Slik gjer du det
Stadfest at du ønskjer å vere registrert som arbeidssøkjar
For å vere registrert som arbeidssøkjar hos Nav må du sende ei stadfesting på dette kvar 14. dag.
Kven må stadfeste at dei ønskjer å vere registrert som arbeidssøkjar?
Alle som er registrerte som arbeidssøkjarar hos Nav, må gi ei stadfesting kvar 14. dag på at dei framleis ønskjer å vere registrerte. Sjølv om du ikkje får noko form for pengestøtte, må du likevel stadfeste at du ønskjer å vere registrert.
Dersom du får pengestøtte frå Nav medan du er arbeidssøkjar, må du i tillegg levere meldekort. Du finn her meir informasjon om korleis meldekortet for dei ulike typane pengestøtte fungerer:
- Dagpengar – fyll ut meldekort
- Arbeidsavklaringspengar – fyll ut meldekort
- Tiltakspengar – fyll ut meldekort
Dersom du er usikker på korleis eller kvifor du skal fylle ut meldekort i din situasjon, anbefaler vi deg å kontakte oss for å få hjelp.
Korleis stadfestar du at du ønskjer å vere registrert som arbeidssøkjar?
Stadfestinga på at du ønskjer å vere registrert som arbeidssøkjar, sendast inn digitalt.
Vent med å lukke nettlesaren til du har fått kvittering på at stadfestinga er motteken.
Dersom du ikkje kan logge inn og sende stadfestinga digitalt, kan du skrive ut og sende meldekort på papir i posten. i posten. Du vil då måtte svare på fleire spørsmål (tilsvarande det gamle papirmeldekortet) enn dersom du loggar deg inn på nav.no.
Dersom du sender stadfestinga på papir, må du sjølv følgje med på når det skal sendast inn og skrive på meldekortet kva 14 dagar det gjeld for. Du kan også kontakte rettleiaren din for å få hjelp med å levere stadfestinga.
Dersom du er usikker på korleis du skal gå fram i din situasjon, anbefaler vi deg å kontakte oss for å få hjelp.
Kva må du svare på for å stadfeste at du ønskjer å vere arbeidssøkjar?
- Har du vore i jobb dei siste 14 dagane?
- Ønskjer du å vere registrert som arbeidssøkjar dei neste 14 dagane?
Dersom du svarer nei på om du ønskjer å vere registrert, vil du ikkje lenger stå registrert som arbeidssøkjar. Dersom du har søkt om eller får pengestøtte som krev at du er registrert som arbeidssøkjar, vil pengestøtta stoppe.
Viss du har svart at du ikkje lenger ønskjer å vere registrert som arbeidssøkjar, og er usikker på kva konsekvensar det vil få for deg, kan du kontakte oss for å få hjelp. Du kan registrere deg som arbeidssøkjar på nytt dersom du ønskjer å vere registrert som arbeidssøkjar att.
Når skal du stadfeste at du framleis ønskjer å vere arbeidssøkjar?
Frist for å stadfeste at du ønskjer å vere arbeidssøkjar
Du må stadfeste kvar 14. dag at du ønskjer å vere arbeidssøkjar.
Logg inn på Mi side for å sjå
- når du må stadfeste at du ønskjer å vere arbeidssøkjar
- kva periode stadfestinga gjeld for
Vi anbefaler at du stadfestar at du ønskjer å vere arbeidssøkjar med ein gong du får ei oppgåve på Mi side om å levere stadfesting.
Kva skjer dersom du ikkje stadfestar at du ønskjer å vere arbeidssøkjar?
Du vil ikkje lenger stå registrert som arbeidssøkjar dersom du
- ikkje sender inn stadfesting
- svarer «nei» på spørsmålet om du framleis skal vere registrert som arbeidssøkjar
Kva gjer du dersom du ikkje lenger er registrert som arbeidssøkjar, men ønskjer å vere registrert?
Du kan når som helst registrere deg på nytt dersom du ikkje er registrert som arbeidssøkjar, men ønskjer å vere det.
Oppdatert 21.03.2025
Finner du ikke svaret her? Ta kontakt med oss
Chat med chatbot Frida
Chatbot Frida har døgnåpent. Chat med veileder er stengt.
Skriv til oss
Still oss eit spørsmål og få skriftleg svar.
Svartida er 3 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.
Ring oss på 55 55 33 33
Ope kvardagar kl. 9–15. Dersom ventetida er over 5 minutt, kan vi ringe deg tilbake.
Stengt no, opnar kl 9