Ramper
HJELPEMIDDEL
|Oppdatert 21. november 2023
Kort om ramper
Ramper, terskeleliminator og skråbrett. Hjelpemidla bidrar til at du kan komme deg frå rom til rom og inn og ut av bustaden, utan tersklar.
Ramper kan vere aktuelt for deg som
Innhold
Kort om ramper
Ramper, terskeleliminator og skråbrett. Hjelpemidla bidrar til at du kan komme deg frå rom til rom og inn og ut av bustaden, utan tersklar.
Ramper kan vere aktuelt for deg som
Kven kan få?
Ramper, terskeleliminatorar og skråbrett kan vere aktuelt for deg som er avhengig av rullestol eller ganghjelpemiddel som til dømes rullator eller prekestol. Du har vanskar med å komme over tersklar og opp trapper i bustaden og i inngangspartiet.
Generelle vilkår:
- Du må ha behov for hjelpemiddelet på grunn av vanskar med bevegelse.
- Funksjonsvansken må vere varig. Med varig meiner vi at vanskane varar i meir enn to år.
- Hjelpemiddelet skal kompensere for funksjonstapet, og bidra til at du blir meir sjølvstendig i kvardagen.
- Du må være medlem i folketrygda.
Kva kan du få?
Dersom du brukar rullestol, kan ulike typer ramper vere eit nyttig hjelpemiddel. Med ei rampe kan du kome deg opp og ned trapper og forsere andre høgdeforskjellar.
Køyreramper kan vere berbare eller fastmonterte. Dei berbare rampene er samanleggbare, og kan vere aktuelt når du skal besøke stader med trapper. Dei kjem i ulik utforming og lengde, avhengig av høgdeforskjellen på trappa.
Høgdejusterbare skråbrett er til utandørs bruk, og kan jamne ut tersklar på mellom fem og 20 cm.
Ein terskeleliminator til innandørs bruk kan jamne ut tersklar på mellom 16 og 1,5 cm. For tersklar lågare enn 1,5 cm må du ordne med ein terskeleliminator sjølv. Du kan også vurdere å fjerne terskelen heilt.
Utvendig kan det vere aktuelt med ei fastmontert rampe. Desse kan ta stor plass og huseigar må godkjenne løysinga. Dersom du har behov for ekstra håndløypar tek dette også ekstra plass.
Det er viktig å vere klar over at fastmontering av hjelpemiddel kan innebere bygningsmessige utgifter. Dette dekker ikkje NAV.
Du kan lese meir om adkomst til og i bustaden din på kunnskapsbanken.net
Det kan vere eit godt alternativ å søke om tilskot til ombygging av uteområdet staden for rampe. Slik kan du lage ei varig løysing for adkomst til bustaden din.
Meir om
Du kan lese meir om adkomst til og i bolig på kunnskapsbanken.net. Her finn du også tips om enkel tilrettelegging for terskelfri adkomst.
Slik går du fram
Ta kontakt med kommunehelsetenesta i kommunen du bur i viss du har behov for hjelpemiddel til bustaden din. Dei vil kartlegge kva slags utstyr du treng og har best nytte av, ut frå funksjonsevnen, omgjevnadene og bustaden.
Dei vil også utforme søknaden for deg.
Det er viktig å vere klar over at fastmontering av hjelpemiddel kan innebere andre bygningsmessige utgifter. Desse dekker ikkje NAV, men du kan undersøke om det er mogleg å søke tilskot i kommunen du bur i. Slike tilskot vurderer ein vanlegvis opp mot kva økonomisk situasjon du er i.
Dette bør du undersøke viss du skal søke om fastmonterte ramper
- Finn fram aktuelle planteikningar.
- Kontakt kommunen og be om hjelp til å vurdere og kartlegge situasjonen. Kanskje er det aktuelt å søke tilskot til ombygging i staden for fastmontert rampe.
- Du bør få hjelp av kommunal hjelpemiddelformidler til å dokumentere noverande løysing med bilete og mål.
- Set deg inn i byggteknisk forskrift om ramper (TEK17).
- Viss du leiger bustad, må du be huseigar om å godkjenne monteringa og at du eventuelt fjerner tersklar.
- Viss du bur i eit burettslag, må du be styret i laget om godkjenning.
- Du kan lese meir om tilrettelegging for adkomst på kunnskapsbanken.net
Søknad og dokumentasjon
Dersom du skal søke om fastmonterte hjelpemiddel, skal kommunal hjelpemiddelformidlar utforme søknaden for deg.
Viss du skal søke om hjelpemiddel som ikkje skal monterast fast, kan du også få hjelp til å søke av ein kommunal hjelpemiddelformidlar.
Ved søknad om berbare ramper
- Bruk søknadsskjemaet du kjem til ved å klikke på knappen "Søk om hjelpemiddel".
- Viss du søker sjølv bør du legge ved funksjonsbeskrivelse frå ein fagperson (kommunal terapeut).
Ved søknad om fastmonterte ramper og terskeleliminatorar
Kommunal hjelpemiddelformidlar har tilgang til aktuelle skjema:
- Søkadsskjema med tilleggsskjema T09 (Adkomst til og i bolig)
- Godkjenningsskjema signert av bebuar, huseigar og eventuelt styre i burettslag. Riktig godkjenningsskjema finn du saman med tilleggsskjemaet (T09).
- Dersom du eig bustaden din sjølv, må du signere både som bebuar og huseigar.
- Målteikningar (les om dette på kunnskapsbanken.net) må leggjast ved.
- Bilete av eksisterande løysing må leggjast ved.
- Stadfesting frå fagperson på at du har behov for hjelpemiddelet og kvifor.
- Stadfesting på at nokon har påtatt seg ansvaret for opplæring og oppfølging av hjelpemiddelet.
Fullmakt til å søke om hjelpemiddel
Bruk dette skjemaet når du gjev ein fagperson (for eksempel kommunal hjelpemiddelformidlar eller ergoterapeut) fullmakt til å fylle ut og sende inn søknaden på dine vegner. Da vil signaturen din på dette skjemaet erstatte signaturen på sjølve søknadsskjemaet.
Ved søknad om fastmonterte hjelpemiddel, må du signere godkjenningsskjemaet i tillegg til søknadsskjemaet eller eit fullmaktsskjema.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak.
I spesielt krevjande saker, eller saker der vi ikkje har fått fullstendige og korrekte opplysningar, kan saksbehandlingstida bli lengre enn det vi først oppgav.
Leveringstid for hjelpemiddelet kjem i tillegg til saksbehandlingstida.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Søknad om hjelpemiddel til daglegliv | 17 dagar |
Søknad om hjelpemiddel til arbeidsliv | 21 dagar |
Utlevering av hjelpemiddel
Fastmonterte hjelpemiddel
Når NAV Hjelpemiddelsentral fattar vedtak, bestiller vi prosjektering frå leverandør.
NAV Hjelpemiddelsentral, kommune og leverandør, samarbeider med deg om å finne ei løysing som passar for deg i bustaden din.
NAV Hjelpemiddelsentral får eit pristilbod frå leverandøren, godkjenner dette og bestiller hjelpemiddelet.
Dokumentasjon og eventuelle bygningsmessige endringar, må du ta deg av sjølv.
Leverandør avtaler tidspunkt for levering og montering med deg. Leverandør skal gje deg opplæring ved overlevering. Dersom du treng meir opplæring må du kontakte kommunen.
Det er ditt eller huseigar sitt ansvar å ta vare på utstyr eller bygningselement som vert demontert.
Leverandøren skal informere deg om kva du eventuelt må gjere i forkant av montering.
Leverandøren skal informere deg om kva du eventuelt må gjere i forkant av montering. Eksempel på dette kan vere å fjerne eksisterende rekkverk i trapp, rydde uteareal eller fjerne gjerde, murkantar og buskar. Underlaget til rampa bør tilretteleggast slik at det ikkje veks gras gjennom rampa, og dette har du sjølv ansvar for.
Snø og is (tele) kan gjere at montering av rampe vert utsett.
Det er kommunen som hjelper deg med å montere terskeleliminator og skråbrett. Kommunen skal gi deg opplæring i bruk av berbart utstyr.
Bytte og levere tilbake hjelpemiddel
Viss du ikkje skal bruke hjelpemiddelet lenger, skal du levere det tilbake. Ta kontakt med kommunen eller NAV Hjelpemiddelsentral for å få hjelp til demontering.
Fastmonterte hjelpemiddel kan ikkje byttast som andre hjelpemiddel. Det er behov for ny søknad med nye mål og signaturar dersom du treng noko nytt. Dette har samanheng med at regelverk og sortiment kan ha endra seg sidan forrige gong du søkte.
Vedlikehald og service
Du har sjølv ansvar for testing, reingjering og enkelt vedlikehald av hjelpemidla dine.
Dersom hjelpemiddelet går i stykker, tek du kontakt med teknikar i kommunen du bur i. Reparasjonar må utførast av fagfolk.
Om du ikkje får kontakt med kommunen og har akutt behov for reparasjon av hjelpemiddel, kan du ringe NAV Hjelpemiddelsentral si akuttvakt. Utanom vanleg åpningstid, har vakttelefon åpent frå 16.00 til 24.00. på kvardagar og 08.00 til 24.00 i helgene.
Hjelpemiddel på reise
Berbare ramper og skinner er egna til å ta med på reise.
Viss du skal reise bort og har behov for rampe under opphaldet, kan du kontakte kommunen du skal til eller NAV Hjelpemiddelsentral i fylket du skal vere i.
I utgangspunktet kan du ta med hjelpemidla dine på ferie og kortare opphald i EØS-land. Du bør likevel ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral før du reiser til utlandet, i tilfelle noko skulle skje med hjelpemiddelet i løpet av reisa.
Viss du reiser med fly og hjelpemiddelet blir skada på flyturen, må du sørge for å få ei kvittering på skaden frå flyselskapet. Ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral.
Skal du på lengre opphald i utlandet, eller til eit land utanfor EØS-området, kan du lese meir om å ta med hjelpemiddel på reise på denne sida.
Meld frå om endringar
Gi NAV Hjelpemiddelsentral eller kommunen beskjed dersom det skjer endringar i livet ditt som vi bør vite om. Det kan for eksempel vere om du flytter, både internt i kommunen eller fylket, ut av landet eller på institusjon.
Dersom NAV skal flytte fastmontert utstyr, for eksempel fordi du flytter eller bytter skule, bør du starte prosessen i god tid. Ta kontakt med kommunal terapeut for mellom anna å få kartlagt nytt rom, vurdert om det må søkjast nytt utstyr og underskrift av huseigar.
Dersom du ikkje lenger skal bruke hjelpemiddelet, skal du levere det tilbake. Kommunen kan hjelpe deg med dette.
Refusjon av reiseutgifter
Du kan søke om å få dekka reiseutgifter viss du har reist på grunn av
- utprøving av hjelpemiddel
- reparasjon av spesialutstyr
- periodisk kontroll av spesialutstyr
For refusjon av reiser til sjukehus og andre tenester som helseføretaka administrerar, søker du refusjon hjå pasientreiser.no.
Klagerettar
Får du avslag på søknaden din, kan du klage til NAV Hjelpemiddelsentral. Du må ha sendt ein søknad som er blitt handsama for å kunne klage. Du kan ikkje klage på munnleg avslag.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du skal gå fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist.
Anke vedtak
Viss du har fått eit vedtak frå NAV Klageinstans som du meiner er feil, kan du med nokon unnatak anke. I vedtaket kan du lese om fristen for å anke.
Du kan også bruke advokat eller gje fullmakt til ein person som klagar på dine vegner.
Meir om
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til NAV-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til NAV Klageinstans.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Klage til NAV-eining | 17 veker |
Klage til NAV Klageinstans | 18 veker |
Anke til NAV Klageinstans | 18 veker |
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Skriv til oss
Svartida er nokre arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.