Økonomisk sosialhjelp
PENGESTØNAD
|Oppdatert 18. september 2023
Kort om økonomisk sosialhjelp
Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels støtte du kan få dersom du ikkje klarer å dekkje nødvendige utgifter på eiga hand.
Du kan søkje om det du treng økonomisk støtte til. Det er berre eitt søknadsskjema der du sjølv beskriv kva du ønsker å søkje om. Du skal søkje om økonomisk sosialhjelp til NAV-kontoret der du oppheld deg.
På nav.no kan du søkje digitalt eller på papir.
Kvar enkelt kommune har i tillegg eit eige søknadsskjema du kan bruke. Du kan òg henta papirskjema på NAV-kontoret ditt.
Innhald
Nyttig å vite
Kort om økonomisk sosialhjelp
Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels støtte du kan få dersom du ikkje klarer å dekkje nødvendige utgifter på eiga hand.
Du kan søkje om det du treng økonomisk støtte til. Det er berre eitt søknadsskjema der du sjølv beskriv kva du ønsker å søkje om. Du skal søkje om økonomisk sosialhjelp til NAV-kontoret der du oppheld deg.
På nav.no kan du søkje digitalt eller på papir.
Kvar enkelt kommune har i tillegg eit eige søknadsskjema du kan bruke. Du kan òg henta papirskjema på NAV-kontoret ditt.
Kven kan få?
Alle har rett til å søkje om økonomisk sosialhjelp og få ei individuell vurdering av søknaden sin.
Du må i utgangspunktet ha lovleg opphald i Noreg for å ha rett på økonomisk sosialhjelp. Du har ikkje rett på økonomisk sosialhjelp dersom du oppheld deg i utlandet.
Når alle andre inntektsmoglegheiter er utnytta fullt ut, men ikkje strekk til, kan du ha rett på økonomisk sosialhjelp. Andre inntektsmoglegheiter kan vere inntektsgivande arbeid, eigne midlar og andre økonomiske rettar.
Du har rett på opplysning, råd og rettleiing uavhengig av om du har rett på økonomisk sosialhjelp.
Er du i ein naudssituasjon?
Hjelp i ein naudssituasjon skal dekkje heilt nødvendige utgifter for ein kort periode. Døme kan vere pengar til mat, hygieneartiklar og reise.
Du kan også søkje om støtte til rekningar som du må betale for å unngå å miste nødvendige tenester som straum eller liknande.
Du bruker søknadsskjema for økonomisk sosialhjelp dersom du treng hjelp i ein naudssituasjon.
Dersom du ikkje har moglegheit til å skaffe pengar til det aller mest nødvendige, kan du søkje om økonomisk sosialhjelp i kommunen du oppheld deg i.
Dersom du ikkje har ein stad å sove og opphalde deg på det neste døgnet, kan du også søkje om hjelp til å finne eit mellombels butilbod.
Dersom du er i ein naudssituasjon, bør du straks ta kontakt med NAV-kontoret i kommunen du oppheld deg i. Du kan ringje NAV på 55 55 33 33 dersom du ønskjer å snakke med oss.
Kva kan du få støtte til?
Du kan søkje om å få hjelp med nødvendige utgifter du ikkje klarer å dekkje på eiga hand. Det er berre eitt søknadsskjema der du sjølv beskriv kva du ønsker å søkje om økonomisk støtte til.
Utgifter du kan søkje om å få hjelp med
Du kan søkje om støtte til å betale utgifter for å leve, såkalla levekostnader eller livsopphald.
Med utgifter til å leve meiner vi til dømes mat, bustadsutgifter som husleige, straum, oppvarming, kommunale avgifter med meir. Andre døme på levekostnader er tannlegeutgifter, klede og fritidsaktivitetar.
Du kan også søkje om støtte til spesielle utgifter som høgtidsfeiring og konfirmasjon.
Utgifter til lege, psykolog, tannlege og viktige legemiddel blir rekna som nødvendige for å leve (såkalla livsopphald), og er kostnader du kan søkje om å få dekt. Du har i utgangspunktet ikkje rett på økonomisk støtte til å betale utgifter til alternative behandlingstypar, behandlingsformer eller behandlingsstader som ikkje fell innanfor den offentlege helsetenesta og folketrygdlova.
Utgifter til tannbehandling
Dersom du har problem med å betale rekninga for tannbehandling, kan du spørje tannlegen din om det er mogleg å setje opp ein nedbetalingsavtale. Dersom du ikkje har krav på støtte frå Helfo til tannbehandling, og du heller ikkje har økonomi til å få ein nedbetalingsavtale, kan du søkje om økonomisk støtte frå NAV til å betale heile eller delar av beløpet.
For at vi skal kunne vurdere saka di, må du leggje ved opplysningar om inntekt, utgifter og formue. I tillegg til dette treng vi eit kostnadsoverslag som viser kva behandlinga kostar, eventuelle røntgenbilete og ei fråsegn frå tannlegen om behandlinga. Prisane kan variere frå tannlege til tannlege, og NAV kan velje å gi økonomisk støtte til eit rimelegare behandlingsalternativ.
Ved akutt tannbehandling må du leggje ved faktura og ei fråsegn frå tannlegen dersom du søkjer om økonomisk støtte til å betale utgiftene.
Du kan søkje om støtte til depositum når du inngår ein leigekontrakt og ikkje har moglegheit til å skaffe pengar til dette på eiga hand.
NAV gir vanlegvis hjelp gjennom ein garanti for depositum, men kan også gi økonomisk støtte til depositum på ein sperra depositumskonto.
Mange har store utgifter til straum, og slit med å betale rekningane sine. For å hjelpe hushald med straumutgifter er det vedteke fleire mellombelse støtteordningar.
Kva kan NAV hjelpe med?
Dersom du treng økonomisk støtte for å kunne betale straumutgiftene dine, kan det vere aktuelt å søkje om økonomisk sosialhjelp frå NAV.
Når søknaden din blir vurdert, kan NAV-kontoret krevje at du søkjer om bustøtte frå Husbanken.
Bustøtte frå Husbanken
Dersom du har låg inntekt og høge buutgifter, kan bustøtte frå Husbanken vere ei aktuell støtteordning for deg. Bustøtta blir utbetalt i månaden etter at du søkjer.
Stortinget har utvida bustøtteordninga ut 2023. Det betyr at fleire kan ha rett på bustøtte, og at mange får meir bustøtte.
Personar som får utbetalt bustøtte for oktober, november og desember 2023, får ekstra støtte til straumutgifter. Sjå også nettsidene til Husbanken for meir informasjon om støtte til straumutgifter gjennom bustøtte.
Du kan lese meir og søkje om bustøtte på Husbanken.no. Hugs å søkje innan søknadsfristen som står på nettsidene til Husbanken
Andre støtteordningar for å dekkje straumutgifter
- Kompensasjonsordning for høge straumprisar: Stortinget har vedteke at hushald skal få fråtrekk i rekningane frå nettselskapet eller straumleverandøren når straumprisane er ekstraordinært høge. Dette gjeld ut 2023. På regjeringen.no kan du lese meir om straumstøtta.
For deg som har låg inntekt og høge buutgifter, kan bustøtte vere ei aktuell støtteordning. Les meir om bustøtte på husbanken.no. Du kan også sjå videoen om bustøtte.
Korleis vurderer vi søknaden din
Vi vurderer behovet ditt for økonomisk sosialhjelp saman med deg, og gjer ei individuell vurdering av søknaden din.
I vurderinga tek vi omsyn til nødvendige utgifter du har for å leve, inntekta di og moglegheitene dine for framtidig inntekt.
Vi tek omsyn til alder, familiesituasjon, helse og korleis du bur. Dersom du har barn, tek vi særlege omsyn til behova deira i vurderinga.
Det er viktig at du informerer oss om alt du har av inntekter og utgifter, slik at vi får vurdert situasjonen din og behovet ditt for hjelp.
Har du gjeldsproblem?
Du kan i utgangspunktet ikkje få økonomisk støtte til å betale utgifter til gjeld. Dersom du har gjeld, kan du få økonomisk rådgivning. Du kan mellom anna få hjelp til å inngå avtale om nedbetalingsplan med dei du skuldar pengar, endra lånevilkår på lån eller betalingsutsetjing.
I enkelte tilfelle kan NAV vurdere å gi økonomisk støtte til å betale utgifter til gjeld. Dette gjeld til dømes i situasjonar der du held på å miste bustaden din eller få kutta straumen, og det ikkje finst andre utvegar for å hindre at dette skjer.
Du har rett på opplysning, råd og rettleiing, uavhengig av om du har rett på økonomisk sosialhjelp.
Kor mykje kan du få?
Vi vurderer ut frå situasjonen din, inntektene og utgiftene dine kor mykje du kan få i økonomisk støtte.
Alle kommunar har rettleiande satsar for livsopphald. Nokre kommunar har eigne satsar, medan andre kommunar følgjer dei statlege rettleiande satsar.
Statlege retningsliner for økonomisk stønad til livsopphald, vedteke av Arbeids- og sosialdepartementet.
Satsane gjeld frå og med 1. juli 2023.
Støtte til | Beløp |
---|---|
Einslege | 7 550 kroner |
Ektepar/sambuarar | 12 600 kroner |
Person i bufellesskap | 6 350 kroner |
Barn 0-5 år | 3 700 kroner |
Barn 6-10 år | 3 800 kroner |
Barn 11-17 år | 4 950 kroner |
Satsane blir brukte som eit utgangspunkt for å berekna kor mykje du kan få utbetalt, men det skal òg vurderast ut ifrå situasjonen din. Satsane omfattar utgifter til heilt grunnleggjande behov som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar, hygiene med meir. Utgifter til å bu, som husleige og straum, kjem i tillegg.
Er du gift, sambuar eller har barn?
Som forsørgjar har du ulike rettar og plikter. Dersom du er gift eller sambuar og har barn, har de gjensidig forsørgingsplikt for felles barn. Dersom du er gift, har du og ektefellen din gjensidig plikt til å forsørgje kvarandre.
Dersom du er gift, har du og ektefellen din plikt til å forsørgje kvarandre. Dette inneber at vi vurderer den samla økonomien dykkar når vi ser på behovet for økonomisk sosialhjelp.
Dersom ektefellen din har inntekt, men likevel ikkje forsørgjer deg økonomisk, vil vi vurdere den økonomiske situasjonen din og eventuelt gi pengestøtte. Døme på slike situasjonar kan vere dersom
- du oppheld deg på eit krisesenter
- du lever i skjul frå ein valdeleg ektefelle
- du prøver å kome deg ut av eit tvangsekteskap
- ektefellen din sonar i fengsel
- du av andre årsaker ikkje blir forsørgd av ektefellen din
Dersom du har barn, gjeld eigne plikter og ordningar når du søkjer om økonomisk sosialhjelp. I vurderinga vår tek vi særlege omsyn til behova som barna har.
Barnetrygda påverkar ikkje kor mykje du kan få i økonomisk sosialhjelp.
Dersom du ikkje bur saman med eigne barn, kan du få dekt utgifter til samvær. Økonomisk støtte til samvær blir som regel vurdert ut frå omfanget av samværet.
Barn over 18 år har rett til å bli vurderte sjølvstendig når vi reknar ut økonomisk støtte. Du kan som forelder bli pålagd å forsørgje barn over 18 år som følgjer ordinær skulegang, dersom økonomien din tilseier at du har pengar til dette.
Barn har ikkje plikt til å forsørgje foreldre eller søsken. Dersom barnet ditt har jobb på fritida eller i skuleferien, skal ikkje denne inntekta reknast inn i økonomien til familien når behovet for økonomisk sosialhjelp blir vurdert.
Sambuarar har ikkje plikt til å forsørgje kvarandre. Dersom de har barn saman, vil vi likevel som regel sjå på økonomien til begge når vi vurderer behovet for økonomisk sosialhjelp.
Sambuarar som har felles barn, pliktar å forsørgje barna etter økonomisk evne. Dette betyr at den av dykk som har høg nok inntekt til å forsørgje felles barn, i utgangspunktet må gjere dette åleine. I familiar med særkullsbarn kan vi vurdere delar av familien for seg.
Kor lenge kan du få?
Økonomisk sosialhjelp er ein mellombels stønad. Kor lenge du kan få økonomisk sosialhjelp, avheng av situasjonen din.
Du bør vurdere om du har andre moglegheiter til å forsørgje deg sjølv. Dette kan til dømes vere gjennom jobb, andre inntekter eller eigne midlar.
Dersom du treng hjelp med å finne ut av kva moglegheiter du har, kan du kontakte NAV-kontoret ditt. Du kan også kontakte oss på telefon.
Søknad og dokumentasjon
Før du søkjer
Når du søkjer, må du gi opplysningar om deg sjølv og den økonomiske situasjonen din. Du må i utgangspunktet dokumentere opplysningane gjennom vedlegg til søknaden din.
- legitimasjon
- gyldig opphaldsløyve
- skattemelding (tidlegare sjølvmelding)
- skatteoppgjer (tidlegare likning)
- lønsslipp, dersom du er i jobb
- kontooversikt som viser alle kontoane dine med saldo
- opplysningar om butilhøve (husleigekontrakt)
- fakturaer for det du har søkt om støtte til, til dømes husleige og straum
Søknad om økonomisk sosialhjelp
Du kan søkje om det du treng økonomisk støtte til. Det er berre eitt søknadsskjema der du sjølv beskriv kva du ønsker å søkje om. Du skal søkje om økonomisk sosialhjelp til NAV-kontoret der du oppheld deg.
På nav.no kan du søkje digitalt eller på papir.
Kvar enkelt kommune har i tillegg eit eige søknadsskjema du kan bruke. Du kan òg henta papirskjema på NAV-kontoret ditt.
Sende søknad på papir
Dersom du ikkje har høve til eller ikkje vil søkje digitalt, kan du nytte papirskjema for å søkje om økonomisk sosialhjelp.
Du kan laste ned søknadsskjema for økonomisk sosialhjelp her:
Last ned søknadsskjema for økonomisk sosialhjelp
For å bruke kommunen sitt eiget skjema, må du finne det på nettsidene deira. Du finn nettsidene til kommunen din på:
www.[din kommune].kommune.no
til dømes www.oslo.kommune.no
Hent papirskjema på NAV-kontoret ditt
Dersom du ikkje finn søknadsskjema på nettsidene til kommunen, kan du hente papirskjema på NAV-kontoret ditt.
Du finn adresse og telefonnummer til nærmaste kontor under finn NAV-kontor.
Når du skal levere søknaden
Du kan levere søknaden på NAV-kontoret ditt eller via post.
Dersom du treng hjelp
Kontakt NAV-kontoret ditt dersom du treng hjelp med å finne rett søknadsskjema eller fylle ut søknaden.
Status på søknaden og saksbehandlingstider
Dersom du har søkt digitalt, finn du ei liste over alle søknadene dine om økonomisk sosialhjelp på nav.no. Her kan du mellom anna følgje statusen for søknaden din, og sjå om du må levere ytterlegare opplysningar for at vi skal kunne behandle søknaden.
Saksbehandlingstider for søknadar
Kommunane kan ha ulik svartid, men du skal få svar innan rimeleg tid. Dersom det har gått meir enn éin månad frå du søkte, skal du få brev om at saksbehandlingstida er forlengd.
I ein naudssituasjon skal du få eit raskt svar på søknaden din.
Dersom vi treng fleire opplysningar for å behandle søknaden din, tek vi kontakt med deg. For å få raskt svar på søknaden, bør du levere dei opplysningane vi treng så fort som mogleg.
Er du i ein naudssituasjon?
Då bør du kontakte NAV-kontoret i den kommunen du oppheld deg i.
Gi beskjed om endringar
Dersom det skjer endringar i situasjonen din, kan de ha innverknad på oppfølginga eller utbetalingar du får frå NAV. Det er derfor viktig å gi NAV beskjed om endringane. Det kan vere endringar med omsyn til inntekt, familiesituasjon, jobbsituasjon, og så vidare.
Viss du er gift eller registrert partnar, må du også melde frå til NAV dersom situasjonen til ektefellen/partnaren din endrar seg.
Viss du er usikker på om endringa vil påverke utbetalinga di, kan du kontakte oss på telefon.
- Du byrjar tene meir eller mindre enn du tidlegare har oppgitt til NAV.
- Du får utbetalt pengar i form av utbyte på aksjar, fond, sal av eigedom/eigedelar eller anna.
- Sivilstatusen din endrar seg, til dømes ved at du inngår eller avsluttar ekteskap, partnarskap eller sambuarskap, eller at partnar/ektefelle/sambuar døyr.
- Familiesituasjonen din endrar seg ved at du får barn, eit barn flyttar ut eller du ikkje lenger forsørgjer barnet ditt / barna dine.
- Du planlegg å opphalde deg i eller flytte til utlandet.
- Du skal flytte ut av kommunen.
Når du har fått svar på søknaden
Når søknaden din er ferdigbehandla får du eit skriftleg svar, også kalla vedtaksbrev. Du har rett på ei individuell vurdering av saka di i svaret på søknaden.
I brevet kan du også lese om du har aktivitetar du må gjennomføre som ein del av oppfølginga di frå NAV.
NAV kan stille krav, ofte kalla vilkår, om at du må redusere utgiftene dine, auke inntektene dine og delta i aktivitetar når du får økonomisk sosialhjelp.
Krav om aktivitet
Målet med å stille krav til deg om aktivitet, er at du skal kunne forsørgje deg sjølv.
NAV kan til dømes stille krav om at du
- møter til rettleiingssamtalar
- søkjer på relevante jobbar
- deltek på arbeidsretta kurs og tiltak
- deltek i arbeidstrening eller annan arbeidsretta aktivitet
- deltek i utdannings- og opplæringstiltak
For deg under 30
Dersom du er under 30 år, vil NAV stille krav om at du deltek i aktivitet når du får økonomisk sosialhjelp. Målet er å hjelpe deg å kome ut i arbeid eller utdanning, slik at du kan forsørgje deg sjølv gjennom eiga inntekt.
Dersom du ikkje oppfyller vilkåra
Dersom du ikkje oppfyller vilkåra du har avtalt med NAV, kan det få konsekvensar for den økonomiske støtta du får frå NAV.
Når utbetales pengene?
I vedtaksbrevet ditt (brevet som inneheld avgjerda på søknaden) finn du meir informasjon om beløp og utbetalingar.
Utbetalingsdato kan variere frå kommune til kommune. Du kan finne informasjon om utbetalingar under Dine Utbetalingar eller i vedtaksbrevet.
Dersom utbetalingsdatoen er i ei helg eller på ein heilagdag, får du vanlegvis pengane dagen før.
Feriepengar
Det er ikkje feriepengar på denne stønaden.
Skatt
Det blir ikkje trekt skatt.
Økonomisk sosialhjelp og ferie
Du må som hovudregel opphalde deg i Noreg for å ha rett på økonomisk sosialhjelp.
Dersom du skal reise til utlandet, må du avklare dette med NAV-kontoret før du reiser. Reiser til utlandet kan påverke utbetalingane dine.
Kontakt oss dersom du skal ha ferie eller reise til utlandet.
Fullmakt
Viss du vil ha hjelp i kontakten din med Nav, kan du gi fullmakt til ein person du har tillit til.
Fullmakta kan brukast i kontakt med Nav-kontoret ditt på telefon.
Du bestemmer sjølv kva fullmakta skal gjelda, og kor lenge ho varer.
Klage
Har du fått eit svar på søknaden din og er usamd i vedtaket, kan du klage.
Du skal sende klaga til NAV-kontoret som behandla søknaden din. Klagefristen er 3 veker frå du får eit svar på søknaden.
Det finst ikkje eit digitalt klageskjema på nav.no, så du må sende klagen i posten eller levere de på NAV-kontoret.
Klaga skal innehalde informasjon om:
- Kva vedtak du klagar på. Du kan eventuelt leggje ved vedtaksbrevet du klagar på.
- Kva du meiner er feil med vedtaket og kvifor.
- Underskrift.
Du kan leggje ved opplysningar som vedlegg til klaga di.
Treng du hjelp til å klage?
NAV-kontoret ditt kan hjelpe deg dersom du treng hjelp til å skrive klaga. Avtal i så fall time på NAV-kontoret. Dersom du ønskjer å ha med deg ein person du har tillit til, har du rett til det.
Du kan også bruke advokat eller gi fullmakt til ein person som klagar på dine vegner.
Saksbehandlingstid for klage
Har du fått eit svar på søknaden din og er usamd i vedtaket, kan du klage.
Du skal sende klaga til NAV-kontoret som behandla søknaden din. Klagefristen er 3 veker frå du får eit svar på søknaden.
Kommunane kan ha ulik svartid, men du skal får svar innan rimeleg tid. Viss det har gått meir enn éin månad frå du klaga, skal du få brev om at det tek lengre tid enn vanleg å behandla søknaden din.
Klaga blir behandla på nytt av NAV-kontoret som behandla søknaden. Det varierer frå kommune til kommune kor lenge du må vente på svar. Dersom det går meir enn éin månad, skal du få eit førebels svar. Dersom du blir gitt medhald, får du eit nytt vedtak.
Dersom NAV-kontoret ikkje gir deg medhald i klaga, blir denne vidaresend til Statsforvaltaren, som vurderer saka di på nytt. NAV-kontoret vil gi deg skriftleg beskjed om dette. Statsforvaltaren vil gi deg informasjon om saksbehandlingstid og kva som skjer vidare med klaga di.
Du får skriftleg beskjed når Statsforvaltaren har avgjort saka di. Dersom Statsforvaltaren gir deg medhald i klaga, skal NAV-kontoret behandle søknaden din på nytt og du får eit nytt vedtak.
Dersom du får medhald i klaga di, kan du ha rett til å få dekt utgifter som har vore nødvendige for å få endra vedtaket. Eit døme er utgifter til advokat. Du kan då sende eit krav til NAV-kontoret som endra (gjorde om) vedtaket, om å få dekt sakskostnadene.
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Ring oss på 55 55 33 33
Ope kvardagar kl. 9–15. Dersom ventetida er over 5 minutt, kan vi ringe deg tilbake.
Sjå fleire telefonnummer og tasteval.