Slik gjer du det

Be om arbeidsretta oppfølging

Treng du støtte for å komme i jobb eller fortsette i jobben du har, kan du få arbeidsretta oppfølging frå Nav utan å bli arbeidssøkjar.

Kva er arbeidsretta oppfølging?

Når du kontaktar Nav for å få hjelp til å kome i jobb eller behalde jobben du har, har du rett til å få ei vurdering av jobbmoglegheitene dine og kva slags hjelp og støtte du kan få. Vurderinga blir gjort etter Nav‑lova § 14 a.

Dette kan du få hjelp til 

Arbeidsretta oppfølging innber

  • vurdering av arbeidsevna di
  • rettleiing om moglegheiter og tilrettelegging
  • råd og oppfølging for å kome i jobb eller behalde jobben du har
  • arbeidsretta tiltak eller kurs som gir deg betre moglegheiter i arbeidslivet
  • oppfølging får ein rettleiar i Nav

Oppfølginga blir tilpassa situasjonen din og kan endre seg om behova dine endrer seg.

Kven kan få arbeidsretta oppfølging?

Du bør be om arbeidsretta oppfølging om du treng hjelp knytta til arbeid, men ikkje er klar for å søkje jobb nå.

Dette kan vera aktuelt viss du

  • er student og treng tilrettelegging for å gjennomføre utdanning
  • ikkje skal søkje om pengestøtte frå Nav som krev at du må vere registrert som arbeidssøkjar
  • treng hjelp til å kome i eller behalde arbeid, men ikkje er klar for å søkje jobb nå

Du trenger ikkje vere sjuk for å få arbeidsretta oppfølging.

Når skal du ikkje be om arbeidsretta oppfølging?

Det er viktig at du ikkje ber om arbeidsretta oppfølging dersom du er aktivt søkjer jobb, eller skal søkje om en pengestøtte som krev at du er arbeidssøkjar. Da skal du i staden registrere deg som arbeidssøkjar hos Nav.

Det gjelder særleg dersom du

  • kan ha rett på pengestøtte, til dømes dagpengar
  • er permittert
  • kan ta jobb på kort varsel
  • ønskjer at Nav skal kunne finne aktuelle stillingar for deg

Er du usikker på kva som er riktig for deg?

Er du usikker på om du burde registrere deg som arbeidssøkjar, eller om du skal be om arbeidsretta oppfølging?

Svar på nokre korte spørsmål og få ei tilråding basert på situasjonen din.

Svar på spørsmål

Slik ber du om arbeidsretta oppfølging

For å vurdere om du har rett til arbeidsretta oppfølging og sikre at du får oppfølging frå rett Nav-kontor, hentar vi inn følgjande opplysningar frå Folkeregisteret:

  • alderen din 
  • adressa di
  • om du har lovleg opphald i Noreg

Du må ha elektronisk ID for å be om arbeidsretta oppfølging. Du kan logge inn med BankID, Buypass eller Commfides.

Skaff deg elektronisk ID

Hos ID-porten kan du skaffe deg elektronisk ID. Du kan velje mellom BankID, Buypass eller Commfides.

Skaff deg elektronisk ID

Registrer deg på Nav-kontoret

Hvis du ikkje kan skaffe deg elektronisk ID, må du møte opp på Nav-kontoret ditt. Der kan du få hjelp til å registere deg slik at du kan sende meldekort med MinID.

Du kan finne Nav-kontoret ditt ved å søkje på postnummer, poststed eller kommunenavn i søkjefeltet.

Finn Nav-kontoret ditt

Kva skjer når du har bedt om arbeidsretta oppfølging

Når du har bede om arbeidsretta oppfølging, tek Nav kontakt med deg for å bli betre kjend med situasjonen din og for å vurdere behovet ditt for vidare oppfølging.

Når Nav har vurdert behovet ditt, vil du få eit vedtak frå oss. Dette blir kalla eit oppfølgingsvedtak etter Nav-lova § 14 a. Vedtaket vil seie noko om rettleiinga og oppfølginga du har rett på frå Nav.

Rettleiaren vil følgje deg opp i aktivitetsplanen, og de kan ha digital dialog eller møte på telefon, video eller på Nav-kontoret.

Meld frå om endringar i situasjonen din

Dersom det skjer endringar som gjer at opplysningane du har gitt oss, ikkje lenger er riktige, kan du ta kontakt med oss på nav.no. Då gjer vi ei ny vurdering av behovet ditt for tenester.

Oppdatert 14.09.2026