Klagerettar
SLIK GJER DU DET
|Oppdatert 10. februar 2023
Når du søker NAV om økonomisk støtte eller ei teneste, får du eit vedtak. Du kan klage på eit vedtak som du meiner er feil.
Innhald
Kva seier lova?
Når du søker NAV om økonomisk støtte eller ei teneste, får du eit vedtak. Du kan klage på eit vedtak som du meiner er feil.
Kven kan klage?
I vedtaket står det forklart korleis du går fram dersom du vil klage, kven du klagar til og kva som er klagefristen.
Du kan også bruke advokat eller gi fullmakt til ein person som klagar på dine vegner. Sjå kapitelet Hjelp til å klage
Klagerettar er forankra i mellom anna folketrygdlova, forvaltingslova og trygderettlova.
Slik klagar du
Vel nedanfor kva teneste eller pengestøtte du ønskjer å klage på.
Send klaga til NAV-kontoret som behandla søknaden din. Klagefristen er 3 veker frå du får svar på søknaden.
Les om korleis du klagar på eit vedtak om sosiale tenester.
Du kan klage på vedtak og avgjerder frå NAV som gjeld eit arbeidsmarknadstiltak. Det er forvaltingslova som bestemmer dette.
Du kan klage dersom du
- ikkje ønskjer å delta
- ønskjer eit anna arbeidsmarknadstiltak
- ikkje får tilbod om eit arbeidsmarknadstiltak du har bedt om
Munnlege vedtak
Du kan klage sjølv om du berre har fått eit munnleg vedtak utan skriftleg grunngiving.
Klagefrist
Klagefristen er 6 veker.
Klagefristen er 3 veker dersom arbeidsmarknadstiltaket er hos ein arbeidsgivar.
Slik klagar du
Når du får eit vedtak om arbeidsmarknadstiltak, står det forklart korleis du kan klage. Du kan skrive til oss og klage. Skriv kva vedtak det gjeld, og grunngi klaga.
Unntak frå klageretten
Du kan ikkje klage på eit vedtak om at du har fått plass på eit arbeidsmarknadskurs (AMO). Det er forvaltingsforskrifta som bestemmer dette (§ 33).
Du kan klage digitalt på mange tenester eller pengestøtter frå NAV. Du kan også ettersende vedlegg til ei klage du har sendt tidlegare.
Klage- og ankeskjema finn du på nav.no/klage.
Dersom du får medhald i klaga, kan du ha rett til å få dekt utgifter som har vore nødvendige for å få endra vedtaket. Eit døme er utgifter til advokat.
Kravet om å få dekt sakskostnader, skal sendast til den eininga hos NAV som har gjort om vedtaket. Send kravet som brev og legg ved vedlegg som dokumenterer utgiftene du har hatt.
Hjelp til å klage
NAV kan rettleie deg i korleis du sender klage. Kontakt oss på telefon, chat eller skriv til oss.
NAV-kontoret ditt kan også hjelpe deg med å skrive ei klage. Ta kontakt for å avtale time på NAV-kontoret. Dersom du ønskjer å ha med deg ein person du har tillit til, har du rett til det.
Fullmakt
Du kan også bruke advokat eller gi fullmakt til ein person som klagar på dine vegner. Dersom du gir fullmakt til ein privatperson, må du fylle ut eit skjema. Les om teieplikt, samtykke og fullmakt.
Klagefrist
Klagefristen står i vedtaket du har fått. Fristen varierer alt etter kva sak det dreier seg om.
Kva skjer når NAV får klaga di?
Når du klagar, vil NAV-eininga som har fatta vedtaket, vurdere saka di på nytt. Dersom du får medhald i klaga di, fattar vi eit nytt vedtak. Du kan klage også på dette vedtaket.
Dersom du ikkje får medhald
Dersom du ikkje får medhald, blir klaga sendt vidare til NAV Klageinstans. Klageinstansen er ei sjølvstendig eining som vurderer saka di på nytt. Du vil få eit brev når saka blir send til NAV Klageinstans. Her står det kva som skjer vidare.
Når klageinstansen har avgjort saka di, får du eit vedtak.
Nye opplysningar
Dersom du har nye opplysningar i klagesaka di, kan du sende dei til NAV Klageinstans heilt fram til saka di er avgjord.
Anke
Dersom du har fått eit vedtak frå NAV Klageinstans som du meiner er feil, kan du med visse unntak anke. I vedtaket kan du lese om fristen for å anke.
Slik ankar du
- For mange stønader kan du sende anken digitalt til NAV Klageinstans. Saka di blir i dette tilfellet behandla på nytt. Klage- og ankeskjema finn du på nav.no/klage.
Dersom du ikkje får medhald
Dersom du ikkje får medhald i anken, vil klageinstansen skrive eit brev til Trygderetten. Før brevet blir sendt til Trygderetten, får du høve til å kommentere innhaldet i brevet.
Dersom Trygderetten kan behandle saka di, må ho vere ferdig behandla hos Trygderetten før du kan melde henne for ein domstol.
Dette er fordi du må ha prøvd alle moglegheiter til å klage og anke hos NAV og Trygderetten før du kan melde saka for ein annan rettsinstans.
Fristen for å melde saka di for ein domstol er 6 månader etter at du har fått vedtaket frå Trygderetten.
Dersom Trygderetten ikkje kan behandle saka di
Trygderetten kan ikkje behandle alle saker. Dersom dette gjeld di sak, må du sjekke om du har brukt alle klagemoglegheiter hos NAV. Du må gjere dette før du kan melde saka for ein domstol. Du må sjølv sjekke kva fristar som gjeld for å melde saka for ein domstol.
Sivilombodet
Dersom du har brukt dei klagemoglegheitene som forvaltinga tilbyr, kan du klage til Sivilombodet.
Dette kan vere aktuelt dersom du til dømes meiner at eit vedtak eller ei avgjerd er feil, eller at saka di har vore behandla på ein feil eller uforsvarleg måte.
Fri rettshjelp
I enkelte typar saker det det mogleg å søkje om fri rettshjelp.
Saksbehandlingstid
Behandlingstida for klage- og ankesaker varierer, sjå oversikt.
Krevje erstatning
Dersom du meiner at NAV har gjort ein feil som har ført til eit tap for deg, kan du sende krav om erstatning.
Du kan
- sende oss eit krav i tenesta Skriv til oss
- sende eit krav på papir med underskrifta di, bruk skjema NAV 00-03.00
Kravet må innehalde følgjande informasjon kva
- du meiner NAV har gjort feil. Dokumenter dette så godt som råd
- økonomisk tap du meiner å ha hatt grunna feilen. Du må oppgi eit beløp og dokumentere det
Erstatning som gjeld kommunale tenester
Dersom erstatningskravet ditt gjeld kommunale tenester, må du gjere eitt av følgjande:
- Kontakt NAV- kontoret i den kommunen du meiner har gjort feilen.
- Bruk skjema NAV 00-03.00 og send kravet til NAV-kontoret.
Kommunale tenester er økonomisk sosialhjelp, mellombels butilbod, kvalifiseringsprogrammet og kvalifiseringsstønad, individuell plan eller råd og rettleiing (økonomisk rådgiving).
Erstatning som følgje av brot på personvernreglane
Dersom du skal krevje erstatning som følgje av brot på personvernreglane, må
- du ha blitt utsett for brot på personvernet
- du ha hatt utgifter grunna personvernbrotet, eller ha blitt krenkt så mykje gjennom lovbrotet at det er rimeleg at du får erstatning. Dette er skader som ikkje kan målast i pengar (t.d. liding eller tap av ting med affeksjonsverdi). Du kan krevje erstatning etter begge grunnlaga.
- det vere samanheng mellom brotet på personvernet og skaden/tapet du har blitt påført
Døme på generelle vilkår for å få erstatning
For at NAV skal kunne gi deg erstatning, må mellom anna følgjande vilkår vere innfridde:
- Arbeids- og velferdsetaten må ha gjort ein feil og ha ansvar for denne.
- Du må ha hatt eit økonomisk eller ikkje-økonomisk tap.
- Det må vere direkte samanheng mellom ansvaret til Arbeids- og velferdsetaten og det økonomiske tapet ditt.