Pressemelding

Bedrifter i Vestland manglar over 6000 tilsette

Vestland har stor mangel på arbeidskraft, viser årets bedriftsundersøking frå Nav. Kvar fjerde arbeidsgivar har ikkje kome i mål med rekruttering. Framfor alt manglar det folk med fagbrev til helsesektoren og bygge- og anleggsbransjen.

Bedriftsundersøkinga frå Nav viser kva forventningar verksemdene har til arbeidsmarknaden det neste året. I Vestland svarte 1 100 bedrifter i privat og offentleg sektor på undersøkinga.

– Fylket vårt skil seg ut med aller størst mangel på arbeidskraft i landet. Denne tendensen har vi sett lenge, og i år manglar Vestland om lag 6 300 personar i arbeid, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.

Hittil i år har Nav registrert fleire utlyste stillingar enn ledige jobbsøkarar kvar einaste månad.

Mistar arbeidskraft frå Aust-Europa

Mangelen på kvalifisert arbeidskraft er klart størst i helse- og sosialsektoren. Også innan bygg og anlegg slit verksemdene med å få tak i nok fagarbeidarar. Heile 45 prosent av verksemdene i Vestland etterspør kandidatar med fagbrev.

– Mange aktørar i bygg og anlegg har hatt tøffe tider etter den pengepolitiske innstramminga dei siste åra, samstundes som dei manglar fagfolk. Vi ser dette i samanheng med lågare tilgang på utanlandsk arbeidskraft, særleg frå Aust-Europa, seier Hysing-Olsen.

Kvalifiserer kandidatar på arbeidsplassen

Både elektrikar, tømrar og helsefagarbeidar ligg høgt på lista. Nav samarbeider med Vestland fylkeskommune og ulike bransjar om kvalifisering for å matche kandidatar som ønsker seg ut i jobb med bedrifter som treng arbeidskraft. Blant desse er Menn i helse og Fagveg.

– Bedriftsundersøkinga gir oss verdifulle tilbakemeldingar for å kunne utforme tenestene og utvikle samarbeidet med arbeidsgivarane. Samstundes må vi ta høgde for at behovet deira kan endre seg raskt på grunn av politisk og økonomisk uro i verda, seier Hysing-Olsen.

Fakta om bedriftsundersøkinga

  • Nasjonal undersøking, gjennomført i februar og mars 2026
  • I Vestland svarte 1 100 verksemder, som gir ein svarprosent på 73
  • Bedriftene har svart på korleis dei vurderer utsiktene for 2026 når det gjeld mellom anna marknadsutsikter, resultat, investeringar og talet på tilsette
  • Les meir om resultata i Vestland under «relatert innhald»
  • Les den nasjonale rapporten frå bedriftsundersøkinga

For kommentar til meldinga, kontakt

Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18

Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09