Din pensjon
SLIK GJER DU DET
|Oppdatert 18. september 2023
Kort om Din pensjon
Her kan du søkje om og endre pensjonen din, lese brev, sjå utbetalingar og få oversikt over pensjonsoppteninga di.
Innhald
Kort om Din pensjon
Her kan du søkje om og endre pensjonen din, lese brev, sjå utbetalingar og få oversikt over pensjonsoppteninga di.
Kva kan du gjere i Din pensjon?
- Bruke kalkulatoren for rekne ut alderspensjon og AFP, sjå tenestepensjon frå nokre leverandørar og leggje til individuelle spareavtalar
- Sjå eiga pensjonsopptening i folketrygda
- Sjå kva det vil seie om du tek ut pensjon heilt eller delvis på ulike tidspunkt
- Berekne AFP offentleg viss du er fødd før 1963
- Søkje om alderspensjon og AFP privat
- Lese brev og dokument
- Sjå utbetalingar
- Endre graden på alderspensjon
- Gi fullmakt til å lese informasjon, berekne pensjon og endre visse opplysningar
- Leggje inn ekstra skattetrekk på pensjonsutbetalinga
Krav til innlogging
Du kan logge inn med BankID, Buypass eller Commfides. Du kan også logge inn med MinID, men det gir deg avgrensa tilgang til Din pensjon. Du må ha fylt 18 år for å bruke Din pensjon.
På difi.no finn du informasjon om korleis du får elektronisk ID.
Forenkla pensjonskalkulator
Du får best oversikt om du loggar inn på Din pensjon. Om det ikkje er mogleg for deg, kan du bruke ein forenkla pensjonskalkulator. Der må du sjølv må fylle inn data. Denne tenesta gjeld berre ei forenkla berekning av alderspensjon, ikkje dei andre tenestene du finn under Din pensjon.
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Ring oss på 55 55 33 34
Ope kvardagar kl. 9–15. Dersom ventetida er over 5 minutt, kan vi ringe deg tilbake.
Sjå fleire telefonnummer og tasteval.Skriv til oss
Send beskjed eller nye opplysningar i saka di. Du kan òg sende spørsmål.
Svartida er 4 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.