Rullestol og scooter
HJELPEMIDDEL
|Oppdatert 19. september 2023
Rullestol og scooter
Manuelle og elektriske rullestolar og scooterar, for deg som har nedsett gangfunksjon.
Hjelpemidla lånast ut gratis frå NAV Hjelpemiddelsentral.
Kan vere aktuelt for deg som
Innhold
Rullestol og scooter
Manuelle og elektriske rullestolar og scooterar, for deg som har nedsett gangfunksjon.
Hjelpemidla lånast ut gratis frå NAV Hjelpemiddelsentral.
Kan vere aktuelt for deg som
Kven kan få?
Generelle vilkår:
- Du må ha behov for hjelpemiddelet på grunn av vanskar med bevegelse.
- Funksjonsvansken må vere varig. Med varig meiner vi at vanskane varar i meir enn to år.
- Hjelpemiddelet skal kompensere for funksjonstapet, og bidra til at du blir meir sjølvstendig i kvardagen.
- Du må være medlem i folketrygda.
Rullestol og scooter
Hovudvilkåret for å få rullestol er at du har nedsett eller ingen gangfunksjon, og at du treng rullestolen for å kunne utføre aktivitetar i dagleglivet.
Dersom du har behov utover manuell rullestol, kan du søke om elektrisk rullestol eller scooter. Den kan kome i tillegg til, eller i staden for ein manuell rullestol.
Behovet for ein elektrisk rullestol eller scooter kan vere at du treng stolen til lengre strekningar. Det kan òg vere fordi du ikkje kan betene manuell rullestol, for eksempel på grunn av nedsett rørsle eller styrke i armane.
Ein scooter må du kome deg i og ut av sjølv, det vil seie at du må ha noko gangfunksjon.
For å få elektrisk rullestol eller scooter, må du vere i stand til å ferdast trygt i trafikken. Dette skal vurderast av ein kommunal hjelpemiddelformidlar. Vedkommande formidlar må ha godkjenningskurs i formidling av elektriske rullestoler (kunnskapsbanken.net).
Det same gjeld om du skal ha drivaggregat til den manuelle rullestolen din.
Rullestolar og tilbehøyr som skal dekke andre behov enn alminneleg transportbehov i dagleglivet, må forklarast særskilt.
Dersom du bur på institusjon og treng ein manuell rullestol, er dette institusjonen sitt ansvar. Unnataket er om du treng ein individuelt tilpassa rullestol.
Dersom du er over 26 år og treng rullestol til sportsaktivitetar, fell det innunder regelverket for aktivitetshjelpemidler for personar over 26 år. Born og unge under 26 kan få rullestol til aktivitet og leik som ein del av det alminnelege behovet i dagleglivet.
Meir om aktivitetshjelpemiddel
Kva kan du få?
Rullestol
Manuelle og elektriske rullestolar kjem i mange ulike variantar. Det finst stolar til innebruk, utebruk eller kombinasjonsbruk. Nokon er enkle transportstolar, andre er komfortrullestolar som har meir støtte og fleire moglegheitar for tilpassing. Det finst også rullestolar som er berekna på sportsbruk og ballspel. Allroundstolar er til deg som skal bruke rullestolen både ute og inne. Desse er ofte samanleggbare.
Det finst samanleggbare både manuelle og elektriske rullestolar. Mange typar kan styrast av både deg sjølv og ein ledsagar. Det finst ulike styrefunksjonar, som for eksempel ratt (på barnestol), joystick, bryterstyring, hakestyring og styring med hovudet.
Til manuelle rullestolar er det mogleg å få ulike drivaggregat. Dette kan vere ein liten hjelpemotor eller motor i drivhjula, som vil gje deg litt ekstra kraft over lengre strekk eller i motbakkar og liknande.
For elektriske rullestolar, scooterar og drivaggregat, er 15 km/t høgste lovlege hastigheit. Dei fleste elektriske rullestolane som er på avtale med NAV, har maksimal hastigheit på 10 km/t.
Scooter
Scooterar skil seg frå elektriske rullestolar ved at dei kan kome med både tre og fire hjul, og må brukast av personar som har ein viss gangfunksjon. Ein scooter styrast hovudsakeleg av deg sjølv, og kjem med styre, og fotgass eller handgass. Desse køyretøya passar best til bruk på asfalt eller grus i nærområdet, på kjøpesenter og på reise. Det finst samanleggbare scooterar som du kan ta med på reise. Dei er mindre stabile på ulendt underlag enn ein del andre scooterar.
Ved særskilt behov kan scooterar leverast med kabin med varmeapparat så du ikkje blir utsett for sterk kulde og vind. Dette behovet må du dokumentere med legeerklæring.
Tilpassing og tilbehøyr
Det er viktig at du får tilpassa setet på rullestolen til kroppen din og behovet ditt.
På scooterar er det berre manuell vinkelregulering av ryggen, justering av armlene og manuell setesving som er moglet i standard oppsett.
På elektriske rullestolar med joystick er det mogleg med ulike tilpassingar i seteeininga. Dei kan leverast med mange elektriske setefunksjonar og mange forskjellige sete-ryggputer.
Typisk tilbehøur til scooter er rullatorfeste og presenning. Alle scooterar på avtale med NAV har speil, krykkehaldar og varekorg som standard. På joystickstolar finnast det mykje ulikt tilbehøyr som skal dekkje forskjellige behov for sitting eller styring.
Alt behov for tilbehøyr må grunngjevast særskilt i søknaden.
Dersom du treng å kombinere rullestolen med anna tilbehøyr som ikkje inngår i sortimentet til leverandøren, må du få hjelp av kommunal hjelpemiddelformidlar til å finne ut kva produkt som passar saman. Du kan også få hjelpemiddelformidlaren til å hjelpe deg å søke om individuell tilpassing av hjelpemiddelet ditt.
Du kan få piggdekk til scooter og elektrisk rullestol viss du har behov for det. Dette må søkjast om separat. Du må sjølv bidra til å vege behovet opp mot ulemper som piggdekka fører med seg. Er det piggdekk på kan du ikkje bruke stolen inne på for eksempel handlesenter. Piggdekk gir også større fare for punktering. Som alternativ til piggdekk kan du forsøke å slippe ut litt luft i dekka for å auke kontaktflaten.
Ved behov kan du få hoftebelte, vest og andre belter for posisjonering. Viss det er behov for belte eller sele for å hindre deg i å gå ut av stolen når du ønskjer det, må det ligge føre eit tvangsvedtak (statsforvalteren.no).
Slik går du fram
Du bør kontakte kommunal hjelpemiddelformidlar for å få hjelp til å velje rett stol, tilpassing og eventuelt tilbehøyr til stolen.
For søknad om elektriske rullestolar, drivaggregat og scooterar, krev NAV Hjelpemiddelsentral at hjelpemiddelformidlaren vurderer din evne til å ferdast trygt i trafikken, og at vedkommande som søkjer på dine vegner har gjennomført godkjenningskurs for elektrisk rullestol (Kunnskapsbanken.net).
Viss du har brukarpass og ønsker å søke sjølv, må du også ta godkjenningskurset for å sikre at bruken og beteninga av utstyret er forsvarleg.
Dersom du har behov for å prøve ulike stolar, kan du kome til din lokale NAV Hjelpemiddelsentral for utprøving. Hjelpemiddelformidlar i kommunen vil organisere dette for deg.
Søknad og dokumentasjon
Viss du treng hjelpemiddel til arbeidsplassen, kan du samarbeide med arbeidsgivaren eller bedriftshelsetenesten når du skal søke.
Viss du treng hjelpemiddel til høgare utdanning, kan du samarbeide med ein kontaktperson for tilrettelegging ved studiestaden når du skal søke.
Viss du søker om hjelpemiddel i dagleglivet, skulen eller barnehagen, bør du få hjelp fra kommunen du bur i. Dei har ansvar for å kartleggje behovet og finne ut kva du treng. Som oftast er det også best at kommunal hjelpemiddelformidlar utformar søknaden på dine vegner.
For søknad om elektromedisinsk utstyr, krev NAV at hjelpemiddelformidlaren har eit godkjenningskurs. Kontakt kommunen du bor i for å få hjelp.
Du kan gje hjelpemiddelformidlaren fullmakt til å søke på dine vegner ved å fylle ut fullmaktsskjemaet.
Søknaden må innehalde ei forklaring og grunngjeving av behovet du har for den aktuelle rullestolen eller scooteren.
Hugs at du også må forklare behovet for spesielle funksjonar og tilbehøyr.
- For søknad om manuell rullestol: Søknadsskjema og tilleggsskjema T04 Manuell rullestol.
- For søknad om drivaggregat til manuell rullestol, elektrisk rullestol eller scooter: Ein hjelpemiddelformidlar med godkjenningskurs må søkje på dine vegner og bekrefte at du kan ferdast trygt i trafikken.
- Dersom du har brukarpass, kan du nytte søknadsskjema og tilleggsskjema T05 Elektrisk rullestol for søknad om elektrisk rullestol, scooter og drivaggregat.
- Viss du søker om kabin til scooter, er det krav om legeerklæring på behovet for dette.
Etter at du har søkt
Du får skriftleg vedtak når NAV Hjelpemiddelsentral har handsama søknaden din.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak.
I spesielt krevjande saker, eller saker der vi ikkje har fått fullstendige og korrekte opplysningar, kan saksbehandlingstida bli lengre enn det vi først oppgav.
Leveringstid for hjelpemiddelet kjem i tillegg til saksbehandlingstida.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Søknad om hjelpemiddel til daglegliv | 17 dagar |
Søknad om hjelpemiddel til arbeidsliv | 21 dagar |
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til NAV-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til NAV Klageinstans.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Klage til NAV-eining | 17 veker |
Klage til NAV Klageinstans | 18 veker |
Anke til NAV Klageinstans | 18 veker |
Brukarpass
Ordninga med brukarpass er for innbyggjarar med erfaring og god innsikt i eigne hjelpemiddelbehov. For å få brukarpass må du gjennomgå opplæring. Om du skal søke om elektrisk rullestol, drivaggregat eller scooter med brukarpasset ditt, må dette vere ein del av brukarpassavtalen du har med din NAV Hjelpemiddelsentral. Du må i så fall gjennomføre NAVs godkjenningskurs i formidling av elektromedisinske hjelpemiddel.
Utlevering av hjelpemidler
Det vil variere kor lang tid det tek å få utlevert hjelpemiddelet. NAV Hjelpemiddelsentral leverer hjelpemidla til eit kommunalt lager, og kommunen tek kontakt når dei skal levere det vidare til deg.
Dersom det er behov for tilpassing og opplæring i bruk og vedlikehald av hjelpemiddelet, vil du få det ved utlevering.
Dersom det hastar å få hjelpemiddelet, kan du avtale med NAV Hjelpemiddelsentral at du hentar det sjølv.
Viss du ikkje har reservert deg mot digitale meldingar frå staten, vil du få beskjed på SMS eller e-post når NAV Hjelpemiddelsentral sender hjelpemiddelet til kommunen. Du vil også kunne følgje status på saka di viss du loggar inn på nav.no med ID-porten.
Bytte og retur
Du kan berre bytte til eit tilsvarande hjelpemiddel. Viss hjelpemiddelet ditt er utslitt eller noko er øydelagt, må du sjølv kontakte kommunal serviceteknikar for å få ei vurdering før du kan be om bytte.
Treng du eit anna hjelpemiddel, må du søke på nytt. Er du i tvil om du skal bytte eller søke, kan du eller hjelpemiddelkontakten din i kommunen ta kontakt med hjelpemiddelsentralen der du bur.
Dersom du ikkje treng hjelpemiddelet lenger, skal du levere det tilbake. Ta kontakt med kommunen du bur i eller NAV Hjelpemiddelsentral.
Reparasjon og vedlikehald
Les brukarrettleiinga som følger med hjelpemiddelet du har fått, det kan vere spesielle ting du må passe på for den bestemte modellen.
Du har sjølv ansvar for vedlikehald av hjelpemiddelet. Det inneber at du må:
- etterfylle luft
- halde hjelpemiddelet reint
- oppbevare hjelpemiddelet forsvarleg
Les brukarrettleiinga når du skal lade batteriet. Rullestolar og scooterar kjem med ulike type batteri. Dersom stolen din har lithiumbatteri bør du vere ekstra påpasseleg med å følgje brukarrettleiinga og lade slik det vert anbefalt.
Treng stolen din reparasjon, tek du kontakt med kommunen. Om det er enkle ting, kan det ordnast lokalt. Dersom det er behov for spesialdelar eller større reparasjon, sender kommunen din hjelpemiddelet vidare til NAV Hjelpemiddelsentral. Viss reparasjonen går på garantien, er det leverandøren av stolen som skal utføre denne.
Til og frå utlandet
Viss du har fått lov til å ta med deg eit hjelpemiddel til utlandet, har du rett til å få det reparert dersom det går i stykker. Du må kontakte NAV Hjelpemiddelsentral som godkjente søknaden.
Rullestol på fly
Mange rullestolar er samanleggbare og kan fraktast på fly. Du må sjølv undersøke flyselskapa sine regelverk for spesialbagasje.
Batteri på fly
Dersom du skal reise med fly og hjelpemiddelet ditt brukar batteri, må du undersøke om batteriet er tillate på fly. Ta kontakt med flyselskapet på førehand. Dette gjeld særleg dersom hjelpemiddelet brukar lithiumbatteri. Det er strenge internasjonale reglar for kor store lithiumbatteri ein kan ha med på fly, korleis dei skal pakkast og kva slags bagasje dei skal sendast som. I tillegg kan kvart enkelt flyselskap ha eigne reglar. Til sjuande og sist er det piloten som avgjer kva som får bli med på flyet og ikkje.
Forsikring, tjuveri og ansvar
Du kan bli erstatningspliktig viss du påfører personar eller eigedom skade med rullestol eller scooter. For elektrisk rullestol og scooter bør du difor teikne ansvarsforsikring som dekker ansvar ved erstatningskrav, i tilfelle det skjer eit uhell. Du må sjølv finne informasjon om eigna forsikring.
Dersom det skulle skje ei alvorleg hending med elektrisk rullestol, drivaggregat eller scooter, skal hendinga meldast til statens legemiddelverk (legemiddelverket.no). Alvorleg hending vil seie at personar blei, eller kunne ha blitt, alvorleg skada eller drept i hendinga.
Meld frå til kommunen viss hjelpemiddelet blir stole. Kommunen vil vurdere om du må politianmelde tjuveriet.
Du kan som regel få nytt hjelpemiddel om det vert stole eller skada.
Du treng ikkje forsikre hjelpemiddel du har fått låne av NAV Hjelpemiddelsentral, sidan NAV sjølv dekkjer tap og skade som oppstår.
Refusjon av reiseutgifter
Du kan søke om å få dekka reiseutgifter viss du har reist på grunn av
- utprøving av hjelpemiddel
- reparasjon av spesialutstyr
- periodisk kontroll av spesialutstyr
For refusjon av reiser til sjukehus og andre tenester som helseføretaka administrerar, søker du refusjon hjå pasientreiser.no.
Klagerettar
Får du avslag på søknaden din, kan du klage til NAV Hjelpemiddelsentral. Du må ha sendt ein søknad som er blitt handsama for å kunne klage. Du kan ikkje klage på munnleg avslag.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du skal gå fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist.
Anke vedtak
Viss du har fått eit vedtak frå NAV Klageinstans som du meiner er feil, kan du med nokon unnatak anke. I vedtaket kan du lese om fristen for å anke.
Du kan også bruke advokat eller gje fullmakt til ein person som klagar på dine vegner.
Meir om
Finner du ikke svaret her? Ta kontakt med oss
Skriv til oss
Send beskjed eller nye opplysningar i saka di. Du kan òg sende spørsmål.
Svartida er 4 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.