Alderspensjon og utland

Du kan som regel ta med deg alderspensjon til utlandet. Flytter du til utlandet er det likevel viktig at du set deg inn i korleis det påverkar pensjonen din og retten til helsetenester i Noreg og utlandet.

Ferie og mellombels opphald i utlandet

Når du oppheld deg i utlandet kortare enn 12 månader, er du fortsatt medlem i folketrygda. Du som vekslar mellom å vere i Noreg og i utlandet, må opphalde deg i Noreg i minst 6 månader kvart kalenderår for ikkje å miste medlemskapet. Det er den faktiske tida du oppheld deg i utlandet, uavhengig av kor du er folkeregistret, som ligg til grunn når vi vurderer om du fortsatt er medlem av folketrygda.

Busett i utlandet

Når du skal vere i utlandet i meir enn 12 månader, blir  du rekna som busett i utlandet etter reglane i folketrygdlova. Det same gjeld dersom du i 2 eller fleire kalenderår etter kvarandre skal vere i utlandet meir enn 6 månader i året.

Du er ikkje lenger medlem i folketrygda når du blir rekna som busett i utlandet.

Alderspensjon ved flytting til eit EØS-land eller andre land Noreg har avtale med

Ved flytting til eit EØS-land eller eit anna land Noreg har trygdeavtale med kan du ta med deg alderspensjonen din. For enkelte grupper er det avgrensingar i retten til å få utbetalt alderspensjon i utlandet. Dette gjeld:

deg som er flyktning deg som har pensjon berekna med ung uføre fordel.

Dei særlege fordelane i pensjonsberekninga desse gruppene kan ha, er ikkje omfatta av retten til å få utbetalt pensjon etter flytting frå Noreg.

Alderspensjon ved flytting til eit land Noreg ikkje har avtale med

Dersom du er busett eller buset deg i eit land som Noreg ikkje har trygdeavtale med, kan du ta med pensjonen din dersom du oppfyller vilkåra.

Dersom du er født før 1954 (gamle reglar):

må du ha minst 20 års butid (faktiske periodar du har vore busett i Noreg). og har tilleggspensjon, men ikkje 20 års butid, får du med deg tilleggspensjonen og grunnpensjon for like mange år som du har opptent pensjonspoeng. Minste pensjonsnivå, særtillegg og pensjonstillegg blir berekna på same måte.

Dersom du er født etter 1963 (nye reglar):

kan du ta med inntektspensjonen din utan krav knytte til trygdetid (periodar du har budd eller arbeidd i Norge). kan du ta med garantipensjonen din dersom du har minst 20 års trygdetid.

Dersom du er født mellom 1954 og 1963 får du med deg pensjonen etter både gamle og nye reglar. Den delen som er berekna etter gamalt regelverk får du med etter dei gamle reglane og den delen som er berekna etter dei nye reglane får du med etter dei nye reglane.

Uavhengig av når du er født er det avgrensingar i retten til å få utbetalt alderspensjon i utlandet for enkelte grupper. Dette gjeld deg som er flyktning eller har pensjon berekna med ung uføre fordel.

Dei særlige fordelane i pensjonsberekninga desse gruppene kan ha, er ikkje omfatta av retten til å få utbetalt pensjon etter flytting frå Noreg.

Meld frå om endringar

Når du flytter til utlandet må du

  • melde frå til NAV
  • melde frå til folkeregisteret

Vi gjer merksam på at du ved flytting til utlandet må kontakte Skatteetaten om reglane for skatteplikt til Noreg

Dersom du mottar pensjon og får endringar i familiesituasjon, eller ektefellen eller sambuaren din får endringar i inntekta, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Du må også melde frå til NAV om du flytter tilbake til Noreg.

Utbetalingar

Pensjonen blir utbetalt som vanleg når du bur i utlandet. Du kan sjekke utbetalingsdatoar i tenesta Dine utbetalingar.

Du kan også sjekke utbetalingane i Din pensjon. Ønskjer du å endre konto, kan du gjere det i Din pensjon.

Dekning av helsetenester

Dersom du flytter til eit anna nordisk land, får du rettar i det landet du buset deg i. Du kan då ikkje vere frivillig medlem i folketrygda. Dersom du flytter til eit anna EØS-land, er du ikkje lenger medlem i den norske folketrygda. Du kan på visse vilkår likevel få dekt medisinske utgifter. Les meir om dekking av medisinske utgifter når du flytter til eit EØS-land.

Dersom du flytter til eit land utanfor EØS, er du heller ikkje medlem av folketrygda. Du kan likevel få dekt medisinske utgifter dersom du har frivillig medlemskap. Les meir om dekking av medisinske utgifter når du bur i eit land utanfor EØS.

Kva kan du gjere for å behalde medlemskapet i folketrygda?

Du kan søke om frivillig medlemskap i folketrygda. Du får slikt medlemskap dersom du har minst 30 års samla medlemskap i folketrygda etter fylte 16 år, av desse minst 10 år direkte før du søker. Sjølv om du ikkje fyller desse vilkåra, kan du etter ei særskilt vurdering likevel bli medlem dersom du har vore medlem i minst tre av dei siste fem kalenderåra før søknadstidspunktet.

For AFP-pensjonistar

Er du AFP-pensjonist og buset deg i anna nordisk land får du helserettar etter reglane i det landet du buset deg i. AFP-pensjonistar kan også søkje om frivillig medlemskap.

Leveattest til pensjonistar i utlandet

Til liks med dei fleste andre land, brukar norske trygdestyresmakter leveattestar i kontrollarbeidet med pensjonsmottakarar busett i utlandet. Dette kontrolltiltaket reduserer risikoen for feilutbetalingar i forbindelse med dødsfall.  Dei som skal sende inn leveattest, vil få leveattestskjema og eit informasjonsbrev i posten.

Andre ytingar frå NAV

Dersom du får andre ytingar frå NAV, må du undersøkje om du kan ta med deg desse ytingane til det landet du flytter til.