Barnetillegg til uføretrygd
Du kan ha rett til barnetillegg dersom du er uføretrygda og forsørgjer eigne barn eller fosterbarn som er under 18 år.
Frå 1. juli 2020 blir det innført nye krav til bustad
For å ha rett til barnetillegg frå 1. juli 2020
- må du enten bu i Noreg, innanfor EØS-området eller i eit anna land Noreg har trygdeavtale med
- må óg barnet du forsørgjer vera busett og opphalda seg i Noreg, innanfor EØS-området eller eit anna land Noreg har trygdeavtale med
Kva kan du få?
Du kan tidlegast få barnetillegg frå månaden etter at barnet er født. Barnetillegget tek slutt seinast frå og med månaden etter at barnet har fylt 18 år.
Du kan få barnetillegg på inntil 0,4 G (folketrygdas grunnbeløp) for kvart barn.
I perioden 1. januar 2016 til 30. juni 2022 kunne ikkje uføretrygd og barnetillegget til saman vera høgare enn 95 prosent av inntekta du hadde før du vart ufør. Denne regelen vart fjerna i sin heilskap med verknad frå og med 1. juli 2022. Du kan lese meir om regelen her.
Trygdetida di har innverknad for barnetillegget. Har du ikkje full trygdetid vil barnetillegget bli redusert ut frå trygdetida di. Les meir om trygdetid i berekning av uføretrygd.
Ver merksam på at dersom eit barn har eige årleg inntekt over 1 G, blir barnet rekna som sjølvforsørgja. Då har du ikkje rett til barnetillegg for dette barnet. Både lønn (pensjonsgivande inntekt) og renter/avkastning (kapitalinntekt)blir rekna som inntekt for barnet. Du har plikt til å melde frå om dette.
Samla inntekt i familien påverkar barnetillegget
Barnetillegget er behovsprøvd. Det vil seie at dersom den samla inntekta i familien overstig eit bestemd beløp, blir størrelsen på barnetillegget redusert eller det fell heilt bort.
«Inntekt» er i denne samanhengen lønn, uføretrygd og pensjon (sjå skattelova § 12-2 om personinntekt).
Grensa for kva du kan tene før barnetillegget blir redusert, blir kalla fribeløp. Barnetillegget blir redusert med 50 prosent av den inntekta som er over fribeløpet. Dersom inntekta er til dømes 30 000 kroner høgare enn fribeløpet, blir barnetillegget redusert med 15 000 kroner i året.
Når barnet bur saman med begge foreldra:
Barnetillegget blir redusert når den samla inntekta til begge foreldra er høgare enn fribeløpet på 4,6 G (folketrygdas grunnbeløp). Fribeløpet aukar med 0,4 G for kvart ekstra barn.
Når barnet bur saman med den eine forelderen:
Barnetillegget blir redusert når inntekta di er høgare enn fribeløpet på 3,1 G (folketrygdas grunnbeløp). Fribeløpet aukar med 0,4 G for kvart ekstra barn. Det er berre inntekta di som har betydning for barnetillegget.
Barnetillegget blir redusert når inntekta di er høgare enn fribeløpet på 3,1 G (folketrygdens grunnbeløp). Fribeløpet øker med 0,4 G for hvert ekstra barn. Det er berre di inntekt som har betydning for barnetillegget.
Dersom du ikkje har opparbeidd deg full trygdetid, blir fribeløpa lågare.
Korleis søkjer du?
Du søkjer skriftleg om barnetillegg til uføretrygd på skjemaet 12-15.01. Du finn det under «Skjema».
Meld frå om endringar
Dersom inntekta di endrar seg eller du endrar sivilstand, må du straks melde frå til NAV. Du kan enkelt melde frå om endringar i inntekta di når du logger deg inn på Ditt NAV.
Du må òg gi oss beskjed viss barnet du forsørgjer planlegg opphald i utlandet.
Etteroppgjer
Når skatteoppgjeret er klart, gjer NAV eit etteroppgjer. Har du fått utbetalt for lite barnetillegg, vil vi utbetale dette beløpet til deg. Dersom du har fått utbetalt for mykje barnetillegg, må du betale dette tilbake. Det første etteroppgjeret for barnetillegget vil bli gjort hausten 2017 og vil gjelde for inntektsåret 2016.
Les meir om etteroppgjer og uføretrygd.
Utbetaling
Barnetillegget blir utbetalt saman med uføretrygda. Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk. Du kan sjekke utbetalingsdatoar i tenesta Dine utbetalinger.