Av Sigurd Gjerde

Hjelpemiddelformidling er ein stor og viktig del av hjelpetilbodet for alle med funksjonsvanskar. 61 prosent av brukarane er i aldersgruppa over 70 år. Artikkelen synar at ei framskriving av folketalet fordelt på aldersgrupper gjer vesentlege forskyvingar i alderssamansetjinga fram mot 2030, og at vi om nokre få år får ein sterk vekst i talet på brukarar av hjelpemiddel. Fram mot 2030 vil vi få ein auke på om lag 40 prosent. Personar i aldersgruppene over 70 år står for heile denne auken.