Slik gjer du det

Oppdater kontaktinformasjonen din

Nav sender post til adressa du har registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret eller Folkeregisteret.

Slik oppdaterer du kontaktinformasjonen digitalt

Når vi sender brev eller informasjon digitalt, bruker vi kontaktinformasjonen du har registrert i det felles kontakt- og reservasjonsregisteret.

Har du behov for å oppdatere kontaktinformasjonen din, kan du gjere dette på norge.no.

Endre postadresse i folkeregisteret

Dei fleste som bur i Noreg står oppførte med berre ei adresse i folkeregisteret, men du kan oppgje tre:

Nav får alle desse adressene frå folkeregisteret. På skatteetaten.no kan du sjå og registrere ein ny postadresse i Folkeregisteret.

Oppdatert 29.08.2025