Pengestøtte
Bidragsforskot
Sikrar deg utbetaling av barnebidrag.
Kven kan få?
Du kan ha rett til bidragsforskot når den andre forelderen skal betale barnebidrag, og Skatteetaten krev inn bidraget.
I tillegg gjeld dette for å ha rett til bidragsforskot:
- Barnet bur fast hos deg, og du har den faktiske omsorga.
- Barnet bur ikkje saman med begge foreldra. Det betyr at du er einsleg forsørgjar, eller bur saman med ein annan enn mora eller faren til barnet.
- Barn med delt fast bustad kan også ha rett til bidragsforskot, dersom
- Skatteetaten kan krevje inn heile eller delar av barnebidraget frå den andre forelderen, eller
- ein av foreldra ikkje har økonomisk evne til å betale bidrag.
Du kan også ha rett til bidragsforskot dersom
- farskapen til barnet ikkje er fastsett
- barnet er adoptert av ei einsleg mor eller far
- ein av foreldra er død, og barnet ikkje har rett til barnepensjon eller ei tilsvarande ordning frå utlandet
Du har ikkje rett til bidragsforskot dersom
- du som mottar bidraget har ei samla årsinntekt over 663 300 kroner
- barnet har fylt 18 år. Barn over 18 år kan ha rett til barnebidrag under skulegang, men ikkje bidragsforskot
- barnet bur i fosterheim eller ein barnevernsinstitusjon, eller det offentlege forsørgjer barnet fullt ut på annan måte
- barnet bur i utlandet. Barnet blir rekna som busett i Noreg dersom han eller ho har vore, eller skal opphalde seg, i Noreg i meir enn 12 månader. Du kan på visse vilkår behalde bidragsforskotet dersom opphaldet i utlandet varer i inntil 6 månader.
Korleis du får innkrevjing, kjem an på kva slags avtale om barnebidrag du har:
- Dersom Nav har fastsett barnebidraget, men Skatteetaten ikkje krev det inn, kan du be om innkrevjing ved å sende oss ei melding.
- Har du ein skriftleg privat avtale om barnebidrag, eller eit bidrag som er fastsett av ein domstol eller ved rettsforlik, bruker du knappen «Send privat avtale til Nav» nedanfor.
Når du får spørsmål om kva dokument du skal ettersende, vel du «Annan dokumentasjon».
Når du som bidragsmottakar bur i Noreg, kan du få bidragsforskot frå Nav så lenge du fyller vilkåra. Det har ingen betydning kvar den bidragspliktige bur.
Dersom du søkjer om bidragsforskot og samtidig får bidragsforskot eller ei tilsvarande ordning frå utlandet, må du melde frå til Nav.
Bidragsmottakaren bur i utlandet
Som hovudregel har du ikkje rett til bidragsforskot frå Noreg når du er busett i utlandet.
Nav kan gjere unntak dersom du er medlem i folketrygda, og anten
- utanlandsopphaldet ikkje skal vare meir enn 6 månader
- eller du arbeider for ein norsk arbeidsgivar
Dersom landet du bur i har ei tilsvarande ordning, kan du undersøkje kva rettar du har der.
Kva kan du få?
Bidragsforskotet er behovsprøvd, det vil seie at forskotet blir fastsett ut frå kor høg inntekt du har, kor mange eigne barn du bur saman med, og om du bur åleine eller er sambuar.
Desse inntektene har betydning for bidragsforskotet:
- personinntekta di (bruttoinntekta)
- positive netto kapitalinntekter som overstig 10 000 kroner per år, blir rekna med
- kontantstøtte du får for det aktuelle barnet, blir rekna med
- barnetillegg du får for det aktuelle barnet, blir rekna med
- utvida barnetrygd og småbarnstillegg blir rekna med, uansett kva barn du får stønad for
- omsorgsstønad blir rekna som personinntekt
Bidragsforskot har tre ulike satsar:
- forhøya forskot
- ordinært forskot
- redusert forskot
Forhøya forskot
Inntektsgrenser og satsar gjeld frå 1. juli 2025:
Inntektsgrense: Ei årsinntekt på 375 900 kroner eller lågare gir rett til høgare forskot.
Dersom du har rett på høgare forskot, vil forskotet auke automatisk med ein tredel av ordinær forskotssats når barnet fyller 11 år.
Dersom barnet bur saman med ein annan enn foreldra, og denne personen også er verje/hjelpeverje, har barnet rett til høgare forskot. Bidragsforskotet blir i slike tilfelle ikkje behovsprøvd.
Satsar for høgare forskot:
| Alder på barnet | Beløp i månaden |
|---|---|
| Under 11 år | 2 010 kroner |
| Over 11 år | 2 510 kroner |
Ordinært forskot
Inntektsgrenser og satsar gjeld frå 1. juli 2025.
Inntektsgrense for ordinært bidragsforskot når du er gift eller sambuar:
| Tal på barn | Inntektsgrense |
|---|---|
| 1 barn | 375 901 - 459 300 kroner |
| 2 barn | 375 901 - 535 900 kroner |
| 3 barn | 375 901 - 612 500 kroner |
| 4 barn eller fleire | 375 901 - 663 300 kroner |
Inntektsgrense for ordinært bidragsforskot når du bur åleine med barn:
| Tal på barn | Inntektsgrense |
|---|---|
| 1 barn | 375 901 - 556 900 kroner |
| 2 barn | 375 901 - 633 500 kroner |
| 3 barn eller fleire | 375 901 - 663 300 kroner |
Satsar for ordinært bidragsforskot:
| Alder på barnet | Beløp i månaden |
|---|---|
| Under 11 år | 1 510 kroner |
| Over 11 år | 1 510 kroner |
Redusert forskot
Inntektsgrenser og satsar gjeld frå 1. juli 2025.
Inntektsgrense for redusert bidragsforskot når du er gift eller sambuar:
| Tal på barn | Inntektsgrense |
|---|---|
| 1 barn | 459 301 - 663 300 kroner |
| 2 barn | 535 901 - 663 300 kroner |
| 3 barn eller flere | 612 501 - 663 300 kroner |
Inntektsgrense for redusert bidragsforskot når du bur åleine med barn:
| Tal på barn | Inntektsgrense |
|---|---|
| 1 barn | 556 901 - 663 300 kroner |
| 2 barn | 633 501 - 663 300 kroner |
Satsar for redusert bidragsforskot:
| Alder på barnet | Beløp i månaden |
|---|---|
| Under 11 år | 1 010 kroner |
| Over 11 år | 1 010 kroner |
Du kan få bidragsforskot så lenge du har rett til det, og til og med månaden barnet fyller 18 år.
Kan du få bidragsforskot tilbake i tid?
Ja, du kan få bidragsforskot for opptil tre månader før Nav tok imot søknaden din.
Det gjeld dersom du oppfylte vilkåra i denne perioden.
Andre tilbod
Meir informasjon til deg som
- Er helt eller delvis alene med barnDette kan du ha rett til
Søkje, ettersende eller klage
Du kan søkje digitalt eller på papir.
For at vi skal kunne behandle søknaden din så raskt som mogleg, må du fylle ut alle relevante opplysningar og legge ved nødvendig dokumentasjon. Du får beskjed undervegs i søknaden dersom du må dokumentere nokre av opplysningane dine.
Om du søkjer om bidragsforskot utan å ha ein avtale om barnebidrag, opprettar Nav ei sak for å fastsetje bidraget.
Om den andre forelderen har samvær med barnet, må du legge ved ei avgjerd eller avtale om samvær. Det kan vere:
- ein privat samværsavtale
- ei offentleg avgjerd som viser kor mykje samvær den andre forelderen har med barnet
Om barnet har delt fast bustad etter barnelova § 36, må du legge ved ein skriftleg avtale eller dom som viser at barnet har delt fast bustad.
Om barnebidraget er fastsett i eit anna land, må du legge ved dokumentasjon som viser dette.
Om du har søkt eller fått innvilga asyl
Har du søkt om asyl i Noreg for deg sjølv og barna, og enno ikkje har fått svar, legg du ved kopi av asylsøknaden.
Har du fått innvilga asyl i Noreg, legg du ved ei stadfesting som viser frå kva dato du har fått asyl.
Du får skriftleg vedtak når søknaden er behandla.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak. Hugs at vi treng all nødvendig dokumentasjon for å behandle søknaden din.
| Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
|---|---|
| Søknad | 5 veker |
Alle partar i ei bidragssak kan klage på vedtaket frå Nav. Om eit barn er part, må barnet ha fylt 18 år for å kunne klage.
Klagefristen for bidragsforskot er 6 veker.
Vedtak om bidragsforskot er gjort ut frå dei opplysningane som finst på vedtakstidspunktet. Om opplysningane ikkje stemmer, kan du klage på vedtaket. Skjer det ei endring i opplysningane etter at vedtaket er fatta, kan du søkje om å få endra vedtaket.
Saksgang i klagen
Når du klagar, vil den Nav‑eininga som har gjort vedtaket vurdere saka di på nytt. Nav kan gjere om vedtaket om det er grunn til det. Om vedtaket ikkje blir endra, blir klagen sendt vidare til Nav klageinstans. Klageinstansen gjer sitt vedtak i saka, og dette vedtaket er endeleg. Det er altså ikkje fleire klagemoglegheiter.
Saksbehandlingstid for klage
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
| Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
|---|---|
| Klage til Nav-eining | 4 månader |
| Klage til Nav klageinstans | 4 månader |
Når du har bidragsforskot
Om du har fått innvilga bidragsforskot, blir pengane utbetalte i starten av den påfølgjande månaden.
Skatteetaten utbetaler
Det er Skatteetaten som utbetaler bidragsforskot. Du må derfor kontakte dei på telefon 21 05 11 00 om du har spørsmål om utbetalingane dine.
Nav kontaktsenter kan ikkje svare på spørsmål om utbetalingar frå Skatteetaten.
Utbetalingsdatoane er dei dagane Nav garanterer at pengane skal vere på kontoen din.
| Utbetalingsdatoar i 2026 |
|---|
| 5. januar |
| 3. februar |
| 3. mars |
| 7. april |
| 5. mai |
| 2. juni |
| 2. juli |
| 4. august |
| 2. september |
| 2. oktober |
| 3. november |
| 2. desember |
Sjekk utbetalingane dine
Du kan finne opplysningar om utbetalingar frå Skatteetaten i nettbanken din. For å sjå detaljerte opplysningar om utbetalinga, må du logge på nettbanken frå ein PC. I bankappar på mobilen kan det vere at du ikkje får sjå detaljane.
Hugs at du kan aktivere varsel i nettbanken din for når bidraget er på konto.
Feriepenger
Det er ikkje feriepengar på denne stønaden.
Skatt
Det blir ikkje trekt skatt.
Du som mottar bidragsforskot, har plikt til å melde frå til Nav om endringar som kan ha betydning for retten til forskot. Om du har fått forskot utan at du har hatt rett på det, vil Nav vurdere om du må betale tilbake.
Du må melde frå til oss om endringar dersom
- du tek opp att forholdet til den andre forelderen
- du får sambuar eller giftar deg
- du får endringar i lønn, eller andre utbetalingar frå Nav
- du ikkje lenger har den daglege omsorga for barnet, for eksempel fordi barnet flyttar til den andre forelderen eller til fosterheim eller institusjon
- barnet flyttar til utlandet eller har eit opphald i utlandet
Oppdatert 28.05.2026
Finner du ikke svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope
Skriv til oss
Still oss eit spørsmål og få skriftleg svar.
Svartida er 2 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.