Teneste

Mellombels butilbod (nødssituasjon)

Hjelp frå Nav til å finne eit mellombels butilbod når du ikkje har ein stad å sove og opphalde deg det neste døgnet. 

Kven kan få?

Du kan få hjelp frå Nav til å finne mellombels butilbod dersom du ikkje har ein stad å sove og opphalde deg det neste døgnet. Nav er forplikta til å finne eit mellombels butilbod til deg dersom du ikkje klarer det sjølv.

Du kan også få hjelp til å finne eit mellombels butilbod viss du mellombels bur hos venner, kjende eller familie.

Kva kan du få?

Kva som blir tilbode som mellombels butilbod, varierer frå kommune til kommune.

Nav-kontoret må sikre at det mellombelse butilbodet er forsvarleg ut frå behova dine, og at bustaden har ein forsvarleg standard.

Dersom du ikkje har pengar til å betale for eit mellombels butilbod sjølv, kan du søkje om økonomisk sosialhjelp.

Eit mellombels butilbod er ikkje meint til å vare over tid.

Nav hjelpe deg til å skaffe et permanent bustad dersom du ikkje klarer det sjølv.

Søknad og klage

Dersom du treng eit mellombels butilbod, ta kontakt med Nav-kontoret ditt eller kontoret der du oppheld deg.

Du har rett på vedtak, og du har også rett til å klage.

Oppdatert 04.09.2025

Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss

Finn ditt Nav-kontor

Søk opp Nav-kontor med postnummer, sted eller by.

Ring oss på 55 55 33 33

Ope kvardagar kl. 9–15. Dersom ventetida er over 5 minutt, kan vi ringe deg tilbake.
Venter…Sjå fleire telefonnummer og tasteval.