Pengestøtte og Rettleiing
Kvalifiseringsprogrammet
Eit heiltidsprogram for deg mellom 18 og 67 år som treng ekstra oppfølging for å klare å komme i jobb.
Kven kan få?
Kvalifiseringsprogrammet (KVP) er for deg som treng støtte for å komme i arbeid. Det er viktig at innhaldet i programmet ditt gjer at du lettare kjem i arbeid.
Du må fylle nokre krav for å vere aktuell for programmet. Du må
- vere i yrkesaktiv alder
- ha vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne
- ha behov for tett oppfølging
- ha ingen eller svært avgrensa pengestøtte frå Nav
- ha vore gjennom ei arbeidsevnevurdering
- ha lovleg opphald og ein fast stad å bu i Noreg (fast bustad)
Kva kan du få?
Programmet ditt skal vere tilpassa deg og utfordringane dine. Kva for støtte og bistand treng du for å komme i arbeid? Saman lagar rettleiaren din og du eit program som skal innehalde arbeidsretta tiltak, opplæringsaktivitetar, individuell oppfølging og rettleiing.
Programmet kan også innehalde andre aktivitetar som støttar og førebur deg på å komme i arbeid. Det kan for eksempel vere å trene på motivasjon, norskkurs, buoppfølging og økonomiske råd og økonomisk planlegging. I programmet kan du også få tid til nødvendig helsehjelp.
Du får ansvar for å følgje opp programmet i samarbeid med rettleiarar ved Nav-kontoret.
Kvalifiseringsprogrammet er på 37,5 timar i veka.
Du får kvalifiseringsstønad når du tek del i programmet. Stønaden er 2,041 gonger grunnbeløpet (G), som svarer til 265 657 kroner. Stønaden gir pensjonspoeng.
Er du under 25 år, får du 2/3 av full stønad, det svarer til 177 104 kroner.
Andre aktuelle stønader
Har du barn, kan du for kvart barn få eit barnetillegg på 38 kroner dagen, 5 dagar i veka.
Du kan heilt eller delvis få dekt utgifter du har i samband med arbeidsretta utgreiing eller ein aktivitet.
Du kan ha rett til økonomisk sosialhjelp dersom kvalifiseringsstønaden ikkje dekkjer nødvendige utgifter til å leve og bu.
Hvis du har egen bolig, kan du ha rett til bustøtte frå Husbanken.
Du kan få barnebidrag, barnetrygd og kontantstøtte i tillegg til kvalifiseringsstønaden.
Kvalifiseringsprogrammet varer i inntil 1 år om gongen.
Programmet kan bli forlengt med 1 år dersom du og rettleiaren din finn ut at det er nødvendig. I enkelte tilfelle kan programmet bli forlengt med enda et år.
Søknad og klage
Ta kontakt med Nav-kontoret ditt for å finne ut om programmet kan vere noko for deg.
Du har rett på vedtak, og du har også rett til å klage.
Har du fått eit svar på søknaden din og er usamd i vedtaket? Då kan du klage. Klaga må vere signert.
Du skal sende klaga til Nav-kontoret som behandla søknaden din. Klagefristen er 3 veker frå du får eit svar på søknaden. Dersom du treng meir informasjon om korleis du klagar, kan du ta kontakt med det lokale Nav-kontoret ditt.
Kva skjer når du klagar?
Klaga blir behandla på nytt av Nav-kontoret som har behandla søknaden din. Kva som skjer vidare i klagesaka, er avhengig av utfallet av den nye vurderinga.
Du vil få eit nytt vedtak. Å få medhald betyr at Nav-kontoret har endra vedtaket sitt - heilt eller delvis - basert på klaga di.
Klaga blir send vidare til statsforvaltaren som vurderer saka di på nytt. Nav-kontoret vil gi deg skriftleg beskjed om dette. Statsforvaltaren vil gi deg informasjon om saksbehandlingstid og kva som skjer vidare med klaga di.
Når statsforvaltaren har avgjort saka di, vil du få en skriftleg beskjed. Viss statsforvaltaren gir deg medhald i klaga di, skal Nav-kontoret behandle søknaden din på nytt og du vil få eit nytt vedtak.
Klage på vurdering av behov for oppfølging - vedtak etter Nav-lova § 14 a
For å ha rett til kvalifiseringsprogrammet må Nav ha gjort ei vurdering av jobbmoglegheitene dine og kva slags hjelp og støtte som kan vere aktuelt for deg.
Du vil få eit oppfølgingsvedtak etter Nav-loven § 14 a. Vedtaket beskriv kva oppfølging du har rett på frå Nav.
Dersom du får avslag på kvalifiseringsprogrammet på grunnlag av vurderinga som er gjord i oppfølgingsvedtaket, kan du klage på dette til Nav-kontoret som skreiv vedtaket. Dei vil vurdere saka di på nytt. Om dei ikkje er samde i klaga di, sender dei den vidare til Nav klageinstans. Les meir om klageprosessen.
Du kan klage på service
Om du har vorte møtt på ein dårleg måte eller hatt ei negativ oppleving i møte med Nav, kan du klage på service du har fått.
Du kan sende eller levere serviceklaga til det lokale Nav-kontoret ditt.
Når du deltar i kvalifiseringsprogrammet
Stønaden blir redusert dersom du har
- ugyldig fråvær
- inntekter frå arbeid eller lønn som lærling
- rett til dagpengar, sjukepengar eller foreldrepengar
Dersom du sluttar i programmet, har du ikkje rett til kvalifiseringsstønad.
Utbetalingsdatoane varierer frå kommune til kommune. I vedtaksbrevet du får frå Nav, står det informasjon om utbetalingar.
Dersom utbetalingsdatoen er i ei helg eller på ein heilagdag, får du vanlegvis pengane dagen før.
Skatt
Det blir trekt skatt av pengane.
Det blir ikkje trekt skatt i juni. I desember blir det trekt halv skatt.
Viss du betaler Svalbardskatt eller kjeldeskatt, er det ordinært skattetrekk i juni og desember.
Du har rett til opptil 25 feriedagar for kvart kalenderår. Er du over 60 år, har du rett til fri 5 ekstra dagar per år.
Du har rett til kvalifiseringsstønad i ferien.
Saman med rettleiaren din og arbeidsplassen/tiltaksarrangøren blir de einige om når du skal ta ut feriedagane dine.
Feriepengar
Det er ikkje feriepengar på denne stønaden.
Oppdatert 02.02.2026