Når bør du søkje, og korleis søkjer du?

Alderspensjon frå folketrygda blir betalt ut tidlegast frå månaden etter at vi har fått søknaden din. Du kan ikkje søkje tilbake i tid. Søkjer du i Din pensjon, får du svar i løpet av få minutt. Dersom vi ikkje får behandla søknaden, får du beskjed om det. Søknaden blir då automatisk send til ein saksbehandlar som går gjennom søknaden manuelt.

Dersom du allereie får alderspensjon, kan du stoppe eller endre uttaksgraden når du sjølv ønskjer det. Pensjonsgraden kan endrast eller oppdaterast når det har gått eitt år frå uttakstidspunktet. Dersom du ønskjer å gjere ytterlegare endringar, må det gå eitt år mellom kvar endring. Du kan likevel når som helst ta ut heil pensjon (100 prosent) eller stanse pensjonen (0 prosent). Dersom du har teke ut heil alderspensjon eller pensjonen er sett til 0 prosent, må det gå eitt år før du kan endre til en gradert pensjon.

For å søkje om alderspensjon eller endre uttaksgrad kan du klikke på lenkjene under og logge inn i Din pensjon.

Søkje alderspensjon Endre uttaksgrad 

Du kan også søkje om pensjon på papirblankett. Det kan ta noko lengre tid å behandle søknader på papir.

Har du uføretrygd frå NAV?

Har du 100 prosent uføretrygd, får du automatisk 100 prosent alderspensjon når du fyller 67 år. Har du gradert uføretrygd når du fyller 67 år, får du automatisk ein alderspensjon med uttaksgrad på 20, 40, 50, 60, 80 eller 100 prosent. Ønskjer du ein annan uttaksgrad, må du søkje om dette.

Tre månader før du fyller 67 år, får du eit brev om at uføretrygda di blir rekna om til alderspensjon. Månaden du fyller 67 år, får du eit vedtaksbrev med informasjon om kva du får i alderspensjon, og kva som påverkar korleis pensjonen er berekna.

Er du over 62 år og har rett til å ta ut alderspensjon, kan du kombinere alderspensjonen med uføretrygd. Ver merksam på at den samla graden av uføretrygd og alderspensjon ikkje kan vere over 100 prosent.

Dersom du har rett til AFP i privat sektor, er det viktig å merke seg at du ikkje kan få AFP dersom du har fått uføretrygd etter at du fylte 62 år. Du må altså seie frå deg uføretrygda di frå folketrygda før du fyller 62 år, for å få innvilga AFP i privat sektor.

Har du attlevandepensjon frå NAV?

Tre månader før du fyller 67 år, vil du få eit brev om at attlevandepensjonen din blir rekna om til alderspensjon. Månaden du fyller 67 år, får du eit vedtaksbrev med informasjon om kva du får i alderspensjon, og kva som påverkar korleis pensjonen er berekna.

Har du attlevandepensjon som ikkje er redusert på grunn av arbeidsinntekt, får du automatisk 100 prosent alderspensjon med attlevanderett frå månaden etter at du fyller 67 år. Du treng ikkje å sende søknad.

Er attlevandepensjonen redusert fordi du har arbeidsinntekt, må du sjølv søkje om alderspensjon. Du får eit eige informasjonsbrev om dette 3 månader før du fyller 67 år. Du kan ta ut alderspensjon før du fyller 67 år, dersom du fyller vilkåra. Du kan ikkje få alderspensjon og attlevandepensjon samtidig. Dersom du vel å ta ut alderspensjon, kan han bli berekna med rettar etter avdøde. Det er viktig at du set deg inn i det regelverket som gjeld for deg, og kva konsekvensar valet ditt får for økonomien din.

Har du AFP frå offentleg tenestepensjonsordning?

Har du rett til AFP i offentleg sektor, kan du tidlegast ta ut denne frå månaden etter at du fylte 62 år. Du kan ha AFP fram til og med månaden du fyller 67 år. Du kan ikkje ta ut alderspensjonen frå folketrygda samtidig som du har AFP frå offentleg sektor.

Har du AFP frå offentleg tenestepensjonsordning, må du søkje om alderspensjon for at pensjonsutbetalinga skal halde fram etter at du er blitt 67 år. AFP blir betalt ut til og med den månaden du fyller 67 år.

For å få alderspensjon etter at AFP-perioden er avslutta, kan du søkje tidlegast 3 månader før du blir 67 år, og seinast den månaden du blir 67 år. Dersom du tidlegare har fått alderspensjon frå folketrygda, må du endre uttaksgraden på alderspensjonen for å setje i gang utbetalinga igjen. Vel «Søk pensjon» eller «Endre uttaksgrad».

AFP i privat sektor

AFP i privat sektor blir gitt som eit tillegg til alderspensjonen frå folketrygda. Dersom du arbeider i privat sektor og har rett til AFP, kan du søkje om AFP i tenesta «Din pensjon».

Dersom du vil søkje på papirskjema, kan du skrive ut dette frå nettsidene til Fellesordningen for AFP.

Forsørgingstillegg

Du kan ha rett til forsørgingstillegg dersom du har fylt 67 år, tek ut 100 prosent alderspensjon og du forsørgjer ektefellen din eller barn under 18 år.

Du søkjer om forsørgingstillegg på skjemaet NAV 03-24.05 Søknad om forsørgingstillegg.

Opphald i utlandet

Dersom du har budd eller arbeidd i andre land enn Noreg, kan du ha krav på pensjon derfrå. Opphald i utlandet kan også påverke storleiken på alderspensjonen du får frå folketrygda i Noreg, og kan ha betydning for om du kan ta ut alderspensjon før du fyller 67 år.

Supplerande stønad 

Dersom du har låg eller ingen alderspensjon frå Noreg fordi du har budd få år i landet, kan du søke om supplerande stønad. Dette kan du søkje om dersom du har fylt 67 år og bur i Noreg.

For å søkje om supplerande stønad må du kontakte NAV-kontoret ditt og bruke skjemaet NAV 64-21.00 Krav om supplerende stønad til personer med kort botid i Norge.

Meldeplikt

Du må melde frå til NAV om endringar som kan vere viktige for behandlinga av søknaden din og utbetalinga. Dette gjeld særleg:

  • endringar i sivilstand
  • endringar i inntekta til ektefellen, partnaren eller sambuaren din
  • dersom du flyttar til eit anna land

Dersom du har fått utbetalt for mykje fordi du ikkje har gitt oss beskjed, må du vanlegvis betale tilbake pengane.

Ny opptening

Dersom du har hatt arbeidsinntekt ved sida av alderspensjonen din, kan du ha rett til høgare pensjonsutbetaling. NAV tek med den nye oppteninga i berekninga av alderspensjonen din frå året etter fastsetjinga (tidlegare skattelikninga) er klar.

Dersom du har mindre enn 100 prosent alderspensjon, blir den nye pensjonsoppteninga lagd til den utbetalte pensjonen din når du søkjer om endra uttaksgrad. Ønskjer du at den nye oppteninga skal vere med i den eksisterande uttaksgraden din, kan du søkje om dette i Din pensjon – endre pensjon.

Dersom du har 100 prosent alderspensjon, blir ny opptening automatisk teken med i berekninga av utbetalt alderspensjon.

Har du fleire spørsmål?

Ta kontakt med NAV på 55 55 33 34 for å få hjelp til søknaden eller dersom du har spørsmål om rettane dine.