Korleis tek du ut alderspensjon?

  • Du kan starte uttak av alderspensjon frå fylte 62 år dersom du har høg nok opptening.  Vilkåret for uttak er at den pensjonen du vil få når du fyller 67 år minst må tilsvare minste pensjonsnivå. Frå fylte 67 år kan du ta ut alderspensjon utan krav til pensjonsopptening. Du må likevel som hovudregel ha budd i Noreg i minst tre år etter fylte 16 år og framleis vere medlem av folketrygda for å ha rett til alderspensjon.  
  • Du kan ta ut heil pensjon eller berre ein del: 20, 40, 50, 60 eller 80 prosent.
  • Etter at du har starta uttak kan du endre uttaksgraden éin gong i året. Du kan likevel når som helst velje å ta ut heil alderspensjon eller stanse pensjonen.

Du vel sjølv om du vil halde fram heilt eller delvis i arbeid etter at du har teke ut alderspensjon. Pensjonsutbetalinga blir ikkje redusert på grunn av arbeidsinntekt. Det betyr at sjølv om du tek ut heil alderspensjon, kan du samstundes tene så mykje du vil ved sidan av. Dersom du også har tenestepensjon, kan det gjelde andre reglar for kombinasjon av tenestepensjon og arbeid. For meir informasjon ta kontakt med tenestepensjonsleverandøren din.

Høgare pensjon dess lenger du ventar

Mange lurer på når dei skal starte å ta ut alderspensjon og om dei skal sameine jobb og pensjon i nokre år eller vente med å starte uttaket til dei sluttar i arbeid. Den årlege pensjonen blir berekna ut frå kor gamal du er når du velger å ta ut pensjon, og forventa levealder for ditt årskull. Dess lenger du venter før du tar ut alderspensjon, desto høgare blir pensjonen.

I nettenesta Din pensjon kan du samanlikne ulike alternativ og sjå korleis ulike uttaksaldrar og uttaksgradar vil slå ut for deg.

Kva får du i alderspensjon?

Utbetalinga avheng mellom anna av pensjonsoppteninga di, uttaksalder, uttaksgrad, om du har ektefelle med eiga inntekt og om du har budd heile eller delar av livet ditt i utlandet.  I nettenesta Din pensjon kan du rekne ut den framtidige pensjonen din frå folketrygda, eventuell AFP og tenestepensjon frå dei største private og offentlege leverandørane.

Du kan halde fram å tene opp pensjon dersom du held fram i arbeid samstundes som du tek ut pensjon.Alderspensjonistar som har fylt 67 år og som forsørgjer ektefelle og/eller barn under 18 år, kan få behovsprøvd forsørgingstillegg. Les meir om forsørgingstillegg.

Dersom du vil vite meir om korleis alderspensjon blir rekna ut, kan du også sjå lenke under relatert informasjon.