Hjelpemiddel på bad
HJELPEMIDDEL
|Oppdatert 4. oktober 2023
Kort om hjelpemiddel på bad
Hygienehjelpemiddel og utstyr på bad. Dersom du har vanskar med bevegelse kan utstyret bidra til at du kan bruke dusj, badekar, toalett og servant, og vere meir sjølvstendig på badet.
Hjelpemidla kan vere aktuelle for deg som
Innhold
Kort om hjelpemiddel på bad
Hygienehjelpemiddel og utstyr på bad. Dersom du har vanskar med bevegelse kan utstyret bidra til at du kan bruke dusj, badekar, toalett og servant, og vere meir sjølvstendig på badet.
Hjelpemidla kan vere aktuelle for deg som
Kven kan få?
Du kan ha rett på hjelpemiddel til bad viss du har vanskar med rørsle, bevegelse og forflytning. Det kan vere nedsatt funksjon i hand eller arm, nedsatt balanse, nedsatt gangfunksjon eller dårleg rekkevidde frå rullestol.
For å få hjelpemiddel av NAV, må utstyret bidra til at du blir meir sjølvstendig. Det finnast mange ulike hjelpemiddel for bad, men felles for dei er at dei handlar om å kunne ivareta personleg hygiene og daglege aktivitetar på badet.
Du kan også få hjelpemiddel som gjer at andre kan hjelpe deg på badet.
Eksempel på aktuelle situasjonar er viss du
- ikkje klarer å reise deg opp frå toalettet
- ikkje klarer å dusje eller tørke deg sjølv
- har falt i dusjen og treng meir støtte
- blir sliten av å stå i dusjen
- ikkje kjem deg opp eller ut av badekar eller dusjkabinett.
Dersom produkt du kan kjøpe i vanleg handel dekker behova dine, vil du ikkje få hjelpemiddelet av NAV Hjelpemiddelsentral.
Generelle vilkår:
- Du må ha behov for hjelpemiddelet på grunn av vanskar med bevegelse.
- Funksjonsvansken må vere varig. Med varig meiner vi at vanskane varar i meir enn to år.
- Hjelpemiddelet skal kompensere for funksjonstapet, og bidra til at du blir meir sjølvstendig i kvardagen.
- Du må være medlem i folketrygda.
Kva kan du få?
NAV Hjelpemiddelsentral kan låne ut lause og fastmonterte hjelpemiddel til bad.
Eksempel på fastmontert utstyr er baderomsservant, badekar og dusjvogn med elektrisk regulering i høgda. Vi har også toalett med spyle- og tørkefunksjon og takheis. Når hjelpemidla krev montering, dekkjer NAV montering og fremlegging av strøm frå eksisterande strømpunkt.
Avhengig av korleis badet ditt er utforma, kan nokon av hjelpemidla kome i konflikt med regler for kor tett elektrisitet og vatn kan vere i høve til kvarandre. Da må ein sjå etter andre løysingar. Ein kommunal ergoterapeut kan bidra med dette.
Lause hjelpemiddel til bad kan vere dusjkrakk, badestol, dusj- og toalettstol, støttestang og mobil personløfter.
NAV dekker ikkje
- blandebatteri til vask med hev- og senkfunksjon
- dusjkabinett eller vanleg badekar
- endringar av badet som må gjøres for å få montert hjelpemiddelet. Eksempel på dette er å flytte avløp, skjule elektrisk anlegg, legge inn strøm eller forsterke veggen
- jordfeilbrytar
- oppussing av bad
Fordyp deg
Hjelpemidler på bad (kunnskapsbanken.net)
Oversikt over dei ulike hjelpemidla finn du i Hjelpemiddeldatabasen:
Slik går du fram
Ta kontakt med kommunehelsetenesta i kommunen du bur i viss du har behov for hjelpemiddel til bustaden din. Dei vil kartlegge kva slags utstyr du treng og har best nytte av, ut frå funksjonsevnen, omgjevnadene og bustaden.
Dei vil også utforme søknaden for deg.
Det er viktig å vere klar over at fastmontering av hjelpemiddel kan innebere andre bygningsmessige utgifter. Desse dekker ikkje NAV, men du kan undersøke om det er mogleg å søke tilskot i kommunen du bur i. Slike tilskot vurderer ein vanlegvis opp mot kva økonomisk situasjon du er i.
Dette bør du undersøke viss du skal søke om fastmonterte hjelpemiddel på bad
- Finn fram aktuelle planteikningar
- Du bør få hjelp av kommunal hjelpemiddelformidler til å dokumentere noverande løysing med bilete og mål.
- Lag ein oversikt over eksisterande inventar.
- Viss du leiger bolig, må du be huseigar om å godkjenne monteringa.
- Viss du har planar om å byggje om badet, er det lurt å kontakte NAV Hjelpemiddelsentral eller kommunen for å få gode råd om varig tilrettelegging.
- Du kan lese meir om tilrettelegging på bad og lære korleis du kan ta riktige mål på kunnskapsbanken.net.
Søknad og dokumentasjon
Dersom du skal søke om fastmonterte hjelpemiddel, skal kommunal hjelpemiddelformidlar utforme søknaden for deg.
Ein kommunal hjelpemiddelformidlar kan hjelpe deg å søke også viss du skal søke om lause hjelpemiddel til bolig.
Ved søknad om lause hjelpemiddel på bad
- Bruk søknadsskjemaet du kjem til ved å klikke på knappen "Søk om hjelpemiddel".
- Viss du søker sjølv bør du legge ved funksjonsbeskrivelse frå ein fagperson (kommunal terapeut).
Ved søknad om fastmonterte hjelpemiddel på bad
Kommunal hjelpemiddelformidlar har tilgang til aktuelle skjema:
- Søkadsskjema med tilleggsskjema T01 (hjelpemidler på bad)
- Godkjenningsskjema signert av bebuar og huseigar. Dersom du eig bustaden sjølv, må du signere både som bebuar og huseigar. Riktig godkjenningsskjema finn du saman med tilleggsskjemaet (T01)
- Stadfesting frå fagperson på at du har behov for hjelpemiddelet og kvifor.
- Stadfesting på at nokon har påtatt seg ansvaret for opplæring og oppfølging av hjelpemiddelet.
- Målteikningar (les om dette på kunnskapsbanken.net) må leggjast ved.
- Bilete av eksisterande løysing må leggjast ved.
Fullmakt til å søke om hjelpemiddel
Bruk dette skjemaet når du gjev ein fagperson (for eksempel kommunal hjelpemiddelformidlar eller ergoterapeut) fullmakt til å fylle ut og sende inn søknaden på dine vegner. Da vil signaturen din på dette skjemaet erstatte signaturen på sjølve søknadsskjemaet.
Ved søknad om fastmonterte hjelpemiddel, må du signere godkjenningsskjemaet i tillegg til søknadsskjemaet eller eit fullmaktsskjema.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak.
I spesielt krevjande saker, eller saker der vi ikkje har fått fullstendige og korrekte opplysningar, kan saksbehandlingstida bli lengre enn det vi først oppgav.
Leveringstid for hjelpemiddelet kjem i tillegg til saksbehandlingstida.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Søknad om hjelpemiddel til daglegliv | 17 dagar |
Søknad om hjelpemiddel til arbeidsliv | 21 dagar |
Utlevering av hjelpemiddel
Når NAV Hjelpemiddelsentral fattar vedtak, bestiller vi prosjektering frå leverandør.
NAV Hjelpemiddelsentral, kommune og leverandør, samarbeider med deg om å finne ei løysing som passar for deg i bustaden din.
NAV Hjelpemiddelsentral får eit pristilbod frå leverandøren, godkjenner dette og bestiller hjelpemiddelet.
Dokumentasjon og eventuelle bygningsmessige endringar, må du ta deg av sjølv.
Leverandør avtaler tidspunkt for levering og montering med deg. Leverandør skal gje deg opplæring ved overlevering. Dersom du treng meir opplæring må du kontakte kommunen.
Det er ditt eller huseigar sitt ansvar å ta vare på utstyr eller bygningselement som vert demontert.
Leverandøren skal informere deg om kva du eventuelt må gjere i forkant av montering.
Bytte og levere tilbake hjelpemiddel
Viss du ikkje skal bruke hjelpemiddelet lenger, skal du levere det tilbake. Ta kontakt med kommunen eller NAV Hjelpemiddelsentral for å få hjelp til demontering.
Fastmonterte hjelpemiddel kan ikkje byttast som andre hjelpemiddel. Det er behov for ny søknad med nye mål og signaturar dersom du treng noko nytt. Dette har samanheng med at regelverk og sortiment kan ha endra seg sidan forrige gong du søkte.
Vedlikehald og service
Du har sjølv ansvar for testing, reingjering og enkelt vedlikehald av hjelpemidla dine.
Dersom hjelpemiddelet går i stykker, tek du kontakt med teknikar i kommunen du bur i. Reparasjonar må utførast av fagfolk.
Om du ikkje får kontakt med kommunen og har akutt behov for reparasjon av hjelpemiddel, kan du ringe NAV Hjelpemiddelsentral si akuttvakt. Utanom vanleg åpningstid, har vakttelefon åpent frå 16.00 til 24.00. på kvardagar og 08.00 til 24.00 i helgene.
Meld fra om endringer
Gi NAV Hjelpemiddelsentral eller kommunen beskjed dersom det skjer endringar i livet ditt som vi bør vite om. Det kan for eksempel vere om du flytter, både internt i kommunen eller fylket, ut av landet eller på institusjon.
Dersom NAV skal flytte fastmontert utstyr, for eksempel fordi du flytter eller bytter skule, bør du starte prosessen i god tid. Ta kontakt med kommunal terapeut for mellom anna å få kartlagt nytt rom, vurdert om det må søkjast nytt utstyr og underskrift av huseigar.
Dersom du ikkje lenger skal bruke hjelpemiddelet, skal du levere det tilbake. Kommunen kan hjelpe deg med dette.
Refusjon av reiseutgifter
Du kan søke om å få dekka reiseutgifter viss du har reist på grunn av
- utprøving av hjelpemiddel
- reparasjon av spesialutstyr
- periodisk kontroll av spesialutstyr
For refusjon av reiser til sjukehus og andre tenester som helseføretaka administrerar, søker du refusjon hjå pasientreiser.no.
Klagerettar
Får du avslag på søknaden din, kan du klage til NAV Hjelpemiddelsentral. Du må ha sendt ein søknad som er blitt handsama for å kunne klage. Du kan ikkje klage på munnleg avslag.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du skal gå fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist.
Anke vedtak
Viss du har fått eit vedtak frå NAV Klageinstans som du meiner er feil, kan du med nokon unnatak anke. I vedtaket kan du lese om fristen for å anke.
Du kan også bruke advokat eller gje fullmakt til ein person som klagar på dine vegner.
Meir om
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til NAV-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til NAV Klageinstans.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Klage til NAV-eining | 17 veker |
Klage til NAV Klageinstans | 18 veker |
Anke til NAV Klageinstans | 18 veker |
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Skriv til oss
Send beskjed eller nye opplysningar i saka di. Du kan òg sende spørsmål.
Svartida er 4 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.