Pressemelding

– Vestland må snu alle steinar for å finne arbeidskraft

I mai registrerte Nav 1,5 prosent arbeidsløyse i Vestland. Hittil i år har det vore fleire utlyste stillingar enn ledige jobbsøkarar kvar månad.

Ved utgangen av mai er 5 368 personar registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland. Det utgjer 1,5 prosent av arbeidsstyrken.

– Arbeidsløysa har halde seg stabilt låg dei siste to åra. Vestland har i praksis nesten ikkje arbeidsløyse, men derimot stor mangel på arbeidskraft, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.

Bygg og anlegg manglar 1000

Mai-tala stadfestar funna i den årlege bedriftsundersøkinga som Nav offentleggjorde i førre veke. Her kom det fram at bygg- og anleggsnæringa manglar over 1 000 tilsette i Vestland. I mai lyste bransjen ut 703 ledige stillingar.

– Kvar einaste månad i år har vi registrert fleire ledige stillingar enn jobbsøkarar. Ein del av forklaringa kan vere at mange verksemder i Vestland er knytt til olje- og gassverksemd, som har høg aktivitet, seier Hysing-Olsen.

Aller flest ledige stillingar har helse- og omsorgssektoren med 1 196 utlysingar i mai. Innanfor butikk- og salsarbeid er det 713 ledige stillingar. 

Slit med å få tak i ønska kompetanse

Nesten kvar fjerde arbeidsgivar i Vestland har hatt problem med rekruttering siste tre månader, ifølge bedriftsundersøkinga. Dei måtte anten gi opp eller tilsetje ein kandidat med ein annan kompetanse enn dei søkte etter.

– Vi ser at stadig fleire bedrifter må snu alle steinar for finne arbeidskraft. Mange satsar på å utdanne medarbeidarar internt, og her kan vi i Nav bidra i ulike samarbeid, seier Hysing-Olsen. 

13 kommunar har under 1 prosent arbeidsløyse

Fedje kommune har høgast arbeidsløyse i Vestland med 2,9 prosent heilt ledige. Deretter følgjer Kinn med 2,5 og Stad med 2,2 prosent. 13 kommunar i Vestland har under 1 prosent heilt ledige. Aller lågast er arbeidsløysa i Hyllestad og Solund.

Gjennomsnittet for landet er på 1,9 prosent.

Under «Relatert innhald» finn du fleire tal frå arbeidsmarknaden i Vestland. 

Nav jobbar med å bytte ut gamle IT-system og fase inn nye. Dette har resultert i ulike brot i arbeidsløysestatistikken det siste året. Sjå Hovedtall om arbeidsmarkedet for meir informasjon.

For kommentar til meldinga, kontakt

Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18 
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09

Fakta

Arbeidsmarknaden i Vestland, mai 2026

Heilt ledige, Vestland5 368
1,5 % av arbeidsstyrken
Heilt ledige, Bergen2 883
1,8 % av arbeidsstyrken
Langtidsledige, meir enn seks månader2 775
Ledige under 30 år1 229
Permitterte, heilt eller delvis673
Ledige stillingar5 755