Dette kan du ha rett til

Treng råd og rettleiing

Om rettleiing du kan få av Nav når du har utfordringar med økonomi, jobb, busituasjon, heimeforhold eller omsorg for barn.

Kvem kan få tenesta?

Alle kan få opplysning, råd og rettleiing i ein rettleiingssamtale på Nav-kontoret. Du treng ikkje å allereie vere i ein vanskeleg situasjon for å få ein samtale. Du treng heller ikkje å ha rett på stønader frå Nav for å be om ein samtale.

Vi tilbyr deg ein samtale ut frå dei behova du har, og hjelper deg med å førebyggje, planleggje eller endre din situasjon.

Tenesta er ein rett

Tenesta Opplysning, råd og rettleiing er ein rett. Du har rett på vedtak med dato for når tenesta startar. Du har også rett til å klage.

Korleis få samtale?

Dersom du har behov for ein rettleiingssamtale med oss, kan du ta kontakt med Nav-kontoret ditt. Du kan også ringe oss or å avtale rettleiing.

Kva kan du få hjelp til?

Rettleiaren din skal hjelpe deg i å betre din situasjon, komme ut av eller førebyggje ein vanskeleg situasjon. Det kan til dømes vere ein vanskeleg familiesituasjon, bustadsituasjon eller økonomiske utfordringar. Vi har også plikt til å rettleie deg om tenester og stønader som du kan få.

Du og rettleiaren din lagar saman ein plan for innhaldet og varigheita til rettleiinga.

Dersom du får økonomisk sosialhjelp, kan ein rettleiingssamtale bidra til at du lettare klarer deg sjølv. Ein økonomisk rådgivar kan hjelpe deg dersom du har store økonomiske problem og gjeld.

Døme på konkrete ting ein rettleiiar kan hjelpe deg med er å registrere deg som arbeidssøkjar, søkje tenester og stønader, rettleie deg om korleis du går fram på bustadsmarknaden, hjelpe til å betale rekningar, med meir.

Døme på situasjoner

Korleis går føre seg eit møte med Nav?

Alle medarbeidarane i Nav har teieplikt. Rettleiingssamtalen skal skje på ein uforstyrra stad.  Du kan som oftest velje om du vil ha samtale på Nav-kontoret eller digitalt.

I samtalen vil vi snakke med deg om kva du og eventuelt familien din treng av hjelp og støtte frå Nav. Dersom du ønskjer det, kan du ta med ein person du stolar på til samtalen.

Dersom du til dømes har ein vanskeleg familiesituasjon, psykiske problem, rusproblem, eller andre utfordringar, bør du seie noko om dette til rettleiaren. På den måten kan vi gi deg betre hjelp og oppfølging.

Dersom du får oppfølging frå andre – til dømes barnevernet eller distriktspsykiatrisk senter (DPS) – er det fint om du seier frå til oss om dette. Dersom du ønskjer det, kan vi saman få til eit samarbeid med andre om oppfølging.

Treng du tolk? 

Du har rett til tolk i ein samtale med Nav dersom du ikkje forstår det som blir sagt og ikkje kan formidle kva du treng. Dette gjeld både tolk på ulike språk og tolk for døve, høyrslehemma og døvblinde. 

Nav kan samarbeide med andre

Dersom du treng hjelp frå andre offentlege tenester, skal vi hjelpe deg med å komme i kontakt med dei. Om du ønskjer, kan vi samarbeide med fleire offentlege tenester for å kunne gi deg best mogleg hjelp.
 
Om du har behov for fleire offentlege tenester som må samarbeide og koordinerast, har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Det kan til dømes vere tenester frå Nav, skulen, helse, oppfølgingstenesta, barnevernet, kriminalomsorga og andre.

Andre som kan hjelpe

Oppdatert 23.03.2026

Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss

Finn ditt Nav-kontor

Søk opp Nav-kontor med postnummer, sted eller by.

Ring oss på 55 55 33 33

Ope kvardagar kl. 9–15. Dersom ventetida er over 5 minutt, kan vi ringe deg tilbake.
Venter…Sjå fleire telefonnummer og tasteval.