Dette kan du ha rett til
Har ikkje ein stad å bu
Nav kan hjelpe deg med å skaffe mellombels bustad i ein nødssituasjon. Vi kan også hjelpe deg med å finne ein fast stad å bu.
Har du ikkje ein stad å bu i natt?
Dersom du ikkje har ein stad å sove og opphalde deg på det neste døgnet, kan du få eit mellombels butilbod.
Aktuelle situasjonar kan vere dersom du har mista bustaden grunna brann, samlivsbrot eller liknande.
Treng du hjelp med å skaffe permanent bustad?
Vi kan stille med råd og rettleiing for å hjelpe deg å finne ein permanent bustad.
Treng du hjelp med å dekkje buutgiftene dine?
Viss du treng hjelp med å betale buutgiftene dine, kan du søkje om økonomisk sosialhjelp. Dette kan til dømes vere husleige, depositum, straum, oppvarming og kommunale avgifter.
Du kan også få støtte frå Husbanken til å dekkje buutgifter.
Treng du å snakke med nokon?
Du har rett på å få opplysning, råd og rettleiing frå Nav. Du kan ta kontakt med Nav-kontoret ditt og be om ein samtale.
Vi kan gi råd og rettleiing om økonomien din. Målet er at du skal bli i stand til å styre økonomien din på eiga hand.
Oppdatert 04.07.2025