Hev- og senkbar kjøkkenløysing
HJELPEMIDDEL
|Oppdatert 5. oktober 2023
Kort om hev- og senkbar kjøkkenløysing
Motorar for å justere høgde på kjøkkenbenk, overskap og hyller. Løysinga bidrar til at du kan vere sjølvstendig på kjøkkenet dersom du for eksempel brukar rullestol.
Hev- og senkbar kjøkkenløysing kan vere aktuelt for deg som
Innhold
Kort om hev- og senkbar kjøkkenløysing
Motorar for å justere høgde på kjøkkenbenk, overskap og hyller. Løysinga bidrar til at du kan vere sjølvstendig på kjøkkenet dersom du for eksempel brukar rullestol.
Hev- og senkbar kjøkkenløysing kan vere aktuelt for deg som
Kven kan få?
Hev- og senkbar kjøkkenløsning kan vere aktuelt viss du for eksempel bruker rullestol, har vonde skuldrar eller er kortvokst, og difor har vanskar med å bruke overskåp, kjøkkenbenk eller koketopp.
Du kan få motorar til hev- og senkbar kjøkkenløysing når omorganisering av kjøkkenet eller andre enklare tiltak ikke hjelper nok.
Viss produkt som er å få kjøpt i vanleg handel kan dekke behovet ditt, vil du ikkje få hjelpemiddelet av NAV Hjelpemiddelsentral.
Generelle vilkår:
- Du må ha behov for hjelpemiddelet på grunn av vanskar med bevegelse.
- Funksjonsvansken må vere varig. Med varig meiner vi at vanskane varar i meir enn to år.
- Hjelpemiddelet skal kompensere for funksjonstapet, og bidra til at du blir meir sjølvstendig i kvardagen.
- Du må være medlem i folketrygda.
Kva kan du få?
NAV kan dekke motorar som hever og senker overskap eller kjøkkenbenk. NAV dekker også montering av motorane.
Motorane monterast bak eller inni kjøkkenskapet ditt, eller under kjøkkenbenk der det ikkje er skap under.
NAV dekker ikkje:
- kjøkkeninnreiing eller kjøkkenbenk
- armatur, blandebatteri eller kum
- kvitevarar
- koketopp eller komfyr
- lyssetting eller lamper
- forsterking i veggar og tak
- endring av vannrøyr og avløp
- nye strømkursar eller elektrisk anlegg
Vi anbefalar at du les denne artikkelen om tilrettelegging av kjøkken på kunnskapsbanken.net.
Du kan også få ei oversikt over dei vanlegaste løysingane på hjelpemiddeldatabasen.no
Når du skal tilrettelegge kjøkkenet er det mykje å setje seg inn i. Ei hev- og senkbar kjøkkenløysing kan bli kostbart sjølv om NAV dekker motorane. Det er difor viktig at du set deg inn i kva som er mogleg og ikkje, og kva NAV kan dekke og ikkje.
Dersom du skal pusse opp, bygge om eller tilpasse eksisterande kjøkken, bør du vurdere om behovet ditt kan dekkes med andre, enklare løysingar og hjelpemiddel. Det finnast mange smarte løysingar for å få eit funksjonelt kjøkken utan bruk av motorisert hev- og senkfunksjon.
Dersom du skal søke om hev- og senkbar kjøkkenløysing, må du vente med å bestille sjølve kjøkkenet til du har fått vedtak frå NAV Hjelpemiddelsentral.
Korleis går du fram?
Ta kontakt med kommunehelsetenesta i kommunen du bur i viss du har behov for hjelpemiddel til bustaden din. Dei vil kartlegge kva slags utstyr du treng og har best nytte av, ut frå funksjonsevnen, omgjevnadene og bustaden.
Dei vil også utforme søknaden for deg.
Det er viktig å vere klar over at fastmontering av hjelpemiddel kan innebere andre bygningsmessige utgifter. Desse dekker ikkje NAV, men du kan undersøke om det er mogleg å søke tilskot i kommunen du bur i. Slike tilskot vurderer ein vanlegvis opp mot kva økonomisk situasjon du er i.
Førebu deg, tenk gjennom løysingar og les om tilrettelegging av kjøkken på kunnskapsbanken.net.
Dette bør du undersøke viss du skal søke om hev- og senkbar kjøkkenløysing
- Finn fram aktuelle planteikningar
- Du bør få hjelp av kommunal hjelpemiddelformidler til å dokumentere noverande løysing med bilete og mål.
- Lag ei oversikt over eksisterande inventar.
- Viss du leiger bustad, må du be huseigar om å godkjenne monteringa.
- Viss du har planar om å byggje om kjøkkenet, er det lurt å kontakte NAV Hjelpemiddelsentral eller kommunen for å få gode råd om varig tilrettelegging.
Søknad og dokumentasjon
Ein hjelpemiddelformidlar utformar søknaden på dine vegne. Kontakt kommunen du bur i for å få hjelp.
Fullmakt til å søke om hjelpemiddel
Bruk dette skjemaet når du gjev ein fagperson (for eksempel kommunal hjelpemiddelformidlar eller ergoterapeut) fullmakt til å fylle ut og sende inn søknaden på dine vegner. Da vil signaturen din på dette skjemaet erstatte signaturen på sjølve søknadsskjemaet.
Ved søknad om fastmonterte hjelpemiddel, må du signere godkjenningsskjemaet i tillegg til søknadsskjemaet eller eit fullmaktsskjema.
Kommunal hjelpemiddelformidlar har tilgang til aktuelle skjema:
- Søkadsskjema med tilleggsskjema T03 (hev- og senkbar kjøkkenløsning)
- Godkjenningsskjema signert av bebuar og huseigar. Dersom du eig bustaden din sjølv, må du signere både som bebuar og huseigar. Riktig godkjenningsskjema finn du saman med tilleggsskjemaet (T03)
- Målteikningar (les om dette på kunnskapsbanken.net) må leggjast ved.
- Bilete av eksisterande løysing må leggjast ved.
- Stadfesting frå fagperson på at du har behov for hjelpemiddelet og kvifor.
- Stadfesting på at nokon har påtatt seg ansvaret for opplæring og oppfølging av hjelpemiddelet.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak.
I spesielt krevjande saker, eller saker der vi ikkje har fått fullstendige og korrekte opplysningar, kan saksbehandlingstida bli lengre enn det vi først oppgav.
Leveringstid for hjelpemiddelet kjem i tillegg til saksbehandlingstida.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Søknad om hjelpemiddel til daglegliv | 17 dagar |
Søknad om hjelpemiddel til arbeidsliv | 21 dagar |
Utlevering av hjelpemiddel
Når NAV Hjelpemiddelsentral fattar vedtak, bestiller vi prosjektering frå leverandør.
NAV Hjelpemiddelsentral, kommune og leverandør, samarbeider med deg om å finne ei løysing som passar for deg i bustaden din.
NAV Hjelpemiddelsentral får eit pristilbod frå leverandøren, godkjenner dette og bestiller hjelpemiddelet.
Dokumentasjon og eventuelle bygningsmessige endringar, må du ta deg av sjølv.
Leverandør avtaler tidspunkt for levering og montering med deg. Leverandør skal gje deg opplæring ved overlevering. Dersom du treng meir opplæring må du kontakte kommunen.
Det er ditt eller huseigar sitt ansvar å ta vare på utstyr eller bygningselement som vert demontert.
Leverandøren skal informere deg om kva du eventuelt må gjere i forkant av montering.
Ved montering av hev- og senkløysing på kjøkkenet er det viktig å koordinere kjøkkenleverandør, leverandør av hev- og senkmotor og håndverkar. Denne koordineringa er i utgangspunktet huseigar sitt ansvar.
Bytte og levere tilbake hjelpemiddel
Viss du ikkje skal bruke hjelpemiddelet lenger, skal du levere det tilbake. Ta kontakt med kommunen eller NAV Hjelpemiddelsentral for å få hjelp til demontering.
Fastmonterte hjelpemiddel kan ikkje byttast som andre hjelpemiddel. Det er behov for ny søknad med nye mål og signaturar dersom du treng noko nytt. Dette har samanheng med at regelverk og sortiment kan ha endra seg sidan forrige gong du søkte.
Vedlikehald og service
Du har sjølv ansvar for testing, reingjering og enkelt vedlikehald av hjelpemidla dine.
Dersom hjelpemiddelet går i stykker, tek du kontakt med teknikar i kommunen du bur i. Reparasjonar må utførast av fagfolk.
Om du ikkje får kontakt med kommunen og har akutt behov for reparasjon av hjelpemiddel, kan du ringe NAV Hjelpemiddelsentral si akuttvakt. Utanom vanleg åpningstid, har vakttelefon åpent frå 16.00 til 24.00. på kvardagar og 08.00 til 24.00 i helgene.
Meld frå om endringar
Gi NAV Hjelpemiddelsentral eller kommunen beskjed dersom det skjer endringar i livet ditt som vi bør vite om. Det kan for eksempel vere om du flytter, både internt i kommunen eller fylket, ut av landet eller på institusjon.
Dersom NAV skal flytte fastmontert utstyr, for eksempel fordi du flytter eller bytter skule, bør du starte prosessen i god tid. Ta kontakt med kommunal terapeut for mellom anna å få kartlagt nytt rom, vurdert om det må søkjast nytt utstyr og underskrift av huseigar.
Dersom du ikkje lenger skal bruke hjelpemiddelet, skal du levere det tilbake. Kommunen kan hjelpe deg med dette.
Refusjon av reiseutgifter
Du kan søke om å få dekka reiseutgifter viss du har reist på grunn av
- utprøving av hjelpemiddel
- reparasjon av spesialutstyr
- periodisk kontroll av spesialutstyr
For refusjon av reiser til sjukehus og andre tenester som helseføretaka administrerar, søker du refusjon hjå pasientreiser.no.
Klagerettar
Får du avslag på søknaden din, kan du klage til NAV Hjelpemiddelsentral. Du må ha sendt ein søknad som er blitt handsama for å kunne klage. Du kan ikkje klage på munnleg avslag.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du skal gå fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist.
Anke vedtak
Viss du har fått eit vedtak frå NAV Klageinstans som du meiner er feil, kan du med nokon unnatak anke. I vedtaket kan du lese om fristen for å anke.
Du kan også bruke advokat eller gje fullmakt til ein person som klagar på dine vegner.
Meir om
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til NAV-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til NAV Klageinstans.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Klage til NAV-eining | 17 veker |
Klage til NAV Klageinstans | 18 veker |
Anke til NAV Klageinstans | 18 veker |
Finn du ikkje svaret her? Ta kontakt med oss
Skriv til oss
Svartida er nokre arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.