Trappeheis og støttesystem i trapp
HJELPEMIDDEL
|Oppdatert 31. oktober 2023
Kort om trappeheis og støttesystem i trapp
Hjelpemiddel for å kunne bevege seg inn og ut av boligen og mellom etasjar i ein bolig.
Hjelpemidla kan vere aktuelle for deg som
Innhold
Kort om trappeheis og støttesystem i trapp
Hjelpemiddel for å kunne bevege seg inn og ut av boligen og mellom etasjar i ein bolig.
Hjelpemidla kan vere aktuelle for deg som
Kven kan få?
Trappeheis eller støttesystem kan vere aktuelt dersom du
- har behov for heis for å få tilgang til inngang og nødvendige rom som soverom, stue, kjøkken og bad.
- har nedsatt gangfunksjon og ikkje klarer å gå i trapp
- har falt i trappa og føler deg utrygg når du går i trapp
Generelle vilkår:
- Du må ha behov for hjelpemiddelet på grunn av vanskar med bevegelse.
- Funksjonsvansken må vere varig. Med varig meiner vi at vanskane varar i meir enn to år.
- Hjelpemiddelet skal kompensere for funksjonstapet, og bidra til at du blir meir sjølvstendig i kvardagen.
- Du må være medlem i folketrygda.
Kva kan du få?
Du kan få trappeheis til trapp både inne- og ute.
Trappeheis med sete går på ei skinne. Skinnene må ein montere i trappetrinna. Denne typen trappeheis krev at du kan flytte deg av og på heisen sjølv.
For deg som ikkje kan flytte deg av og på heisen, kan trappeheis med plattform vere eit alternativ. Med den kan du køyre rullestolen rett inn på heisen. Det finnast utgåver for rette trapper og for trapper med sving. Trappeheis med plattform kan vere utfordrande å montere i innvendige trapper fordi dei krever mykje plass i og foran trappa.
Støttesystem i trapp er eit gåhjelpemiddel for trapp, og består av bevegelege handtak. Dette er for deg som treng ekstra støtte når du går i trappa.
Merk at dersom ditt behov for støtte i trapp kan løysast ved hjelp av rekkverk på begge sider, vil du ikkje få støttesystem av NAV. Det er huseigars ansvar å sørge for rekkverk på begge sider av trappa. Dette gjeld uansett byggeår.
Du kan lese meir om adkomst til og i bustaden din på kunnskapsbanken.net
Tilskot til ombygging i staden for heis
Viss du heller ønsker å bygge om boligen slik at du får alle nødvendige rom på eitt plan, kan du søke NAV om tilskot til ombygging av boligen din i staden for heis.
Meir om
Korleis går du fram?
Ta kontakt med kommunehelsetenesta i kommunen du bur i viss du har behov for hjelpemiddel til bustaden din. Dei vil kartlegge kva slags utstyr du treng og har best nytte av, ut frå funksjonsevnen, omgjevnadene og bustaden.
Dei vil også utforme søknaden for deg.
Det er viktig å vere klar over at fastmontering av hjelpemiddel kan innebere andre bygningsmessige utgifter. Desse dekker ikkje NAV, men du kan undersøke om det er mogleg å søke tilskot i kommunen du bur i. Slike tilskot vurderer ein vanlegvis opp mot kva økonomisk situasjon du er i.
Dette bør du undersøke viss du skal søke om trappeheis
- Finn fram aktuelle planteikningar
- Du bør få hjelp av kommunal hjelpemiddelformidler til å dokumentere noverande løysing med bilete og mål.
- Lag ei oversikt over eksisterande inventar.
- Sjekk om det er varmekablar i trappa (ute) eller varmekablar i gulv nær trappa (inne).
- Viss du leiger bolig, må du be huseigar om å godkjenne monteringa.
- Viss du bur i eit burettslag, må du be styret godkjenne monteringa.
Dette må du ordne og dekke sjølv
- Legge fram strøm og jordfeilbryter, viss dette ikkje er i rommet frå før.
- Byggesaksutgifter til kommunen, viss det blir nødvendig.
- Bygningsmessige forbetringar i boligen, viss det er nødvendig.
Søknad og dokumentasjon
Ein hjelpemiddelformidlar utformar søknaden på dine vegne. Kontakt kommunen du bur i for å få hjelp.
Fullmakt til å søke om hjelpemiddel
Bruk dette skjemaet når du gjev ein fagperson (for eksempel kommunal hjelpemiddelformidlar eller ergoterapeut) fullmakt til å fylle ut og sende inn søknaden på dine vegner. Da vil signaturen din på dette skjemaet erstatte signaturen på sjølve søknadsskjemaet.
Ved søknad om fastmonterte hjelpemiddel, må du signere godkjenningsskjemaet i tillegg til søknadsskjemaet eller eit fullmaktsskjema.
Kommunal hjelpemiddelformidlar har tilgang til aktuelle skjema:
- Søkadsskjema med tilleggsskjema T09 (Adkomst til og i bolig)
- Godkjenningsskjema signert av bebuar, huseigar og eventuelt styre i burettslag. Riktig godkjenningsskjema finn du saman med tilleggsskjemaet (T09)
- Dersom du eig bustaden din sjølv, må du signere både som bebuar og huseigar.
- Målteikningar (les om dette på kunnskapsbanken.net) må leggjast ved.
- Bilete av eksisterande løysing må leggjast ved.
- Stadfesting frå fagperson på at du har behov for hjelpemiddelet og kvifor.
- Stadfesting på at nokon har påtatt seg ansvaret for opplæring og oppfølging av hjelpemiddelet.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak.
I spesielt krevjande saker, eller saker der vi ikkje har fått fullstendige og korrekte opplysningar, kan saksbehandlingstida bli lengre enn det vi først oppgav.
Leveringstid for hjelpemiddelet kjem i tillegg til saksbehandlingstida.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Søknad om hjelpemiddel til daglegliv | 17 dagar |
Søknad om hjelpemiddel til arbeidsliv | 21 dagar |
Utlevering av hjelpemiddel
Når NAV Hjelpemiddelsentral fattar vedtak, bestiller vi prosjektering frå leverandør.
NAV Hjelpemiddelsentral, kommune og leverandør, samarbeider med deg om å finne ei løysing som passar for deg i bustaden din.
NAV Hjelpemiddelsentral får eit pristilbod frå leverandøren, godkjenner dette og bestiller hjelpemiddelet.
Dokumentasjon og eventuelle bygningsmessige endringar, må du ta deg av sjølv.
Leverandør avtaler tidspunkt for levering og montering med deg. Leverandør skal gje deg opplæring ved overlevering. Dersom du treng meir opplæring må du kontakte kommunen.
Det er ditt eller huseigar sitt ansvar å ta vare på utstyr eller bygningselement som vert demontert.
Leverandøren skal informere deg om kva du eventuelt må gjere i forkant av montering.
Ved prosjektering er det viktig at du eller huseigar opplyser heisleverandør om høve som angår installasjonen. Dette kan for eksempel vere varmekablar i trappetrinn eller gulv.
Bytte og levere tilbake hjelpemiddel
Viss du ikkje skal bruke hjelpemiddelet lenger, skal du levere det tilbake. Ta kontakt med kommunen eller NAV Hjelpemiddelsentral for å få hjelp til demontering.
Fastmonterte hjelpemiddel kan ikkje byttast som andre hjelpemiddel. Det er behov for ny søknad med nye mål og signaturar dersom du treng noko nytt. Dette har samanheng med at regelverk og sortiment kan ha endra seg sidan forrige gong du søkte.
Vedlikehald og service
Når du bruker trappeheisen er det viktig å ha med seg trygghetsalarm eller mobiltelefon for å få varsla viss heisen stoppar.
Dersom du opplever problem med heisen, les bruksanvisninga først. Ein vanleg feil er at ladar til heisen har blitt fråkopla stikkontakta. Sjekk også om nødstoppbrytaren kan ha blitt aktivert.
Heisen må alltid stå til lading når han ikkje er i bruk.
Du har sjølv ansvar for testing, reingjering og enkelt vedlikehald av hjelpemidla dine.
Dersom hjelpemiddelet går i stykker, tek du kontakt med teknikar i kommunen du bur i. Reparasjonar må utførast av fagfolk.
Om du ikkje får kontakt med kommunen og har akutt behov for reparasjon av hjelpemiddel, kan du ringe NAV Hjelpemiddelsentral si akuttvakt. Utanom vanleg åpningstid, har vakttelefon åpent frå 16.00 til 24.00. på kvardagar og 08.00 til 24.00 i helgene.
NAV har ansvar for periodisk ettersyn, og dekker utgifter til reparasjon.
Meld frå om endringar
Gi NAV Hjelpemiddelsentral eller kommunen beskjed dersom det skjer endringar i livet ditt som vi bør vite om. Det kan for eksempel vere om du flytter, både internt i kommunen eller fylket, ut av landet eller på institusjon.
Dersom NAV skal flytte fastmontert utstyr, for eksempel fordi du flytter eller bytter skule, bør du starte prosessen i god tid. Ta kontakt med kommunal terapeut for mellom anna å få kartlagt nytt rom, vurdert om det må søkjast nytt utstyr og underskrift av huseigar.
Dersom du ikkje lenger skal bruke hjelpemiddelet, skal du levere det tilbake. Kommunen kan hjelpe deg med dette.
Refusjon av reiseutgifter
Du kan søke om å få dekka reiseutgifter viss du har reist på grunn av
- utprøving av hjelpemiddel
- reparasjon av spesialutstyr
- periodisk kontroll av spesialutstyr
For refusjon av reiser til sjukehus og andre tenester som helseføretaka administrerar, søker du refusjon hjå pasientreiser.no.
Klagerettar
Får du avslag på søknaden din, kan du klage til NAV Hjelpemiddelsentral. Du må ha sendt ein søknad som er blitt handsama for å kunne klage. Du kan ikkje klage på munnleg avslag.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du skal gå fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist.
Anke vedtak
Viss du har fått eit vedtak frå NAV Klageinstans som du meiner er feil, kan du med nokon unnatak anke. I vedtaket kan du lese om fristen for å anke.
Du kan også bruke advokat eller gje fullmakt til ein person som klagar på dine vegner.
Meir om
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til NAV-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til NAV Klageinstans.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Klage til NAV-eining | 17 veker |
Klage til NAV Klageinstans | 18 veker |
Anke til NAV Klageinstans | 18 veker |
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Skriv til oss
Svartida er nokre arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.