Slik gjer du det

Gi riktige opplysningar til Nav

Når du søkjer om pengestøtte eller tenester frå Nav, er det viktig at du gir rette opplysningar. Dette sikrar at du får den støtta du har krav på, til rett tid.

Kvifor er det viktig at du gir riktige opplysningar?

For at du skal få kortare saksbehandlingstid og rett vedtak og utbetaling, er Nav avhengig av korrekte opplysningar frå deg.

Du har plikt til å gi Nav riktige opplysningar

Du har ei plikt til å gi Nav korrekte og fullstendige opplysningar. Plikta til å gi Nav korrekte og fullstendige opplysningar gjeld også ved endringar som skjer etter du har søkt.

Om du gir ufullstendige eller feil opplysningar, kan du få utbetalt feil beløp. Dette kan få økonomiske og eventuelle rettslege konsekvensar for deg.

Konsekvensane av å gi feil opplysningar

Å gi feil opplysningar i søknaden til Nav kan føre til

  • lengre saksbehandlingstid
  • feil vedtak, som for låg utbetaling eller for kort periode
  • at du får for mykje utbetalt frå Nav som du må betale tilbake
  • at du i verste fall kan bli meldt til politiet. Dette gjeld ikkje i tilfelle der vi ber om estimat eller andre uavklarte opplysningar.

Meld frå om endringar

For å få rett utbetaling, må du også melde frå når det skjer endringar i inntekta eller livssituasjonen din.

Korleis melde frå om endringar

Meld straks frå om du

  • får endringar i inntekta, familiesituasjonen eller jobbsituasjonen din
  • planlegg opphald i utlandet.

Meld frå om endringar

Ettersend dokumentasjon

Manglar vi dokument i saka di, eller fekk du ikkje sendt dei inn tidlegare, kan du ettersende dokumentasjonen.

Situasjoner som kan påverke utbetalinga di

Typiske situasjonar som kan påverke utbetalinga di:

  • Endringar i inntekta di eller inntekta til partnaren
  • Endringar i sivilstand (ekteskap, sambuarforhold, samlivsbrot, dødsfall)
  • Endringar i familiesituasjon (få barn, barn flyttar ut, barn blir ikkje lenger forsørgde)
  • Endringar i jobbsituasjon (får ny jobb, jobbar meir eller endrar inntekt)
  • Opphald eller flytting til utlandet

Får du økonomisk sosialhjelp?

Sjå kva du må melde frå om dersom du får økonomisk sosialhjelp.

Omsorgsstønad og fosterheimsgodtgjersle

Om du får omsorgsstønad eller fosterheimsgodtgjersle, må du melde frå til Nav om du søkjer om eller har ei pengestøtte frå Nav.

Kontakt oss om du er usikker

Er du usikker på om ei endring påverkar utbetalinga di? Les meir under stønaden du søkjer om eller kontakt oss.

Ny adresse eller nytt kontonummer

Du må også melde frå til oss viss du får nytt kontonummer eller ny adresse:

Oppdatert 16.03.2026

Skriv til oss

Still oss eit spørsmål og få skriftleg svar.

Svartida er 3 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.

Ring oss på 55 55 33 33

Ope kvardagar kl. 9–15. Dersom ventetida er over 5 minutt, kan vi ringe deg tilbake.
Venter…Sjå fleire telefonnummer og tasteval.