RettleiingFor arbeidsgjevarar

Oppfølging frå Nav arbeidslivssenter

Viss verksemda di slit med høgt sjukefråvær, kan ho kvalifisere for oppfølging frå Nav arbeidslivssenter.

Kven er det aktuelt for?

Nav arbeidslivssenter prioriterer å hjelpe verksemder med høgt sjukefråvær.

Tenesta er eit samarbeid mellom Nav, arbeidsgivar og tilsetterepresentantar.

For å få oppfølging frå Nav arbeidslivssenter på arbeidsplassen forventar vi at

  • verksemda er motivert og har kapasitet til å førebyggje og redusere sjukefråvær og fråfall
  • leiarar, tillitsvalde og verneombod samarbeid om arbeidsmiljø
  • leiarar, tillitsvalde og verneombod har grunnleggjande kompetanse om arbeidsmiljø og sjukefråvær

Nav kan hjelpe verksemda med kompetanseheving og bidra til å etablere eit samarbeid mellom leiing, tillitsvalde og verneombod.

Kva kan du som arbeidsgivar få?

Nav arbeidslivssenter er eit ressurs- og kompetansesenter. Verksemda di kan samarbeide med rådgivarane våre om tema som:

  • utvikle partssamarbeidet som grunnlag for å forbetre arbeidsmiljøet og redusere sjukefråværet
  • auke kvaliteten på sjukefråværsoppfølginga
  • kartleggje og støtte det førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet

Samarbeidet med Nav arbeidslivssenter skal gi verksemda di auka kunnskap og nye ferdigheiter om sjukefråvær og arbeidsmiljø, og setje dykk i stand til å jobbe vidare med desse temaa på eigenhand.

Erfaringa vår er at å skape gode, varige endringar på arbeidsplassen er ein prosess som tek tid.

Vi avtaler saman kor lenge samarbeidet med Nav arbeidslivssenter skal halde fram. Samarbeidet blir evaluert undervegs.

Slik går du fram

Kontakt nærmaste arbeidslivssenter for å høyre om det kan vere eit aktuelt tilbod for verksemda di.

Viss du allereie har ein kontaktperson hos Nav arbeidslivssenter, kan du ta kontakt direkte.

Oppdatert 01.12.2025

Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss

Ring oss på 55 55 33 36

Ope kvardagar kl. 9–15. Vi kan ringje deg tilbake viss ventetida er over 5 min.
Venter…Sjå fleire telefonnummer og tasteval.

Kontaktskjema

Du kan skrive til oss hvis du ønsker hjelp til å rekruttere, inkludere arbeidstakere og forebygge sykefravær. 

Chat med oss

Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.

Chatbot:

Alltid ope

Venter…