Det legemeldte sjukefråværet i Vestland enda på 6,3 prosent i første kvartal 2026.
I første kvartal gjekk det legemeldte sjukefråværet i Vestland opp frå 6,1 prosent i 2025 til 6,3 prosent i 2026. Stadig fleire får gradert sjukemelding og jobbar litt i staden for å vere heilt borte frå jobb.
– Vi såg tendens til positiv utvikling gjennom fjoråret. Når sjukefråværet no stig marginalt att, kan det tyde på at fråværet er i ferd med å stabilisere seg på dette nivået, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
– Dette er den nye normalen, utan at det er enkelt å peike på hovudårsaken til at sjukefråværet har stabilisert seg på et høgare nivå enn før koronapandemien. Det kan vere mange ulike årsaker som til saman bidreg til eit høgare sjukefråvær, legg han til.
Det er størst auke i fråværet blant kvinner, og innan helse- og sosialtenester.
Trenden med at dei som er i 30-åra er sjukare enn dei i 50-åra, held også fram.
Tal for alle kommunane i Vestland og ulike bransjar finst under Relatert innhald.
Fleire tal for sjukefråvær finst på dei nasjonale statistikksidene våre.
Eigenmeldt sjukefråvær for heile landet finst hos Statistisk sentralbyrå.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96
Fakta
Fakta om sjukefråværet i Vestland i første kvartal 2026
- Høgast fråvær i Vaksdal (7,9 prosent), Austrheim (7,8 prosent),Tysnes og Øygarden (begge 7,5 prosent)
- Lågast fråvær i Fedje (4,4 prosent), Aurland, Gloppen og Årdal (alle 4,5 prosent)
- Dei vanlegaste årsakene til sjukemelding er muskel- og skjelettlidingar (32 prosent) og psykiske lidingar (26 prosent)
- Helse- og sosialsektoren har høgast sjukefråvær med 9,3 prosent
- Med 6,3 prosent sjukefråvær ligg Vestland over gjennomsnittet for landet på 6,1 prosent
- Sjukefråværet i fylket utgjorde til saman over 1,1 million tapte dagsverk i første kvartal