Aktivitetsplan
HJELP TIL Å KOME I JOBB
|Oppdatert 13. mai 2024
Oversikt over aktivitetane dine for å komme i jobb eller annan aktivitet.
Innhald
Oversikt over aktivitetane dine for å komme i jobb eller annan aktivitet.
Korleis bruker du aktivitetsplanen?
Kopier lenkeLenka er kopiertNår du har registrert deg som arbeidssøkjer hos NAV, får du ein aktivitetsplan.
I aktivitetsplanen held du oversikt over kva du gjer for å komme i jobb eller annan aktivitet. Både du og NAV-rettleiaren din kan sjå og endre aktivitetsplanen.
Du kan leggje inn målet ditt, aktiviteter du skal gjere og stillingar du vil søkje på.
Rettleiaren kan blant anna leggje inn forslag til aktiviteter eller skrive referat frå eit møte dere har hatt.
Innhaldet i aktivitetsplanen, og annan informasjon som du gir til rettleiaren din, brukar vi til å vurdere kva for behov du har for oppfølging.
Dialog med rettleiaren din
Kopier lenkeLenka er kopiertDu får òg tilgang til ei dialogteneste der du kan kommunisere med rettleiaren din om arbeid og oppfølging.
Aktivitetsplanen og personvern
Kopier lenkeLenka er kopiertVi hentar informasjon om deg frå Folkeregisteret og sjekkar mot Kontakt- og reservasjonsregisteret for å sjå om du har reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege.
Dersom du har registrert deg, eller ikkje er i stand til å bruke aktivitetsplanen, vil vi følgje deg opp utan at du brukar den digitale aktivitetsplanen. Du får aktivtetsplanen skriven ut på papir.
Opplysningane i aktivitetsplanen blir ikkje delte med andre offentlege etatar, med mindre dei har rett til å hente slike opplysningar.
Opplysningane i aktivitetsplanen din blir lagra og tekne vare på etter arkivlova. Aktivitetar og meldingar i dialogen kan ikkje slettast når dei først er oppretta.
Les meir om korleis NAV behandlar personopplysninger.