Slik gjer du det
Fyll ut meldekort – arbeidsavklaringspengar (AAP)
For å få utbetalt arbeidsavklaringspengar (AAP), må du sende meldekort kvar 14. dag. Viss du ønskjer å vere registrert som arbeidssøkjar, må du også stadfeste dette.
To ulike meldekort i bruk
Nav har innført ny vedtaksløysing og nytt meldekort for arbeidsavklaringspengar. I ein overgangsperiode vil søknader om AAP blir behandla i to ulike vedtaksløysingar med tilhøyrande meldekort.
Viss vedtaket ditt er gjort i gammal vedtaksløysing, skal du senda meldekort der du må svara på fire spørsmål. Slik fyller du ut det gamle meldekortet.
Om du har fått innvilga AAP i ny vedtaksløysing, skal du senda det nye meldekortet. I det nye meldekortet skal du berre svara på spørsmål om arbeid. Slik fyller du ut det nye meldekortet.
Du får det meldekortet du skal ha automatisk. Du kan ikkje senda inn før du får eit vedtak om at du får AAP. Du vil få beskjed på Mi side på nav.no når du kan senda meldekortet.
Slik stadfestar du statusen din som arbeidssøkjar
Når du er registrert som arbeidssøkjar samstundes som du mottek arbeidsavklaringspengar, må du stadfeste at du framleis ønskjer å vere registrert som arbeidssøkjar kvar 14. dag. I tillegg må du sende inn meldekortet ditt.
Stadfestinga på at du ønskjer å vere registrert som arbeidssøkjar, sender du inn digitalt.
Logg inn på Mi side for å sjå:
- når du må stadfeste at du vil vere arbeidssøkjar
- kva periode stadfestinga gjeld
Under finn du meir informasjon om korleis du stadfestar statusen din som arbeidssøkjar.
Bekreft at du vil vere registrert som arbeidssøkjar.
Slik sender du meldekortet
Meldekortet fyller du ut og sender inn digitalt.
Hugs å vente på kvittering på at vi har motteke meldekortet før du lukkar nettlesaren.
Hvis du ikke kan logge inn og sende meldekort digitalt, kan du skrive ut og sende meldekort på papir i posten.
Du skal sende inn papirmeldekortet mandagen etter perioden det gjelder for. Husk å skrive inn hvilke 14 dager det gjelder.
Du må selv følge med på når du skal sende meldekortet. Sender du meldekortet for sent, kan du få trekk i utbetalingen din.
Det vil ta lengre tid før du får utbetalt arbeidsavklaringspenger (AAP), fordi papirmeldekortet må registreres manuelt.
Kvifor må du sende meldekort?
Du må sende meldekort kvar 14. dag for å ha rett til arbeidsavklaringspengar (AAP).
Meldekortet er eit skjema du fyller ut, der du gir oss opplysingar om blant anna jobb, aktivitetar og fråvær dei siste 14 dagane.
Vi bruker opplysingane frå meldekortet til å følgje opp aktivitetane dine, rekne ut kor mykje du skal få utbetalt, og avgjere om du framleis har rett til AAP. Du får vanlegvis utbetalt pengane 2–3 dagar etter at vi har motteke meldekortet.
Viss du ikkje sender meldekort, får du ikkje utbetalt AAP. Sender du meldekortet etter siste frist, får du trekk i utbetalinga di.
Les meir om når du skal sende inn meldekortet, og kva som skjer om du sender meldekortet for seint.
Du kan be Nav om fritak frå å sende inn meldekort. Nav kan også på eige initiativ vurdere om du kan bli friteke.
Fritak er berre aktuelt viss det er svært belastande for deg å sende meldekort. Vi vurderer dette individuelt ut frå din situasjon.
Kontakt oss viss du ønskjer å be om fritak.
Viss du blir friteke frå pliktå til sjølv å sende inn meldekort, har du framleis plikt til å gje oss beskjed om endringar som kan bety noko for utbetalingane eller aktivitetsplanen din.
Slik fyller du ut det gamle meldekortet
Når du skal fylle ut meldekortet, må du svare på 4 spørsmål. Her får du informasjon om korleis du skal fylle ut meldekortet for kvart enkelt spørsmål.
Du skal svare «ja» viss du har jobba dei siste 14 dagane.
Du må føre opp alle timane du har jobba i perioden, uavhengig av om
- du får løn for arbeidet nå eller seinare
- du har jobba på kvardagar eller i helga
- du jobber i eller utanfor normal arbeidstid
Viss du får løn for fleire timar enn du faktisk har jobba, skal du føre alle timane du får løn for.
Alle aktivitetar som er betalte, eller som normalt ville ha vort betalte, blir rekna som arbeid og skal førast på meldekortet. Til dømes blir dette rekna som arbeid:
- arbeid i vanlege arbeidsforhold som lønstakar, anten du får timeløn eller fastløn
- arbeid i eige føretak, både ENK, ANS, AS, NUF eller noko anna
- gratisarbeid for andre som vanlegvis er betalt
- timar du får betalt for, også når du ikkje jobbar alle timane, til dømes ved akkordarbeid
- provisjonssal, telefonsal og liknande
- frilansarbeid
- lønna verv
- hobbyprega arbeid, «homeparties» og liknande
- omsorgsstønad
I nokre tiltak får du løn. Då avtalar du med oss om du skal krysse av for arbeid og kva for timar du skal føre opp.
Kva skal du ikkje føre som arbeid?
Døme på kva du ikkje skal føre som arbeidstimar:
- feriepengar du får utbetalt, sidan det ikkje gir reduksjon i AAP
- timar som fosterforeldre
- arbeid med å etablere eiga verksemd, viss du har fått vedtak frå Nav om å behalde AAP medan du etablerer verksemda
- frivillig uløna arbeid som til dømes besøkstenester for funksjonshemma og eldre eller liknande
- frivillig uløna arbeid for humanitære organisasjonar, religiøse organisasjonar, idrettslag eller liknande
Hugs at alt uløna arbeid må vere avtalt med rettleiaren din og vere ein del av aktivitetsplanen din.
Formue og skattefri inntekt
Du skal ikkje føre opp reine inntekter frå formue og enkelte skattefrie inntekter på meldekortet. Døme er:
- utleige av fast eigedom utanfor verksemd
- renter, aksjeutbyte og anna avkasting av pengar og verdipapir utanfor verksemd
- skattefri oppussing av eigen bolig/fritidsbolig
Viss du er usikker på om du skal føre timar for denne typen inntekter, kan du kontakte oss for å få hjelp.
Korleis skal du føre timane du jobber?
Her får du meir informasjon om korleis du skal føre timar i ulike situasjonar:
Får du betalt per time, skal ein time jobb førast som ein time på meldekortet.
Viss du ikkje jobbar nøyaktig heile eller halve timar, rundar du av til næraste halve time. Er det like langt til begge halvtimar, rundar du av nedover, ikkje oppover.
Får du løn for ein fast stillingsprosent, skal du føre timar ut frå stillingsprosenten din. Vi reknar full stilling som 37,5 timar per veke, uavhengig av kva som er normal arbeidstid i ditt yrke.
Viss du jobbar i ei stilling som er mindre enn 100 prosent, må du rekne om stillinga di til timar per veke. Får du ikkje heile eller halve timar når du gjer dette, må du runde opp minutta den eine veka, og runde ned den andre veka slik at du i meldeperioden totalt sett har ført timar som tilsvarer stillingsprosenten din.
Viss du til dømes jobbar 50 prosent, så utgjer det 18,75 timar per veke som skal førast slik: 18,5 timer på meldekortet den eine veka, og 19 timer på meldekortet den andre veka.
For å få riktig utbetaling, bør du fordele timane mest mogleg jamt utover yrkedagane i meldeperioden, uavhengig av når du faktisk jobbar. Årsaka er at viss du får stans i arbeidsavklaringspengane (AAP) i løpet av meldeperioden, kan du risikere å gå over grensa for kor mange timar du kan jobbe og framleis få utbetalt AAP.
Døme:
Du jobbar 20 prosent og skal føre 7,5 timer på meldekortet per veke. Meldeperioden er frå 15.–29. mai 2023. 16. mai begynner du å jobbe 100 prosent, og du får vedtak om at AAP stansar frå same dato.
Viss du fører 7,5 timer på meldekortet for mandag 15. mai, går du over grensa for kor mange timar du kan jobbe den eine dagen du har AAP i meldeperioden, og du får ikkje utbetalt AAP for denne dagen. Fordeler du timar jamt utover med 1,5 timer per yrkedag, vil utbetalinga di for mandagen bli riktig.
Har du både fastløn og timeløn?
Viss du jobbar ekstra timar med timeløn på toppen av den faste stillingsprosenten din, må du leggje til desse timane når du fører opp timar på meldekortet.
Døme:
Du har ein 40 prosent stilling i butikk og tar enkelte ekstravakter. Då skal du føre 15 timar per veke for 40-prosent-stillinga, pluss alle timane du har jobba ekstra.
Viss du arbeider skift eller turnus, skal du føre timar ut frå gjennomsnittleg arbeidstid per veke i turnusperioden.
Gjennomsnittleg arbeidstid per veke finn du ved å dele talet arbeidstimar totalt i turnusperioden på talet veker i turnusperioden.
For at utbetalinga skal bli riktig, bør du fordele timane mest mogleg jamnt utover yrkedagene på meldekortet, uavhengig av når du faktisk jobbar.
Viss du jobbar ekstra i tillegg til turnusen, fører du desse timane på meldekortet den veka du jobbar ekstra.
Er du tilsett i ei prosentstilling med fast løn og jobbar skift, skal du føre timar ut frå stillingsprosenten din.
Viss du jobbar i eige føretak, sjølvstendig næringsverksemd, hobbyverksemd eller liknande, skal du føre alle timane du jobbar på meldekortet.
Du må føre timar uavhengig av om
- du jobbar gratis og ikkje tar ut løn
- du jobbar i eller utanfor normal arbeidstid
- verksemda ikkje tener pengar eller går med underskot
Korleis du tar ut pengar av føretaket, eller korleis du skatte- eller privatrettsleg klassifiserer overføring av verdiar, spillar heller inga rolle.
Hugs at du må føre opp alt arbeid du gjer, også administrativt arbeid. Med administrativt arbeid meiner vi oppgåver knytt til dagleg drift, som til dømes korrespondanse, fakturering og personalarbeid.
AAP mens du etablerer eiga verksemd
Viss du har fått vedtak frå Nav om at du kan behalde AAP medan du etablerer eiga verksemd, skal du ikkje føre timane du jobbar i verksemda på meldekortet.
Sjølv om du har vore sjuk og fråverande frå jobb, skal du føre timane som arbeidstimar på meldekortet viss du får
- sjukepengar frå Nav
- løn frå arbeidsgjevar medan du er sjukmeldt
- løn frå arbeidsgjevar for eigenmeldingsdagar
Viss du ikkje veit kor mange arbeidstimar sjukepengane tilsvarar, kan du ta kontakt med arbeidsgjevaren din eller kontakte oss.
Har du hatt sjukt barn?
Viss du får løn når du er fråverende frå jobb på grunn av sjukt barn, skal du føre timane som arbeidstimar på meldekortet.
Viss du jobbar og blir heilt eller delvis permittert, skal du føre arbeidstimar som vanleg medan du framleis får løn frå arbeidsgjevar under perioden for lønnsplikt.
Etter at perioden for lønsplikt er over, skal du berre føre dei timane du faktisk jobbar.
Sjølv om du er fråverande frå jobben når du er permittert, skal du ikkje føre det som fråvær under spørsmål 4.
Viss du er teke ut i streik, skal du fylle ut meldekortet som om du var på jobb som vanleg. Dette gjer du uavhengig av om du får streikebidrag frå fagorganisasjonen din eller ikkje.
Viss du får omsorgsstønad eller omsorgsløn, skal du føre timane du får betalt for på meldekortet. Timane skal førast i den perioden arbeidet gjort, sjølv om utbetalinga av omsorgsstønad kjem seinare.
Viss du har inngått ein avtale med kommunen om talet på timer per måned, fører du desse timane på meldekortet.
Viss du har avtalt ein fast stillingsprosent, skal du føre så mange timar som denne stillingsprosenten tilsvarer ut frå ei arbeidstid på 37,5 timar per veke. Får du omsorgsstønad for ei stilling på 20 prosent, skal du føre 7,5 timar per veke på meldekortet.
Mottar du ein fast sum, eller har ein annen avtale som ikkje spesifiserer timar, må du berekne kor mange timar det tilsvarer og føre det på meldekortet. Det gjer du ved å dele omsorgsstønaden på timeløna til den høgast lønte barnehageassistenten i kommunen. Viss du ikkje veit kva høgste timeløn er, må du kontakte kommunen.
Døme på utrekning:
Motek du til dømes 6 000 kroner i omsorgsstønad for ein periode på 14 dagar, og høgste timeløn for barnehageassistentar er 200 kroner, skal du føre 30 timer arbeid i dei 14 dagane: 6 000 kroner delt på 200 kroner = 30.
Viss du er i tvil om korleis du skal føre timar i din arbeidssituasjon, bør du kontakte oss.
Kor mykje du jobbar påverkar utbetalinga di
Du får ikkje utbetalt arbeidsavklaringspengar (AAP) for dei timane du har jobba og får løn for. Du vil derfor få mindre utbetalt i AAP, avhengig av kor mange arbeidstimar du fører på meldekortet.
Som hovudregel kan du jobbe inntil 60 prosent i ein meldeperiode og framleis få utbetalt AAP. Nav definerer 37,5 timer per uke som normal arbeidstid for alle. Å jobbe 60 prosent tilsvarer derfor 22,5 timar i veka, uavhengig av kva som er normal arbeidstid i ditt yrke.
I ein meldeperiode på 2 veker, kan du derfor jobbe inntil 45 timar og framleis få utbetalt AAP. Du kan jobbe meir ei uke og lite ei anne veke, så lenge antall timar ikkje overstig 45 timar totalt i meldeperioden. Jobbar du meir enn 45 timar, vil du ikkje få utbetalt AAP for perioden.
I nokre tilfelle kan du jobbe meir enn hovudregelen på 60 prosent. Les meir om kor mykje du kan jobbe og samtidig behalde AAP.
Du skal svare «ja» og krysse av for alle dagar du har delteke på aktivitetar du har avtalt med Nav. Avtalte aktivitetar kan vere
- arbeidsretta tiltak
- medisinsk behandling
- kurs, utdanning eller sjølvstudium
- annan aktivitet
Du skal også svare «ja» og krysse av for dagar du har brukt på kurs, utdanning eller sjølvstudium som ikkje er avtalt med Nav.
Du skal svare «nei» viss du
- ikkje har utført aktivitetane du har avtalt med oss
- ikkje har avtalt nokre aktivitetar med oss
- ikkje har deltatt på aktivitetar du sjølv har lagt inn i aktivitetsplanen din, og som du ikkje har avtalt med oss
For å få arbeidsavklaringspenger (AAP), må vi ha godkjent aktivitetane du utfører. Avtalte aktivitetar skal stå i den aktivitetsplanen du har laga samman med oss.
Viss du begynner på andre aktivitetar enn det du har avtalt med oss, må du informere rettleiaren din om dette. Det same gjeld viss det skjer endringer i dei aktivitetane du har avtalt med oss.
Du skal du svare «ja» og krysse av på dei dagane du har hatt fråvær frå jobb eller avtalte aktivitetar på grunn av eigen sjukdom.
Med aktivitetar meiner vi
- arbeid
- arbeidsretta tiltak
- medisinsk behandling
- kurs, utdanning eller sjølvstudium
- annan aktivitet
Fråvær frå avtalte aktivitetar på grunn av eigen sjukdom gir vanlegvis ikkje redusert utbetaling av arbeidsavklaringspengar (AAP).
Når skal du svare «nei» og ikkje føre sjukdomsfråvær?
Du skal ikkje føre sjukdomsfråvær under spørsmål 3 dersom:
Viss du jobbar ved sida av AAP og får sjukepengar eller løn frå arbeidsgjevar medan du er sjuk, skal du svare «nei» her og føre timane som arbeidstimar på spørsmål 1.
Du skal svare «nei» dersom du har hatt fråvær på grunn av sjukt barn. Det skal vanlegvis førast som anna fråvær under spørsmål 4.
Viss du får løn frå arbeidsgjevar under fråværet, skal timane du har vore borte frå jobb på grunn av sjukt barn, førast som arbeidstimar under spørsmål 1.
Du skal berre svare «ja» og krysse av for ferie- eller fråværsdagar som ikkje er godkjente av Nav, og som har ført til at du
- ikkje har kunna ta arbeid
- ikkje har gjennomført aktivitetar du har avtalt med oss
- ikkje har vore tilgjengeleg for Nav
Viss du har ferie eller fråvær som ikkje påverkar oppfølginga, og du gjennomfører planlagte aktivitetar og er tilgjengeleg som normalt, så skal du svare «nei» og ikkje føre fråvær.
Du skal også svare «nei» dersom du
- har hatt ferie, fråvær eller utanlandsopphald som Nav har godkjent
- har avklart med oss at aktivitetar eller annan oppfølging frå Nav ikkje er aktuelt i perioden
- har fri i periodar der det ikkje er aktuelt med tiltak, til dømes jul eller påske
- har fri fordi tiltaksstaden eller arbeidsstaden er stengt på grunn av heilagdag
Viss du mottek løn for bevegelege heilagdagar, men arbeidsstaden er stengt, fører du timar som om du var på jobb under spørsmål 1.
For å få AAP, må du gjennomføre aktivitetane du har avtalt med oss i aktivitetsplanen. Fråvær frå avtalte aktiviteter førast vanlegvis til redusert utbetaling AAP.
Sjekk kva for reglar som gjeld utbetaling av AAP under fråvær, ferie og utanlandsopphold, og sjå kva du kan gjere for å behalde AAP medan du er borte.
Slik fører du fravær i ulike situasjoner
Se hvordan du fører fravær i ulike situasjoner, og hvordan det påvirker utbetalingen din:
Hvis du har fravær av velferdsgrunner, kan Nav vurdere å ikke redusere utbetalingen din likevel. Velferdsgrunner kan for eksempel være
- sykt barn, inkludert barnepassers sykdom
- sykdom i nær familie
- time hos lege, tannlege og lignende utenom avtalt aktivitet
- dødsfall i nær familie eller vennekrets
- begravelse/bisettelse
- første skoledag, tilvenning i barnehage og annen oppfølging av barn
Ta kontakt med oss så fort som mulig. Du må føre dagene som fravær fram til vi eventuelt godkjenner det.
Hvis du får lønn fra arbeidsgiver under fraværet, skal timene føres som arbeidstimer under spørsmål 1.
Det er egne regler for AAP ved opphold i utlandet. Før du reiser, må du sjekke hvilke regler som gjelder for landet du skal reise til, og undersøke om du må søke om godkjenning av Nav på forhånd: Ferie, fravær og utenlandsopphold.
Du må føre utenlandsoppholdet som ferie eller annet fravær på meldekortet hvis du ikke gjennomfører aktivitetene du har avtalt med oss, og ikke er tilgjengelig for Nav under oppholdet. Da regnes oppholdet som ferie, og de samme reglene gjelder uavhengig av om du oppholder deg hjemme, et annet sted i Norge, innenfor eller utenfor EØS.
Du må også føre utenlandsoppholdet som ferie eller annet fravær på meldekortet hvis du ikke har fått oppholdet godkjent ved reiser til land der det er et krav. Har du fått oppholdet godkjent, men blir lenger enn avtalt, må du også føre dagene du ikke har fått godkjent som fravær.
Selv om du er fraværende fra jobben når du er permittert, skal du ikke føre det som fravær på meldekortet.
Du skal ikke føre at du tar ferie fra jobben på meldekortet, så lenge du er tilgjengelig og gjennomfører aktivitetene du har avtalt med oss som planlagt. Ferie fra jobben fører ikke til reduksjon i AAP.
Hvis du avspaserer fra jobb og får lønn på vanlig måte mens du har fri, skal du føre timene som arbeidstimer under spørsmål 1.
Du skal ikke føre timer for feriepenger du har opparbeidet deg og får utbetalt. Feriepenger gir ikke reduksjon i AAP.
Det er viktig at du fyller ut meldekortet riktig, slik at vi får utbetalt riktig beløp i AAP. Viss meldekortet blir fylt ut feil og du får for mykje utbetalt i AAP, kan Nav krevje pengar tilbake.
Er du i tvil om du har forstått korleis du skal fylle ut meldekortet, bør du kontakte oss for å få hjelp.
Viss du har fylt ut meldekortet feil, må du rette feilen og sende meldekortet på nytt så fort som mogleg.
Slik rettar du feil:
- Logg inn i oversikta over tidlegare meldekort.
- Vel meldekortet du skal rette feil i.
- Rett feilen og send inn meldekortet på nytt.
Viss du ikkje har moglegheit til å rette feil i meldekortet digitalt, må du kontakte oss for å få hjelp.
Når du rettar feil på tidlegare innsende meldekort, vil vi vurdere om du har fått for lite eller for mykje utbetalt.
Viss du har fått utbetalt feil beløp, vil vi anten etterbetale det vi skyldar deg eller krevje tilbake det du har fått for mykje.
Kor lang tid det tek før vi får behandla saken varierer, og vi kontaktar deg dersom vi treng meir informasjon.
Slik fyller du ut det nye meldekortet
Når du skal fylle ut meldekortet, må du svare på 1 spørsmål. Her får du informasjon om korleis du skal fylle ut det nye meldekortet.
Du skal svare «ja» viss du har jobba dei siste 14 dagane.
Du må føre opp alle timane du har jobba i perioden, uavhengig av om
- du får løn for arbeidet nå eller seinare
- du har jobba på kvardagar eller i helga
- du jobber i eller utanfor normal arbeidstid
Viss du får løn for fleire timar enn du faktisk har jobba, skal du føre alle timane du får løn for.
Alle aktivitetar som er betalte, eller som normalt ville ha vort betalte, blir rekna som arbeid og skal førast på meldekortet. Til dømes blir dette rekna som arbeid:
- arbeid i vanlege arbeidsforhold som lønstakar, anten du får timeløn eller fastløn
- arbeid i eige føretak, både ENK, ANS, AS, NUF eller noko anna
- gratisarbeid for andre som vanlegvis er betalt
- timar du får betalt for, også når du ikkje jobbar alle timane, til dømes ved akkordarbeid
- provisjonssal, telefonsal og liknande
- frilansarbeid
- lønna verv
- hobbyprega arbeid, «homeparties» og liknande
- omsorgsstønad
I nokre tiltak får du løn. Då avtalar du med oss om du skal krysse av for arbeid og kva for timar du skal føre opp.
Kva skal du ikkje føre som arbeid?
Døme på kva du ikkje skal føre som arbeidstimar:
- feriepengar du får utbetalt, sidan det ikkje gir reduksjon i AAP
- timar som fosterforeldre
- arbeid med å etablere eiga verksemd, viss du har fått vedtak frå Nav om å behalde AAP medan du etablerer verksemda
- frivillig uløna arbeid som til dømes besøkstenester for funksjonshemma og eldre eller liknande
- frivillig uløna arbeid for humanitære organisasjonar, religiøse organisasjonar, idrettslag eller liknande
Hugs at alt uløna arbeid må vere avtalt med rettleiaren din og vere ein del av aktivitetsplanen din.
Formue og skattefri inntekt
Du skal ikkje føre opp reine inntekter frå formue og enkelte skattefrie inntekter på meldekortet. Døme er:
- utleige av fast eigedom utanfor verksemd
- renter, aksjeutbyte og anna avkasting av pengar og verdipapir utanfor verksemd
- skattefri oppussing av eigen bolig/fritidsbolig
Viss du er usikker på om du skal føre timar for denne typen inntekter, kan du kontakte oss for å få hjelp.
Korleis skal du føre timane du jobbar?
Her får du meir informasjon om korleis du skal føre timar i ulike situasjonar:
Får du betalt per time, skal ein time jobb førast som ein time på meldekortet.
Viss du ikkje jobbar nøyaktig heile eller halve timar, rundar du av til næraste halve time. Er det like langt til begge halvtimar, rundar du av nedover, ikkje oppover.
Får du løn for ein fast stillingsprosent, skal du føre timar ut frå stillingsprosenten din. Vi reknar full stilling som 37,5 timar per veke, uavhengig av kva som er normal arbeidstid i ditt yrke.
Viss du jobbar i ei stilling som er mindre enn 100 prosent, må du rekne om stillinga di til timar per veke. Får du ikkje heile eller halve timar når du gjer dette, må du runde opp minutta den eine veka, og runde ned den andre veka slik at du i meldeperioden totalt sett har ført timar som tilsvarer stillingsprosenten din.
Viss du til dømes jobbar 50 prosent, så utgjer det 18,75 timar per veke som skal førast slik: 18,5 timer på meldekortet den eine veka, og 19 timer på meldekortet den andre veka.
For å få riktig utbetaling, bør du fordele timane mest mogleg jamt utover yrkedagane i meldeperioden, uavhengig av når du faktisk jobbar. Årsaka er at viss du får stans i arbeidsavklaringspengane (AAP) i løpet av meldeperioden, kan du risikere å gå over grensa for kor mange timar du kan jobbe og framleis få utbetalt AAP.
Døme:
Du jobbar 20 prosent og skal føre 7,5 timer på meldekortet per veke. Meldeperioden er frå 15.–29. mai 2023. 16. mai begynner du å jobbe 100 prosent, og du får vedtak om at AAP stansar frå same dato.
Viss du fører 7,5 timer på meldekortet for mandag 15. mai, går du over grensa for kor mange timar du kan jobbe den eine dagen du har AAP i meldeperioden, og du får ikkje utbetalt AAP for denne dagen. Fordeler du timar jamt utover med 1,5 timer per yrkedag, vil utbetalinga di for mandagen bli riktig.
Har du både fastløn og timeløn?
Viss du jobbar ekstra timar med timeløn på toppen av den faste stillingsprosenten din, må du leggje til desse timane når du fører opp timar på meldekortet.
Døme:
Du har ein 40 prosent stilling i butikk og tar enkelte ekstravakter. Då skal du føre 15 timar per veke for 40-prosent-stillinga, pluss alle timane du har jobba ekstra.
Viss du arbeider skift eller turnus, skal du føre timar ut frå gjennomsnittleg arbeidstid per veke i turnusperioden.
Gjennomsnittleg arbeidstid per veke finn du ved å dele talet arbeidstimar totalt i turnusperioden på talet veker i turnusperioden.
For at utbetalinga skal bli riktig, bør du fordele timane mest mogleg jamnt utover yrkedagene på meldekortet, uavhengig av når du faktisk jobbar.
Viss du jobbar ekstra i tillegg til turnusen, fører du desse timane på meldekortet den veka du jobbar ekstra.
Er du tilsett i ei prosentstilling med fast løn og jobbar skift, skal du føre timar ut frå stillingsprosenten din.
Viss du jobbar i eige føretak, sjølvstendig næringsverksemd, hobbyverksemd eller liknande, skal du føre alle timane du jobbar på meldekortet.
Du må føre timar uavhengig av om
- du jobbar gratis og ikkje tar ut løn
- du jobbar i eller utanfor normal arbeidstid
- verksemda ikkje tener pengar eller går med underskot
Korleis du tar ut pengar av føretaket, eller korleis du skatte- eller privatrettsleg klassifiserer overføring av verdiar, spillar heller inga rolle.
Hugs at du må føre opp alt arbeid du gjer, også administrativt arbeid. Med administrativt arbeid meiner vi oppgåver knytt til dagleg drift, som til dømes korrespondanse, fakturering og personalarbeid.
AAP mens du etablerer eiga verksemd
Viss du har fått vedtak frå Nav om at du kan behalde AAP medan du etablerer eiga verksemd, skal du ikkje føre timane du jobbar i verksemda på meldekortet.
Sjølv om du har vore sjuk og fråverande frå jobb, skal du føre timane som arbeidstimar på meldekortet viss du får
- sjukepengar frå Nav
- løn frå arbeidsgjevar medan du er sjukmeldt
- løn frå arbeidsgjevar for eigenmeldingsdagar
Viss du ikkje veit kor mange arbeidstimar sjukepengane tilsvarar, kan du ta kontakt med arbeidsgjevaren din eller kontakte oss.
Har du hatt sjukt barn?
Viss du får løn når du er fråverende frå jobb på grunn av sjukt barn, skal du føre timane som arbeidstimar på meldekortet.
Viss du jobbar og blir heilt eller delvis permittert, skal du føre arbeidstimar som vanleg medan du framleis får løn frå arbeidsgjevar under perioden for lønnsplikt.
Etter at perioden for lønsplikt er over, skal du berre føre dei timane du faktisk jobbar.
Sjølv om du er fråverande frå jobben når du er permittert, skal du ikkje føre det som fråvær under spørsmål 4.
Viss du er teke ut i streik, skal du fylle ut meldekortet som om du var på jobb som vanleg. Dette gjer du uavhengig av om du får streikebidrag frå fagorganisasjonen din eller ikkje.
Viss du får omsorgsstønad eller omsorgsløn, skal du føre timane du får betalt for på meldekortet. Timane skal førast i den perioden arbeidet gjort, sjølv om utbetalinga av omsorgsstønad kjem seinare.
Viss du har inngått ein avtale med kommunen om talet på timer per måned, fører du desse timane på meldekortet.
Viss du har avtalt ein fast stillingsprosent, skal du føre så mange timar som denne stillingsprosenten tilsvarer ut frå ei arbeidstid på 37,5 timar per veke. Får du omsorgsstønad for ei stilling på 20 prosent, skal du føre 7,5 timar per veke på meldekortet.
Mottar du ein fast sum, eller har ein annen avtale som ikkje spesifiserer timar, må du berekne kor mange timar det tilsvarer og føre det på meldekortet. Det gjer du ved å dele omsorgsstønaden på timeløna til den høgast lønte barnehageassistenten i kommunen. Viss du ikkje veit kva høgste timeløn er, må du kontakte kommunen.
Døme på utrekning:
Motek du til dømes 6 000 kroner i omsorgsstønad for ein periode på 14 dagar, og høgste timeløn for barnehageassistentar er 200 kroner, skal du føre 30 timer arbeid i dei 14 dagane: 6 000 kroner delt på 200 kroner = 30.
Viss du er i tvil om korleis du skal føre timar i din arbeidssituasjon, bør du kontakte oss.
Kor mykje du jobbar påverkar utbetalinga di
Du får ikke utbetalt arbeidsavklaringspenger (AAP) for de timene du har jobbet og får lønn for. Du vil derfor få mindre utbetalt i AAP, avhengig av hvor mange arbeidstimer du fører på meldekortet.
Som hovudregel kan du jobbe inntil 60 prosent i ein meldeperiode og framleis få utbetalt AAP. Nav definerer 37,5 timer per uke som normal arbeidstid for alle. Å jobbe 60 prosent tilsvarer derfor 22,5 timar i veka, uavhengig av kva som er normal arbeidstid i ditt yrke.
I ein meldeperiode på 2 veker, kan du derfor jobbe inntil 45 timar og framleis få utbetalt AAP. Du kan jobbe meir ei uke og lite ei anne veke, så lenge antall timar ikkje overstig 45 timar totalt i meldeperioden. Jobbar du meir enn 45 timar, vil du ikkje få utbetalt AAP for perioden.
I nokre tilfelle kan du jobbe meir enn hovudregelen på 60 prosent. Les meir om kor mykje du kan jobbe og samstundes behalde AAP.
Det er viktig at du fyller ut meldekortet riktig, slik at vi får utbetalt riktig beløp i AAP. Viss meldekortet blir fylt ut feil og du får for mykje utbetalt i AAP, kan Nav krevje pengar tilbake.
Er du i tvil om du har forstått korleis du skal fylle ut meldekortet, bør du kontakte oss for å få hjelp.
Viss du har fylt ut meldekortet feil, må du rette feilen og sende meldekortet på nytt så fort som mogleg.
Slik rettar du feil:
- Logg inn i oversikta over tidlegare meldekort.
- Vel meldekortet du skal rette feil i.
- Rett feilen og send inn meldekortet på nytt.
Viss du ikkje har moglegheit til å rette feil i meldekortet digitalt, må du kontakte oss for å få hjelp.
Når du rettar feil på tidlegare innsende meldekort, vil vi vurdere om du har fått for lite eller for mykje utbetalt.
Viss du har fått utbetalt feil beløp, vil vi anten etterbetale det vi skyldar deg eller krevje tilbake det du har fått for mykje.
Kor lang tid det tek før vi får behandla saken varierer, og vi kontaktar deg dersom vi treng meir informasjon.
Når skal du sende inn meldekortet?
Du må sende inn meldekort kvar 14. dag.
Logg inn på Mi side for å sjå
- når du skal sende neste meldekort
- kva periode meldekortet gjeld for
Eit meldekort gjeld for ein periode på 14 dagar, og du bør sende det inn så snart perioden er over. Då får du pengane dine raskare, og unngår trekk fordi du har sendt inn meldekortet for seint.
Siste frist for å unngå trekk i pengestøtta
Siste frist for å sende inn meldekortet er kl. 23.00 måndag ei veke etter at meldeperioden er over.
Viss du sender meldekortet etter fristen, får du trekk i utbetalinga.
Viss du har problem med å sende oss meldekort i tide, må du kontakte oss så tidleg som mogleg.
Kor mykje blir du trekt?
Du får trekk om du sender meldekortet etter siste frist
Kor mykje du blir trekt, avheng av kor mange dagar etter fristen du sender meldekortet. Sender du meldekortet ein dag etter siste frist, får du trekk. Du blir trekt for talet på dager fra første mandag etter at meldeperioden er over, til dagen du sende inn meldekortet.
Viss meldekortperioden er måndag 16. mars til søndag 29. mars, er første meldedag etter meldekortperioden måndag 30. mars.
Siste frist for å sende meldekortet utan trekk er måndag 6. april. Sender du meldekortet tysdag 7. april, får du trekk for 6 utbetalingsdagar.
Du blir ikkje trekt på den første utbetalinga du får, men på utbetalinga du får etter å ha sendt inn neste meldekort.
Viss det har gått meir enn 20 dagar etter siste frist og du framleis ikkje har sendt inn meldekortet, vil vi som hovudregel kontakte deg før vi eventuelt stansar arbeidsavklaringspengane (AAP).
I nokre tilfelle kan vi vurdere om du skal få fritak frå å sende meldekort.
Når får du utbetalt pengane?
Pengane blir utbetalte cirka 2–3 yrkedagar etter at vi har motteke meldekortet.
Logg inn på Dine utbetalingar for å sjå oversikt over alle utbetalingane dine.
Lurer du på om utbetalinga er riktig?
Viss du tror du har fått for mykje eller for lite utbetalt, er det viktig at du melder frå til oss så fort som mogleg.
Vi bereknar utbetalinga ut frå kva du har ført på meldekortet. Kor mykje du får utbetalt, avhenger blant anna av
- kor mykje du har jobba eller fått løn for
- om du har hatt fråvær, ferie eller utanlandsopphald
- om du har sendt inn tidlegare meldekort for sient
- om AAP-vedtaket ditt går ut i løpet av perioden
- skattetrekk og eventuelle andre trekk
Har du fått utbetalt feil beløp fordi du har fylt ut meldekortet feil, må du rette feilen på tidlegare meldekort og sende det inn på nytt.
Viss du har fått trekk du ikkje forstår eller meiner er feil, bør du kontakte oss.
Kva skjer om du har fått utbetalt feil beløp?
Viss du har fått utbetalt feil beløp, vil vi anten etterbetale det vi skyldar deg eller krevje tilbake det du har fått for mykje.
Har du ikkje fått pengar?
Viss det har gått meir enn 3 yrkedagar siden du sende inn meldekortet digitalt, og du framleis ikkje har fått utbetalt pengar, bør du logge inn og sjekke om meldekortet er sendt inn riktig og til riktig tid.
I oversikta over tidlegare meldekort, kan du sjå om meldekortet har blitt berekna og bruttobeløpet for utbetalinga di før skatt og eventuelle andre trekk.
Viss meldekortet er sendt inn, men ikkje er berekna dagen etter at du sende det, bør du kontakte oss så vi kan sjekke saka di.
Viss du meiner du har fått for lite utbetalt eller trekk som er feil, bør du kontakte oss så vi kan sjekke saka di.
Viss du meiner vi har gjort ein feil, kan du også sende oss ei klage.
Slik klagar du:
- Fyll ut skjemaet: Klage på vedtak – arbeidsavklaringspengar.
- Oppgi at det gjeld meldekort i grunngjevinga.
Her finn du meir informasjon om klagerettane dine.
Oppdatert 02.09.2026
Finner du ikke svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med oss
Du møter først vår chatbot. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be chatboten om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope
Skriv til oss
Still oss eit spørsmål og få skriftleg svar.
Svartida er 3 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.