Ståstativ
HJELPEMIDDEL
|Oppdatert 27. oktober 2023
Kort om ståstativ
Eit ståstativ er eit støttestativ for deg som ikkje har sjølvstendig ståfunksjon. Stativet gjer at du kan kome deg opp i oppreist stilling.
Ståstativ kan vere aktuelt for deg som
Innhold
Kort om ståstativ
Eit ståstativ er eit støttestativ for deg som ikkje har sjølvstendig ståfunksjon. Stativet gjer at du kan kome deg opp i oppreist stilling.
Ståstativ kan vere aktuelt for deg som
Kven kan få?
Dersom du manglar sjølvstendig ståfunksjon eller treng trening i å stå, kan det vere aktuelt med eit ståstativ.
Barn kan få ståstativ til skule, barnehage og fritid. Stativet kan bidra til at du kan delta i frileik med andre barn, og meistre andre aktivitetar i dagleglivet. Barn og unge under 26 år kan også få hjelpemiddelet til trening, aktivisering og stimulering, viss det for eksempel er behov for ståtrening.
Dersom du er over 26 år, kan du få ståstativ for å bli meir sjølvstendig i kvardagen, ved å kunne utføre praktiske aktivitetar i oppreist stilling.
Generelle vilkår:
- Du må ha behov for hjelpemiddelet på grunn av vanskar med bevegelse.
- Funksjonsvansken må vere varig. Med varig meiner vi at vanskane varar i meir enn to år.
- Hjelpemiddelet skal kompensere for funksjonstapet, og bidra til at du blir meir sjølvstendig i kvardagen.
- Du må være medlem i folketrygda.
Viss det er stå- og gåtreningshjelpemiddel du treng, kan du lese om dette her:
Kva kan du få?
Ståstativet er ei plate eller ei ramme med brei sokkel, som støtter deg i ståande posisjon. Hovudstøtta kan vere anten foran eller bak deg, slik at du lener brystet eller ryggen mot støtta.
Stativa finnast i ulike variantar til ulike behov. Enkelte ståstativ gjev mykje støtte og kan tilpassast på mange ulike høve. Andre krev at du som skal stå hjelper meir til. Stativ med meir støtter kjem du gjerne opp i frå ryggliggjande stilling, før det hevast opp i ståande. Andre kjem du opp i frå sittande posisjon. Heve- og senkefunksjonen kan vere manuell eller elektrisk. Dei fleste har behov for bistand frå ein følgjeperson eller hjelpar for å kome opp i ståstativet.
Stativet kan vere nyttig for å få overblikk, for å kunne utføre arbeidsoppgåver og for å kunne delta i samtaler og dialogar med andre som står. Det kan også nyttast til ståtrening.
Søknad og dokumentasjon
Til jobb eller høgare utdanning
For hjelpemiddel på jobb, bør du involvere arbeidsgjevar og ei eventuell bedriftshelseteneste.
Ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral, som vil kartlegge behovet for hjelpemiddel og tilrettelegging av arbeidsplassen.
Er du arbeidssøkjar eller har fått innvilga arbeidsavklaringspengar (AAP), kan du saman med rettleiaren din på NAV-kontoret kontakte NAV Hjelpemiddelsentral.
Dersom du treng hjelpemiddel ved høgare utdanning, kontaktar du tilretteleggingstenesten ved studiestaden. Du kan også ta direkte kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral i fylket du studerar i.
Til daglegliv, barnehage og skule
Ta kontakt med den kommunale helsetenesten, for eksempel ein fysio- eller ergoterapeut.
Kommunen du bur i har ansvar for å hjelpe deg med hjelpemiddel og tilrettelegging i heimen, på fritida, i skulen og barnehagen. Har du ein kontaktperson i kommunen, bør du først kontakte denne personen.
Som oftast er det også best at kommunal hjelpemiddelformidlar skriv og grunngjev søknaden på dine vegner. Då vil vedkommande ha ansvar for å bidra med opplæring og oppfølging.
Du må skrive under på søknaden eller på eit fullmaktsskjema.
Sjølv om det kan vere ventetid i kommunen, vil det ofte løne seg å vente framfor å søke sjølv. Dette er fordi ei god utgreiing med ein godt grunngjeven søknad aukar sjansen for at NAV Hjelpemiddelsentral får den informasjonen som trengs. Kommunale formidlarar
- er godt kjende med ulike alternativ
- kan kartlegge kva som passar best for deg
- veit kva som trengs av dokumentasjon.
Ein søknad med rett dokumentasjon, utgreiing og grunngjeving vil føre til at NAV Hjelpemiddelsentral kan handsame søknaden din raskt.
Fullmakt til å søke om hjelpemiddel
Bruk dette skjemaet når du gjev ein fagperson (for eksempel kommunal hjelpemiddelformidlar eller ergoterapeut) fullmakt til å fylle ut og sende inn søknaden på dine vegner. Da vil signaturen din på dette skjemaet erstatte signaturen på sjølve søknadsskjemaet.
Ver merksam på at ein hjelpemiddelsøknad ofte krev god kjennskap til regelverket. Det finnast mange ulike hjelpemiddel med forskjellige funksjonar og bruksområde, og det er ikkje alltid enkelt å vite nøyaktig kva hjelpemiddel du kan ha bruk for og krav på.
Du har krav på å få søknaden din behandla viss du likevel ønsker å søke sjølv. Da er det ein del ting du må passe på.
Når du skal finne hjelpemiddel:
Sjekk at det du treng ikkje er i vanleg handel. NAV dekkjer ikkje vanlege produkt du får kjøpt i butikk.
Sjå etter produkt som er på avtale med NAV. Det kallast rammeavtale i Hjelpemiddeldatabasen.
Produkt rangert som nummer 1 må vurderast først. For å få lågare rangerte produkt, må du grunngje dette spesielt i søknaden.
Du kan få andre hjelpemiddel, viss produkt som er på avtale med NAV ikkje dekkjer behovet ditt. Dette må du grunngje spesielt i søknaden.
Søknaden må innehalde ei god forklaring på behovet ditt, og grunngjeving av kvifor du treng dette hjelpemiddelet.
Det må kome fram at ein person har påtatt seg eit opplærings- og oppfølgingsansvar for hjelpemiddelet overfor deg som skal bruke det. Som oftast er dette ein kommunal terapeut, men viss du søker utan hjelp fra kommunen har du høve til å føre opp deg sjølv. NAV Hjelpemiddelsentral vil vurdere i kvart enkelt tilfelle om det er tilstrekkeleg.
Treng du hjelp til å vurdere eller prøve ut hjelpemiddel, må du ta kontakt med kommunen.
- Forklaring frå fagperson (for eksempel kommunal hjelpemiddelformidlar) på kvifor du har behov for hjelpemiddelet.
- Kroppsmål: Høgde, vekt og hoftebreidde (i ståande posisjon)
Etter at du har søkt
Du får skriftleg vedtak når NAV Hjelpemiddelsentral har handsama søknaden din.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak.
I spesielt krevjande saker, eller saker der vi ikkje har fått fullstendige og korrekte opplysningar, kan saksbehandlingstida bli lengre enn det vi først oppgav.
Leveringstid for hjelpemiddelet kjem i tillegg til saksbehandlingstida.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Søknad om hjelpemiddel til daglegliv | 17 dagar |
Søknad om hjelpemiddel til arbeidsliv | 21 dagar |
Utlevering av hjelpemiddelet
Det vil variere kor lang tid det tek å få utlevert hjelpemiddelet. NAV Hjelpemiddelsentral leverer hjelpemidla til eit kommunalt lager, og kommunen tek kontakt når dei skal levere det vidare til deg.
Dersom det er behov for tilpassing og opplæring i bruk og vedlikehald av hjelpemiddelet, vil du få det ved utlevering.
Dersom det hastar å få hjelpemiddelet, kan du avtale med NAV Hjelpemiddelsentral at du hentar det sjølv.
Viss du ikkje har reservert deg mot digitale meldingar frå staten, vil du få beskjed på SMS eller e-post når NAV Hjelpemiddelsentral sender hjelpemiddelet til kommunen. Du vil også kunne følgje status på saka di viss du loggar inn på nav.no med ID-porten.
Bytte og retur
Du kan berre bytte til eit tilsvarande hjelpemiddel. Viss hjelpemiddelet ditt er utslitt eller noko er øydelagt, må du sjølv kontakte kommunal serviceteknikar for å få ei vurdering før du kan be om bytte.
Treng du eit anna hjelpemiddel, må du søke på nytt. Er du i tvil om du skal bytte eller søke, kan du eller hjelpemiddelkontakten din i kommunen ta kontakt med hjelpemiddelsentralen der du bur.
Dersom du ikkje treng hjelpemiddelet lenger, skal du levere det tilbake. Ta kontakt med kommunen du bur i eller NAV Hjelpemiddelsentral.
Reparasjon og vedlikehold
Du har sjølv ansvaret for normal reingjering og vedlikehald av hjelpemidla dine. Les brukarrettleiinga som følgjer med produktet.
I somme tilfelle kan det vere opplærings- og oppfølgingsansvarleg som har dette ansvaret.
Viss hjelpemiddelet går i stykker, tek du kontakt med teknikar i kommunen du bur i. Reparasjon må utførast av fagfolk.
Om du ikkje får kontakt med kommunen og har akutt behov for reparasjon av hjelpemiddel, har NAV Hjelpemiddelsentral ein vakttelefon du kan ringe mellom klokka 08.00 og 24. 00.
Har du fått hjelpemiddel til arbeidsplassen eller utdanningsstaden, må du ta kontakt med dei som har levert utstyret ved behov for reparasjonar.
Hjelpemiddel på reise
I utgangspunktet kan du ta med hjelpemidla dine på ferie og kortare opphald i EØS-land. Du bør likevel ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral før du reiser til utlandet, i tilfelle noko skulle skje med hjelpemiddelet i løpet av reisa.
Viss du reiser med fly og hjelpemiddelet blir skada på flyturen, må du sørge for å få ei kvittering på skaden frå flyselskapet. Ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral.
Skal du på lengre opphald i utlandet, eller til eit land utanfor EØS-området, kan du lese meir om å ta med hjelpemiddel på reise på denne sida.
Forsikring, tjuveri og ansvar
Meld frå til kommunen viss hjelpemiddelet blir stole. Kommunen vil vurdere om du må politianmelde tjuveriet.
Du kan som regel få nytt hjelpemiddel om det vert stole eller skada.
Du treng ikkje forsikre hjelpemiddel du har fått låne av NAV Hjelpemiddelsentral, sidan NAV sjølv dekkjer tap og skade som oppstår.
Refusjon av reiseutgifter
Du kan søke om å få dekka reiseutgifter viss du har reist på grunn av
- utprøving av hjelpemiddel
- reparasjon av spesialutstyr
- periodisk kontroll av spesialutstyr
For refusjon av reiser til sjukehus og andre tenester som helseføretaka administrerar, søker du refusjon hjå pasientreiser.no.
Klagerettar
Får du avslag på søknaden din, kan du klage til NAV Hjelpemiddelsentral. Du må ha sendt ein søknad som er blitt handsama for å kunne klage. Du kan ikkje klage på munnleg avslag.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du går fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist. Dersom du har spørsmål om vedtaket, kan du kontakte oss.
Anke vedtak
Dersom du er ueinig i svaret på klaga di frå NAV klageinstans, kan du med nokre unntak anke vedtaket. Fristen for å anke står i vedtaket.
Du kan også bruke advokat eller gje fullmakt til ein person som klagar på dine vegner.
Meir om
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til NAV-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til NAV Klageinstans.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Klage til NAV-eining | 17 veker |
Klage til NAV Klageinstans | 18 veker |
Anke til NAV Klageinstans | 18 veker |
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Skriv til oss
Send beskjed eller nye opplysningar i saka di. Du kan òg sende spørsmål.
Svartida er 4 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.