Pressemelding

Sjukefråværet i Vestland går ned

Sjukefråværet i Vestland gjekk litt ned og enda på 5,6 prosent i andre kvartal.

Det legemeldte sjukefråværet i Vestland gjekk ned frå 6,0 i andre kvartal 2024 til 5,6 i same periode i 2025. Sjukefråværet i fylket er på nivå med gjennomsnittet for landet.

Det er nedgang i alle aldersgrupper, og størst nedgang blant dei mellom 20-24 år og 40-49 år.

–  Sjukefråværet er framleis høgt, men har over tid bevega seg riktig veg. Det er fleire positive trekk å legge merke til, mellom anna nedgangen blant dei under 50, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.

Andelen som er sjukmeldt grunna svangerskap, sjukdommar i fordøyelsessystem og luftveg har gått litt opp sidan i fjor, medan dei andre diagnosegruppene går litt ned eller ligg stabilt.

Sjølv om dei vanlegaste diagnosane som muskel- og skjelettplager (34 prosent) og psykiske lidingar (26 prosent) framleis toppar statistikken, er det nedgang også innan desse gruppene.

– Fråvær grunna til dømes psykisk sjukdom kan ofte blir langvarig, som igjen aukar risikoen for å falle heilt ut av arbeidslivet. Difor er det ekstra bra at det er færre som blir sjukmeldt ein slik diagnose, seier Hysing-Olsen. 

Han legg til at andelen graderte sjukmeldingar aukar, noko som også er positivt fordi det sikrar tilknyting til arbeidslivet.

Totalt utgjorde fråværet i fylket om lag 920.000 tapte dagsverk i andre kvartal.
 

For kommentar til meldinga, kontakt

Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18

Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96

Fakta

Fakta om sjukefråværet i Vestland i andre kvartal 2025

  • Høgast fråvær i Lærdal (6,9 prosent) og Øygarden (6,7 prosent)
  • Lågast fråvær i Modalen (3,3 prosent) og Eidfjord (3,6 prosent)
  • Dei vanlegaste årsakene til sjukemelding er muskel- og skjelettplager (34 prosent) og psykiske lidingar (26 prosent)
  • Helse- og sosialtenester har høgast sjukefråvær med 8,1 prosent

Fleire tal for sjukefråvær finst på dei nasjonale statistikksidene våre.

Eigenmeldt sjukefråvær for heile landet finn du hos Statistisk sentralbyrå.