Stol med oppreisingsfunksjon
HJELPEMIDDEL
|Oppdatert 5. oktober 2023
Kort om stolar med oppreisingsfunksjon
Stolar som gir hjelp til å reise seg opp på ein trygg måte.
Du får låne hjelpemiddelet gratis av NAV Hjelpemiddelsentral.
Stol med oppreisingsfunksjon kan vere aktuelt for deg som
Innhold
Kort om stolar med oppreisingsfunksjon
Stolar som gir hjelp til å reise seg opp på ein trygg måte.
Du får låne hjelpemiddelet gratis av NAV Hjelpemiddelsentral.
Stol med oppreisingsfunksjon kan vere aktuelt for deg som
Kven kan få?
Dersom du ikkje klarer å reise deg frå vanleg stol, kan NAV Hjelpemiddelsentral låne ut stol med oppreisingsfunksjon. Viss du elles kan kome deg rundt for eiga hand men treng personhjelp for å kome deg opp av den vanlege stolen din, kan ein stol med oppreisingsfunksjon gjere deg meir sjølvstendig.
Du kan også få stol med oppreisingsfunksjon viss det er nødvendig med slik oppreisingshjelp for at du skal kunne motta pleie i heimen. Stolen kan kompensere for at pårørande eller andre hjelparar må løfte på deg.
Generelle vilkår:
- Du må ha behov for hjelpemiddelet på grunn av vanskar med bevegelse.
- Funksjonsvansken må vere varig. Med varig meiner vi at vanskane varar i meir enn to år.
- Hjelpemiddelet skal kompensere for funksjonstapet, og bidra til at du blir meir sjølvstendig i kvardagen.
- Du må være medlem i folketrygda.
Kva kan du få?
Stolar med oppreisingsfunksjon er spesialutvikla lenestolar med mekanisk eller elektrisk løft. Formålet er at du skal få hjelp til å reise deg opp frå stolen.
Stolane finnast i forskjellige storleiker, har regulerbare setefunksjonar og kan ha svingbart understell. Setefunksjonane kan regulerast samla eller individuelt. Stolane kjem med trekk i stoff som standard, men om du har behov for det kan du også få trekk i hud.
Dei kan óg leverast med inkontinenstrekk ved behov for det. Anna vanleg tilbehøyr for slike stolar er trykkavlastande sittepute og ekstra støtte.
Søknad og dokumentasjon
Til jobb eller høgare utdanning
For hjelpemiddel på jobb, bør du involvere arbeidsgjevar og ei eventuell bedriftshelseteneste.
Ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral, som vil kartlegge behovet for hjelpemiddel og tilrettelegging av arbeidsplassen.
Er du arbeidssøkjar eller har fått innvilga arbeidsavklaringspengar (AAP), kan du saman med rettleiaren din på NAV-kontoret kontakte NAV Hjelpemiddelsentral.
Dersom du treng hjelpemiddel ved høgare utdanning, kontaktar du tilretteleggingstenesten ved studiestaden. Du kan også ta direkte kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral i fylket du studerar i.
Til daglegliv, barnehage og skule
Ta kontakt med den kommunale helsetenesten, for eksempel ein fysio- eller ergoterapeut.
Kommunen du bur i har ansvar for å hjelpe deg med hjelpemiddel og tilrettelegging i heimen, på fritida, i skulen og barnehagen. Har du ein kontaktperson i kommunen, bør du først kontakte denne personen.
Som oftast er det også best at kommunal hjelpemiddelformidlar skriv og grunngjev søknaden på dine vegner. Då vil vedkommande ha ansvar for å bidra med opplæring og oppfølging.
Du må skrive under på søknaden eller på eit fullmaktsskjema.
Sjølv om det kan vere ventetid i kommunen, vil det ofte løne seg å vente framfor å søke sjølv. Dette er fordi ei god utgreiing med ein godt grunngjeven søknad aukar sjansen for at NAV Hjelpemiddelsentral får den informasjonen som trengs. Kommunale formidlarar
- er godt kjende med ulike alternativ
- kan kartlegge kva som passar best for deg
- veit kva som trengs av dokumentasjon.
Ein søknad med rett dokumentasjon, utgreiing og grunngjeving vil føre til at NAV Hjelpemiddelsentral kan handsame søknaden din raskt.
Dersom du har behov for å prøve ulike hjelpemiddel, kan du kome til din lokale NAV Hjelpemiddelsentral for utprøving. Hjelpemiddelformidlar i kommunen vil organisere dette for deg.
Fullmakt til å søke om hjelpemiddel
Bruk dette skjemaet når du gjev ein fagperson (for eksempel kommunal hjelpemiddelformidlar eller ergoterapeut) fullmakt til å fylle ut og sende inn søknaden på dine vegner. Da vil signaturen din på dette skjemaet erstatte signaturen på sjølve søknadsskjemaet.
Ver merksam på at ein hjelpemiddelsøknad ofte krev god kjennskap til regelverket. Det finnast mange ulike hjelpemiddel med forskjellige funksjonar og bruksområde, og det er ikkje alltid enkelt å vite nøyaktig kva hjelpemiddel du kan ha bruk for og krav på.
Du har krav på å få søknaden din behandla viss du likevel ønsker å søke sjølv. Da er det ein del ting du må passe på.
Når du skal finne hjelpemiddel:
Sjekk at det du treng ikkje er i vanleg handel. NAV dekkjer ikkje vanlege produkt du får kjøpt i butikk.
Sjå etter produkt som er på avtale med NAV. Det kallast rammeavtale i Hjelpemiddeldatabasen.
Produkt rangert som nummer 1 må vurderast først. For å få lågare rangerte produkt, må du grunngje dette spesielt i søknaden.
Du kan få andre hjelpemiddel, viss produkt som er på avtale med NAV ikkje dekkjer behovet ditt. Dette må du grunngje spesielt i søknaden.
Søknaden må innehalde ei god forklaring på behovet ditt, og grunngjeving av kvifor du treng dette hjelpemiddelet.
Det må kome fram at ein person har påtatt seg eit opplærings- og oppfølgingsansvar for hjelpemiddelet overfor deg som skal bruke det. Som oftast er dette ein kommunal terapeut, men viss du søker utan hjelp fra kommunen har du høve til å føre opp deg sjølv. NAV Hjelpemiddelsentral vil vurdere i kvart enkelt tilfelle om det er tilstrekkeleg.
Treng du hjelp til å vurdere eller prøve ut hjelpemiddel, må du ta kontakt med kommunen.
Kommunal hjelpemiddelformidlar har tilgang til aktuelle skjema:
- Søknadssjema med tilleggsskjema T06 (stol med oppreisingsfunksjon).
- I tillegg til kroppsmål i tilleggsskjema, før opp mål frå setet og til toppen av hovudet
- skildre kva andre tiltak som er prøvd ut og forklar kvifor dette ikkje dekker behovet (det kan vere ei fastmontert gripestang, eller oppbygging med puter eller klossar)
- forklar kva slags stol du har frå før og om den er låg eller djup
- dersom du søkjer om tilbehøyr til stolen, er det viktig at behovet kjem godt fram i søknaden. Du må kunne vise at tilbehøyret er nødvendig for at du skal kunne bruke stolen.
Etter at du har søkt
Du får skriftleg vedtak når NAV Hjelpemiddelsentral har handsama søknaden din.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak.
I spesielt krevjande saker, eller saker der vi ikkje har fått fullstendige og korrekte opplysningar, kan saksbehandlingstida bli lengre enn det vi først oppgav.
Leveringstid for hjelpemiddelet kjem i tillegg til saksbehandlingstida.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Søknad om hjelpemiddel til daglegliv | 17 dagar |
Søknad om hjelpemiddel til arbeidsliv | 21 dagar |
Utlevering av hjelpemiddelet
Det vil variere kor lang tid det tek å få utlevert hjelpemiddelet. NAV Hjelpemiddelsentral leverer hjelpemidla til eit kommunalt lager, og kommunen tek kontakt når dei skal levere det vidare til deg.
Dersom det er behov for tilpassing og opplæring i bruk og vedlikehald av hjelpemiddelet, vil du få det ved utlevering.
Dersom det hastar å få hjelpemiddelet, kan du avtale med NAV Hjelpemiddelsentral at du hentar det sjølv.
Viss du ikkje har reservert deg mot digitale meldingar frå staten, vil du få beskjed på SMS eller e-post når NAV Hjelpemiddelsentral sender hjelpemiddelet til kommunen. Du vil også kunne følgje status på saka di viss du loggar inn på nav.no med ID-porten.
Bytte og levere tilbake hjelpemiddel
Du kan berre bytte til eit tilsvarande hjelpemiddel. Viss hjelpemiddelet ditt er utslitt eller noko er øydelagt, må du sjølv kontakte kommunal serviceteknikar for å få ei vurdering før du kan be om bytte.
Treng du eit anna hjelpemiddel, må du søke på nytt. Er du i tvil om du skal bytte eller søke, kan du eller hjelpemiddelkontakten din i kommunen ta kontakt med hjelpemiddelsentralen der du bur.
Levere tilbake
Dersom du ikkje lenger treng hjelpemiddelet ditt skal du levere det tilbake. Du kan kontakte kommunen eller din lokale NAV Hjelpemiddelsentral om dette.
Reparasjon, service og vedlikehold
Du har sjølv ansvaret for normal reingjering og vedlikehald av hjelpemidla dine. Les brukarrettleiinga som følgjer med produktet.
I somme tilfelle kan det vere opplærings- og oppfølgingsansvarleg som har dette ansvaret.
Viss hjelpemiddelet går i stykker, tek du kontakt med teknikar i kommunen du bur i. Reparasjon må utførast av fagfolk.
Om du ikkje får kontakt med kommunen og har akutt behov for reparasjon av hjelpemiddel, har NAV Hjelpemiddelsentral ein vakttelefon du kan ringe mellom klokka 08.00 og 24. 00.
Har du fått hjelpemiddel til arbeidsplassen eller utdanningsstaden, må du ta kontakt med dei som har levert utstyret ved behov for reparasjonar.
Forsikring og tjuveri
Meld frå til kommunen viss hjelpemiddelet blir stole. Kommunen vil vurdere om du må politianmelde tjuveriet.
Du kan som regel få nytt hjelpemiddel om det vert stole eller skada.
Du treng ikkje forsikre hjelpemiddel du har fått låne av NAV Hjelpemiddelsentral, sidan NAV sjølv dekkjer tap og skade som oppstår.
Refusjon av reiseutgifter
Du kan søke om å få dekka reiseutgifter viss du har reist på grunn av
- utprøving av hjelpemiddel
- reparasjon av spesialutstyr
- periodisk kontroll av spesialutstyr
For refusjon av reiser til sjukehus og andre tenester som helseføretaka administrerar, søker du refusjon hjå pasientreiser.no.
Klagerettar
Får du avslag på søknaden din, kan du klage til NAV Hjelpemiddelsentral. Du må ha sendt ein søknad som er blitt handsama for å kunne klage. Du kan ikkje klage på munnleg avslag.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du skal gå fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist.
Anke vedtak
Viss du har fått eit vedtak frå NAV Klageinstans som du meiner er feil, kan du med nokon unnatak anke. I vedtaket kan du lese om fristen for å anke.
Du kan også bruke advokat eller gje fullmakt til ein person som klagar på dine vegner.
Meir om
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til NAV-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til NAV Klageinstans.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Klage til NAV-eining | 17 veker |
Klage til NAV Klageinstans | 18 veker |
Anke til NAV Klageinstans | 18 veker |
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Skriv til oss
Send beskjed eller nye opplysningar i saka di. Du kan òg sende spørsmål.
Svartida er 4 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.