming, inkludert diagnose viss den er fastsett.
Ved søknad om opplæringspengar i samband med behandlingsreise, må det leggjast ved stadfesting på at reisa er innvilga frå Oslo Universitetssjukehus.
Legeerklæringa kan skrivast ut og leverast til omsorgspersonane som får opplæring. Dei kan følgje QR-koden på erklæringa, for å sende digital søknad om opplæringspengar.
Når det er dokumentert at barnet er høyrsels- eller synshemma, er det ikkje naudsynt med ny legeerklæring kvar gong foreldra skal delta på opplæringskurs.
Så lenge opplæringsbehovet er dokumentert, vil det som oftast vere tilstrekkeleg at kompetansesenteret dokumenterer foreldra si deltaking.
Legeerklæring for opplæringspengar
Viss du ringer til Nav for å hjelpe ein person som har søkt opplæringspengar må det liggje føre fullmakt.
Ei fullmakt må vere underteikna av personen du ringer for, og skildre
- kven som skal få opplysningar (fullt namn, fødselsdato evt. bedriftsnummer)
- kva opplysningar som skal bli utlevert
- kva periode opplysningane er relatert til og kva opplysningane skal bli brukt til
Viss det er fleire behandlarar som følgjer opp personen og skal ha innsyn, må alle desse ha samtykke. Det held ikkje med ei samtykkeerklæring kor det står avdelingsnamn på institusjonen.
Skriftleg fullmakt via nav.no
Personen kan gje deg fullmakt ved å logge inn på nav.no.
Munnleg fullmakt
Dersom du ringer saman med personen, kan han eller ho gje munnleg fullmakt per telefon. Fullmakta vil berre gjelde for den aktuelle samtala.
Oppdatert 21.08.2025
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope