Nær 37 000 vestlendingar mottek uføretrygd, medan nær 18 000 mottek arbeidsavklaringspengar (AAP), viser tal frå Nav.
Uføretrygd skal sikre inntekt til dei som ikkje kan jobbe på grunn av ein varig sjukdom eller skade. Ved utgangen av 2. kvartal var 36 986 innbyggarar i Vestland registrerte med heilt eller delvis uføretrygd. Det er 9 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder, og 436 fleire enn på same tid året før.
Arbeidsavklaringspengar (AAP) skal sikre inntekt til dei som treng hjelp frå Nav på grunn av sjukdom eller skade i ein periode. Ved utgangen av 2. kvartal var 17 902 innbyggarar i Vestland mottakarar av AAP. Det er 4,3 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder, og 1 258 fleire enn på same tid året før.
Halvparten av dei uføre i prosjekt kom i arbeid
Totalt står altså om lag 55 000 personar i Vestland heilt eller delvis utanfor arbeidslivet innanfor desse to kategoriane. Når vi legg til dei som står utanfor arbeid eller utdanning av andre årsaker, omfattar gruppa om lag 73 000 innbyggarar i yrkesaktiv alder i Vestland.
Det svarer til 18,5 prosent av aldersgruppa og er ein auke på rundt 1 500 personer frå året før. Tala omfattar alle mellom 20 og 66 år som verken er arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, student eller pensjonist. Ein tredel av desse får ingen økonomiske ytingar frå Nav.
Denne veka har fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland delteke i fleire debattar om utanforskap under Arendalsuka. Han er oppteken av å synleggjere kva tiltak som faktisk verkar for å førebygge utanforskap.
– Vi kan mellom anna vise til vårt eige prosjekt #syktbrajobb, som følger opp unge uføretrygda som ønskjer å jobbe. Om lag halvparten av deltakarane i programmet har fått jobb. Det syner at det slett ikkje er umogleg å vende tilbake til arbeidslivet sjølv om ein mottek uføretrygd, men det krev ressursar og tett oppfølging, seier Hysing-Olsen.
Samanheng med sjukefråvær
Andelen uføretrygda som jobba ved sidan av trygd, sank under pandemien. No er andelen som er i jobb på veg opp att.
– Det betyr at det ligg eit potensial i denne gruppa. Vi veit at mange i denne gruppa ønskjer å jobbe, og med riktig støtte vil mange kunne lukkast, seier Hysing-Olsen.
Fylkesdirektøren understrekar at det beste sjølvsagt er å førebygge utanforskapen så tidleg som mogleg.
– Det er tett samanheng mellom sjukefråvær, overgang til arbeidsavklaringspengar, talet på uføre og utanforskapen totalt sett. Difor er det svært viktig å førebygge sjukefråværet, som har vore aukande dei seinaste åra, seier Hysing-Olsen.
Store variasjonar mellom kommunane
Med 9 prosent uføre ligg Vestland under landssnittet på 10,5 prosent. Samstundes har fleire kommunar i fylket høge uføretal. Høyanger ligg over 14 prosent, medan Sogndal har lågast andel uføre med 6,5 prosent.
Når det gjeld utanforskap, var det ved utgangen av året høgast andel i Modalen med 27,5 prosent, medan Sunnfjord har lågast utanforskap med 14,6 prosent.
Under relatert innhald til høgre finn du fleire tal frå om uføre, mottakarar av arbeidsavklaringspengar (AAP) og utanforskap i Vestland.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96