Slik gjer du det

Registrer deg som arbeidssøkjar

Registrer deg som arbeidssøkjar om du har som mål å kome i jobb, og du ønskjer å gjere aktivitetar, åleine eller saman med Nav, for å oppnå dette. Når du har registrert deg som arbeidssøkjar kan du få informasjon om ledige stillingar som er relevante for deg.

Kven kan registrere seg?

Du har rett til å registrere deg som arbeidssøkjar dersom du har lovleg opphald i Noreg. Er du under 18 år, må du ha samtykke frå føresette for å registrere deg som arbeidssøkjar.

Når du er registrert, har du krav på at Nav vurderer behovet ditt for rettleiing med mål om å kome tilbake i arbeid.

Du kan søkje om dagpengar eller andre ytingar når du har registrert deg som arbeidssøkjar.

Arbeidsretta oppfølging

Du kan òg få arbeidsretta oppfølging utan å registrere deg som arbeidssøkjar.

Dette kan vere aktuelt dersom

  • du er student og treng tilrettelegging for å kunne gjennomføre utdanninga
  • du ikkje skal søkje pengestøtte frå Nav som krev at du er registrert som arbeidssøkjar
  • du treng hjelp til å kome i arbeid eller til å halde fram i arbeid, men ikkje er klar for aktiv jobbsøking

Er du usikker på kva som er det rette for deg?

Er du usikker på om du bør registrere deg som arbeidssøkjar, eller om du berre skal be om arbeidsretta oppfølging?

Svar på nokre korte spørsmål og få ei tilråding basert på situasjonen din.

Svar på spørsmål

Slik registrerer du deg

For at vi skal kunne vurdere kva slags tenester du treng, må vi ha opplysningar om

  • alderen din
  • du har vore i jobb
  • utdanninga di
  • eventuelle utfordringar

Du må ha elektronisk ID for å registrere deg. Du kan logge inn med BankID, Buypass eller Commfides.

Skaff deg elektronisk ID

Hos ID-porten kan du skaffe deg elektronisk ID. Du kan velge mellom BankId, Buypass eller Commfides.

Skaff deg elektronisk ID

Registrer deg på Nav-kontoret

Hvis du ikke kan skaffe deg elektronisk ID, må du møte opp på Nav-kontoret ditt. Der kan du få hjelp til å registere deg slik at du kan sende meldekort med MinID.

Du kan finne ditt Nav kontor ved å søke på postnummer, poststed eller kommunenavn i søkefeltet.

Finn ditt Nav-kontor

Når du er registrert som arbeidssøkjar

Vi vurderer opplysningane du har gitt oss, opp mot opplysningane vi har om andre arbeidssøkjarar som er i mykje den same situasjonen som deg. På bakgrunn av dette blir det utarbeidd eit automatisk forslag til tenester vi trur kan passe for deg. Ein rettleiar vurderer forslaget og sender deg eit vedtak.

Dersom det skjer endringar som gjer at opplysningane du har gitt oss, ikkje lenger stemmer, kan du ta kontakt med oss på nav.no. Vi gjer då ei ny vurdering av behovet ditt for tenester.

Dersom du er usamd i oppfølginga som vi foreslår, kan du logge på og gi tilbakemelding om dette.

Etter at du har blitt registrert, kan Nav hjelpe deg med å få arbeid. Du kan til dømes få informasjon om ledige stillingar som er relevante for deg.

Ønskjer du å vere registrert som arbeidssøkjar hos Nav må du sende ei stadfesting på dette kvar 14. dag. Sjå korleis du leverer stadfestinga her.

Oppdatert 29.04.2026