Slik gjer du det
Legg til eller endre kontonummer
Hugs å sjekke kva kontonummer som er registrert på deg når du søkjer om pengestøtte frå Nav. Du kan sjå og endre kontonummer ved å logge inn på nav.no.
Hugs å registrere rett kontonummer
Vi anbefaler alle som har eller kan få ein bankkonto å registrere kontonummeret hos Nav. Då får du pengane sikkert og direkte inn på kontoen din.
Som privatperson kan du berre ha eitt kontonummer registrert hos Nav. Nav utbetaler også på vegner av Statens pensjonskasse til det same kontonummeret.
Slik legg du til eller endrar
Viss du loggar på nav.no med BankID, Buypass eller Comfides, kan du endre kontonummer i «Personopplysningar».
Utbetaling til utanlandsk bankkonto
Som hovudregel utbetaler Nav til norsk bankkonto. Har du ikkje norsk bankkonto, kan du oppgi kontonummer i utanlandsk bank.
Ver merksam på at det er eit gebyr for kvar utbetaling til utlandet. Det kan også ta lengre tid før pengane er på kontoen din. For nokon pengestøtter er det også ein føresetnad at du oppheld deg i Noreg.
Du kan ikkje endre kontonummeret på nav.no dersom det gjeld utbetalingar frå kommunen eller Husbanken. Sjå korleis du endrar kontonummer for:
Du kan ikkje endre kontonummeret på nav.no dersom det gjeld utbetalingar frå kommunen, til dømes økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsstønad.
Dersom du søker om økonomisk sosialhjelp digitalt, kan du oppgje kontonummeret ditt i søknaden.
Du kan også ta kontakt med det lokale Nav-kontoret ditt for å endre kontonummeret ditt.
Du kan ikkje endre kontonummeret på nav.no dersom det gjeld utbetalingar frå Husbanken, til dømes bustøtte. Då må du logge deg på husbanken.no.
Da må du kontakte bustøttekontoret i din kommune dersom du vil endre kontonummeret. På kommunen sin nettside finn du kontaktinformasjon.
Kan du ikkje melda frå digitalt?
Du kan sende melding om endring av kontonummer i posten. Du må oppgi norsk fødselsnummer eller D-nummer og leggje ved kopi av gyldig legitimasjon. Ferdig utfylt skjema sender du til adressa som står på førstesida av skjemaet. Hugs underskrift!
Endre til ny norsk bankkonto
Om du skal melde frå om ny norsk bankkonto, bruker du skjemaet melding om nytt bankkontonummer.
Utbetaling til utanlandsk bankkonto
Ønskjer du utbetaling til ein utanlandsk bankkonto, og vil sende skjemaet med post, må du laste ned papirskjema for bankopplysningar.
Gyldig legitimasjon er id-kort som inneheld fødselsdato, namn, signatur og bilde, til dømes pass, førarkort, ID-kort. Du kan også vise gyldig legitimasjon ved personleg frammøte på eit Nav-kontor.
Har du ikkje bankkonto?
Om du ikkje har, eller kan få bankkonto, kan du bestille betalingskort frå Nav. Du må då kontakte det lokale Nav-kontoret ditt, eller ringje Nav kontaktsenter på telefon 55 55 33 33.
Bruk av betalingskort
Betalingskortet kan brukast i Noreg for å kjøpe varer og tenester i butikk, og for å ta ut kontantar i butikk og minibank. Saldo på kortet kan du sjekke i minibanken.
Kort og kode blir send kvar for seg. Betalingskortet er personleg. Pass godt på kortet og PIN-koden. Betalingskortet er gyldig i 3 år.
Problem med betalingskortet?
Kontakt brukarservice hos Evry på telefon 404 09 820 om du har
- problem med betalingskortet eller PIN-koden
- mista betalingskortet og må sperre det
Oppdatert 27.06.2025