Dette kan du ha rett til
Har ikkje pengar til mat, bustad eller andre utgifter
Om pengestøtte du kan få når du ikkje har pengar til nødvendige utgifter eller er i ein nødssituasjon.
Har du ikkje pengar til mat, bustad eller andre nødvendige utgifter?
Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels økonomisk støtte som skal dekkje nødvendige utgifter til å leve og bu. Nav kan krevje at du gjennomfører aktivitetar når du får økonomisk sosialhjelp.
Alle har rett til å søkje om økonomisk sosialhjelp og få ei individuell vurdering av søknaden sin.
Er du i ein nødssituasjon
Hjelp i ein nødssituasjon (nødhjelp) skal dekkje heilt nødvendige utgifter for ein kort periode. Det kan til dømes vere støtte til:
- mat
- reise
- rekningar som du må betale for å unngå å miste nødvendige tenester som straum eller liknande
- anna utgifter
Du bruker søknadsskjema for økonomisk sosialhjelp dersom du treng hjelp i ein nødssituasjon. Skriv gjerne at du treng hjelp i ein nødssituasjon. Kan du ikkje sende digital søknad, bør du ta kontakt med Nav-kontoret i kommunen du bur eller oppheld deg i.
Dersom du ikkje har ein stad å sove og opphalde deg på det neste døgnet, kan du også søkje om hjelp til å finne eit mellombels butilbod.
Treng du hjelp med å kome i jobb eller aktivitet?
Nav kan hjelpe deg å kome ut i jobb eller aktivitet. Treng du hjelp med å finne ut av kva moglegheiter du har? Ta kontakt med Nav-kontoret ditt. Du kan også kontakte oss på telefon.
Vurderer du å ta utdanning eller vidaregåande, eller treng du hjelp til å fullføre?
Treng du råd og rettleiing?
Du har rett til å få rettleiing frå Nav for å førebyggje eller løyse utfordringar du har. Det kan til dømes vere utfordringar knytt til økonomi, arbeid, busituasjon, heimeforhold, omsorg for barn eller andre ting. Du kan ringe oss eller ta kontakt med ditt Nav-kontor.
Du kan lese meir om tenesta her:Har du økonomiske problem?
Vi kan gi råd og rettleiing om økonomien din. Målet er at du skal bli i stand til å styre økonomien din på eiga hand.
Treng du hjelp med å skaffe permanent bustad?
Vi kan stille med råd og rettleiing for å hjelpe deg å finne ein permanent bustad.
Er du åleine med barn?
Når du er åleine med barn, finst det ulike støtteordningar avhengig av mellom anna alderen på barnet, sivilstatusen og bu- og arbeidssituasjonen din.
Oppdatert 04.07.2025